Innstilling frå finanskomiteen om finansmarknadsmeldinga 2013
Dette dokument
- Innst. 214 S (2013–2014)
- Kildedok: Meld. St. 21 (2013–2014)
- Dato: 27.05.2014
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 22
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Innleiing
- 2. Finansnæringa og utsiktene for finansiell stabilitet
- 3. Vidareutvikling av finansmarknadsreguleringa
- 4. Endring av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet
- 5. Verksemda til Noregs Bank i 2013
- 6. Verksemda til Finanstilsynet i 2013
- 7. Verksemda til Folketrygdfondet
- 8. Verksemda til States finansfond
- 9. Tilråding frå komiteen
- PDF-fil fra åpen høring 15. mai 2014
Til Stortinget
Kapittel 2 handlar om finansnæringa og utsiktene for finansiell stabilitet i Noreg. I kapitlet er det mellom anna greidd ut om det makroøkonomiske biletet, tilhøva på finansmarknadene, risikoutviklinga for finansinstitusjonane og soliditeten og resultata i institusjonane. Det er òg teke med ei analyse av konkurransesituasjonen i den norske bankmarknaden.
Kapittel 3 gjev eit oversyn over nokre sentrale initiativ til regelverksendringar på finansmarknadsområdet.
Kapittel 4 handlar om hovuddraga i dei gjennomførte regelverksendringane i Noreg, og om dei viktigaste løyvesakene som Finansdepartementet og Finanstilsynet har handsama på finansmarknadsområdet i 2013.
Kapittel 5 inneheld ei omtale av verksemda til Noregs Bank i 2013 og ei vurdering av korleis pengepolitikken vert utøvd. Kapittel 6 inneheld ei omtale av verksemda til Finanstilsynet i 2013. Kapittel 7 inneheld ei omtale av verksemda til Folketrygdfondet i 2013, medan kapittel 8 inneheld ei omtale av verksemda til Statens finansfond i 2013.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Lisbeth Berg-Hansen, Tore Hagebakken, Irene Johansen, Marianne Marthinsen, Torstein Tvedt Solberg og Jonas Gahr Støre, frå Høgre, Solveig Sundbø Abrahamsen, Svein Flåtten, Sigurd Hille, Heidi Nordby Lunde og Siri A. Meling, frå Framstegspartiet, Gjermund Hagesæter, Tom E. B. Holthe og Hans Andreas Limi, frå Kristeleg Folkeparti, leiaren Hans Olav Syversen, frå Senterpartiet, Trygve Slagsvold Vedum, frå Venstre, Terje Breivik, og frå Sosialistisk Venstreparti, Snorre Serigstad Valen, tek omtalen til orientering. Komiteen viser til at det var open høyring om denne saka torsdag 15. mai 2014 der sentralbanksjef Øystein Olsen var særskilt invitert. Referat frå denne høyringa følgjer som vedlegg til denne innstillinga.
Finansiell stabilitet inneber at det finansielle systemet er robust nok til å ta imot innskot og andre tilbakebetalingspliktige midlar frå ålmenta, formidle finansiering, utføre betalingar og omfordele risiko på ein tilfredsstillande måte. Ein viktig del av dette er at bankar og andre finansinstitusjonar er solide og verkar på ein føremålstenleg måte.
Dette kapittelet handlar om strukturen i den norske finansnæringa, utsiktene for finansiell stabilitet og konkurransetilhøva i den norske banknæringa. Dei fyrste avsnitta gjev eit oversyn over den norske finansnæringa, arbeidet med å tryggje finansiell stabilitet i Noreg og det makroøkonomiske biletet. Utsiktene for finansiell stabilitet vert vurderte i eigne avsnitt om kredittinstitusjonane, forsikring og pensjon og verdipapirføretaka. Avsnitta inneheld oversikter og vurderingar av marknadstilhøve, risikoutviklinga og soliditet og resultat i institusjonane. Dessutan har kapittelet ei særskild omtale av operasjonell risiko i finansføretaka. Til slutt er det ein gjennomgang av konkurransetilhøva i den norske banknæringa.
Sjå meldinga for nærare omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at situasjonen i norsk økonomi står i sterk kontrast til situasjonen hjå mange av våre viktigaste handelspartnarar, og at enkelte land framleis har lågare verdiskaping (BNP) enn før den internasjonale finanskrisa. Fleirtalet poengterer også at både enkeltland og EU-systemet har tatt viktige grep som reduserer risikoen for eit nytt tilbakeslag. Fleirtalet viser til at det gjennom det siste året har vore finansiell uro i fleire av dei framveksande økonomiane. Eit tilbakeslag i Kina og andre framveksande økonomiar kan gje negative utslag for verdsøkonomien, og dermed også for oljeprisen. Fleirtalet understrekar at tidlegare kriser har lært oss at det er svært vanskeleg å forutsjå kva negative kriser som kan oppstå i ein økonomi og korleis dei utviklar seg.
Fleirtalet er bekymra for todelinga av norsk økonomi, og viser til at det utviklar seg ein sterk geografisk ubalanse i forhold til vekstkrafta i norsk næringsliv. Fleirtalet er samtidig bekymra for at stadig fleire i Noreg har ei gjeldsbyrde som gjer dei sårbare for auka renter, ledighet eller fall i bustadprisane.
Fleirtalet er svært nøgd med at Oslo Børs er blitt verdens største og viktigaste finansielle marknadsplass for sjømatsektoren, nest størst i verda på noterte shippingselskap, og nest størst i Europa på energi. Fleirtalet meiner det er positivt at utanlandske selskap kjem til Oslo Børs for å henta kapital, og at kompetansen i den norske kapitalmarknaden for energi, sjømat og shipping trekker til seg utanlandske aktørar.
Fleirtalet viser til at berre 5 pst. av personkundane bytta hovudbank i løpet av 2013, og at det er behov for meir konkurranse mellom bankane. Fleirtalet minner også om at konsentrasjonen i den norske bankmarknaden er høg samanlikna med konsentrasjonen i Danmark, Sverige, Irland, Storbritannia og Tyskland. Fleirtalet støtter regjeringa sitt arbeid knytt til auka konkurranse i bankmarknaden, dette gjeld særskild framlegg som gjer det enklare og lettare å skifte bank, for eksempel bankgironummerportabilitet.
Fleirtalet er opptatt av å leggje til rette for gode rammevilkår for finansnæringa.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, meiner det er viktig for norsk næringsliv at vi har ei sterk finansnæring, som kan bidra med verdiskaping i eigen sektor og skaffe finansiering til verdiskapinga i andre delar av næringslivet.
Eit tredje fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, viser til at det tidlegare kravet om 15 pst. eigenkapital ved lån av kjøp til bustad særskilt ramma førstegangsetablerarane, og at ein heil generasjon risikerte å bli stengde ute frå bustadmarknaden. Dette fleirtalet er derfor godt nøgd med at finansministeren har presisert overfor Finanstilsynet at bankane skal kunne ta omsyn til låntakarane si framtidige betjeningsevne, og at det kan være forsvarleg med eigenkapitalkrav ned mot 10 pst. for førstegongskjøparar. Dette fleirtalet merkar seg at bankane har følgt opp dette ved å leggje seg på ei meir liberal linje. Dette fleirtalet vil vidare vise til at budsjettforliket mellom Høgre, Framstegspartiet, Kristeleg Folkeparti og Venstre for 2014 inneheld ei kraftig forbetring av BSU-ordninga der maksimalt årlig innbetalt sparebeløp blei økt frå 20 000 kroner til 25 000 kroner, og der taket for samla innbetalt sparebeløp i BSU blei heva frå 150 000 kroner til 200 000 kroner.
Eit fjerde fleirtal, alle unnateke medlemene frå Arbeidarpartiet, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti, tar avstand frå ideen om innføring av ein såkalla finansskatt. Ein slik skatt vil ramme både norske bedrifter og norske hushaldningar. Dette fleirtalet meiner at ein finansskatt særskilt kan ramme unge menneske i etableringsfasen gjennom høgare rentekostnader. Dette fleirtalet viser også til at finansnæringa sine kapitalkrav i utgangspunktet er store, og at ytterlegare krav kan få store og utilsikta negative konsekvensar for aktiviteten i norsk økonomi.
Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti understreker betydningen av en solid og konkurransedyktig banknæring i hele landet. I Norge har vi en differensiert banknæring der ikke minst lokal- og regionalbankene er viktige aktører. Det er av særlig betydning for små og mellomstore bedrifter landet rundt som ikke har andre alternative finansieringskilder. I store deler av landet spiller også bankene en viktig rolle for kulturlivet. Det finnes et utall eksempler på små og store kulturarrangement som takket være bankenes samfunnsengasjement har sett dagens lys.
Sett i lys av den viktige rollen bankene har, er disse medlemmer opptatt av at det må legges opp til en helhetlig politikkutvikling for banksektoren der eierskap, samfunnsansvar, konkurransesituasjonen mv. blir drøftet. Disse medlemmer ber derfor regjeringen på egnet måte fremme en sak for Stortinget der man drøfter en helhetlig næringspolitikk for banknæringen.
Disse medlemmer viser til at Arbeiderpartiets daværende finanspolitiske talsperson, Torgeir Micaelsen, i august 2013 sendte et brev med spørsmål om regjeringen vil be Konkurransetilsynet og Finanstilsynet gjennomføre en analyse av konkurransesituasjonen i norske finansmarkeder. I brevet vises det blant annet til at Konkurransetilsynet gjorde en vurdering av dette temaet for ti år siden, og at Finanskriseutvalget i NOU 2011:1 påpekte høy markedskonsentrasjon i det norske bankmarkedet. I svarbrevet fra finansminister Sigbjørn Johnsen og fornyingsminister Rigmor Aasrud står det:
«Vi er enige med stortingsrepresentant Torgeir Micaelsen i at vi nå bør vurdere å gjennomgå konkurranse-situasjonen i det norske bankmarkedet. Det er fornuftig å gjøre et samlet arbeid på dette feltet med noen års mellomrom. Etter vårt syn bør et slikt arbeid gjøres på bredt faglig grunnlag, der relevante myndigheter og fagmiljø inviteres til å delta. Vi vil nå se nærmere på hvordan vi kan organisere og gjennomføre et slikt arbeid.»
Disse medlemmer mener det er viktig at regjeringen følger opp dette.
Disse medlemmer registrerer at de samme partiene som 2. september 2013 lot seg avbilde sammen med Eiendomsmeglerforeningen og Huseiernes landsforbund foran inngangen til Stortinget, med løfter om å redusere egenkapitalkravet ved kjøp av bolig fra 15 til 10 pst., nå sier seg «godt fornøyd» med at dette opprettholdes på 15 pst. Disse medlemmer viser til reaksjonene fra boligaktørene, som i pressemelding uttalte:
«Dersom dette enstemmige løftet brytes, som det nå hintes om, vil det være et hån mot alle de unge som har stemt borgerlig fordi de trenger et sted å bo.»
Disse medlemmer viser til at om lag 35 pst. av boligkjøpere under 35 år fikk lån med lavere egenandel enn 15 pst. i 2013, og at «kravet» således ble praktisert fleksibelt også tidligere.
Disse medlemmer merker seg at det nå ser ut til å være enstemmighet i Stortinget om at egenkapitalkravet består.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti viser til at banker og finansinstitusjoner spiller en viktig rolle i økonomien. De tilbyr betalingstjenester, muligheter for innskudd og utlån for husholdninger og bedrifter, forsikring mot «reell» risiko (brann, død, sykdom osv.) og mot finansiell risiko (brå prisendringer på valuta, rente, råvarer). Finansnæringen bidrar med avgjørende finansiell infrastruktur som skal tjene husholdninger og bedrifter over hele landet.
Dette medlem understreker at vi må ha med oss lærdommene fra den internasjonale finanskrisen i tiden som kommer. Krisen skyldtes at banker, myndigheter, investorer og husholdninger ble overmodige og tillot for stor gjeldsoppbygging og for stor risiko. Bankene hadde for liten egenkapital og var drevet av kortsiktig profitt. De fikk utvikle komplekse finansielle produkter som gjorde prisen og risikoen vanskelig å se for investorene, og de fikk bygge opp enorme finanskonsern som kunne legge til grunn at de ville bli reddet av myndighetene om det skulle gå galt. Myndighetene, med USAs sentralbank i spissen, bar ved til bålet ved å holde rentene lave. De nektet å gripe inn i markedet for å dempe boblen – dels av ideologiske frimarkedsgrunner og dels av manglende inflasjonspress.
Dette medlem viser til at bolig- og aksjeprisene, så vel som gjeldsnivåene, ble låst inne i en selvforsterkende spiral: Folk lånte for å kjøpe eksempelvis bolig, dette presset boligprisene opp og økte verdien på bankens sikkerhet, som igjen førte til større boliglånsopptak.
Dette medlem er bekymret for at for mye av midlene i finanssektoren dels går til spekulative formål som er privatøkonomisk lønnsomme, men samfunnsøkonomisk ulønnsomme; dels er det en fare at finanssektoren tar for høye priser for sine tjenester, på grunn av manglende konkurranse eller manglende åpenhet.
Dette medlem vil særlig advare mot kompleksitet og mangel på gjennomsiktighet og de konsekvensene det har for markedenes effektivitet. Kompleksitet er en fordel for bankene og fondene, fordi prisen blir vanskelig å se. Dermed kan investorer betale mer enn nødvendig uten å være klar over det, i et forgjeves forsøk på å slå markedet.
Dette medlem viser til at finanskrisen fikk et mindre omfang i Norge, ikke minst fordi vi etter bankkrisen på 90-tallet hadde innført strengere reguleringer enn andre land. Særnorske reguleringer var et fortrinn i møte med krisen, fordi det ga oss mer solide banker og færre spekulative finansprodukter.
Dette medlem viser til at vi imidlertid også her i landet har store, systemkritiske finanskonsern, i første rekke DNB. Også her i landet fikk de største bankene trappe ned på egenkapitalen og tillegge boliglån lavere risikovekter, paradoksalt nok i takt med stadig høyere boligpriser; også her fikk kompliserte produkter utvikle seg til bankenes fordel i møte med vanlige investorer og forbrukere med mangelfull informasjon.
Dette medlem viser til Kristelig Folkepartis representantforslag Dokument 8:60 S (2010–2011) om tiltak for å motvirke en ny finanskrise, som ble fremmet i desember 2010. Her fremholdt forslagsstillerne at:
«De store samfunnsøkonomiske og sosiale kostnadene ved finanskriser og behovet for å begrense overdreven risikotaking gjør at det kan være hensiktsmessig å skattlegge finansnæringen i større grad enn i dag […] Overskudd og lønn er et uttrykk for merverdi, og en skatt på dette vil derfor kunne anses som en merverdiavgift, en avgift finansielle tjenester per i dag i hovedsak er unntatt. En slik skatt vil gjøre at finansnæringen får en skattebelastning mer på linje med andre næringer, og på denne måten hindre at finansnæringen blir unaturlig stor. En generell skatt på summen av overskudd og lønn kan kombineres med skattlegging av lønn og overskudd ut over det normale, for å motvirke overdreven risikotaking.»
Dette medlem viser til at forslagsstillerne fremmet et konkret forslag om å innføre en slik skatt i samarbeid med andre land, utformet i tråd med IMFs anbefalinger.
Dette medlem viser videre til at regjeringens finanskriseutvalg kort tid etter, på nyåret 2011, anbefalte å utrede en slik skattlegging av finansnæringens overskudd og lønn. Danmark, Frankrike og Island har en slik skatt på lønn, mens Israel tar med både overskudd og lønn. Dette medlem er imidlertid opptatt av at en slik skatt utredes grundig og at tidspunktet for innføring ses i sammenheng med de økte kapitalkravene som bankene nå pålegges.
Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti viser til at situasjonen i norsk økonomi står i sterk kontrast til situasjonen elles i Europa. Vi har ein økonomi med små økonomiske skilnader, sterk sysselsetting, gode velferdsordningar og høg produktivitet. Alt dette er viktige delar av ein rettferdig, vekstkraftig og framtidsretta økonomi. EU og mange av EU-landa har møtt krisa med brutale kutt i offentlege budsjett. Følgjene har blitt kutt i velferd, høgare arbeidsløyse og ei forverring av ein allereie dårleg situasjon. Denne medlemen viser til at finanskrisa enno ikkje er over. Fortsatt er arbeidsløysa skyhøg mange stadar i verden, og dei økonomiske skilnadane aukar i eit omfang som gir stor grunn til uro. Også i Noreg vil desse utfordringane kunne bli meir tydelege. Situasjonen blir ikkje betre av at vi har ei regjering som aktivt legg til rette for auka skilnader, mellom anna med skattekutt til dei rikaste.
Denne medlemen er bekymra for todelinga av norsk økonomi, med ei oljenæring som rykker ifrå næringslivet på land. Denne medlemen er òg bekymra for at stadig fleire i Noreg har ein gjeldsbyrde som gjer dei sårbare for auka renter, ledighet eller fall i bustadprisane, og merker seg i den samanheng at regjeringspartia braut sitt eige valkampløfte om å senke eigenkapitalkravet for låntakarar. Regjeringspartia trekker ofte fram auken i BSU-ordninga som eit tiltak for å hjelpe førstegangsetablerarar, men denne treffer først og fremst dei som allereie har råd til å spare og løyser derfor ikkje problemet.
Denne medlemen merkar seg at Oslo Børs i stor mon speglar norsk økonomi. Oslo Børs er mellom anna verdas største finansielle marknadsplass for sjømatsektoren. Dette er ei viktig påminning om at kyst og sjømat er ein viktig sektor for Noreg, og at den jamvel kan bli enda viktigare i framtida. Om fiskeriressursane blir riktig forvalta, og ikkje vert privatisert til eit fåtal, vil dei gje arbeidsplassar og verdiskaping i all framtid.
Denne medlemen meiner det er viktig med gode rammevilkår for finansnæringa. Ei finansnæring som fungerer optimalt er ein viktig del av samfunnet, og til stor nytte for både næringsliv og privatpersonar. Samstundes er det viktig at finansnæringa ikkje får overdriven plass i økonomien som heilhet. Ei finansnæring som veks seg for stor vil kunne bidra til ustabilitet i økonomien som heilskap. Dette blei vi ikkje minst minna om da økonomien på Island rakna som følgje av ei overdriven tru på kva finanssektoren kan bidra med åleine.
Denne medlemen viser til NOU 2011:1 Bedre rustet mot finanskriser, som peiker på at ein finanssektor som utgjer ein stor del av eit land sin økonomi, kan representere ein risiko for landet. Utvalet peiker spesielt på to ting. For det første kan ein for stor finanssektor spegle høg gjeldsbelastning eller ubalansar i økonomien innanlands. For det andre kan eit lands finanssektor bli for stor samanlikna med økonomien til landet om institusjonane i sektoren har stor eksponering mot utanlandske marknader. Utvalet peiker vidare på at dei negative eksternalitetene frå aktivitet i finanssektoren er betydelege. Desse er først og framst knytt opp mot at dei ulike aktørane bidreg til å byggje opp risiko i finanssystemet og økonomien, med påfølgjande fare for kriser og sosialisering av store tap.
Denne medlemen viser til at finanssektoren i hovudsak har eit unnatak frå meirverdiavgift. Sektoren blir på den måten subsidiert gjennom skattesystemet. Dette er uheldig og bidreg til at finanssektoren kan bli for stor. Denne medlemen viser til gjennomgangen i kapittel 2.2.2 i meldinga og anslaget som viser at fellesskapet går glipp av om lag 8 mrd. kroner på grunn av dette unnataket. Dette er pengar ein kunne brukt til anten velferd, investeringar eller skattekutt. Denne medlemen viser til at den raud-grøne regjeringa fikk utreda korleis ein finansskatt, eller aktivitetsskatt, kunne utformast, seinast i Prop. 1 LS (2013–2014) Skatter, avgifter og toll 2014. Motstandarane av ei slik likebehandling av ulike sektorer, som ein finansskatt vil vere, argumenterer med at bankane berre vil overføre dei auka kostnadane til kundane sine. Det blir ei for enkel framstilling. Erfaringane frå Danmark viser at rentemarginane ikkje ser ut til å ha blitt påverka av at dei har auka den finansielle aktivitetsskatten. Motstandarane skyver også førstegangsetablerarar på bustadmarknaden framføre seg, og meiner at dei vil bli ramma. Som nemnt er det ikkje gitt at det vil stemme. Men om ein vil, kunne ein også bruke ein del av provenyet frå ein slik skatt til å særleg lette situasjonen for førstegangsetablerarane og andre grupper ein er bekymra for at kan bli råka.
Denne medlemen viser til omtalen i meldinga av konkurransen i banknæringa og at marknadskonsentrasjonen, målt med den såkalla Herfindahl-Hirschmann-indeksen, har auka det siste tiåret. Konsentrasjonen i den norske bankmarknaden er relativt høg, noko som kan føre til svekka konkurranse og dårligare vilkår for kundane. Denne medlemen vil understreke at det er viktig å gjennomføre tiltak som kan styrke konkurransen i bankmarknaden for personkundar, mellom anna ved å gjere det enklare å bytte bank og å vurdere ei strengare tolking av produktpakkeforskrifta.
Departementet har dei siste par åra jamleg gjort greie for dei viktigaste prosessane som er sette i verk for å betre internasjonal og norsk finansmarknadsregulering etter finanskrisa, mellom anna i finansmarknadsmeldingane og i meldingane om nasjonalbudsjettet. Prosessane og utviklinga av nye reglar kan gå føre seg over fleire år. Omtalen i dette kapitlet byggjer på og oppdaterer difor i mange tilfelle informasjon som departementet har gjeve Stortinget tidlegare.
Regelverksutviklinga i Noreg speglar i stor mon arbeidet med nye reglar i EU. Norske styresmakter legg stor vekt på å fremje soliditet, likviditet og god framferd med offentleg regulering og tilsyn med finanssektoren. Ansvaret for reglar som fremjar finansiell stabilitet, ligg fyrst og fremst hjå dei nasjonale styresmaktene, og kostnadene ved finansielle ubalansar råkar i særleg grad økonomien til det aktuelle landet. Det er difor viktig at kvart land rår over dei verkemidla som trengst for å sikre stabilitet i sine finansielle marknader. Departementet vil framleis leggje vekt på å nytte det nasjonale handlingsrommet i internasjonale regelverk, slik at det norske regelverket medverkar til solide finansinstitusjonar. Solide finansinstitusjonar vil dessutan stø opp under konkurranseevna til norsk økonomi og til finansinstitusjonane.
Ein viser til meldinga for nærmare omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Komiteen viser til at årsaken til finansielle kriser ofte er at finansiell ubalanse får byggje seg opp over tid. Når det finansielle systemet er tett samanvevd over landegrensene, kan ubalanse og kriser raskt smitte frå eit land til eit anna. Komiteen meiner på dette grunnlaget at det er viktig og nødvendig at det no er brei einigheit nasjonalt og internasjonalt om at myndighetene må leggje meir vekt på regulering og tilsyn for å tryggje finansiell stabilitet.
Komiteen viser til at høge kapitalkrav i bankane, og då særskilt høge krav til rein kjernekapital, er ein fordel for heile samfunnet. Komiteen viser til at Noreg på grunn av landets unike økonomiske situasjon kan innføre nye kapitalkrav raskare enn det som følgjer av EUs gjennomføringsfristar.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til forslaget om regulering av utkontraktering i Prop. 87 L (2013–2014). Fleirtalet meiner at når desse reglane vert nytta, er det viktig å ta omsyn til forsvarleg organisering som samsvarer med føretaket sin konsesjon. Det er viktig at verken personvernet eller tilsynet vert svekka i denne totalvurderinga. Samtidig må ein alltid ta omsyn til effektivitet og konkurranseevne.
Fleirtalet meiner det er avgjerande at forbrukarane sine interesser og rettar blir ivaretatt på ein god måte. Dette er særskilt viktig i ein marknad som er så kompleks og viktig for forbrukarane som finansmarknaden. Fleirtalet viser til at forbrukarvernet på finansmarknadsområdet er styrka dei siste åra. Fleirtalet er samstundes opptatt av at forbrukarvernet kontinuerlig vert vidareutvikla og forbetra. Fleirtalet understreker viktigheten av ei velfungerande ordning for tvisteløysning innan bank og forsikring, som både forbrukarane og næringa har tillit til. Fleirtalet meiner at ein kontinuerleg bør vurdere om Finansklagenemnda har tilstrekkelig og sjølvstende ressursar.
Eit anna fleirtal, alle unnateke medlemene frå Kristeleg Folkeparti og Sosialistisk Venstreparti, meiner samtidig at det er viktig at Noreg ikkje innfører krav som skil seg for mykje frå krava til våre naboland, Sverige, Danmark og Finland, på ein måte som kan gje utanlandske bankar ein urettmessig konkurransefordel i Norge. Dette fleirtalet viser til at bankane har auka kapitaldekninga ved å dempe veksten i berekningsgrunnlaget, halde tilbake det meste av eit høgare overskot og hente inn ny kapital. Dette fleirtalet viser til at dette har økonomisk effekt, og at kursane på bankaksjar har stege som ein følgje av dette. Dette fleirtalet meiner at Noreg i samarbeid med våre naboland bør bli einige om mest muleg like konkurransevilkår for bankar som driv verksemd i same land, inkludert kalkulering av risikovekter og kaptalgrunnlag. Det er også viktig at bankane sin reelle soliditet og kapitalsituasjon er transparent og samanliknbar mellom bankar i ulike land, slik at det ikkje oppstår ulik konkurranse i marknaden for eigen- eller framandkapital til finanssektoren.
Komiteens medlem fra Kristelig Folkeparti ser utfordringen med krav som går lenger i Norge enn i andre land, for eksempel når det gjelder ulike beregningsgrunnlag for soliditetsmål. Det kan bidra til ulike konkurransevilkår og økt innslag av utenlandske banker, som ikke må forholde seg til like strenge krav og som kan bidra til finansiell ustabilitet.
Dette medlem legger imidlertid avgjørende vekt på at det synes som de samfunnsøkonomiske gevinstene ved økte kapitalkrav er så store at banker og andre finansinstitusjoner ideelt sett burde hatt mer egenkapital enn det som følger av de nye internasjonale kravene som nå diskuteres. Mer egenkapital i bankene gir en samfunnsøkonomisk gevinst ved å redusere sannsynligheten for bankkriser med inntørking av kreditt til næringslivet og høy ledighet som resultat. De samfunnsøkonomiske kostnadene ved bankkriser er ofte store og langvarige.
Dette medlem viser til at mye taler for strengere regler enn resten av Norden i dagens situasjon: Norsk økonomi går bedre, og det er lettere for bankene å bygge opp egenkapital i gode tider enn i dårlige. Norge har dessuten et mulig fall i boligprisene foran seg, mens et land som Danmark har fallet bak seg. Strenge krav til bankenes egenkapital, likviditet og beregningsmodellene bankene bruker for å beregne kapitalkravet for boliglån, kan være med på å dempe utlånsveksten og utviklingen av en boligboble. Dette gjelder særlig når renteøkning er mindre aktuelt med tanke på å unngå en sterk krone og ytterligere svekkelse av konkurranseutsatt næringsliv. Økt motsyklisk kapitalbuffer kan være særlig egnet til dette.
Dette medlem legger også vekt på at regjeringen synes å erkjenne utfordringen med konkurransen fra utenlandske banker, og at den arbeider for å sikre likere regler for alle banker som opererer i Norge. Det er svært positivt at danske og svenske myndigheter har signalisert at de ønsker å legge til grunn norske reguleringer i sin egen regulering av filialer med virksomhet i Norge. Ved større bruk av slik vertslandsregulering, dvs. at bankene må beregne kapitaldekningen etter de reglene som gjelder i de forskjellige jurisdiksjonene der de utøver virksomhet, kan en oppnå at strengere krav i ett land, begrunnet i fare for finansiell ustabilitet og systemrisiko i dette landet, også vil gjelde for virksomhet for banker med hovedkontor i et annet land som driver grensekryssende, eller gjennom filial i dette vertslandet.
Medlemen i komiteen frå Sosialistisk Venstreparti meiner det er viktig at Noreg tek sjølvstendige vurderingar av kva slags krav som er naudsynt for å sikre stabilitet for finanssektoren og økonomien som heilhet. Samtidig må ein ta omsyn til dei krava som gjeld i våre nærmaste naboland i Norden, og samarbeide der det er naturlig. Denne medlemen viser til at arbeidet som vart gjort av den førre regjeringa, mellom anna med auka krav til kjernekapital og forskrift om motsyklisk kapitalbuffer, har gjort finansmarknaden og økonomien som heilhet meir robust. Dei auka eigenkapitalkrava har òg vorte ein fordel for bankane.
Denne medlemen viser til omtalen av utkontraktering og meiner det er viktig å følgje utviklinga tett, mellom anna med tanke på tilsyn med utkontraktera verksemd, vern av personopplysningar, trygging av IKT-system og anna finansiell infrastruktur, beredskap og handtering av hendingar på ein trygg og tenleg måte.
Denne medlemen merkar seg at regjeringa ser ut til å ha gitt opp den norske innskotsgarantiordninga etter krav frå EU. Dette betyr at norske bankkundar får mindre trygghet for sine innskot, når nivået går ned frå 2 mill. kroner til om lag 800 000 kroner (100 000 euro). Om det stemmer at regjeringa har gitt opp denne saken, er det særs skuffande.
Denne medlemen viser til omtalen av nye EU-reglar om betalingstenester, og at EU ønskjer å fjerne unnataksheimelen som gjev nasjonale styresmakter høve til å avgrense kunden sitt ansvar når det gjeld kortmisbruk. Denne medlemen er nøgd med at finansministeren i eit brev til Europaparlamentet har oppmoda til vidareføring av dagens unnataksheimel som tillèt å setje eit tak for forbrukarane sitt ansvar ved kortmisbruk. Samstundes er dette enda eit døme på at EU-reglar griper inn i detaljar som burde kunne avgjerast nasjonalt.
Denne medlemen viser til at det i 2011 vart skipa eit nytt tilsynssystem i EU og at norske styresmakter no drøfter moglege modeller for korleis tilsynsordningane kan innlemmast i EØS-avtala som mellom anna tek omsyn til den norske grunnlova. Denne medlemen vil understreke at dette ikkje må bli ei juridisk konstruksjon som de facto gir utanlandske tilsyn høve til å fatte bindande vedtak i Norge.
Sjå meldinga for omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
I kapittel 4 i avsnitta 4.1.1 til 4.1.6 i meldinga er eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2013. I avsnitt 4.1.7 følgjer eit summarisk oversyn over forskrifter fastsette i 2013. I avsnitt 4.2 følgjer ein omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året, med ein kort omtale av kvar einskild sak.
Endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2013 hadde som overordna mål å medverke til finansiell stabilitet og velfungerande marknader.
Sjå meldinga for nærare omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Noregs Bank har som mål å fremje den økonomiske stabiliteten i landet. Banken har utøvande og rådgjevande oppgåver i pengepolitikken og skal medverke til robuste og effektive betalingssystem og finansmarknader. Noregs Bank forvaltar valutareservane i landet og Statens pensjonsfond utland.
Verksemda til Noregs Bank er regulert i lov om Noregs Bank og pengevesenet mv. (sentralbanklova) av 24. mai 1985. Lova slår fast at Noregs Bank skal vere eit utøvande og rådgjevande organ for penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal utferde pengesetlar og myntar, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Lova gjev banken høve til å setje i verk tiltak som er vanlege eller naturlege for ein sentralbank. Noregs Bank har dessutan fått eit særskilt ansvar når det gjeld den motsykliske kapitalbufferen gjennom ei forskrift.
Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for pengepolitikken i ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva Noregs Bank har med å forvalte Statens pensjonsfond utland, er regulert gjennom lov om Statens pensjonsfond og mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland (SPU), fastsett av Finansdepartementet.
Komiteen tek omtalen til orientering, og viser til merknader nedanfor.
Dei øvste organa i Noregs Bank er hovudstyret og representantskapet. Hovudstyret leier den utøvande og rådgivande verksemda til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med at reglane for verksemda blir følgde.
Hovudstyret arbeider for å realisere banken sine mål og verdiar, med særleg vekt på strategiske problemstillingar knytt til å fremje prisstabilitet, finansiell stabilitet og ei effektiv og tillitvekkjande kapitalforvalting. Det blir lagt vekt på at Noregs Bank skal utføre oppgåvene sine med høg kvalitet og til låge kostnader. Hovudstyret har ansvar for at det er tilfredsstillande rammer, mål og prinsipp for verksemda. Vidare skal det sikre at rekneskapen og kapitalforvaltinga er under god styring og kontroll, og sjå til at risikostyringa og internkontrollen til banken er tilfredsstillande i alle delar av verksemda.
Hovudstyret består av sju medlemmer som er oppnemnde av regjeringa, med sentralbanksjefen som leiar og visesentralbanksjefen som nestleiar. Det har to underutval: revisjonsutvalet og kompensasjonsutvalet. Revisjonsutvalet består av tre av dei eksterne medlemmene av hovudstyret og er eit saksførebuande og rådgivande arbeidsutval som skal styrkje og effektivisere arbeidet med forvalting og oppfølging knytt til finansiell rapportering, risikostyring og internkontroll. Kompensasjonsutvalet består av to av dei eksterne medlemmene av hovudstyret. Det er eit saksførebuande og rådgivande utval for saker som gjeld lønns- og kompensasjonsordningane til banken.
Representantskapet til Noregs Bank består av 15 medlemmer som Stortinget har oppnemnt. Gjennom verksemd og rapportering skal representantskapet forvisse Stortinget om at Noregs Bank, medrekna forvaltinga av Statens pensjonsfond utland, er forsvarleg og formålstenleg driven, og at lover og føresetnader er følgde. Representantskapet organiserer eit tilsynssekretariat som utfører tilsyns- og kontrolloppgåver, forvaltar avtalen med ekstern revisor og utfører sekretariatsfunksjonar for representantskapet. Det fungerer òg som koordinator i samarbeidet mellom Noregs Bank, ekstern revisor og Riksrevisjonen, særleg i relasjon til Statens pensjonsfond utland. Tilsynssekretariatet er fagleg og administrativt uavhengig av banken. Representantskapet legg kvart år fram utgreiinga om verksemda si for Stortinget i form av ein eigen rapport.
Etter sentralbanklova skal sentralbanksjefen stå for den daglege leiinga av banken. Visesentralbanksjefen er nestleiar. Sentralbankverksemda er sett saman av avdelingane Marknader og banktenester (MB), Pengepolitikk (PPO) og Finansiell stabilitet (FST), Konsern- og fellesfunksjonar (KF) og stabsfunksjonar.
For NBIM har hovudstyret delegert avgjerdsmakt direkte til NBIM-leiaren gjennom stillingsinstruks. NBIM forvaltar Statens pensjonsfond utland og delar av valutareservane. NBIM har ein del eigne støttefunksjonar, men får òg støtte frå administrasjonen (KF) i sentralbankverksemda.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Komiteen viser til at Noregs Banks hovudstyre leiar den utøvande og rådgjevande verksemd til banken, mens representantskapet skal føre tilsyn med bankens drift og med at regleane for banken si verksemd vert følgt. Representantskapet har sitt eige sekretariat, som fastsetter Noregs Banks regnskap og vedtar budsjettet. Komiteen viser til at det de siste åra har skjedd fleire endringar som gjeld representantskapet. Komiteen meiner det er viktig at det fortløpande vert vurdert korleis tilsynet med banken si verksemd kan utviklast vidare, mellom anna representantskapets rolle. Komiteen viser elles til sine merknader til Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2013 og Dokument 9 (2013–2014) Rapport til Stortinget fra Norges Banks representantskap for 2013.
Finansiell stabilitet er eit av hovudmåla for Noregs Bank. Paragraf 1 i sentralbanklova seier at banken skal utferde setlar og mynt, fremje eit effektivt betalingssystem innanlands og overfor utlandet og overvake penge-, kreditt og valutamarknadene. Paragraf 3 seier at banken skal varsle departementet når det etter banken si oppfatning er behov for tiltak av penge-, kreditt- og valutapolitisk karakter frå andre enn banken. Banken skal informere offentlegheita om penge-, kreditt- og valutatilhøva. I tillegg gir § 13 Noregs Bank eineretten til å utferde norske setlar og myntar. Etter § 17 skal Noregs Bank utføre bankforretningar for staten. Paragraf 9 gir Noregs Bank høve til å yte lån til og gjere innskot i forretnings- og sparebankar, mens § 20 fastset at Noregs Bank tek imot innskot frå bankane. Av det følgjer eit særleg ansvar for å overvake bankvesenet. Lova om betalingssystem gir Noregs Bank ansvaret for å gi konsesjon til avreknings- og oppgjerssystema for bankane og for å føre tilsyn med systema.
Noregs Bank overvaker det finansielle systemet samla sett. Banken sender regelmessig brev til Finansdepartementet med råd om tiltak som kan motverke at det byggjer seg opp systemrisiko. Analysane som ligg til grunn for vurderingane, blir det gjort greie for i faste rapportar som blir publiserte på same tid som ein sender brev til departementet.
Noregs Bank styrer likviditeten i banksektoren frå dag til dag ved å tilby bankane lån og ved å ta imot innskot. Det gir Noregs Bank eit spesielt ansvar for å overvake likviditetsrisikoen i banksystemet. Som långivar i siste instans har Noregs Bank ei sentral rolle når det gjeld å behandle kriser i det finansielle systemet.
Sjå meldinga for nærare omtale av Noregs Bank si vurdering av tilstanden i finansmarknaden og framlegg til tiltak frå Noregs Bank.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Sjå meldinga for omtale av betalingssystema, oppgjerssystemet til Noregs Bank og av setlar og myntar.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Under dette punktet vert Noregs Bank si utøving av pengepolitikken i 2013 vurdert. Som eit grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei kort omtale av retningslinene for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken i 2013 og vurderingar frå nokre andre institusjonar, deriblant Norges Bank Watch, OECD, IMF og Finanstilsynet. Departementet sine vurderingar kjem til slutt. Sjå meldinga for omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Finanstilsynet er det sentrale offentlege organet som fører tilsyn med at finansinstitusjonane steller seg slik at lover og forskrifter vert følgde. Etter finanstilsynslova § 8 andre ledd skal Finanstilsynet kvart år gje ei melding om verksemda si til Finansdepartementet. I meldinga omtaler Finanstilsynet organisatoriske tilhøve, rekneskap, tilsynsarbeidet ålment og arbeidet på kvart tilsynsområde. Årsmeldinga til Finanstilsynet er uprenta vedlegg til denne meldinga.
Finanstilsynet har tilsyn med bankar, finansieringsføretak, e-pengeføretak, forsikringsselskap, pensjonskasser, verdipapirføretak, verdipapirfondsforvaltninga og marknadsåtferda i verdipapirmarknaden, børsar og andre regulerte marknader, oppgjerssentralar og verdipapirregister, eigedomsmeklingsføretak, inkassoføretak, rekneskapsførarar og revisorar. I tillegg har Finanstilsynet kontroll med den finansielle rapporteringa til børsnoterte føretak og med marknadsåtferda i verdipapirmarknaden. Finanstilsynet skal etter finanstilsynslova sjå til at dei institusjonane det har tilsyn med, fungerer tenleg og trygt i samsvar med lover og føresegner og etter føremålet og vedtektene til kvar institusjon. Tilsynet skal mellom anna sjå til at institusjonane tek hand om interessene og rettane til forbrukarane. For å utføre tilsynsoppgåvene skal Finanstilsynet granske rekneskapar og andre oppgåver frå institusjonane og elles granske stillinga og verksemda til institusjonane i den mon tilsynet meiner det trengst.
Sjå meldinga for omtale av leiing og administrasjon, og av verksemda i 2013.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Folketrygdfondet er eit statleg særlovselskap som har til oppgåve å forvalta Statens pensjonsfond Noreg (SPN) og Statens obligasjonsfond på vegner av Finansdepartementet. Verksemda i dei to fonda er regulert gjennom overordna mandat som er fastsette av departementet, medan styret i Folketrygdfondet er ansvarleg for den operative forvaltninga. Målet med Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er høgast mogleg avkastning målt i norske kroner. Det finansielle målet for Statens obligasjonsfond er høgast mogleg avkastning over tid innanfor det regelverket som gjeld for forvaltninga. Samstundes skal det takast omsyn til målet om å medverka til auka likviditet på, og betre kapitaltilgang til, kredittobligasjonsmarknaden i Noreg. Finansdepartementet følgjer opp Folketrygdfondet si forvaltning av dei to fonda mellom anna gjennom kvartalsvise møte.
Folketrygdfondet si forvaltning av SPN er omtala i Meld. St. 19 (2013–2014) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i 2013, der departementet òg gjer greie for sine vurderingar av dei oppnådde resultata i forvaltninga. Folketrygdfondet si forvaltning av Statens obligasjonsfond er omtala i avsnitt 7.4 under. Statens obligasjonsfond er i ferd med å bli avvikla.
Folketrygdfondet har for 2013 utarbeidd ein årsrapport om forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond. I tillegg har Folketrygdfondet utarbeidd kvartalsrapportar om SPN. Årsrapporten frå Folketrygdfondet følgde som utrykt vedlegg til Meld. St. 19 (2013–2014).
I samsvar med § 13 i lov om Folketrygdfondet har departementet peika ut ein ekstern revisor til å revidera rekneskapen for Folketrygdfondet, inkludert forvaltninga av SPN og Statens obligasjonsfond. Det skjedde etter ein offentleg konkurranse der tilbydaren med det samla sett økonomisk beste tilbodet fekk tilslaget. Det er òg inngått ei avtale med revisor om eit attestasjonsoppdrag for å stadfesta at forvaltninga av SPN er i samsvar med lov, mandat, forskrift o.a. som er fastsette av departementet. Riksrevisjonen skal følgja opp og føra tilsyn med Finansdepartementet som forvaltar av Statens pensjonsfond og eigar av Folketrygdfondet, jf. riksrevisjonslova § 9.
Departementet har i ei særskild forskrift fastsett nærare reglar om korleis rekneskapen for Folketrygdfondet skal førast, jf. forskrift 8. desember 2011 nr. 1217 om årsregnskap m.m. for Folketrygdfondet. Etter lov om Folketrygdfondet § 12 skal årsrekneskapen og årsmeldinga til Folketrygdfondet godkjennast av departementet og leggjast fram for Stortinget. Finansdepartementet godkjende årsrekneskapen og årsmeldinga 2. april 2014.
Sjå meldinga for nærare omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, viser til at det er starta ei utgreiing knytt til å klarlegge moglegheita for å opne for at Folketrygdfondet også kan investere direkte i blant anna eigedom, vegar og jernbane. Fleirtalet støtter dette arbeidet, men understrekar at høgast mogleg avkastning kombinert med god tryggleik for innbyggjarane sine pensjonsmidlar må bli det overordna målet for forvaltninga av vår felles pensjonsformue.
Statens finansfond vart skipa 6. mars 2009, same dagen som lov om Statens finansfond vart sanksjonert. Lova vart vedteken av Stortinget på grunnlag av Ot.prp. nr. 35 (2008–2009), som vart lagd fram 9. februar 2009. Finansfondet vart skipa med ein kapital på 50 mrd. kroner, jf. St.prp. nr. 40 (2008–2009), Innst. S. nr. 158 (2008–2009) og vedtak nr. 230 26. februar 2009. Opprettinga av Statens finansfond var eit tiltak som vart sett i verk for å førebyggje og motverke effekten av den internasjonale finanskrisa. Overvakingsorganet i EFTA (ESA) godkjende tiltaket 8. mai 2009. Fondet var ope for søknader om kapitaltilførsel frå medio mai 2009 til ultimo september 2009.
Målet med Finansfondet er å «bidra midlertidig med kjernekapital til norske banker for å styrke bankene og sette bankene bedre i stand til å opprettholde normal utlånsvirksomhet», jf. lov om Statens finansfond § 1. Finansfondet høyrer inn under Finansdepartementet. Fondet skal leggje særleg viktige saker fram for departementet før det tek ei avgjerd, og departementet kan instruere fondet.
Finansfondet betalte ut det fyrste innskotet 30. september 2009 og det siste 17. desember 2009. I alt teikna fondet fondsobligasjonar i 28 bankar på til saman vel 4,1 mrd. kroner. Fondet tilførte ein bank preferansekapital på snautt 27 mill. kroner.
Bankane som fekk tildelt kapital frå finansfondet, representerte om lag 14 pst. av forvaltningskapitalen i norske bankar, og dei representerte 21 pst. av alle bankane i landet. Nitten bankar hadde ei kjernekapitaldekning på over 12 pst. etter kapitalinnskot, og fire bankar fekk ein auke i kjernekapitaldekninga på meir enn 2 prosentpoeng. Prisen på kapitalinnskot frå fondet kunne reknast ut på ulikt vis, men alle bankane valde seks månaders statskassevekselrente som referanserente for fondsobligasjonane.
Sjå meldinga for nærmare omtale.
Komiteen tek omtalen til orientering.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til meldinga og rår Stortinget til å gjere følgjande
vedtak:
Meld. St. 21 (2013–2014) – finansmarknadsmeldinga 2013 – vert lagt ved protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 27. mai 2014
Hans Olav Syversen |
Gjermund Hagesæter |
leiar |
ordførar |