Samandrag

Regjeringa gjer i proposisjonen framlegg om endringar i opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og privatskolelova § 3-3 første ledd. Etter framlegget skal det gå fram av ordlyden i lova at ein elev som mobbar, kan flyttast til ein annan skole. Framlegget er ei presisering av gjeldande rett. Framlegget har vore til høyring og fekk 70 høyringssvar.

Som bakgrunn for framlegget viser regjeringa til den politiske plattforma si, Sundvolden-erklæringa, der det heiter at regjeringa vil «sørge for at det er mobberen som bytter skole i mobbesaker der skolebytte er eneste løsning». Etter det regelverket som gjeld i dag, kan ein elev som mobbar, i særlege tilfelle flyttast til ein annan skole enn den eleven går på. Dette følgjer av opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og privatskolelova § 3-3 første ledd. Men det har vore fleire døme på at eleven som blir mobba, har sett seg nøydd til å byte skole.

At ein elev som mobbar kan flyttast til ein annan skole, står ikkje eksplisitt i opplæringslova eller privatskolelova, men det går fram av forarbeida til lovene at det er høve til dette. For at det skal vere klart at den som mobbar, i visse tilfelle kan flyttast til ein annan skole, og for å unngå at eleven som blir mobba, blir nøydd til å byte skole, foreslår departementet at høvet til å flytte mobbaren går direkte fram av opplæringslova § 8-1 fjerde ledd og privatskolelova § 3-3 første ledd.

Det går fram av merknadene til framlegga om endringar i båe lovene at ein elev etter føresegna òg kan flyttast i andre tilfelle enn ved mobbing. I alle høve gjeld vilkåret om at ein elev kan flyttast dersom omsynet til dei andre elevane tilseier det. I båe lovene er det ei presisering om at tiltaket gjeld i særlege tilfelle. Elles inneheld lovene alt i dag ein føresetnad om at ein skal ha prøvd andre tiltak.

Regjeringa understreker at framlegget til presisering ikkje endrar gjeldande rett. Føremålet med presiseringa er at føresegna, i tråd med gjeldande rett, skal nyttast når det er nødvendig.

Lovframlegga fører verken med seg nye plikter eller rettar. Framlegget vil derfor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane og dei private skolane.