Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer
Dette dokument
- Innst. 265 S (2014–2015)
- Kildedok: Meld. St. 23 (2014–2015)
- Dato: 12.05.2015
- Utgiver: arbeids- og sosialkomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
Lov 16. desember 2011 nr. 60 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter og regjeringsmedlemmer (stortings- og regjeringspensjonsloven) blei sett i kraft 1. januar 2012. Frå same tidspunktet blei lov 14. desember 1951 nr. 11 om pensjonsordning for statsråder og lov 12. juni 1981 nr. 61 om pensjonsordning for stortingsrepresentanter oppheva.
I samsvar med lovens § 8-1 legg Arbeids- og sosialdepartementet fram ei melding om utviklinga i pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer i 2014. Meldinga inneheld ei oversikt over dei viktigaste ytingane i pensjonsordninga etter nye og gamle oppteningsreglar og ei oversikt over utviklinga i ordninga i 2014.
I kapittel 2 i meldinga er det gjort greie for pensjonsordninga.
Totalt 386 personar fekk ved utgangen av 2014 ein pensjon frå stortingspensjonsordninga.
Det er i kapittel 3 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.
Ved inngangen til 2014 var det 245 alderspensjonistar i ordninga mot 257 personar per 31. desember 2014. Det har vore ein avgang på 23 personar og ein tilgang på 35 personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde 242 personar. Avviket kjem av at enkelte pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.
Ved inngangen til 2014 var det sju uførepensjonistar i ordninga mot fire personar per 31. desember 2014. I løpet av året har det vore ein avgang på fire personar. Ein person har fått innvilga uførepensjon med tilbakeverkande kraft.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2014.
Ved inngangen til 2014 var det 121 ektefellepensjonistar i ordninga mot 122 personar per 31. desember 2014. I løpet av året var det fem avgangar og fem tilgangar. I tillegg har ein person i løpet av året fått innvilga ektefellepensjon med verknad tilbake i tid.
Ved inngangen til 2014 tok tre personar imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2014.
Pensjonane blir dekte over kap. 41 Stortinget. I statsrekneskapen blei det utgiftsført 67 445 351 kroner til pensjonar og 1 588 755 kroner til administrasjonskostnader.
Ved utgangen av 2014 fekk totalt 101 personar ein pensjon frå pensjonsordninga.
Det er i kapittel 4 i meldinga gjort nærare greie for gjennomsnittleg månadleg utbetaling, fordeling på kvinner og menn, samt gjennomsnittleg pensjonsalder.
Ved inngangen til 2014 var det 67 alderspensjonistar i ordninga mot 70 personar per 31. desember 2014. Det har vore ein avgang på fire personar og ein tilgang på sju personar. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på alderspensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde 65 personar. Avviket kjem av forseinka registrering av to medlemer som skulle vore med i talet for 2013. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.
Ved inngangen til 2014 var det to uførepensjonistar i ordninga. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av uførepensjonistar i 2014.
Uførepensjon blir ofte innvilga med verknad tilbake i tid. Det kan framleis bli innvilga uførepensjon som gjeld for 2014.
Ved inngangen til 2014 var det 21 ektefellepensjonistar i ordninga mot 24 personar per 31. desember 2014. Det har ikkje vore nokon avgang, men ein tilgang på tre ektefellepensjonistar i løpet av 2014. I føregåande stortingsmelding blei det rapportert at talet på ektefellepensjonistar per 31. desember 2013 utgjorde 19 personar. Avviket kjem av at enkelte pensjonar er innvilga med verknad tilbake i tid. Tala i årsmeldinga for 2014 kan derfor ikkje direkte jamførast med tilsvarande tal i årsmeldinga for 2013.
Ved inngangen til 2014 tok tre personar imot barnepensjon. Det har ikkje vore nokon tilgang eller avgang av personar med barnepensjon i 2014.
Pensjonsordninga for regjeringsmedlemer blir løyvd under kap. 612 «Tilskudd til Statens pensjonskasse». I statsrekneskapen blei det utgiftsført 13 040 739 kroner til pensjonar og 315 790 kroner til administrasjonskostnader.
Ved lov 7. mars 2014 nr. 5 blei reglane om uførepensjon for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer endra med verknad frå 1. januar 2015 og tilpassa nye reglar som samstundes blei vedtekne for Statens pensjonskasse. Det er i kapittel 5 i meldinga gjort nærare greie for desse endringane. I samband med omlegginga av uførepensjonen blei det i 2014 sendt ut eit generelt informasjonsbrev til mottakarar av uførepensjon. Desse fekk òg brev med ei nærmare orientering om den nye ytinga før nye reglar tok til å gjelde.
Det er utført inntektskontroll på alle som tek imot pensjon etter 75-årsregelen. Denne regelen gir moglegheit til å ta ut pensjon før 65 år for stortingsrepresentantar som har oppteningstid i den tidlegare pensjonsordninga for stortingsrepresentantar. Breva om dette blei sende ut i byrjinga av 2014 og gjaldt kontroll for inntektsåret 2012. Alle som blei kontrollert var innanfor gjeldande inntektsgrense.
I 2014 blei det sendt informasjonsbrev til alle som blei melde inn og ut av pensjonsordninga etter valet i 2013.
Alle som er fødde før 1949, og som kan ha opparbeidd seg ein oppsett rett til pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer, fekk brev med informasjon om mogleg pensjonsrett.
Det blei òg laga eit nytt søknadsskjema for dei som skal søkje om pensjon frå pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Dag Terje Andersen, Fredric Holen Bjørdal, Lise Christoffersen og Anette Trettebergstuen, fra Høyre, Stefan Heggelund, lederen Arve Kambe, Bente Stein Mathisen og Bengt Morten Wenstøb, fra Fremskrittspartiet, Tor André Johnsen og Erlend Wiborg, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Venstre, Sveinung Rotevatn, og fra Sosialistisk Venstreparti, Kirsti Bergstø, viser til årsmeldinga for 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer og har ingen merknader.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Meld. St. 23 (2014–2015) – om årsmelding 2014 for pensjonsordninga for stortingsrepresentantar og regjeringsmedlemer – vedlegges protokollen.
Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 12. mai 2015
Arve Kambe |
leder og ordfører |