Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

6. Endring av regelverket og løyve i større saker på finansmarknadsområdet

I meldingas kapittel 6 er eit oversyn over dei viktigaste endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2012. Avsnitt 6.1.8 gjev eit lite oversyn over forskrifter fastsette i 2012, medan avsnitt 6.2 inneheld omtale av sentrale løyve som vart gjevne same året.

Det overordna målet med endringane i regelverket på finansmarknadsområdet i 2012 var å fremja finansiell stabilitet og effektive og velfungerande marknader. Ein viser til meldinga for nærare omtale.

Komiteen tar omtalen til orientering.