1.1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og handelsdepartementet fremjar med dette eit forslag til lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar (patentstyrelova). Lova skal erstatte lov 2. juli 1910 nr. 7 om Styret for det industrielle Retsvern. Bakgrunnen for forslaget er eit generelt behov for revisjon og modernisering av den gjeldande lova. I tillegg er det ønskjeleg å gjere nokre endringar i organiseringa av Patentstyret og regulere nokre tilhøve som ikkje er regulerte i gjeldande lov.

Forslaget til ny lov regulerer organiseringa av og saksbehandlinga i Patentstyret. Det blir foreslått at Patentstyrets direktør skal tilsetjast som tenestemann på åremål for inntil seks år, med høve til å fornye åremålsperioden éin gong. Etter gjeldande lov blir direktøren utnemnd som embetsmann utan tidsavgrensing. Det blir vidare foreslått å opprette ei eiga Klagenemnd for industrielle rettar som skal behandle klager over avgjerdene tekne av Patentstyret. Klagenemnda skal erstatte Patentstyrets andre avdeling som er klageinstans i dag. Klagenemnda skal vere eit eige uavhengig organ.

For å tydeleggjere at munnlege forhandlingar mellom partar og møte med ein part kan vere eit viktig verkemiddel for å sikre ei best mogleg opplysning av ei sak, blir det foreslått særskilte reglar om munnlege forhandlingar og møte.

For å sikre at ordninga med administrativ overprøving av registrerte industrielle rettar i Patentstyret skal vere eit godt alternativ til å reise rettssak for domstolane blir det foreslått reglar som gir høve til å tilkjenne sakskostnader i slike saker.

1.2 Bakgrunnen for forslaget

Styret for det industrielle rettsvern (kortnemning: Patentstyret) vart etablert i 1911. Patentstyret er eit statleg organ, administrativt underlagt Nærings- og handelsdepartementet. Patentstyret har i dag om lag 260 tilsette. Gjennom prosjektet SANT gjekk verksemda frå og med 2004 gradvis over til elektronisk saksbehandling.

Med verknad frå 1. januar 2008 blei Noreg medlem i Den europeiske patentorganisasjonen. Dette har medført vesentlege endringar i drifta til Patentstyret. I hovudsak er det blitt færre nasjonale patentsøknader, fordi søkjarane i dag også kan søkje om patent som gjeld for Noreg hos Det europeiske patentverket som kan validerast i Noreg og derigjennom gjerast om til norsk patent. Frå 1. januar 2008 tok Patentstyret også til å arbeide i lag med det danske og det islandske patentverket gjennom Nordisk patentinstitutt.

Patentstyrets organisering, virksomhet og noen grunnleggende saksbehandlingsregler er i dag regulert i lov 2. juli 1910 nr. 7 om Styret for det industrielle Retsvern.

Patentstyret er organisert i to avdelinger: Første avdeling som behandler og avgjør sakene i første instans, og Annen avdeling som er klageinstans for saker avgjort av Første avdeling. Patentstyret behandler og avgjør saker om patent, varemerke og design. Patentstyret behandler videre saker om administrativ overprøving av foretaksnavn begrunnet i at foretaksnavnet er registrert i strid med en eldre rett og søknader om registrering av ansvarsmerker.

Selv om dette ikke kommer direkte til uttrykk i loven, har det lenge vært antatt at Patentstyret er uavhengig ved behandlingen av enkeltsaker om industrielle rettigheter og ikke kan instrueres av Kongen eller departementene verken når det gjelder generell lovtolkning eller avgjørelsen av den enkelte sak, jf. St.meld. nr. 8 (1990–1991).

Ettersom Patentstyret har egen klageavdeling (Annen avdeling) og det er fastsatt særlige regler om klage, følger det av loven § 2 første ledd fjerde punktum at forvaltningslovens regler om klage og omgjøring ikke gjelder ved behandlingen av sakene i Patentstyret. Klagereglene fremgår av de enkelte lovene om det industrielle rettsvern.

Selv om Annen avdeling reelt sett allerede i dag er faglig uavhengig fra Patentstyrets søknadsbehandlingsvirksomhet i første instans, tilsier sterke prinsipielle grunner at klageinstansen både reelt og formelt bør sikres uavhengighet fra førsteinstansen og andre. Departementet foreslår derfor at det opprettes en egen klagenemnd for industrielle rettigheter til erstatning for Patentstyrets Annen avdeling. Denne klagenemnden bør organiseres som et eget organ med en egen leder, slik at Patentstyrets direktør ikke lenger har noen rolle i klagebehandlingen.

Når det gjelder organiseringen av klagenemnden, bør den ha en leder og en nestleder. Disse bør fylle kravene etter domstolloven § 54 første ledd. Nemnden bør for øvrig ha så mange medlemmer som anses tilstrekkelig for at den skal kunne utføre sine oppgaver. Det foreslås at nemndens medlemmer oppnevnes av departementet for en periode på inntil fem år. For å sikre uavhengigheten foreslås det at ansatte i Patentstyret ikke kan være medlemmer av Klagenemnden.

Det foreslås – i tråd med bestemmelsen i varemerkeforskriften – at det i alle saker om innsigelse og administrativ overprøving tas inn en generell bestemmelse i loven som pålegger Patentstyret og Klagenemnden å vurdere om det i stedet for ytterligere skriftlig behandling av uavklarte forhold er hensiktsmessig å innkalle partene til muntlige forhandlinger.

Muntlige forhandlinger kan i noen tilfeller bidra til en raskere og bedre opplysning av saken.

Som et annet tiltak for å sikre at ordningen med administrativ overprøving blir et effektivt alternativ til domstolsbehandling, foreslår departementet at det innføres en adgang for Patentstyret og Klagenemnden til å tilkjenne en part som har fått medhold i et krav om administrativ overprøving, saksomkostninger fra den annen part.

1.3 Høyringa og departementets vurderingar

Høyringsnotat av juni 2011 med forslag til ny lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar vart sendt på høyring 14. juli 2011 med svarfrist 1. september 2011.

Departementet konstaterer at høyringa gir god støtte for at det bør fremjast forslag om ein ny lov om Patentstyret og Klagenemnda for industrielle rettar. Departementet følgjer opp forslaget, men foreslår likevel nokre justeringar på grunnlag av det som har kome fram under høyringa.

Forslaget om at lova skal starte med ei føresegn som fastslår kva oppgåver og formål Patentstyret har, blir fulgt opp. Patentstyrets primære oppgåve er å behandle saker om registrering av rettar mv. etter lovgivinga om det industrielle rettsvern. Denne oppgåva bør difor nemnast først. Departementet følgjer vidare opp forslaget om at det skal gå fram av lova at Patentstyret er uavhengig ved behandlinga av saker etter lovgivinga om det industrielle rettsvern.

Departementet held fast ved forslaget om at Patentstyrets direktør skal tilsetjast som tenestemann av Kongen i statsråd, i samsvar med det som er ein av dei vanlege ordningane for leiarstillingar i samanliknbare statlege verksemder. Departementet har ikkje funne grunn til å vidareføre forslaget om at det skal gå fram av ei føresegn i lova kva for kompetanse dei tilsette i Patentstyret skal ha. Det vil vere opp til verksemda innanfor gjeldande budsjettrammer å sikre at ho har den nødvendige kompetanse innanfor dei ulike felt.

Forslaget om at det bør opprettast ei uavhengig klagenemnd til erstatning for Patentstyrets andre avdeling har fått brei oppslutning under høyringa, og blir følgt opp.

Departementet har kome til at leiaren og nestleia-ren i Klagenemnda bør tilsetjast i fast stilling på full tid. Dette vil leggje til rette for kontinuitet og effektiv og rask saksavvikling, samtidig som det vil vere viktig for å sikre uavhengigheita til nemnda. Departementet held fast ved at leiar og nestleiar bør oppfylle kravet til dommarar. Bortsett frå at juridisk kompetanse er viktig i mange saker, er det lagt opp til at leiar og nestleiar med den nye organiseringa skal ha ei aktiv rolle i saksførebuinga og at dei unntaksvis skal kunne avgjere ei klagesak aleine, samt avgjere klager over sakskostnadsavgjerder i Patentstyret.

Teknisk og anna kompetanse enn juridisk vil vere viktig i mange saker. Dette vil bli sikra ved at dei andre medlemmene i nemnda har slik kompetanse, og ved at det enkelte utval som skal behandle ei sak blir samansett ut frå kva kompetanse som trengst i saka.

Departementet ser for seg ei samlokalisering med Patentstyret. Samlokalisering og administrativt samarbeid vil ikkje rokke ved at Klagenemnda er uavhengig av Patentstyret.

Departementet har merka seg innspela frå høyringsinstansane når det gjeld forslaget om munnlege forhandlingar. Å gjennomføre munnlege forhandlingar med fleire partar vil vere ressurskrevjande. Ut frå dette vil det etter departementets syn vere lite føremålstenleg å innføre ei ordning der ein part har krav på at det skal haldast munnlege forhandlingar eller møte når parten krev det, uavhengig av i kva grad dette kan bidra til å opplyse saka og ressursane som vil gå med til det. Departementet foreslår allikevel at det skal takast inn ei føresegn som pålegg Patentstyret og Klagenemnda i alle saker å vurdere om det er formålstenleg å halde møte med ein part eller ha munnlege forhandlingar mellom partane.

Når det gjeld forslaget om at det skal kunne tilkjennast sakskostnader i saker om administrativ overprøving, har departementet justert forslaget ut frå innspela som har kome fram under høyringa. Det bør ikkje vere nokon hovudregel om at den vinnande part skal tilkjennast sakskostnader i slike saker. I staden bør Patentstyret og Klagenemnda ha høve til å tilkjenne sakskostnader etter ei brei rimelegheitsvurdering. Ved administrativ overprøving etter designlova og foretaksnamnelova bør høvet til å tilkjenne sakskostnader berre gjelde i klagesaker.

Departementet finn derimot ikkje at patentstyrelova bør innehalde føresegner om saksbehandlingstid hos Patentstyret og Klagenemnda. Sakene som Patentstyret og Klagenemnda skal behandle er svært ulike. Det sentrale for å sikre ei rimeleg saksbehandlingstid er tilstrekkelege ressursar og gode saksbehandlingssystem og rutinar. Med den nye organiseringa av Klagenemnda vil ho ha fleire ressursar enn det Andre avdeling har i dag. Departementet legg til grunn at dette vil føre til at saksbehandlingstida går ned.

1.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Opprettinga av ei uavhengig klagenemnd som skal erstatte Patentstyrets andre avdeling vil føre til meirkostnader på om lag tre millionar kroner kvart år samanlikna med dagens organisering. Dei årlege utgiftene til Klagenemnda vil vere om lag 5 mill. kroner, medan Patentstyrets årlige driftsutgifter vil bli redusert med om lag 2 mill. kroner når Andre avdeling blir lagt ned. Desse økte utgiftene, ut over innsparingar hjå Patentstyret, som kan hentast inn med kutt i utgiftsløyvet, skal dekkast over Nærings- og handelsdepartementets del av statsbudsjettet i form av eit eige budsjettkapittel for nemnda. Departementet vil innarbeide dei budsjettmessige konsekvensane i regjeringas framlegg for Stortinget i den ordinære budsjettprosessen.

Det vil og oppstå nokre etableringskostnader på anslagsvis mellom 1 og 2 mill. kroner som kjem til å bli dekte via Nærings- og handelsdepartementets budsjett for inneverande år.

Forslaget vil ikkje elles ha vesentlege økonomiske eller administrative konsekvensar.