Den 12. november 2012 blei ein overeinskomst mellom
Kongeriket Noreg og Republikken Panama om opplysningar i skattesaker
underskriven i London. Samtykke til underskriving blei gitt ved
kongeleg resolusjon av 21. september 2012. Overeinskomsten ble på
vegner av Noreg underskriven av ambassadør Kim Traavik og på vegner
av Republikken Panama av ambassadør Luis Laguerre. Overeinskomsten
vil tre i kraft 30 dagar etter at begge partane har gitt kvarandre melding
om at nødvendige skritt er tekne for at avtala kan tre i kraft.
Avtala får verknad for straffbare skattesaker frå denne dato og
for andre saker frå og med det skatteår som byrjar på eller etter
1. januar i det kalenderåret som fylgjer etter det året da avtala
trer i kraft.
Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling,
OECD, vedtok den 9. april 1998 ei tilråding om tiltak mot skadeleg skattekonkurranse.
Tiltaket tok i hovudsak sikte på å avvikle skadelege skatteregime
i medlemslanda, men peikte også på behovet for å treffe sameinte
mottiltak mot tilsvarande skatteregime i dei såkalla skatteparadisa.
Innan utløpet av 2005 var samtlege skatteregime i
medlemslanda som var definerte som skadelege etter dei vedtekne
kriteria, endra eller under avvikling som føresett. I mellomtida
blei det teke kontakt med samtlege jurisdiksjonar som ein meinte
var omfatta av kriteria for å utgjere eit skatteparadis. Det blei
her gjort greie for prosjektet til OECD og invitert til dialog.
Dersom eit definert skatteparadis var villig til å opne for innsyn
og effektiv informasjonsutveksling med medlemslanda til OECD, ville
det ikkje bli ført opp på lista over ikkje-samarbeidsvillige skatteparadis
som vil kunne bli utsett for mottiltak.
Panama var av ymse grunner ikkje blant dei 38 jurisdiksjonane
som opphavleg blei definerte som skatteparadis og som blei bede
om å gje ei politisk bindande erklæring om innsyn og informasjonsutveksling
til generalsekretæren i OECD. Sidan Panama oppfyller kriteria for
skatteparadis, tok dei nordiske landa initiativ til at òg Panama
skulle inngå avtaler for effektiv informasjonsutveksling i skattesaker
bygd på OECD si modellavtale. Denne forpliktar avtalepartane til
å utveksle alle relevante opplysningar som vurderast naudsynte om
eigarskap og transaksjonar, og frå bankar, finansinstitusjonar,
advokatar og andre rådgjevarar.
For å framskynde prosessen og for å gi dei nordiske
landa større tyngd i forhandlingane vedtok Nordisk ministerråd i
juni 2006 å etablere eit felles nordisk prosjekt for den tekniske
gjennomføringa av forhandlingar av slike avtaler. Det er nå gjennomført
slike felles forhandlingar med ei rekkje jurisdiksjonar. I alle
tilfelle skal forhandlingane resultere i utkast til bilaterale avtaler
mellom vedkommande jurisdiksjon og kvart av dei sju nordiske landa,
herunder Færøyane og Grønland. Ei rekkje avtaler er nå underskrivne.
Frå norsk side har arbeidet vore leia av avdelingsdirektør Per Olav
Gjesti, Finansdepartementet. Han har også leia styringsgruppa for
prosjektet.
Avtala er inngått på norsk, spansk og engelsk. Som
vedlegg til proposisjonen følgjer utkastet til den norske og engelske
teksten.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet,
Gunvor Eldegard, Gerd Janne Kristoffersen, Marianne Marthinsen, Nina
Mjøberg, Torfinn Opheim, Knut Storberget og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet,
Ida Marie Holen, fung. leder Ketil Solvik-Olsen, Kenneth Svendsen
og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe
og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen,
fra Senterpartiet, Magnhild Meltveit Kleppa, fra Kristelig Folkeparti,
Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, slutter
seg til regjeringens forslag om å samtykke til å sette i kraft overenskomsten
mellom Norge og Panama om opplysninger i skattesaker.
Komiteen har for øvrig
ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å
gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i å sette i kraft
en overenskomst mellom Norge og Panama om opplysninger i skattesaker,
underskrevet i London 12. november 2012.
Oslo, i finanskomiteen, den 5. mars 2013
Ketil Solvik-Olsen |
Torfinn Opheim |
fung. leder |
ordfører |