Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen 2014

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Meldinga omfattar statsrekneskapen med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap. Løyvingsrekneskapen syner samla løyving og rekneskap for kvar post i statsbudsjettet. Under utgiftspostane ser ein òg overført løyving frå 2013 til 2014 og overført løyving frå 2014 til 2015. Kapitalrekneskapen syner statens eigedelar, gjeld og eigenkapital. Meldinga inneheld òg oversyn over rekneskapen for Svalbard, statens garantiansvar, tilsegns- og bestillingsfullmakter og oversyn over aksjar som staten eig.

Meldinga gjer greie for løyvingane i statsbudsjettet og for dei rekneskapsførte tala. Det er lagt vekt på å forklara avvik mellom budsjett og rekneskap. Budsjettutviklinga gjennom 2014 fram til nysalderinga er nærare omtalt i Prop. 36 S (2014–2015) Ny saldering av statsbudsjettet 2014 og Prop. 41 S (2014–2015) Tillegg til Prop. 36 S (2014–2015) om ny saldering av statsbudsjettet 2014.

I kapittel 1 i meldinga er det gjort greie for hovudelementa i statsrekneskapen og budsjettpolitikken. Dette omfattar mellom anna bruken av petroleumsinntekter, veksten i statsutgiftene og statens skatte- og avgiftsinntekter frå Fastlands-Noreg og frå petroleumsverksemda. Lånetransaksjonar og finansieringsbehov vert òg omtalt. Kapittel 2 tek føre seg områda til kvart departement for seg. I kapittel 3 er rekneskapen til Statens pensjonsfond omtalt, og i kapittel 4 er det gjort greie for statens balanse og finanspostar.

Tabell 1.1 i meldinga syner statsrekneskapen 2014 etter postgrupper i statens kontoplan for høvesvis utgifter og inntekter. Utgifter og inntekter knytt til petroleumsverksemda og utbetalingar til og innbetalingar frå Statens pensjonsfond utland (SPU) er sette opp særskilt. Dei samla utgiftene vart 1 631,6 mrd. kroner, medan inntektene før statslånemidlar vart 1 650,0 mrd. kroner. Underskot før lånetransaksjonar i statsrekneskapen og netto lånepostar (post 90–99) gjev eit negativt brutto finansieringsbehov på 18,3 mrd. kroner. Dette er postert på kap. 5999 Statslånemidlar, slik at samla inntekter medrekna statslånemidlar òg vert 1 631,6 mrd. kroner.

Tabell 1.2 i meldinga syner samla eigedelar, gjeld og eigenkapital slik det går fram av balansen (kapitalrekneskapen). Avslutningskontoen (eigenkapitalen) auka i 2014 med 1 447,7 mrd. kroner. Det meste av auken skriv seg frå Statens pensjonsfond. Underskotet før lånetransaksjonar reduserer eigenkapitalen, medan eigenkapitalen går opp som følgje av at overføringane av unytta løyving til neste budsjettermin minkar. Anna endring i eigenkapitalen er nærare omtalt i kapittel 4 i meldinga.

Det oljekorrigerte underskotet går fram av netto utgifter og inntekter (post 1–89) utanom kontanstraum frå petroleumsverksemda og overføringane til og frå Statens pensjonsfond utland (SPU). Underskotet vert dekt med ei overføring frå SPU til statsbudsjettet som svarar til det oljekorrigerte underskotet slik det vart rekna i ny saldert budsjett.

Av tabell 1.1 i meldinga går det fram at det oljekorrigerte underskotet i 2014 vart 160,0 mrd. kroner, medan statsrekneskapen vart gjort opp med eit underskot på 3,8 mrd. kroner.

Statens pensjonsfond består av Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Renteinntekter og utbyte i Statens pensjonsfond inngår i samla oppstilling over statsbudsjettet og Statens pensjonsfond, og overskotet er eit uttrykk for statens nettofinansinvesteringar, jf. tabell 1.4 i meldinga.

Tabell 1.3 i meldinga syner endring i kapitalen til Statens pensjonsfond og samanhengen med overskot, valutakursregulering og realiserte og urealiserte vinstar og tap.

Overskotet i Statens pensjonsfond vart 315,6 mrd. kroner. Til saman vert statsrekneskapen og Statens pensjonsfond gjorde opp med eit overskot på 311,7 mrd. kroner i 2014.

Ein viser til nærare omtale i meldinga.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Tor Arne Bell Ljunggren, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Truls Wickholm, fra Høyre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, fra Kristelig Folkeparti, lederen Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, fra Venstre Terje Breivik, og fra Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, viser til rettebrev fra finansministeren av 19. mai 2015. Brevet ligger vedlagt denne innstillingen.

Komiteen tar omtalen til orientering, og viser for øvrig til Dokument 1 fra Riksrevisjonen som blir behandlet i kontroll- og konstitusjonskomiteen.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Meld. St. 3 (2014–2015) – om statsrekneskapen 2014 – vedlegges protokollen.

I Meld. St. 3 (2014–2015) Statsrekneskapen 2014 er det avdekket feil på sidene 256 og 299.

Ved en feil er Sametingets kjøp av aksjer i Internasjonalt Samisk Filminstitutt ikke blitt ført opp i tabell 3.6 Statens aksjeinteresser på side 256 i meldingen.

I tabell 5.4 på side 299 i meldingen er avdekket feil i Statsbyggs balanseoppstilling. Dette gjelder presentasjonen og fordelingen av statens rentebærende kapital, annen langsiktig gjeld og kortsiktig gjeld.

Ingen av feilene påvirker bevilgningsregnskapet eller kapitalregnskapet.

Oppdaterte sider følger vedlagt.

Oslo, i finanskomiteen, den 28. mai 2015

Hans Olav Syversen

leder og ordfører