Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra utenriks- og forsvarskomiteen om investeringar i Forsvaret

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Regjeringas føremål med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning til å starte opp seks nye investeringsprosjekt, be om godkjenning av endringar i eit tidlegare godkjent prosjekt og å orientere Stortinget om nokre andre prosjekt og tiltak.

  • Godkjenning av kostnadsramma for tre nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt:

    • Ørland hovudflystasjon; nytt vedlikehaldsbygg F-35 og ny hovudinfrastruktur F-35 og Bardufoss flystasjon; ny brannstasjon.

  • Godkjenning av kostnadsramma for tre nye materiellprosjekt:

    • Hovudkampsystem Leopard 2, Kampluftvern til Hæren og Mellomløysing Ula-klassen-ubåtar.

  • Godkjenning av endringar i eit tidlegare godkjent prosjekt:

    • AEGIS COTS Baseline Update.

  • Saker til informasjon:

    • Kampflybase; etableringskostnadar, Ørland hovudflystasjon; baneforlenging, Einskapshelikopter til Forsvaret, Ubåtkapasitet etter 2020 og Sensorar for militær luftromsovervaking.

Stortinget har, gjennom handsaminga av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vedteke at hovudbasen for Forsvaret sine nye kampfly skal verta etablert ved Ørland hovudflystasjon.

Forsvarsdepartementet legg gjennom proposisjonen fram dei investeringsprosjekta som er naudsynte for å kunne ta imot dei første F-35-flya som er planlagde å kome til Noreg hausten 2017. Det gjeld etablering av ny hovudinfrastruktur og nytt vedlikehaldsbygg.

Nytt vedlikehaldsbygg for F-35 er eit viktig prosjekt for etableringa av kampflybasen og anskaffinga av F-35 som Forsvaret sitt nye kampfly.

Vedlikehaldsbygget vil mellom anna innehalde seks vedlikehaldsdokker, to spesialdokker, to vaskehallar og ulike verkstadar for F-35-systema. Å lokalisera vedlikehaldsfasilitetane nært dei operative kapasitetane og simulatorfasilitetane, vil sikra maksimal utnytting av ressursane.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 1 430 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit.

Byggjeprosjektet for etablering av nytt vedlikehaldsbygg for F-35 på Ørland har eit grensesnitt mot fleire andre investeringsprosjekt på den nye kampflybasen.

Prosjektet for ny hovudinfrastruktur til F-35-flya ved Ørland hovudflystasjon omfattar mellom anna etablering av ei ny høgspent kraftforsyning, nye røyr for vatn, avlaup og overvatn, fjernvarme- og fjernkjølerøyr frå den nye energisentralen, ny IKT-infrastruktur og nye tilkomstvegar med tilhøyrande gang- og sykkelvegar.

Prosjektet inkluderer òg infrastruktur til det nye brannøvingsfeltet ved Ørland hovudflystasjon.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 288 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit.

Prosjektet for ny brannstasjon til brann-, rednings- og plasstenesta (BRP-tenesta) på Bardufoss flystasjon vart opphavleg godkjend innanfor Forsvarsdepartementet si fullmakt til å starta opp og gjennomføra prosjekt av lågare kategori.

På bakgrunn av ny kjennskap om marknadssituasjonen er det synleggjort ei stor auke i marknadsprisen i byggje- og anleggsmarknaden i Indre Troms utover den normale årlege prisjusteringa. I tillegg er det i detaljprosjekteringa synleggjort behov for nokre mindre justeringar frå det opphavleg godkjende prosjektet. Prosjektet må fremjast for Stortinget då den nye kostnaden no overstig Forsvarsdepartementet si fullmakt.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 148 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit.

Hæren skal ha ein høg grad av tilgjengelegheit for nasjonal og internasjonal krisehandtering. Brigade Nord er Hæren sitt hovudelement i det mobile landforsvaret.

Ved Stortinget si handsaming av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, vart det vedteke at dei mekaniserte manøverbataljonane, ein i Troms og ein i Østerdal garnison, skulle utviklast vidare og styrkjast.

Hæren sitt viktigaste våpensystem for den spisse enden er kampvogner av typen CV-90 og stridsvogner av typen Leopard 2. Begge våpensystema inngår i brigaden sine mekaniserte bataljonar. I tillegg er eigevern for å forsvare manøveravdelingane mot luftangrep eit viktig operativt element for å mogleggjere eigne landoperasjonar. Gjennom mellom anna Prop. 1 S (2014–2015) vart Stortinget orientert om to planlagde tiltak, oppgradering av eksisterande Leopard 2-stridsvogner og anskaffing av eit nytt kampluftvernsystem.

Hæren har i dag 52 stridsvogner av typen Leopard 2 A4NO som vart kjøpt brukt frå Nederland og teke i bruk frå 2003. Vognene vart gjeve ei avgrensa tilpassing til norske krav og behov. Av dei 52 vognene er 46 tekne i bruk i tråd med justert operativ struktur, medan dei siste seks vognene vert nytta som delevogner.

Stridsvognene som kom frå Nederland vart bygd tidleg på 1980-tallet og er ikkje oppgradert seinare, med unntak av den avgrensa tilpassinga til norske krav og behov.

Hæren sine Leopard 2 A4NO vil utan oppgradering i utgangspunktet nå sin tekniske levealder innan 2020.

Hovudkampsystemet Leopard 2 er ein føresetnad for dei mekaniserte kampbataljonane sin stridseffektivitet gjennom ein kombinasjon av mobilitet, vern og eldkraft.

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 2 680 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 38 mill. kroner.

Hæren har i dag ikkje noko luftvern, og difor heller ingen kapasitet til å gje direkte luftvernstøtte til brigaden sine manøveravdelingar i bevegeleg strid. Naudsynt lokal kontroll i lufta er ein føresetnad for å lukkast i strid.

Prosjektet skal etablera eit kampluftvernbatteri i Hæren, og vil mellom anna bruka opp att eksisterande og allereie innarbeidde løysingar i Forsvaret.

Korthaldsluftvernet skal operera IRIS-T-missilar som vert overførde frå Luftforsvaret, medan luftvern for middelslang rekkjevidde vil operera eit NASAMS-system med AMRAAM-missilar – også dei overførde frå Luftforsvaret. Totalt sett gjev dette eit godt luftvern for brigaden sine operasjonsområde. Kostnadane for kjøp av eldleiing, systemdesign og produksjon av korthaldsluftverneiningane svarar for meir enn helvta av totalkostnaden for prosjektet. Den andre store kostnaden i prosjektet er kjøp av pansra køyrety.

Det er gjennomførd ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinene for store statlege investeringar.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 900 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 30 mill. kroner.

Dei seks ubåtane i Ula-klassen vart tekne i bruk av Forsvaret i perioden 1989–1992. Ubåtane har ein teknisk levealder som er berekna til om lag 30 år. Føremålet med pågåande prosjekt 6345 er å betra tryggleiken om bord på fartya, og sikra at Ula-klassen vert halden operativ fram mot 2020.

Det er gjort omfattande vurderingar av den tekniske tilstanden på fartya i Ula-klassen. Konklusjonen er at ubåtane kan haldast teknisk tilgjengelege fram mot perioden 2025–2028. Det vil krevja at det vert utførd oppdateringar, utskifting av ukurante delar og anskaffing av fleire reservedelar til systema om bord.

For å handsame denne oppdateringa er det etablert eit prosjekt Mellomløysing Ula-klassen.

Prosjektet inneber ei naudsynt oppdatering av fire av dagens seks Ula-klasse-ubåtar. Dette inneber at det frå 2022 vil vera fire Ula-klasse ubåtar i drift.

Den tilrådde kostnadsramma for prosjektet er 529 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 27 mill. kroner.

Det har framkome eit behov for å vidareføra og ferdigstilla restaktiviteter knytte til klargjering for helikopter, satellittkommunikasjon, styre- og framdriftssystem, radarsystem, sensorsystem og elektrisk anlegg. Kostnadane for desse aktivitetane er på 536 mill. kroner og vert føreslege tekne inn i prosjektet AEGIS COTS Baseline Update. Kostnadsramma er noverdijustert til 709 mill. kroner medrekna ei avsetjing for usikkerheit.

Overføringa av restaktivitetar har ingen økonomiske konsekvensar for Forsvaret fordi desse midlane i utgangspunktet er tildelt fregattprosjektet. Den tilrådde kostnadsramma for prosjekt 6086, etter endringane som er omtala over, er 1 245 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetjing for usikkerheit. I tillegg kjem det gjennomføringskostnadar for prosjektet på om lag 107 mill. kroner.

Gjennom nye utgreiingar har ein funne at kostnadane for nokre av tiltaka for å etablera den nye kampflybasen er høgare enn kostnadane som var lagde til grunn i baseutgreiinga frå 2011

Til dømes ser ein i prosjekteringa av spesialbygga for F-35-flya at kvadratmeterprisen vil verta nærast dobbelt så høg som det ein la til grunn i 2011.

Den venta kostnaden på 5 203 mill. kroner (2015) som Stortinget allereie er orientert om, vil framleis dekkje dei fleste av dei nye behova knytte til baseløysinga for F-35. Etablering av nytt ammunisjonslager og kostnadar for å betra støyisoleringa av eigne bygningar inne på Ørland hovudflystasjon kan likevel ikkje lengre realiserast innanfor dei opphavlege føresetnadane for baseløysinga, og er venta å føra med seg ein kostnad på rundt 460 mill. kroner utover den opphavlege utrekna kostnaden for baseløysinga. Det same forholdet gjer seg òg gjeldande for investeringar i bustadar og kvarter for befal og vernepliktige mannskap på basen, som òg er venta å kome på om lag 460 mill. kroner.

Samla vil etableringa av F-35-basen på Ørland og omstillinga av Luftforsvaret krevje EBA-investeringar for om lag 920 mill. kroner utover den opphavlege kostnaden for baseløysinga. Det er i tillegg til dette framleis noko uvisse knytt til kostnadar rundt trygging av basen og tryggingsnivået til garasjane som skal nyttast for F-35-flya.

Det er i tillegg til behovet for nyinvesteringar identifisert eit stort behov for å fornya mange av dei eksisterande bygningane på Ørland. Det var venta at denne fornyinga ville kosta 3 904 mill. kroner (2011-kroner).

Gjennom inspeksjonar av bygningane på Ørland har ein funne ut at desse er i dårlegare stand enn det som vart lagt til grunn i 2011. Samla har ein funne behov for å gjennomføra fornyingstiltak for om lag 2 510 mill. kroner i perioden frå 2015 til 2027.

Dei identifiserte behova for å auka investeringane knytte til realiseringa av kampflybasen og naudsynte fornyingstiltak på Ørland, vil verta dekte over Forsvarsdepartementet sine budsjettpostar.

Ørland hovudflystasjon skal tene både sivil og militær lufttrafikk. Lengda på hovudrullebanen skal tilfredsstille nasjonale behov knytte til å utføra styrkeproduksjon med F-16 og dei nye F-35-flya, og NATO sitt operative krav til banelengde for overvakingsflyet AWACS.

Lengda på den eksisterande rullebanen på Ørland hovudflystasjon er 2 714 meter. For at Ørland hovudflystasjon skal tilfredsstilla nasjonale styrke-produksjonsbehov og NATO sitt operative krav til banelengde for ein AWACS-base, er det behov for å forlenga rullebanen. I tillegg er det behov for å gjennomføra omfattande fornyingstiltak relatert til banelys og toppdekke på den eksisterande rullebanen.

Regjeringa vil kome attende til Stortinget hausten 2015 med meir informasjon om saka.

Prosjektet omfattar levering av 14 NH90-helikopter til Kystvakta og fregattane. Helikoptra skulle ha vore leverte i perioden 2005–2008, men leveransane er svært forseinka. Forsvaret har per april 2015 teke imot totalt fem NH90-helikopter. Det er venta at leverandøren leverer det sjette helikopteret i løpet av hausten 2015 og samstundes utbetrar manglane på dei fem tidlegare leverte helikoptra.

Desse seks helikoptra gjev ein initiell operativ kapasitet til Kystvakta.

Frå januar i år har det vore mogeleg å nytta NH90 til avgrensa kystvaktoperasjonar frå land. Frå medio 2015 skal ein kunne operera helikoptra frå kystvaktfarty. Samstundes skal ein til hausten starta utprøvinga av helikoptra på fregattane.

Leveransane av den endelege versjonen, med opptil fire helikopter i året, vil gå føre seg i tidsromet 2017–2020.

Kostnadsramma for prosjekt Einskapshelikopter til Forsvaret er 6 878 mill. kroner inkl. mva., medrekna ei avsetting for usikkerheit.

Ubåtar er ein sentral militær kapasitet for Noreg. Gjennom evne til å operera skjult, kombinert med stor slagkraft, bidreg ubåtar i stort monn til Forsvaret si avskrekkande effekt. For ein maritim nasjon som Noreg, er ubåtar ein av dei viktigaste kapasitetane i vårt forsvar.

Våre seks Ula-klasse-ubåtar vart fasa inn i Forsvaret i perioden 1989–1992, med ei forventa teknisk levetid på 30 år, det vil seie til tidleg på 2020-talet. Ved pågåande oppdaterings- og oppgraderingsprosjekt, samt planlagt oppkjøp av kritiske reservedelar, legg Forsvarsdepartementet til grunn at Ula-klassen vil kunne haldast operativ til rundt midten av 2020-talet, med utfasing av siste farty rundt 2028.

Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av norsk ubåtkapasitet. Av alternativa nyskaffing av ein ny ubåtklasse og levetidsforlenging av dagens Ula-klasse, var nyskaffing det klårt beste alternativet. Nye ubåtar, til erstatning for Ula-klassen når den har passert 35 års teneste, vil sikra at Noreg har ein relevant ubåtkapasitet for framtida. Ei levetidsforlenging ville vore hefta med stor risiko og usikkerheit.

Prosjektet for framtidig ubåtkapasitet er no i definisjonsfasen. Ei framskaffingsløysing vil, etter planen, bli ferdigstilt i løpet av 2016. Eit eventuelt investeringsprosjekt vil deretter bli fremja for Stortinget.

Nye ubåtar vil måtte skaffast frå utlandet då Noreg sjølv ikkje har verftsindustri med kompetanse eller tradisjonar for å byggja ubåtar. Valet av leverandørar og industrielle samarbeidspartnarar vil i alle høve ta utgangspunkt i Forsvaret sitt behov, og i forholdet mellom pris og kvalitet. Norsk industri har betydeleg kompetanse på enkelte delsystem til ubåtar. Det vil difor vere naturleg at kvalifisert norsk industri vurderast for eigna roller i ei framtidig ubåtframskaffing, til dømes som leverandørar av delsystem.

Tida frå kontrakt til fyrste leveranse frå ein byggeserie med ubåtar er minst sju år, og den totale leveransen vil strekkja seg over minst eit tiår. Dette inneber at eit prosjekt må verta vedteke, kontraktforhandla og sett i verk i tide slik at ein får ei erstatning på plass før alle Ula-klasse-ubåtane er utfasa. Dette er ein føresetnad for at Noreg skal ha ein kontinuerlig ubåtkapasitet.

Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for ubåtkapasiteten, inkludert talet på ubåtar, utrusting og operasjonskonsept, etter at definisjonsfasen i prosjektet er gjennomførd. Stortinget vil få presentert ambisjonsnivået når prosjektet eventuelt skal leggjast fram. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med meir informasjon om prosjektet på eit eigna tidspunkt.

Forsvaret må kontinuerleg kunne overvaka norsk luftrom og tilstøytande område. Luftromsovervaking er ein viktig føresetnad for kontroll med, og hevding av, suverenitet i norsk luftrom. For å kunne møta dei operative utfordringane i framtida og ivareta ein effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, er det naudsynt å oppretthalda ein moderne og oppdatert sensorstruktur.

Store delar av dagens sensorstruktur for militær luftromsovervaking må fornyast for å møta framtida sine operative utfordringar. Det vil være naudsynt å gjennomføra enkelte oppdateringar og kjøp av kritiske reservedelar for å kunne halda dagens radarsystem operativt til 2024–2026.

Regjeringa gjorde hausten 2014 eit konseptval med omsyn til vidareføring av ein kapasitet til militær luftromsovervaking. Av alternativa som blei vurderte, var ei vidareføring av eit bakkebasert radarkonsept det klårt beste alternativet.

Prosjektet for nye sensorar for militær luftromsovervaking er no i definisjonsfasen. Ei framskaffingsløysing vil etter planen bli ferdigstilt i 2016. For å kunne møte dei operative utfordringane i framtida, samt ivareta ei effektiv utnytting av vårt kampflyvåpen, vil val av teknologi bli gjort i tett samarbeid med Forsvarets forskingsinstitutt. Der industrien kan kome med nyttige bidrag, vil han bli spurd til råds.

Regjeringa vil ta stilling til ambisjonsnivået for sensorkapasiteten, inkludert talet på og type sensorar, plassering og moglegheiter for eit eventuelt samarbeid, etter at definisjonsfasen er gjennomført. Stortinget vil få presentert ambisjonsnivået når prosjektet eventuelt vert lagt fram. Regjeringa vil kome attende til Stortinget med meir informasjon om prosjektet på eit eigna tidspunkt.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Roald Hansen, lederen Anniken Huitfeldt, Marit Nybakk, Kåre Simensen og Jonas Gahr Støre, fra Høyre, Elin Rodum Agdestein, Regina Alexandrova, Sylvi Graham, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, fra Fremskrittspartiet, Kristian Norheim, Per Sandberg og Christian Tybring-Gjedde, fra Kristelig Folkeparti, Knut Arild Hareide, fra Senterpartiet, Liv Signe Navarsete, fra Venstre, Trine Skei Grande, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bård Vegar Solhjell, viser til at Stortinget, gjennom behandling av Innst. 388 S (2011–2012), jf. Prop. 73 S (2011–2012) Et forsvar for vår tid, har vedtatt at hovedbasen for Forsvarets nye kampfly (F-35) skal etableres ved Ørland hovedflystasjon.

Komiteen viser til at nytt vedlikeholdsbygg for F-35 er et viktig prosjekt for etablering av kampflybasen og for anskaffelsen av kampflyene, og merker seg at det er gjennomført ekstern kvalitetssikring av prosjektet i samsvar med retningslinjene for store statlige investeringer.

Komiteen registrerer at den tilrådde kostnadsrammen for prosjektet er på totalt 1 430 mill. kroner inkludert mva., medregnet avsetning for usikkerhet.

Komiteen viser til at prosjektet for etablering av ny hovedinfrastruktur for F-35-flyene på Ørland hovedflystasjon skal samordnes tett mot det allerede godkjente prosjektet for etablering av nytt skvadronsbygg.

Komiteen merker seg at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet er 288 mill. kroner inkl. mva., medregnet en avsetning for usikkerhet.

Komiteen registrerer at det på bakgrunn av ny kjennskap om markedssituasjonen er synliggjort en stor økning i markedsprisen i bygge- og anleggsmarkedet i Indre Troms utover den normale årlige prisjusteringen. Komiteen merker seg at det i detaljprosjekteringen er synliggjort behov for noen mindre justeringer fra det opprinnelig godkjente prosjektet. Komiteen viser til at prosjektet omfatter bygging av en ny brannstasjon med infrastruktur.

Komiteen tar til etterretning at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet er 148 mill. kroner inkl. mva., medregnet en avsetning for usikkerhet.

Komiteen viser til at Hæren i dag har 52 stridsvogner av typen Leopard 2 A4NO. Stridsvognene ble kjøpt brukt fra Nederland og tatt i bruk i 2003. Vognene ble gitt en begrenset tilpasning til norske krav og behov.

Komiteen merker seg at Hærens Leopard 2 A4NO uten oppgradering i utgangspunktet vil nå sin tekniske levealder innen 2020, og at Leopard 2 er en forutsetning for de mekaniserte kampbataljonenes stridseffektivitet.

Komiteen merker seg at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet er 2 680 mill. kroner inkl. mva., medregnet en avsetning for usikkerhet. I tillegg kommer gjennomføringskostnader for prosjektet på om lag 38 mill. kroner.

Komiteen viser til at prosjektet skal etablere et kampluftvernbatteri i Hæren, og at det blant annet vil bli benyttet eksisterende og allerede innarbeidede løsninger i Forsvaret.

Komiteen merker seg at anskaffelsen av kampluftvernbatteriet er planlagt gjennomført dels ved bruk av vederlagsfri overføring av eksisterende materiell, som NASAMS-, AMRAAM- og IRIS-T-missiler, og dels ved kjøp av nytt materiell, som ildledelse til troppene for kortholdsluftvern og kjøretøy for kortholdsmissilene.

Komiteen registrerer at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet er 900 mill. kroner inkl. mva., medregnet en avsetning for usikkerhet. I tillegg kommer gjennomføringskostnader for prosjektet på om lag 30 mill. kroner.

Komiteen viser til at de seks ubåtene i Ula-klassen ble tatt i bruk av Forsvaret i perioden 1989–1992. Komiteen merker seg at ubåtene har en teknisk levealder som er beregnet til om lag 30 år.

Komiteen viser til Prop. 1 S (2014–2015), hvor Stortinget ble informert om at det pågår et arbeid i prosjekt 6345 Videre oppdatering av Ula-klasse-ubåter. Formålet er å bedre tryggheten om bord på fartøyene, og sikre at Ula-klassen blir holdt operativ frem mot 2020.

Komiteen ser at det i sammenheng med de konseptuelle studiene som er gjort i forbindelse med fremtidig ubåtkapasitet, er gjort omfattende vurderinger av den tekniske tilstanden på fartøyene i Ula-klassen. Komiteen oppfatter at konklusjonen er at ubåtene kan holdes teknisk tilgjengelige frem mot perioden 2025–2028. Komiteen ser at det vil kreve oppdateringer, utskifting av ukurante deler og anskaffelse av flere reservedeler til systemene om bord.

Komiteen merker seg at for å behandle denne oppdateringen er det etablert et prosjekt Mellomløysing Ula-klassen, og at prosjektet er en forutsetning for å realisere en fremtidig ubåtkapasitet gjennom en nyskaffelse av ubåter fra midten av 2020-tallet. Komiteen oppfatter at mellomløsningen vil bidra til at Norge opprettholder en kontinuerlig ubåtkapasitet, og at den legger til rette for innføring av en ny kapasitet.

Komiteen registrerer at prosjektet innebærer en nødvendig oppdatering av fire av dagens seks Ula-klasse-ubåter.

Komiteen merker seg videre at den anbefalte kostnadsrammen for prosjektet er 529 mill. kroner inkl. mva., medregnet en avsetning for usikkerhet. Komiteen ser at det i tillegg kommer gjennomføringskostnader for prosjektet på om lag 27 mill. kroner.

Komiteen viser til at status for restaktivitetene vil bli særskilt orientert om i de kommende proposisjonene. Komiteen ser at overføringen av restaktiviteter ikke har økonomiske konsekvenser for Forsvaret da disse midlene i utgangspunktet er tildelt fregattprosjektet.

Komiteen merker seg at etableringen av F-35-basen på Ørland og omstillingen av Luftforsvaret totalt vil kreve EBA-investeringer for om lag 920 mill. kroner utover den opprinnelige kostnaden for baseløsning. Komiteen oppfatter at det i tillegg til dette fremdeles er noe usikkerhet knyttet til kostnader rundt beskyttelse av basen og sikkerhetsnivået til garasjene som skal benyttes for F-35-flyene.

Videre ser komiteen at det i tillegg til behovet for nyinvesteringer er identifisert et stort behov for å fornye mange av de eksisterende bygningene på Ørland.

Komiteen registrerer at man totalt har funnet behov for å gjennomføre fornyingstiltak for om lag 2 510 mill. kroner i perioden fra 2015 til 2027.

Komiteen noterer seg at de identifiserte behovene for økte investeringer knyttet til realiseringen av kampflybasen og nødvendige fornyingstiltak på Ørland, vil bli dekket over Forsvarsdepartementets budsjettposter.

Komiteen viser til at Ørland hovedflystasjon skal tjene både sivil og militær lufttrafikk. Både militære og sivile direktiv, forskrifter og retningslinjer blir lagt til grunn når det gjelder teknisk utforming og kvalitet på basens flyoperative flater.

Komiteen noterer seg at det er behov for å forlenge rullebanen for Ørland hovedflystasjon slik at den vil tilfredsstille nasjonale styrkeproduksjonsbehov ved innføring og bruk av F-35-flyene og NATOs operative krav til banelengde for en AWACS-base. Komiteen merker seg at det er behov for å gjennomføre omfattende fornyingstiltak relatert til banelys og toppdekke på den eksisterende rullebanen.

Komiteen merker seg at regjeringen vil komme tilbake til Stortinget høsten 2015 med mer informasjon om saken.

Komiteen viser til at Forsvaret per april 2015 har tatt imot totalt fem NH90-helikoptre og at det sjette helikopteret er det første norske NH90-helikopteret som blir levert med sonar. Komiteen merker seg at det sjette helikopteret er forventet levert i løpet av høsten 2015 og at leverandører samtidig utbedrer manglene på de fem tidligere leverte helikoptrene.

Komiteen merker seg at leveransene av den endelige versjonen, med opptil fire helikopter i året, vil foregå i tidsrommet 2017–2020, og at kostnadsrammen for prosjekt Einskapshelikopter til Forsvaret er 6 878 mill. kroner inkl. mva., medregnet en avsetning for usikkerhet.

Komiteen viser til at regjeringen høsten 2014 foretok et konseptvalg med hensyn til videreføring av norsk ubåtkapasitet. Komiteen registrerer at av alternativene nyskaffelse av en ny ubåtklasse eller levetidsforlengelse av dagens Ula-klasse, var nyskaffelse det klart beste. Komiteen merker seg at nye ubåter, til erstatning for Ula-klassen når den har passert 35 års tjeneste, vil sikre at Norge har en relevant ubåtkapasitet for fremtiden.

Komiteen noterer at prosjektet for fremtidig ubåtkapasitet nå er i definisjonsfasen og at en fremskaffelsesløsning etter planen vil bli ferdigstilt i løpet av 2016. Komiteen merker seg at regjeringen vil komme tilbake til Stortinget med mer informasjon om prosjektet på et egnet tidspunkt.

Komiteen viser til at Norge selv ikke har verftsindustri med kompetanse eller tradisjoner for å bygge ubåter.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Sosialistisk Venstreparti, vil understreke viktigheten av en kompetent og konkurransedyktig norsk forsvarsindustri. En aktiv forsvarsindustripolitikk vil bidra til økt verdiskaping i Norge og sikre viktige nasjonale kompetansemiljøer.Flertalletviser til viktigheten av en helhetlig strategi som bidrar til å videreutvikle norsk industris kompetanse til å understøtte Forsvarets materiellbehov, styrker norsk industris muligheter til å delta i internasjonalt materiellsamarbeid, og sørger for at norske bedrifter blir satt best mulig i stand til å levere materiell og tjenester til Forsvaret når dette anses hensiktsmessig.

Flertalletviser til betydningen av å sikre Forsvaret nødvendig tilgang på kompetanse, materiell og tjenester. Det strategiske samarbeidet mellom Forsvaret, forsknings- og utviklingsmiljøene og næringslivet, må baseres på Forsvarets behov, må styrkes og omfatte både nasjonale og internasjonale prosjekter.

Komiteen forutsetter at anskaffelse av nye ubåter sikrer industriavtaler med ambisjon om at avtalene skal sikre oppdrag til norsk industri til en verdi som tilsvarer anskaffelsesverdien. Før det inngås kontrakt om leveranse av ubåter, skal det inngås forpliktende industriavtaler som sikrer norske leveranser, med en industriell målsetting om å sikre en betydelig nasjonal verdiskaping innenfor rammen av denne store anskaffelsen.

Komiteen viser til at norsk industri og Forsvaret/FFI besitter svært avansert teknologi og kompetanse som er direkte relatert til ubåtenes evne til å levere den operative kapasiteten Sjøforsvaret trenger.

Komiteen forutsetter at prosjektet utnytter denne kompetansen slik at norsk industri sikres best mulig grunnlag for å kunne utvikle og levere kampsystemet til ubåtene.

Komiteen legger til grunn at ubåtanskaffelsen sikrer gode industriavtaler som sikrer markedsadgang for norsk forsvarsindustri i leverandørnasjonen, og at norske delsystemer som integreres på de norske ubåtene, også blir best mulig posisjonert for å inngå i eventuelle leveranser til leverandørnasjonens forsvar ved eventuell eksport av samme type ubåt til tredjeland.

Komiteen oppfatter at det vil være nødvendig å gjennomføre enkelte oppdateringer og kjøp av kritiske reservedeler for å kunne holde dagens radarsystem operativt til 2024–2026.

Komiteen noterer at regjeringen høsten 2014 gjorde et konseptvalg med hensyn til videreføring av en kapasitet til militær luftromsovervåking.

Komiteen registrerer at prosjektet for nye sensorer for militær luftromsovervåking nå er i definisjonsfasen, og at en fremskaffelsesløsning etter planen vil bli ferdigstilt i 2016.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget samtykkjer i at Forsvarsdepartementet i 2015 kan:

  • 1. starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, omtala i kapittel 2 og 3 Nye prosjekt for godkjenning i den framlagde proposisjonen, innanfor dei tilrådde kostnadsrammene.

  • 2. endre tidlegare godkjent investeringsprosjekt, omtala i kapittel 4 Tidlegare godkjent materiellprosjekt, i den framlagde proposisjonen, innanfor dei tilrådde kostnadsrammene.

Oslo, i utenriks- og forsvarskomiteen, den 3. juni 2015

Anniken Huitfeldt

Christian Tybring-Gjedde

leder

ordfører