Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra justiskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar

Innhold

Til Stortinget

EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012 avgjerd 55/2012 om å endre vedlegg XII Fri rørsle for kapital til EØS-avtalen, ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Direktivet er ei omarbeiding av gjeldande europaparlaments- og rådsdirektiv om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar.

Direktivet inneheld føresegner som har til føremål å styrkje fordringshavarane si rettsstilling ved forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Direktivet gjeld ikkje forbrukarforhold. Direktivet trekkjer opp ei rettsleg ramme for å hindre forseinka betaling og for å sikre passande kompensasjon der dette likevel skjer. Det inneheld vidare føresegner som skal sikre at innkrevjinga av gjeld vert effektiv og rimeleg.

Sidan gjennomføringa av EØS-komiteens avgjerd i norsk rett vil krevje lovendring, er det naudsynt med samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Direktivet er eit såkalla minimumsdirektiv, såleis at norske styresmakter vil kunne innføre eller vidareføre reglar som er gunstigare for fordringshavarane enn det som følgjer av direktivet.

Direktivet byggjer på det gjeldande direktivet 2000/35/EF om kamp mot forseinka betaling, som er gjennomført i norsk rett. Innlemminga av direktivet gjer det naudsynt med endringar i norsk lovgjeving, i fyrste rekke i lov 17. desember 1976 nr. 100 om renter ved forsinket betaling m.m.

Det vil bli gjort framlegg om å endre forseinkingsrentelova for å auke forseinkingsrentesatsen med minst eitt prosentpoeng. Forseinkingsrentelova vil opne for at ein framleis i forskrift kan fastsetje ein lågare rentesats for forbrukarar enn den som følgjer av lova, om det er ønskjeleg.

Vidare treng ein føresegner som har til føremål å korte ned kredittida i avtalar mellom føretak og avtalar mellom føretak og det offentlege. Føresegnene rører ikkje ved tilhøvet til avtalte betalingsplanar (avdrag).

Det er også tale om ei innføring av ein kompensasjon til fordringshavaren til dekning av inndrivingskostnader når det skal betalast forseinkingsrente etter forseinkingsrentelova. Det må gjerast klart at visse avtalevilkår som rører ved retten til forseinkingsrenter og erstatning for inndrivingskostnader, anten skal sjåast som urimelege eller presumerast å vere urimelege, noko som rører ved bruken av avtalelova § 36 om urimelege vilkår. Det trengst òg føresegner om at enkelte vilkår ikkje kan nyttast når offentlege styresmakter er skuldnaren. Nokre av føresegnene må gjerast ufråvikelege, slik at ein ikkje ved avtale kan fråvike dei til ulempe for fordringshavaren.

Justis- og beredskapsdepartementet har fremma Prop. 150 L (2011–2012) med dei naudsynte lovendringar.

Når det gjeld dei økonomiske og administrative konsekvensane ved gjennomføringa av direktivet for offentlege styresmakter, kan dei vente noko auka kostnader i ein overgangsperiode i samband med eventuelle nye avtale- og betalingsrutinar. Det at alle organisasjonar som representerer føretak, no skal kunne gå til søksmål for å prøve vilkår og praksis om forseinka betaling, kan òg føre til at det blir nokre fleire saker for domstolane. Det er likevel neppe tale om ei nemneverdig belastning for domstolane.

For private aktørar som er fordringshavarar kan tiltaka føre til betre likviditet i føretaka ved at dei raskare får inn uteståande fordringar. Sidan direktivet gjer ei viss justering i utrekninga av forseinkingsrenta, vil dette kunne føre med seg auka kostnader for dei skuldnarane som kjem i ein slik situasjon at dei skal svare rente etter forseinkingsrentelova.

Europakommisjonen meiner at forseinka betaling framleis er eit problem for små- og mellomstore føretak og den indre marknaden. Sjølv om varene er leverte eller tenestene utførte, får fordringshavaren betalinga seinare enn han har krav på, noko som verkar negativt på likviditeten, den finansielle situasjonen og konkurranseevna til føretaka.

Justis- og beredskapsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XII til EØS-avtalen ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Jan Bøhler, Tore Hagebakken, Sigvald Oppebøen Hansen, Anna Ljunggren og Tove-Lise Torve, fra Fremskrittspartiet, Hans Frode Kielland Asmyhr, Ulf Leirstein, Åse Michaelsen og lederen Per Sandberg, fra Høyre, André Oktay Dahl og Anders B. Werp, fra Sosialistisk Venstreparti, Akhtar Chaudhry, og fra Senterpartiet, Jenny Klinge, viser til Prop. 138 S (2011–2012) og at EØS-komiteen 30. mars 2012 vedtok avgjørelse 55/2012 om å endre vedlegg XII Fri bevegelse for kapital til EØS-avtalen, ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forsinket betaling ved handelstransaksjoner. Direktivet er en omarbeiding av gjeldende europaparlaments- og rådsdirektiv 2000/35/EF av 29. juni 2000 om kamp mot forsinket betaling ved handelstransaksjoner. Komiteen viser til at direktivet inneholder forutsetninger som har til formål å styrke fordringshavernes rettsstilling ved forsinket betaling ved handelstransaksjoner. Direktivet gjelder ikke forbrukerforhold. Komiteen viser til at direktivet trekker opp en rettslig ramme for å hindre forsinket betaling og for å sikre passende kompensasjon der dette likevel skjer. Det inneholder videre forutsetninger som skal sikre at innkrevingen av gjeld blir effektiv og rimelig. Komiteen viser til proposisjonen, begrunnelsene og støtter forslaget om samtykke.

Komiteens utkast til innstilling ble 20. november 2012 oversendt utenriks- og forsvarskomiteen til uttalelse. Utenriks- og forsvarskomiteen opplyste i brev av 21. november 2012 at de sluttet seg til justiskomiteens innstilling, og ikke hadde ytterligere merknader.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 55/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av direktiv 2011/7/EU av 16. februar 2011 om kamp mot forseinka betaling ved handelstransaksjonar.

Oslo, i justiskomiteen, den 27. november 2012

Per Sandberg

André Oktay Dahl

leder

ordfører