Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra arbeids- og sosialkomiteen om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

Innhold

Til Stortinget

EØS-komiteen vedtok 30. mars 2012 (vedtak nr. 52/2012) å endre EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 om fri rørsle for arbeidstakarar til EØS-avtalen slik at europaparlaments- og rådsforordning (EU) nr. 492/2011 av 5. april 2011 om fri rørsle for arbeidstakarar i medlemslanda vert innlemma i EØS-avtalen. Forordninga erstattar tidlegare forordning (EØF) nr. 1612/68 om rett til fri rørsle av arbeidskraft innan EU. Forordninga gjeld i EU-landa frå 16. juni 2011.

I proposisjonen vert fremja forslag med dei naudsynte lovendringane til ei ny EØS-arbeidstakarlov. Det er ei føresetnad for vedtak i samsvar med tilrådinga i denne proposisjonen at Stortinget samtykkjer i godkjenning av EØS-komiteens vedtak 30. mars 2012 om å innlemme forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle for arbeidstakarar i medlemslanda i EØS-avtalen slik Prop. 135 S (2011–2012) foreslår, jf. Innst. 81 S (2012–2013).

Det foreslås at forordning (EU) nr. 492/2011 blir gjennomført i norsk rett. Den tidlegare forordninga, (EØF) nr. 1612/68, er gjennomført i norsk rett gjennom EØS-arbeidstakerloven av 27. november 1992 nr. 112. Gjennomføring av forordning (EU) nr. 492/2011 krev lovendringar, og det vert foreslått at det skjer ved å vedta ei ny EØS-arbeidstakarlov og samtidig oppheve gjeldande lov.

Den nye forordninga oppdaterer og vidarefører tidlegare forordning med endringar da den tidlegare forordninga har vorte endra fleire gonger. Forordninga er revidert av omsyn til klårleik og sikrar lik behandling av arbeidstakarar som nytter høve til fri rørsle i EØS-området. Forordninga innfører ikkje materielle endringar. Endringane er i all hovudsak tekniske eller redaksjonelle og har ikkje økonomiske eller administrative konsekvensar for det offentlege.

Det vises til proposisjonens kapittel 4 kor det er gjort nærmare greie for EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen, herunder EØS-avtalen og EFTA-konvensjonen. I kapittel 5 i proposisjonen vert det gjort greie for innhaldet i forordning (EU) nr. 492/2011 samt EØS-relevansen av forordninga.

Lovforslaget gjennomfører forordning (EU) nr. 492/2011 i norsk rett. EU-forordningar gjeld direkte i medlemsstatane. Som ved gjennomføringa av den tidlegare forordninga, (EØF) nr. 1612/68, skal også den nye forordninga takast inn i norsk rett, ord for ord, likevel med nødvendig tilpassing slik at forordninga no også skal gjelde EØS-statar.

Forordninga gjeld for arbeidstakarar som nyttar sin rett til fri rørsle i EØS-området og familiane deira. For å sikre fri rørsle innanfor EØS-området, må all forskjellsbehandling på grunnlag av nasjonalitet mellom arbeidstakarar frå medlemsstatane avskaffast når det gjeld sysselsetjing, lønn, og andre arbeidsvilkår. Det same gjeld retten til å flytte fritt innanfor EØS-området for å utøve lønna verksemd.

Det vert vist til proposisjonens kapittel 6.3 der det blir nærmare gjort greie for dei enkelte føresegnene i forordninga.

Forordninga inneheld inga materielle endringar. Reglane i forordning (EØF) nr. 1612/68 er tidlegare gjennomført i norsk rett i EØS-arbeidstakerloven frå 1992. Det vert foreslått at føresegnene i forordning (EU) nr. 492/2011 vert tatt inn og gjennomført i norsk rett ved ei ny lov, EØS-arbeidstakarlova. Tidlegare EØS-arbeidstakerloven frå 1992 vert oppheva.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Tove Linnea Brandvik, Thor Erik Forsberg, Steinar Gullvåg, Kari Henriksen og Anette Trettebergstuen, fra Fremskrittspartiet, lederen Robert Eriksson, Monica Carmen Gåsvatn og Laila Marie Reiertsen, fra Høyre, Sylvi Graham og Torbjørn Røe Isaksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Karin Andersen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Kristelig Folkeparti, Laila Dåvøy, viser til at det er en forutsetning for vedtak i samsvar med tilrådingen i Prop. 152 L (2011–2012) at Stortinget samtykker i godkjenning av EØS-komiteens vedtak 30. mars 2012 om å innlemme forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle for arbeidstakarar i medlemslanda i EØS-avtalen slik Prop. 135 S (2011–2012) foreslår, jf. Innst. 81 S (2012–2013).

Komiteen viser til fremlagt proposisjon og støtter lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova). Komiteen har for øvrig ingen andre merknader.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartietviser til sine merknader i forbindelse med behandlingen av Prop. 135 S (2011–2012) Samtykke til godkjenning av EØS-komiteens vedtak nr. 52/2012 av 30. mars 2012 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EU) nr. 492/2011 om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor Unionen, jf. Innst. 81 S (2012–2013).

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak til lov om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar innanfor EØS-området (EØS-arbeidstakarlova)

§ 1

EØS-avtalen vedlegg V punkt 2 (forordning (EU) nr. 492/2011) om fri rørsle av arbeidstakarar gjeld som lov med dei tilpassingane som følgjer av vedlegg V, protokoll 1 til avtalen og avtalen elles. Lova gjeld bare for dei statane som til eikvar tid er tilslutta EØS-avtalen.

§ 2

Kongen kan ved forskrift gi nærmare reglar om gjennomføringa av føresegnene i lova.

§ 3

Lova gjeld ikkje for Svalbard.

§ 4

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset. Frå same tid som lova trer i kraft, blir lov 27. november 1992 nr. 112 om gjennomføring i norsk rett av EØS-avtalens vedlegg V punkt 2 (rådsforordning (EØF) nr. 1612/68) om fri bevegelighet for arbeidstakere mv. innenfor EØS oppheva.

Oslo, i arbeids- og sosialkomiteen, den 22. november 2012

Robert Eriksson

Laila Dåvøy

leder

ordfører