Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel

Innhold

Til Stortinget

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 vart det vedteke å endre vedlegg II kapittel XII til EØS-avtala til òg å omfatte kommisjonsforordning (EF) nr. 282/2008 av 27. mars 2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, som endrar forordning (EF) nr. 2023/2006 om god framstillingspraksis for materiale og gjenstandar som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

Forordninga gjev Europakommisjonen fullmakt til å godkjenne søknader om å ta i bruk prosessar for resirkulering av plastmateriale som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel, og har direkte innverknad på norske verksemder.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald om samtykke frå Stortinget. Ettersom gjennomføringa av forordninga inneber ei avgrensa form for overføring av styringsmakt, må Stortinget gje samtykke til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen i medhald av § 26 andre leddet i Grunnlova.

Avgjerda i EØS-komiteen og forordninga i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Det er gjort framlegg om at Europakommisjonen skal vere vedtaksorgan for søknader frå norske verksemder, fordi det verken vert rekna som naudsynt eller ønskjeleg at EFTA-organ får kompetanse til å utøve den forvaltingsstyringsmakta som forordninga legg til Europakommisjonen. Det er vanskeleg å sjå at noko organ innanfor EFTA-pilaren i EØS-avtala er eigna til å gjennomføre den typen vurderingar som forordninga legg til Europakommisjonen.

Ein ventar at dei faglege vurderingane til EFSA i tilstrekkeleg grad vil vareta omsynet til at resirkulerte plastmateriale ikkje skal utgjere ein fare for menneskehelsa.

Noreg er dessutan sikra eit visst høve til påverking gjennom deltaking i den arbeidsgruppa under Europakommisjonen som diskuterer vedtaka før dei vert endeleg fastsette, og gjennom dei høva som regelverket gjev til å be om at ei godkjenning vert vurdert på nytt.

Det følgjer av protokoll 1 i EØS-avtala om gjennomgåande tilpassingar, at med mindre noko anna er fastsett, skal funksjonane til Europakommisjonen i samband med godkjenningsprosedyrar for EFTA-statane utførast av organ innanfor EFTA-pilaren. Det er difor i avgjerda i EØS-komiteen oppført ein tilpassingstekst om at Europakommisjonen skal ha denne kompetansen når det gjeld forordning (EF) nr. 282/2008.

Mattilsynet må vidaresende søknader om godkjenning av prosessar for resirkulering av plast til Europakommisjonen, i tillegg til å revidere og føre tilsyn med verksemder som er omfatta av slike godkjenningar, og føre tilsyn med plast for å kontrollere at produkta kjem frå godkjende attvinningsprosessar. Dette vil inngå i det kontinuerlege arbeidet til Mattilsynet, og er ikkje venta å føre til nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar.

Dei få industriverksemdene som nyttar resirkulert plast som matkontaktmateriale, vil etter innlemminga av forordning (EF) nr. 282/2008 i EØS-avtala måtte utarbeide ein søknad om godkjenning til Kommisjonen.

Verksemdene må etablere eit kvalitetssystem som òg omfattar den delen av verksemda som produserer dei resirkulerte plastmateriala. Avhengig av graden av kontroll med råvarene og graden av rensing og så vidare, vil verksemdene òg måtte justere produksjonen til å oppfylle krava i forordninga.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Else-May Botten, Lillian Hansen, Arne L. Haugen, Ingrid Heggø og lederen Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Harald T. Nesvik og Torgeir Trældal, fra Høyre, Frank Bakke-Jensen, Svein Flåtten og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Sosialistisk Venstreparti, Alf Egil Holmelid, fra Senterpartiet, Irene Lange Nordahl, og fra Kristelig Folkeparti, Rigmor Andersen Eide, viser til Prop. 133 S (2011–2012), med tilråding fra Utenriksdepartementet, om Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstander av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

Komiteen merker seg at direktiv EF nr. 282/2008 innfører regler for bruk og produksjon av resirkulert plast som matkontaktmateriale. Det gis bl.a. retningslinjer for godkjenning av resirkuleringsprosesser for plast til slik bruk. Direktivet gir også Europakommisjonen fullmakt til å godkjenne søknader om å ta i bruk prosesser for resirkulering av plastmateriale som er ment å komme i kontakt med næringsmidler, og har dermed direkte innvirkning for norske bedrifter. Komiteen merker seg at avgjørelsen i EØS-komiteen er tatt med forbehold om samtykke fra Stortinget, siden gjennomføringen av direktivet innebærer en avgrenset form for overføring av styringsmakt.

Komiteen er kjent med at det ved bruk av matkontaktmateriale av resirkulert plast kan være en risiko for at plasten forurenser matproduktet, og at direktivet derfor skal regulere resirkuleringsprosesser for å sikre at slike plastmaterialer ikke utgjør en fare for menneskers helse. Komiteen merker seg videre at direktivet også skal harmonisere regelverk for resirkulerte plastmaterialer over landegrensene, og legger til rette for fri bevegelse av slike varer på det indre markedet.

Komiteen viser til at resirkulering av plastmateriale er energisparende, og dermed kan medvirke til mer miljøvennlig bruk av tilgjengelige ressurser. Komiteen merker seg videre at Helse- og omsorgsdepartementet anbefaler at Norge godkjenner beslutningen i EØS-komiteen, og at Utenriksdepartementet slutter seg til dette.

Komiteen støtter dette, og anbefaler at EØS-komiteens beslutning godkjennes.

Brev frå utanriks- og forsvarskomiteen datert 21. november 2012:

«Utenriks- og forsvarskomiteen viser til næringskomiteens utkast til innstilling datert 15. november 2012 og til de respektive partiers merknader vedrørende Prop. 133 S (2011-2012) Samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemmelse i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstander av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til næringskomiteens utkast til innstilling til Prop. 133 S (2011-2012) og har ingen ytterligere merknader.»

Komiteens tilråding fremmes av en samlet komité.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte følgende

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 9/2012 av 10. februar 2012 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 282/2008 om materiale og gjenstandar av resirkulert plast som er meinte for å kome i kontakt med næringsmiddel.

Oslo, i næringskomiteen, den 22. november 2012

Terje Aasland

Else-May Botten

leder

ordfører