1. Samandrag
- 1.1 Endringsforslag
- Kap. 900 Nærings- og fiskeridepartementet
- Kap. 904 Brønnøysundregistra
- Kap. 911 Konkurransetilsynet
- Kap. 919 Ymse fiskeriformål
- Kap. 3917 Fiskeridirektoratet
- Kap. 922 Romverksemd
- Kap. 924 Internasjonalt samarbeid og utviklingsprogram
- Kap. 950 Forvalting av statleg eigarskap
- Kap. 960 Raufoss ASA
- Kap. 2421 Innovasjon Noreg
- Kap. 2426 Siva SF
- Kap. 2429 Eksportkreditt Noreg AS
- Kap. 3902 Justervesenet
- Kap. 3904 Brønnøysundregistra
- Kap. 3911 Konkurransetilsynet
- Kap. 3950 Forvalting av statleg eigarskap
- Kap. 5325 Innovasjon Noreg
- Kap. 5326 Siva SF
- Kap. 5329 Eksportkreditt Noreg AS
- Kap. 5613 Renter frå Siva SF
- Kap. 5625 Renter og utbyte frå Innovasjon Noreg
- Kap. 5656 Aksjar i selskap under NFD si forvalting
I denne proposisjonen legg Nærings- og fiskeridepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet 2014.
Nærings- og fiskeridepartementet gjør framlegg om å redusere løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 336,856 til 334,156 mill. kroner mot tilsvarande auke under kap. 911 post 1.
Tildeling av oppdraget med opprydding er blitt utsett. Som følgje av utsetjinga gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner i 2014 mot å løyve same beløp i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 19,2 mill. kroner, frå 20,5 til 1,3 mill. kroner.
Direktoratet for forvaltning og IKT (DIFI) har på vegne av offentlege verksemder inngått ein avtale om leveranse av sikker eID. Avtalen gjer at Brønnøysundregistra må overføre vel 1,1 mill. kroner til DIFI.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 1,105 mill. kroner, frå 324,550 til 323,445 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 540 post 22.
Brønnøysundregistra har hatt auka utgifter og inntekter som følgje av fleire tenesteeigarar, fleire applikasjonar og oppdrag frå Skattedirektoratet i samband med nye versjonar av Altinn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 235,2 til 250,2 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 3904 post 3.
Konkurransetilsynet har i 2014 ein pressa budsjett- og ressurssituasjon. Nærings- og fiskeridepartementet gjer difor framlegg om å auke løyvinga med 2,7 mill. kroner, frå 88,965 til 91,665 mill. kroner mot tilsvarande reduksjon under kap. 900 post 1.
I 2013 vart det lyst ut 45 nye grøne oppdrettsløyve. Dei samla inntektane frå tildelinga av konsesjonar vart i revidert budsjett 2014 berekna til 1 204,2 mill. kroner. Innbetalingane knytt til tildelingsrunden er førebels begrensa til dei 15 løyva som vart tildelte i lukka budrunde. Samla vederlag for desse utgjer 904,2 mill. kroner. Det gjenstår å tildele inntil 30 løyve. Klagebehandlinga for desse løyva vil ikkje vere avslutta før 2015. Innbetaling av vederlag for desse løyva og fordeling av kommunane sin del vil ikkje kunne gjerast før i 2015. Som følgje av dette må løyvinga i 2014 på kap. 919 post 60 reduserast med 321,1 mill. kroner og kap. 3917 post 13 må reduserast med 300 mill. kroner. Nærings- og fiskeridepartementet vil kome tilbake til Stortinget med forslag om tilsvarande auking av løyvingane i 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 321,108 mill. kroner, frå 481,662 til 160,554 mill. kroner.
Det visast til nærare omtale av saken under kap. 919, post 60.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 300 mill. kroner, frå 1 204,155 til 904,155 mill. kroner.
Kontingenten i den europeiske romorganisasjonen ESA blir utbetalt i euro. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) vart det gitt ei tilleggsløyving på 17,4 mill. kroner for å kompensere for styrka eurokurs. Det har no vist seg at anslaget for eurokursen var for høgt, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 4,6 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,6 mill. kroner, frå 164,9 til 160,3 mill. kroner.
Deltaking i internasjonal romverksemd utbetalast i euro og amerikanske dollar. Ved Stortinget si handsaming av Prop. 93 S (2013–2014) vart det gitt ei tilleggsløyving på 34,6 mill. kroner for å kompensere for styrka kursar. Det har no vist seg at anslaga var for høge, og gjeldande løyving kan såleis reduserast med 2,8 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 2,8 mill. kroner, frå 344,3 til 341,5 mill. kroner.
Noreg har hatt innbetalingar til EU til andre valutakursar enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014. Endringane utgjer ei auke på 34,4 mill. kroner. Samstundes har det vore ei endring i oppkallinga frå EU, som utgjer ei auke på 4,3 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 38,7 mill kroner, frå 258,5 til 297,2 mill. kroner.
Løyvinga dekkjer kontingent til Europakommisjonen for norsk deltaking i EU-program som Nærings- og fiskeridepartementet har fagansvar for. I tillegg dekkjer løyvinga utgifter knytt til oppfølging av programma. Faktiske utbetalingar til Europakommisjonen har vore lågare enn forventa. Samstundes har eurokursen vore høgare enn føresett.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 5,4 mill. kroner, frå 54,9 til 49,5 mill. kroner.
I Saldert budsjett 2014 er det løyvd 25,7 mill. kroner til å dekkje utgifter og fagleg bistand i samband med aksjetransaksjonar i selskap under Nærings- og fiskeridepartementet si forvalting. Dei samla utgiftene for 2014 er anslått til vel 98 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 72,6 mill. kroner, frå 25,7 til 98,3 mill. kroner.
I Saldert budsjett 2014 vart det løyvd 8,3 mill. kroner til refusjonar for miljøtiltak ved opprydding av historisk forureining på Raufoss. Basert på oppdatert informasjon er det samla behovet no anslått til vel 4 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 3,9 mill. kroner, frå 8,3 til 4,4 mill. kroner.
I statsbudsjettet for 2015 har regjeringa gjort framlegg om å auke einskilde landsdekkande verkemiddel i Innovasjon Noreg, mellom anna etablerartilskot- og miljøteknologiordningane. Det er samstundes gjort framlegg om å redusere midla til Innovasjon Noreg sine bransjespesifikke verkemiddel over budsjettet til Nærings- og fiskeridepartementet for 2015, som er retta mot marin og maritim sektor og reiselivsnæringa. Vidare har regjeringa foreslått ein reduksjon i løyvinga til administrasjon av selskapet for å auke effektiviteten. Samla tyder dette at Innovasjon Noreg i 2015 må omstille si verksemd og redusere antal tilsette med mellom 40 og 55 årsverk. Løyvinga skal dekke lønskostnader fram til ny organisasjon er på plass og i oppseiingsperioden, kostnader knytt til juridisk bistand, karriererettleiing m.m.
Selskapet har ikkje eigenkapital til å dekkje omstillingskostnader, og i tråd med Lov om Innovasjon Noreg framgår det at eigarane må dekkje forpliktingane til selskapet. Middel til omstilling må setjast av i selskapet sin rekneskap det året avgjerda blir gjort.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 43,5 mill. kroner, frå 356,65 til 400,15 mill. kroner.
For å kunne overføre den delen av tilskotet som ikkje blir utbetalt i 2014 til 2015, foreslår Nærings- og fiskeridepartementet at løyvinga blir gjort overførbar. Programmet er ikkje vidareført i regjeringa sitt framlegg til budsjett for 2015.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om at løyvinga blir tilføyd stikkordet «kan overførast», jf. forslag til vedtak II.
Innlåna har blitt auka noko ut over det som låg til grunn ved salderinga av budsjettet for 2014. Dette inneber òg at avdraga blir auka, jf. omtale under kap. 5325 post 90.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 3,75 mrd. kroner, frå 41,75 til 45,5 mrd. kroner.
Ved saldering av budsjettet for 2014 la ein til grunn at Siva SF ville refinansiere lån på til saman 100 mill. kroner. Siva SF har tatt opp mindre lån enn det som vart lagt til grunn i Saldert budsjett 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 100 til 70 mill. kroner.
Ein ny gjennomgang av økonomien i selskapet syner at tilskotet for 2014 kan reduserast med 4,5 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 4,5 mill. kroner, frå 105 til 100,5 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 0,2 mill. kroner, frå 0,2 mill. kroner til 0.
Ein ny gjennomgang av faktiske og forventa låneutbetalingar frå Eksportkreditt Noreg AS, viser at samla utbetalingar kan bli om lag 26,9 mrd. kroner i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,4 mrd. kroner, frå 19,5 til 26,9 mrd. kroner.
Grunna redusert gebyrinntekt i høve til gjeldande løyving, gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 7,9 mill. kroner, frå 70,8 til 62,9 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 2,5 mill. kroner, frå 11,2 til 13,7 mill. kroner.
Omfanget av gebyrpliktige registreringar i Brønnøysundregistra har auka meir enn forventa i 2014. Dette gjeld særleg Lausøyreregisteret og Føretaksregisteret.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 25 mill. kroner, frå 525 til 550 mill. kroner.
Løyvinga foreslås auka med 15 mill. kroner, frå 57 til 72 mill. kroner, mot tilsvarande auke under kap. 904, post 22, jf. omtale under kap. 904 post 22.
Ved ein inkurie vart det ikkje oppretta ein post for gebyr for lovbrot i statsbudsjettet for 2014. Hittil i 2014 er lovbrotsgebyr førebels postert på kap. 3911, post 1 Klagegebyr og vil bli ompostert til ny post 2. For 2014 er det berekna at Konkurransetilsynet vil motta 26 mill. kroner i lovbrotsgebyr.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 2 på 26 mill. kroner.
Ved ein inkurie vart det ikkje oppretta ein post for lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar i statsbudsjettet for 2014. Hittil i 2014 er lovbrotsgebyr for ulovlege direkte anskaffingar førebels postert på kap. 3911 post 1 og vil bli ompostert til ny post 3. For 2014 er det berekna at summen for gebyr ved ulovlege direkte anskaffingar blir om lag 21 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om ei løyving på ny post 3 på 21 mill. kroner.
I saldert budsjett 2014 er det løyvd 25 mill. kroner frå mogelege statlege aksjesal.
Generalforsamlinga i eit aksjeselskap kan gi styret fullmakt til å kjøpe tilbake eigne aksjar med det føremålet å slette desse aksjane på eit seinare tidspunkt.
Nærings- og fiskeridepartementet inngjekk i 2013 slike tilbakekjøpsavtalar med DNB ASA, Telenor ASA og Yara International ASA.
Generalforsamlinga i Telenor ASA gav i mai 2013 styret i selskapet fullmakt til å erverve inntil 46 millioner eigne aksjar, tilsvarande om lag 3 pst. av selskapet sin aksjekapital. Fram til våren 2014 kjøpte selskapet 6 981 748 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane og 8 184 493 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Telenor ASA i mai 2014. Etter at kapitalnedsettinga hadde trått i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 1 047,6 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 54 pst.
Generalforsamlinga i Yara International ASA gav i mai 2013 styret i selskapet fullmakt til å erverve eigne aksjar inntil 5 pst. av selskapets aksjekapital i marknaden og frå staten. Fram til november 2013 kjøpte selskapet 1 450 000 eigne aksjar i marknaden. Kapitalnedsetting og sletting av desse aksjane og 823 135 aksjar frå staten, blei vedteke på ordinær generalforsamling i Yara International ASA i mai 2014. Etter at kapitalnedsettinga var sett i kraft fekk staten utbetalt eit vederlag på 211,4 mill. kroner for dei innløyste aksjane. Staten sin eigardel er etter dette uendra på 36,2 pst.
Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget 13. desember 2013, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 8 S (2013–2014), aksepterte staten v/Nærings- og fiskeridepartementet 20. oktober 2014 eit frivilleg tilbod frå eit dotterselskap av japanske Mitsubishi Corporation om kjøp av samtlige aksjar i Cermaq ASA. Staten solgte 54 731 604 aksjar for 5 254,2 mill. kroner. Staten sin eigardel i Cermaq ASA ble dermed redusert frå 59,17 pst. til null.
Med grunnlag i fullmakt frå Stortinget 13. desember 2013, jf. Prop. 1 S Tillegg 1 og Innst. 8 S (2013–2014), solgte Nærings- og fiskeridepartementet 38,9 mill. aksjar i Entra ASA i oktober 2014 i samband med børsnotering og delprivatisering av selskapet. Salsummen utgjorde 2 530,4 mill. kroner.
I samband med salet lånte staten ut om lag 12 mill. aksjar som ledd i ein stabiliseringsmekanisme for kursen. Av desse vart vel 11,6 mill. aksjar selde for til saman 753,7 mill. kroner. Staten sin eigardel i Entra ASA ble dermed redusert frå 100 pst. til 49,9 pst.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga på post 96 sal av aksjer med 9 772,3 mill. kroner, frå 25 til 9 797,3 mill. kroner.
Som følgje av noko høgare opptak av lån enn lagt til grunn i Saldert budsjett 2014, er det behov for å auke løyvinga.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 2,8 mrd. kroner, frå 42,2 til 45,0 mrd. kroner.
Siva SF har innbetalt eit lån på 70 mill. kroner i 2014.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 100 til 70 mill. kroner.
Nytt overslag på gebyrinntekter under ordninga er 55 mill. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 15 mill. kroner, frå 40 til 55 mill. kroner.
Nytt overslag tyder på at avdragsinnbetalingane under ordninga aukar til 14,25 mrd. kroner.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 7,9 mrd. kroner, frå 6,35 til 14,25 mrd. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga med 1,2 mill. kroner, frå 21,9 til 23,1 mill. kroner.
Nærings- og fiskeridepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga med 30 mill. kroner, frå 265 til 235 mill. kroner.
I høve til tidlegare overslag for utbyte, som blei auka til 12 067,253 mill. kroner i samband med revidert nasjonalbudsjett 2014, er innbetalt utbyte frå selskapa 180 mill. kroner høgare. Dette skuldast at det var lagt til grunn eit utbyte på 169,7 mill. kroner frå Flytoget AS. Faktisk utdelt utbyte frå selskapet utgjorde 399,7 mill. kroner. På den andre sida er innbetalt utbyte frå Argentum Fondsinvesteringer AS 50 mill. kroner lågare enn opphaveleg lagt til grunn.
På dette grunnlaget gjer Nærings- og fiskeridepartementet framlegg om å auke løyvinga med 180 mill. kroner, frå 12 067,253 til 12 247,253 mill. kroner.