Etter lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank
og pengevesenet (sentralbanklova) § 1 fyrste ledd skal Noregs Bank
vera utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken.
Banken skal gje ut setlar og mynt, fremja eit effektivt betalingssystem og
overvaka penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken skal òg forvalta
Statens pensjonsfond utland (SPU) og sine eigne valutareservar.
Etter sentralbanklova § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap
sendast til departementet, som så skal leggja desse dokumenta fram
for Kongen og kunngjera dei for Stortinget. Årsmeldinga frå Noregs
Bank for 2012 følgjer i tillegg til bankens eigen rapport om forvaltninga
av SPU i 2012 som uprenta vedlegg til denne meldinga.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd
at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse
etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt
av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden snarast
råd etter å ha fått papira senda årsrekneskapen for banken, årsmeldinga
frå hovudstyret, fråsegn frå representantskapet om protokollar frå
hovudstyret og eventuelle fråsegner om andre tilhøve som gjeld banken,
til Riksrevisjonen. Det følgjer òg at statsråden skal greia ut for
Riksrevisjonen om korleis styringsretten som ligg hjå departementet
og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, har vore nytta. Departementet sender
årsrekneskapen til Riksrevisjonen når departementet har fått han
frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom
departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og i saker der
ein lèt vera å instruera. Finansministeren gjev ei særskild utgreiing
om verksemda i Noregs Bank til Riksrevisjonen.
Regjeringa har fastsett eit inflasjonsmål for
pengepolitikken gjennom ei forskrift til sentralbanklova. Oppgåva
Noregs Bank har med å forvalta SPU, er regulert gjennom lov om Statens
pensjonsfond og eit særskilt mandat fastsett av Finansdepartementet. Forvaltninga
av Statens pensjonsfond vert omtala i ei særskild melding til Stortinget,
jf. Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond i
2012.
Under punkt 7.5 i meldinga vert utøvinga av
pengepolitikken i 2012 vurdert. Pengepolitikken i tidlegare år er
drøfta i finansmarknadsmeldingane for dei respektive åra. Som eit
grunnlag for vurderinga følgjer det fyrst ei omtale av retningslinene
for pengepolitikken. Deretter følgjer ei omtale av utøvinga av pengepolitikken
i 2012 og dessutan vurderingar frå nokre andre institusjonar. Departementet
sine vurderingar kjem til slutt.
Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen tar omtalen
til orientering.
Komiteen viser til at Norges
Banks hovedstyre leder den utøvende og rådgivende virksomheten til banken,
mens representantskapet skal føre tilsyn med bankens drift og med
at reglene for bankens virksomhet blir fulgt. Representantskapet
har sitt eget sekretariat, og det fastsetter Norges Banks regnskap
og vedtar budsjettet. Komiteen viser til at det de
siste årene har skjedd flere endringer som gjelder representantskapet.
I 2009 ble tilsyns- og kontrollansvaret til representantskapet presisert
i sentralbankloven, og fra 2010 skal representantskapet ikke sende
meldingen om sin virksomhet til Finansdepartementet, men direkte
til Stortinget.
Komiteen mener det er viktig
at det løpende vurderes hvordan tilsynet med bankens virksomhet kan
utvikles videre, herunder representantskapets rolle.
Komiteen viser for øvrig sine
merknader i Meld. St. 27 (2012–2013) Forvaltningen av Statens pensjonsfond
2012 og Dokument 9 (2012–2013) Rapport til Stortinget fra Norges
Banks representantskap for 2012.