Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

1. Sammendrag

Det blir gjort framlegg om ei samla auke av posten på 4,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt arbeid med husdyrregisteret, felles ID-nummer og innføring av RFID-merking (strekkode) av storfe.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar blir det gjort framlegg om at løyvinga på posten blir auka med 2 mill. kroner.

Arbeid finansiert under post 23 eSporingsløysinga er i hovudsak avslutta. Det blir gjort framlegg om at løyvinga på posten blir omdisponert med 1,6 mill. kroner til Mattilsynet sitt driftsbudsjett og 1,5 mill. kroner til Noregs forskingsråd, sjå omtale under kap. 1115 post 1 og kap. 1137 post 50.

Samla gjer departementet framlegg om å redusere løyvinga på posten med 3.1 mill. kroner.

Det har vore større utbetalingar til erstatningar enn forutsett. For å sikre ei meir realistisk budsjettering foreslår departementet å auke posten med 3,3 mill. kroner, til 4,4 mill. kroner.

På bakgrunn av oppdaterte prognosar gjer departementet framlegg om å auke løyvinga på posten med 64 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å auke kap. 1150 post 71 med 68,4 mill. kroner.

Departementet gjer difor framlegg om ein reduksjon i løyvinga tilsvarande 108,2 mill. kroner, til 2 294,1 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om at kap. 1151 post 51 blir auka med 5 mill. kroner.

I tråd med omtale under kap. 1151 post 51 blir det gjort framlegg om at kap. 1151 post 75 blir redusert med 5 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 22,7 mill. kroner for inneverande budsjettår for å sikre realistisk budsjettering.

Departementet gjer framlegg om å auke inntekstposten med 3 mill. kroner.

Departementet gjer framlegg om å redusere posten med 59,5 mill. kroner.

Det blir gjort framlegg om at løyvinga på kap. 4162 post 90 blir redusert med 25 mill. kroner til 225 mill. kroner.

For å sikre realistisk budsjettering blir det gjort framlegg om ei auke av løyvinga på posten med 6,1 mill. kroner knytta til utbytte frå Graminor AS, Kimen Såvarelaboratoriet AS og Veso.

Kap. 1148 post 71 er ei overslagsløyving, og skadeerstatningar blir gitte etter nærare fastsette reglar. Oppdaterte prognoser viser at det vil bli gitt tilsegn om erstatningar i 2013 som ikkje vil komme til utbetaling same året. Landbruks- og matdepartementet foreslår difor å auke tilsegnsfullmakta for 2013 med 39,8 mill. kroner, til 125 mill. kroner.