Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk

Innhold

Til Stortinget

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 vart det avgjort å endre vedlegg XVII til EØS-avtala ved å innlemme europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/28/EU om ein viss tillaten bruk av hitteverk.

Føremålet med direktiv 2012/28/EU er å lage eit felles europeisk system for å klarere såkalla hitteverk, det vil seie åndsverk der rettshavarane er ukjende eller ikkje kan lokaliserast. Direktivet skal fremje bruk av hitteverk som eit ledd i spreiinga og styrkinga av den europeiske kulturarven, og samstundes tryggje interessene til rettshavarane til hitteverk.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovendring, jf. Grunnlova § 26 andre leddet.

I fortalen til direktivet vert det lagt vekt på at kulturarvinstitusjonar over heile Europa er i gang med å digitalisere samlingane sine for å kunne lage europeiske digitale bibliotek. Desse medverkar til å ta vare på og spreie den europeiske kulturarven, noko som òg er viktig for å lage europeiske digitale bibliotek, som til dømes Europeana. Teknologien som gjer det mogleg med massedigitalisering av trykt materiale og med søk og indeksering, aukar forskingsverdien til samlingane i biblioteka. Det å ha store bibliotek tilgjengelege på nettet fremjar elektroniske søk, og gjev oppdagingsverktøy til forskarar som elles hadde måtta nytte tradisjonelle analoge metodar.

Det å finne løysingar for klarering av hitteverk er difor ein viktig del av den europeiske digitale agendaen.

Ulike løysingar som gjeld hitteverk, hindrar den frie marknaden, og det er behov for ei felles tilnærming til hitteverk for å sikre brukarane av slike verk eit høgare nivå for presisjon og planlegging.

For å kunne fremje tilgangen til kulturarven for borgarane er det naudsynt å sikre at hitteverk som er digitaliserte og stilte til rådvelde i ein medlemsstat, òg kan stillast til rådvelde for ålmenta i andre medlemsstatar.

I dag finst det inga særleg regulering av klarering av hitteverk i norsk rett. Etter gjeldande rett kan hitteverk klarerast gjennom reglane for avtalelisens i åndsverklova, noko som har medverka til at klarering av hitteverk ikkje har vore noko stort problem i Noreg.

Føresegnene om avtalelisens kan berre nyttast som heimel for bruk av eit hitteverk i Noreg. Hitteverkdirektivet har eit vidare verkeområde enn det regelverket vi har i dag, ettersom hitteverk etter direktivet vert klarerte for heile EØS-området, og ikkje berre for Noreg.

Kulturdepartementet har i Prop. 69 L Endringer i åndsverkloven (gjennomføring av EUs hitteverkdirektiv og innføring av generell avtalelisens mv.) gjort framlegg om å gjennomføre direktivet ved endringar i åndsverklova (lov om opphavsrett til åndsverk mv. av 12. mai 1961 nr. 2).

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Arild Grande, Hege Haukeland Liadal, Sonja Mandt og Rigmor Aasrud, fra Høyre, lederen Svein Harberg, Kjartan Berland og Kårstein Eidem Løvaas, fra Fremskrittspartiet, Morten Stordalen og Ib Thomsen, og fra Kristelig Folkeparti, Hanne Thürmer, viser til direktiv 2012/28/EU om en viss tillatt bruk av hitteverk. Formålet er å lage et felles europeisk system for klarering av hitteverk, åndsverk hvor opphavsperson eller rettshaver ikke er kjent eller kan oppspores. EØS-komiteens beslutning om innlemming av direktivet er avhengig av Stortingets samtykke, jf. Grunnloven § 26 andre ledd. Komiteen viser også til Prop. 69 L (2014–2015) hvor gjennomføringen av EUs hitteverkdirektiv er omfattet og hvor det vises til at dette fikk bred støtte i høringen til den saken. Etter at Stortinget gir samtykke til EØS-komiteens beslutning vil det, etter komiteens syn, bli enklere med klarering av hitteverk for norske kulturarvinstitusjoner.

Komiteens utkast til innstilling har blitt forelagt utenriks- og forsvarskomiteen som i brev av 3. juni 2015 uttaler:

«Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til familie- og kulturkomiteens utkast til innstilling til Prop. 126 S (2014-2015) og har ingen ytterligere merknader.»

Komiteen viser til proposisjonen og til sine merknader og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gir samtykke til godkjenning av beslutning i EØS-komiteen nr. 29/2015 av 25. februar 2015 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2012/28/EU om en viss tillatt bruk av hitteverk.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 4. juni 2015

Svein Harberg

Kårstein Eidem Løvaas

leder

ordfører