Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims)
Dette dokument
- Innst. 195 S (2010–2011)
- Kildedok: Prop. 8 S (2010–2011)
- Dato: 03.02.2011
- Utgiver: finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
EØS-komiteen vedtok 30. april 2010 å endre vedlegg IX og vedlegg XII til EØS-avtala til å omfatte direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Ettersom gjennomføringa i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og direktiv 2009/44/EF følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 inneber endringar i rådsdirektiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir (finalitetsdirektivet) og i direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell trygdgjeving når det gjeld samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Endringane i finalitetsdirektivet har som føremål å ta omsyn til det auka talet på koplingar mellom til dømes marknadsplassar og oppgjerssentralar som m.a. MiFID-direktivet og The European Code of Conduct for Clearing and Settlement har gjort mogleg. Omgrepet «samverkande system» og ansvaret til systemansvarlege vert difor klargjorde i direktivet. I tillegg vert det gjort einskilde forenklingar i direktivteksta.
Endringane i direktivet om finansiell trygdgjeving har som føremål å auke omfanget av tilgjengeleg trygd ved å godta gjeldsfordringar i form av avtale om kreditt frå ein kredittinstitusjon, som ei tenleg form for trygd. Ei harmonisering av føresegnene i direktivet på dette punktet er meint å medverke til likare konkurransevilkår for kredittinstitusjonar i alle medlemsstatane.
For å fremje bruken av gjeldsfordringar som trygd skal det i utgangspunktet ikkje stillast spesifikke krav om melding og registrering som vil føre til at overføring av gjeldsfordringar som trygd vert upraktisk, men direktivet opnar for at det kan stillast visse krav til medlemsstatane når det gjeld slik registrering og melding. Samstundes, for å unngå å svekkje trygdinnehavarane si stilling, skal det vere mogleg for debitor å gje avkall på motrekningsretten overfor kreditor, og likeins skal det vere mogleg for debitor å gje avkall på kreditor si teieplikt. Såleis vil trygdinnehavaren få tilstrekkeleg informasjon til å kunne vurdere verdien av underliggjande gjeldsfordringar.
Likevel er det ikkje meininga at føresegnene om gjeldsfordringar skal ha førerang framfor føresegnene i direktiv 93/13/EØF om urimelege vilkår i forbrukarkontraktar og direktiv 2008/48/EF om forbrukarkredittavtaler som i Noreg er tekne inn i høvesvis lova om kredittkjøp og lova om finansavtaler og finansoppdrag. Direktivet opnar òg for at medlemsstatane kan halde gjeldsfordringar der debitor er forbrukar, eller små og mellomstore bedrifter, utanfor definisjonen av gjeldsfordringar i direktivet.
Regjeringa tilrår at Stortinget godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring i vedlegg IX til EØS-avtala ved innlemming av europaparlaments- og rådsdirektiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endring av direktiv 98/26/EF om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og direktiv 2002/47/EF om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Thomas Breen, Gunvor Eldegard, Kjell Børre Hansen, Irene Johansen, Gerd Janne Kristoffersen, Torfinn Opheim og Dag Ole Teigen, fra Fremskrittspartiet, fung. leder Ulf Leirstein, Jørund Rytman, Kenneth Svendsen og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Gunnar Gundersen, Arve Kambe og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, og fra Venstre, Borghild Tenden, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 160/2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endelig oppgjør i betalingssystemer og i oppgjørssystemer for verdipapir og om avtaler om finansiell sikkerhetsstillelse, med hensyn til sammenkoplede systemer (linked systems) og gjeldsfordringer (credit claims), krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenriks- og forsvarskomiteen, som i brev av 2. februar 2011 sier følgende:
«Utenriks- og forsvarskomiteens medlemmer slutter seg til finanskomiteens merknader og innstilling til Prop. 8 S (2010–2011), og har ingen ytterligere merknader.»
Komiteen slutter seg til regjeringens forslag.
Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 160/2006 av 8. desember 2006 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2009/44/EF av 6. mai 2009 om endeleg oppgjer i betalingssystem og i oppgjerssystem for verdipapir og om avtaler om finansiell trygdgjeving, med omsyn til samankopla system (linked systems) og gjeldsfordringar (credit claims).
Oslo, i finanskomiteen, den 3. februar 2011
Ulf Leirstein |
Gerd Janne Kristoffersen |
fung. leder |
ordfører |