Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra transport- og kommunikasjonskomiteen om representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Gerd Eli Berge og Heidi Greni om etablering av overvakingskamera på alle køyrbare norske grenseovergangar

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I dokumentet fremmes følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å etablere overvakingskamera (ANPR) ved alle køyrbare grenseovergangar i Noreg, slik at dette kan setjast i verk i 2015.»

For nærmere begrunnelse for forslaget vises det til dokumentet.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Kjell-Idar Juvik, Ingvild Kjerkol, Sverre Myrli, Magne Rommetveit og Eirin Sund, fra Høyre, Torill Eidsheim, lederen Linda C. Hofstad Helleland, Nils Aage Jegstad og Helge Orten, fra Fremskrittspartiet, Ingebjørg Amanda Godskesen, Kjell Ivar Larsen og Kari Raustein, fra Kristelig Folkeparti, Hans Fredrik Grøvan, fra Senterpartiet, Janne Sjelmo Nordås, og fra Venstre, Abid Q. Raja, viser til representantforslaget og vedlagt uttalelse, datert 5. desember 2014, fra Finansdepartementet v/statsråden i saken.

Komiteen viser til at forslagsstillerne fremhever behovet for effektiv grensekontroll for å kunne bekjempe organisert kriminalitet. Tollvesenet må sikres virkemidler som gjør det mulig å møte kriminalitetsutviklingen. Ordningen med «smarte overvåkningskamera» (ANPR) er et etablert kontrollmiddel på flere grenseoverganger. Komiteen viser til at det i forslaget bes om en utredning om å innføre ordningen over hele landet.

Komiteen vil fremheve at finansministeren i sitt svarbrev omtaler ANPR (Automatic numberplate recognition) som et allerede etablert viktig verktøy for styrket grensekontroll. Ordningen er i dag etablert på 15 grenseoverganger, og det er konkrete planer om etablering på ytterligere sju nye grenseoverganger, herunder to ferjeterminaler. Komiteen viser til at Toll- og avgiftsdirektoratet i forbindelse med omorganiseringen av skatte- og avgiftsforvaltningen fikk i oppdrag å utrede hva som skal til for å styrke grensekontrollen. Direktoratet kom i sin rapport med flere anbefalinger der én av disse er å etablere ANPR på alle kjørbare grenseoverganger.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre, viser til at regjeringen nå vil vurdere direktoratets anbefalinger og komme tilbake til dette blant annet i forbindelse med statsbudsjettet for 2016. En annen side ved ANPR som også vil vurderes nærmere, blant annet opp mot viktige personvernhensyn, er spørsmålet om å utvide dagens grenser for lagringstid.

Flertallet mener på denne bakgrunn at forslagsstillernes intensjoner er godt ivaretatt i regjeringens pågående arbeid.

Medlemene i komiteen frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet viser til at grenseoverskridande kriminalitet er eit stadig større problem, der smugling av varer, dyr, menneske og narkotika aukar i omfang. Verksemda får stadig eit meir profesjonelt preg, og det ligg store pengar i organisert kriminalitet.

Desse medlemene meiner det å drive effektiv grensekontroll er viktig av fleire årsaker, og at organisert kriminalitet medfører store kostnader for samfunnet både menneskeleg og økonomisk, der ulovleg innførsel av varer medfører også store avgiftsunndragingar, samstundes som det gir stor økonomisk vinning for organiserte kriminelle nettverk.

Desse medlemene meiner at tollvesenet er avhengig av metodar og verktøy som gjer det mogleg å nedkjempe denne type kriminalitet effektivt, og at det såleis er sentralt at det blir satsa på teknologiske hjelpemiddel som kan effektivisere dette arbeidet.

Desse medlemene viser til at fleire grenseovergangar på det sentrale Austlandet har fått etablert ordningar med såkalla «smarte overvakingskamera» (ANPR), der desse bidreg til skiltgjenkjenning og informasjon om kjøretøyet, som gjer at tollvesenet på desse køyrbare grenseovergangane kan arbeide meir effektivt og målretta. Desse medlemene viser til at erfaringar med denne kamerabruken fører til at meir kriminell aktivitet blir avdekka, og at det blir gjort fleire store narkotikabeslag, og fleire avgiftsunndragingar blir oppdaga.

Medlemen i komiteen frå Senterpartiet ser ingen argument mot å etablere ANPR-kamera på alle køyrbare grenseovergangar i Noreg, og meiner at eit slik system kan etablerast på alle norske køyrbare grenseovergangar i løpet av 2015.

Denne medlemen meiner at innføring av såkalla «smarte overvakingskamera» (ANPR) er eit så viktig kriminalitetsbekjempande tiltak, at det ikkje er nokon grunn til å vente med iverksetjinga av det. Denne medlemen har registrert at regjeringa arbeider med ei sak, men at det ikkje er nærare tidfesta når dette arbeidet er ferdig. Denne medlemen meiner at dette er særs uheldig når teknologi er på plass, og ønskjer rask framdrift.

Denne medlemen vil peike på at dette er eit tiltak som raskt vil betre beredskapen på norske grenseovergangar, og gjev politi og tollvesen betre kontroll enn i dag.

Denne medlemen viser til at Toll- og avgiftsetaten i dag har høve til å lagre opplysningar frå ANPR i maksimalt ein time, men av omsyn til personvernet stiller seg svært skeptisk til å utvide denne lagringstida til eitt år slik Toll- og avgiftsdirektoratet tilrår.

Denne medlemen fremjar følgjande forslag:

«Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å etablere overvakingskamera (ANPR) ved alle køyrbare grenseovergangar i Noreg, slik at dette kan setjast i verk i 2015.»

Forslag fra Senterpartiet:

Forslag 1

Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å etablere overvakingskamera (ANPR) ved alle køyrbare grenseovergangar i Noreg, slik at dette kan setjast i verk i 2015.

Komiteen viser til representantforslaget og merknadene og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Dokument 8:23 S (2014–2015) – representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Gerd Eli Berge og Heidi Greni om etablering av overvakingskamera på alle køyrbare norske grenseovergangar – vedlegges protokollen.

Eg viser til brev frå transport- og kommunikasjonskomitéen vedlagt Dokument 8:23 S (2014–2015) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Gerd Eli Berge og Heidi Grini om etablering av overvakingskamera på alle køyrbare norske grenseovergangar.

Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å etablere overvakingskamera (ANPR) ved alle køyrbare grenseovergangar i Noreg slik at dette kan setjast i verk i 2015.

Eg er einig i at elektronisk nærvær på grensa gjennom ANPR (Automatic Number Plate Recognition) er eit svært viktig verktøy for å styrkje grensekontrollen. Toll- og avgiftsetaten har allereie gode røynsler med å bruke systemet til å plukke ut objekt til kontroll basert på etterretningsopplysningar og kontrollhistorikk. Auka bruk av ANPR vil underbyggje ei auka målretting av kontrollane.

I samband med den pågåande omorganiseringa av skatte- og avgiftsforvaltninga fekk Toll- og avgiftsdirektoratet 28. mars 2014 i oppdrag å greie ut kva som skal til for å styrkje grensekontrollen. Direktoratet leverte 18. november 2014 sin rapport til Finansdepartementet. Eit av forslaga i rapporten er å etablere ANPR på alle køyrbare grenseovergangar og på lengre sikt etablere ANPR på ferjeterminalar med anløp frå utlandet. Direktorat anslår i sin rapport at ei full etablering av ANPR fordelt over tre år, truleg vil koste om lag 110 millionar kroner i utstyrsinvesteringar. Dei årlege driftskostnadane for utstyret vil være om lag 20 mill. kroner. I tillegg komer kostnader til årsverk som skal bemanna og bruke utstyret.

Riksrevisjonen tilrår i si undersøking av Toll- og avgiftsetaten sin grensekontroll (Riksrevisjonens undersøkelse av Toll- og avgiftsetatens grensekontroll, Dokument 3:7 (2013-2014)) at dei skaffar seg meir systematisk kunnskap om trafikkmengdene ved dei ubemanna grenseovergangane som eit grunnlag for prioritering av kontrollressursane sine.

Ein utvida bruk av ANPR vil vere den mest kostnadseffektive måten for Toll- og avgiftsetaten å auke sin kunnskap om den grensekryssande aktiviteten. I tillegg til å styrkje evna til å identifisere aktuelle kontrollobjekt, vil det bli enklare både å analysere trafikkdata og prioritere kontrollressursane.

Det er i dag etablert ANPR på til saman 15 grenseovergangar. Toll- og avgiftsetaten har no konkrete planar om å etablere ANPR på 7 nye grenseovergangar. To av desse grenseovergangane er ferjeterminalar i Tollregion Sør- Noreg. Det vil med dessa planane etablerast ANPR i alle tollregionane med unnatak av Tollregion Vest-Noreg.

Toll- og avgiftsetaten har i dag høve til å lagre opplysningar frå ANPR i maksimalt ein time. Eit viktig premiss for at ANPR-systemet skal gje auka kunnskap, er eit utvida høve til å lagre opplysningane. Dette er nødvendig for å kunne gjennomføre analysar på strategisk og taktisk nivå. I sin rapport har Toll- og avgiftsdirektoratet difor peikt på at ein time ikkje er tilstrekkeleg tid til å kunne identifisere gjennomgåande mønster, gjere trafikkteljingar, identifisere årstids- og døgnvariasjonar eller til å risikovurdere objekt med tanke på kontroll ved framtidige innpasseringar.

Direktoratet understrekar at ei utviding av lagringstida for opplysningar frå ANPR må sjåast i samanheng med vurderinga av om det skal etablerast ANPR på fleire grenseovergangar. Direktoratet anbefaler i rapporten at lagringstida blir utvida til eitt år.

Eg meiner representantane fremjar eit godt forslag som viser at dei er opptatt av å styrkje grensekontrollen. Forslaget likner Toll- og avgiftsdirektoratet si eiga anbefaling på området. Toll- og avgiftsdirektoratet sin rapport inneheld mange spennande og aktuelle anbefalingar. Desse anbefalingane må vektast mot andre gode tiltak som regjeringa må vurdere. Eg ynskjer likevel å understreke at ANPR har vist seg å vere et godt verktøy i grensekontrollen, og at det alt no er i gang ei utviding av ANPR til stadig nye grenseovergangar.

Departementet vurderer no framlegget frå direktoratet og vil kome tilbake til det mellom anna i statsbudsjettet for 2016. Vi vil òg sjå nærare på forslaget om lagringstid i samarbeid med andre ansvarlege styresmakter.

Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 17. februar 2015

Linda C. Hofstad Helleland

Kjell Ivar Larsen

leder

ordfører