5. Virksomheten til Norges Bank i 2009
- 5.1 Årsmeldingen for 2009
- 5.2 Finansiell stabilitet
- 5.3 Utøvelsen av pengepolitikken
- 5.4 Kapitalforvaltning
- 5.5 Regnskap og budsjett
Etter «lov 24. mai 1985 nr. 28 om Norges Bank og pengevesenet (sentralbankloven)» § 1 fyrste ledd skal Noregs Bank vere utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt, fremje eit effektivt betalingssystem, og dessutan overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene. Banken har òg viktige oppgåver innanfor kapitalforvaltning. Etter sentralbanklova § 30 andre ledd skal årsmelding og årsrekneskap sendast til departementet, som så skal leggje dette fram for Kongen og gjere det kjent for Stortinget. Årsmeldinga til Noregs Bank for 2009 følgjer som utrykt vedlegg til denne meldinga.
Representantskapet har i samsvar med sentralbanklova § 5 fjerde ledd fjerde punktum kome med fråsegn om protokollane frå hovudstyret og tilsynet med banken. Fråsegna er teken inn som vedlegg til årsmeldinga og rekneskapen frå banken.
Etter sentralbanklova § 5 tredje ledd skal representantskapet føre «tilsyn med bankens drift og at reglene for bankens virksomhet blir fulgt». Representantskapet uttalar seg om drifta til banken i årsmeldinga til banken. Det kjem fram i fråsegna for 2009 at representantskapet ikkje har avdekt forhold som gjev grunnlag for særskilde merknader etter sentralbanklova § 30 andre ledd.
Representantskapet uttalar òg at det i brev til Finansdepartementet i desember 2009 tok initiativ til ei vurdering av om det er mogleg med ei utvida og direkte rapportering til Stortinget, og om det er mogleg å overføre kompetansen til å fastsetje godtgjersle for representantskapet, til Stortinget. Representantskapet uttalar at det kan tydeleggjere og styrkje representantskapet si stilling som tilsynsorgan for Stortinget. Finansdepartementet er samd i desse vurderingane. I samband med at departementet den 26. mars 2010 la fram meldinga om forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009, la ein fram forslag til endringar i sentralbanklova for å leggje til rette for dette, jf. Prop. 101 L (2009–2010) Endringar i sentralbanklova.
Det følgjer av sentralbanklova § 2 fjerde ledd at «Riksrevisjonen fører kontroll med statsrådens myndighetsutøvelse etter lov 7. mai 2004 nr. 21 om Riksrevisjonen og instruks fastsatt av Stortinget». Etter § 12 i denne instruksen skal statsråden, snarast mogleg etter å ha motteke papira, sende årsrekneskapen for banken, årsmeldinga frå hovudstyret, utsegn frå representantskapet om protokollar frå hovudstyret og eventuelt om andre forhold som gjeld banken, og dessutan statsråden si utgreiing om nytting av styringsrett hos departementet og regjeringa i saker som gjeld Noregs Bank, til Riksrevisjonen. Departementet sender desse dokumenta til Riksrevisjonen når departementet har motteke dei frå Noregs Bank. Riksrevisjonen får òg kopi av korrespondansen mellom departementet og Noregs Bank i saker om instruksjon og saker der ein let vere å instruere. Noregs Bank vart ikkje instruert med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd i 2009.
Det er i pkt. 5.1 i meldinga gjort greie for leiing og administrasjon, samt versemda til Noregs Bank i 2009.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Noregs Bank sitt arbeid for finansiell stabilitet har fire viktige element:
Overvake faren for alvorlege forstyrringar i det finansielle systemet.
Peike på tiltak som kan førebyggje ustabilitet.
Arbeide for å halde oppe tilliten til betalingsmidlane.
Vere førebudd på å handsame kriser.
Ein viser til meldinga for nærare omtale.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Etter sentralbanklova § 1 skal Noregs Bank vere eit utøvande og rådgjevande organ i penge-, kreditt- og valutapolitikken. Banken skal gje ut setlar og mynt og fremje eit effektivt betalingssystem. Vidare skal Noregs Bank overvake penge-, kreditt- og valutamarknadene.
Dei noverande retningslinene for pengepolitikken vart fastsette i forskrift ved kronprinsregentens resolusjon av 29. mars 2001 med heimel i sentralbanklova § 2 tredje ledd og § 4 andre ledd, jamfør boks 5.1. Nærare grunngjeving og utdjuping av retningslinjene vart trekte opp i St.meld. nr. 29 (2000–2001) Retningslinjer for den økonomiske politikken, som vart lagd fram den same dagen.
I tråd med forskrifta skal pengepolitikken sikte mot stabilitet i den nasjonale og internasjonale verdien av den norske krona. Den operative gjennomføringa av pengepolitikken skal i samsvar med dette rettast inn mot låg og stabil inflasjon, definert som ein årsvekst i konsumprisane som over tid er nær 2,5 prosent. Av forskrifta følgjer det at pengepolitikken skal medverke til å stabilisere utviklinga i produksjon og sysselsetjing og samstundes òg medverke til stabile forventningar om valutakursutviklinga. I St.meld. nr. 29 (2000–2001) står det vidare at det er venta at konsumprisveksten som ein hovudregel vil liggje innanfor eit intervall på pluss minus ei prosenteining rundt målet for prisstiginga. Rentesetjinga til Noregs Bank skal vere framoverretta i tid og ta tilbørleg omsyn til uvisse knytt til makroøkonomiske prognosar og vurderingar. Når hovudstyret i Noregs Banks fastset renta, skal det ta omsyn til at det kan ta tid før endringar i politikken får effekt. Vidare skal hovudstyret sjå bort frå forstyrringar av mellombels karakter som ein meiner ikkje vil påverke den underliggjande pris- og kostnadsveksten.
Den langsiktige oppgåva til pengepolitikken er å medverke til å gje økonomien eit nominelt ankerfeste. Forskrifta etablerer fleksibel inflasjonsstyring som rettesnor for pengepolitikken. På kort og mellomlang sikt må pengepolitikken vege omsynet til låg og stabil inflasjon mot omsynet til stabilitet i produksjon og sysselsetjing. I dei fleste situasjonar er det samsvar mellom omsynet til å stabilisere prisstiginga og omsynet til ei stabil utvikling i produksjon og sysselsetjing. Dersom det oppstår konflikt, må Noregs Bank utøve skjønn og vege desse to omsyna mot kvarandre.
I pkt. 5.3.2 i meldinga gir Noregs Bank sine vurderingar av utøvinga av pengepolitikken i 2009. Pkt. 5.3.4 gir ei oversikt over vurderingar frå andre instansar, mellom anna Norges Bank Watch og OECD. I pkt. 5.3.5 gir departementet sine vurderingar.
Komiteen vil understreke at forskriften om pengepolitikken, vedtatt 29. mars 2001, ligger fast. Komiteen mener at gjeldende retningslinjer for pengepolitikken til nå har vist seg robust gjennom finanskrisen, og at de utgjør et godt rammeverk for Norges Banks utøvelse av pengepolitikken. Sentralbankens operative gjennomføring av pengepolitikken skal rettes inn mot lav og stabil inflasjon, definert som en årsvekst i konsumprisene som over tid er nær 2,5 prosent. Den langsiktige oppgaven for pengepolitikken er å gi økonomien et nominelt ankerfeste.
Komiteen er av den oppfatning at de gjeldende retningslinjene ikke var til hinder for at Norges Bank markert kunne sette ned styringsrenta da utsiktene for inflasjon og produksjon forverret seg høsten 2008. Rentereduksjonene medførte vesentlig stimulans av den økonomiske aktiviteten, og bidro til å gjøre situasjonen lettere for foretak og husholdninger med gjeld. Den ekspansive pengepolitikken har således i avgjørende grad bidratt til å dempe nedgangen i norsk økonomi. Komiteen er tilfreds med at Norges Bank på denne måten fulgte opp retningslinjene om at pengepolitikken skal legge vekt på stabilitet og sysselsetting.
Komiteen tar videre til etterretning at Norges Bank, som følge av bedre utsikter for norsk økonomi, har vært blant de første sentralbankene internasjonalt som har økt renten etter finanskrisen. Sentralbanken begynte å sette opp renta i oktober 2009, og har varslet at renten kommer til å bli gradvis satt opp fremover, som følge av sentralbankens inflasjonsprognoser der innenlandsk etterspørsel utgjør en vesentlig faktor. Samtidig er det varslet langvarige lave rentenivå i mange andre land. Komiteen er bekymret for konsekvensene av et særnorsk høyt rentenivå over tid, fordi det kan føre til en styrking av kronen som valuta, og en påfølgende forverret situasjon for konkurranseutsatt næringsliv.
Komiteen mener det er viktig for norske husholdninger og andre aktører i økonomien at Norges Bank kommuniserer klart og forståelig om de vurderingene som ligger bak rentebeslutninger, og i forhold til fremtidig renteutvikling, slik at det er mulig å tilpasse seg på en god måte. Komiteen er i den sammenheng fornøyd med praksisen Norges Bank har fulgt siden høsten 2005, med å offentliggjøre egen renteprognose. Tydelig kommunikasjon om intensjonene bak innrettelsen av pengepolitikken medvirker etter komiteens vurdering til åpen og god kommunikasjon med omverdenen.
Komiteen tar for øvrig redegjørelsen til orientering.
Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at regjeringen har varslet at når økonomien tar seg opp igjen, må finanspolitikken komme tilbake til 4-prosentbanen for bruken av oljeinntekter, for blant annet nettopp å dempe presset på konkurranseutsatt næringsliv.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener det er viktig for konkurransedyktigheten til norsk næringsliv å sørge for fornuftige og samfunnsøkonomisk lønnsomme investeringer i infrastruktur. Disse medlemmer mener handlingsregelens utforming er til hinder for dette, sammen med Stortingets utgiftsbaserte budsjettsystem hvor man ikke skiller mellom utgifter til investeringer og utgifter til forbruk.
Komiteens medlemmer fra Høyre og Venstre viser til at regjeringen har uttalt at oljepengebruken skal ned. Disse medlemmer legger til grunn at det vil få konsekvenser for 2011-budsjettet. Disse medlemmer mener at det er realistisk å komme ned på 4 prosent-målet i løpet av 2012/2013, dersom regjeringen følger disse medlemmers forslag om reduksjon i offentlig sektor og stimulering av privat næringsliv. Disse medlemmer mener dette vil bidra til at næringslivet får stabil rente, valutakurs og rammebetingelser så likt som mulig med våre konkurrenter. Disse medlemmer er bekymret for tall som viser at norske lønninger øker betydelig mer enn våre konkurrentland. Dette kombinert med høy kronekurs og noe høyere rente er på sikt en oppskrift på avindustrialisering og noe som disse medlemmer mener regjering og storting i større grad må ta på alvor.
Komiteens medlem fra Venstre viser til sine generelle merknader under kapittel 2.2 hvor også den framtidige utøvelsen av Norges Banks pengepolitikk og Norges Banks mandat drøftes.
Noregs Bank forvaltar valutareservane og har av Finansdepartementet fått i oppdrag å sørgje for den operative forvaltninga av Statens pensjonsfond utland. I tillegg forvaltar Noregs Bank Statens petroleumsforsikringsfond for Olje- og energidepartementet. Ved utløpet av 2009 forvalta Noregs Bank 2 985 mrd. kroner i dei internasjonale kapitalmarknadene. Dei to største porteføljane er Statens pensjonsfond utland og valutareservane til Noregs Bank.
Ved utgangen av 2009 utgjorde kapitalen i Statens pensjonsfond utland 2 640 mrd. kroner. Noregs Bank forvalta fondet etter retningsliner som er fastsette av Finansdepartementet, og i høve til ein eigen forvaltningsavtale mellom banken og departementet. Forvaltninga av Statens pensjonsfond utland for 2009 er omtala i Meld. St. 10 (2009–2010) Forvaltninga av Statens pensjonsfond i 2009.
Noregs Banks hovudstyre har fastsett retningsliner for forvaltninga av valutareservane. Investeringsporteføljen utgjer den største delen av valutareservane. Dei to andre delporteføljane er pengemarknadsporteføljen og petrobufferporteføljen. Pengemarknadsporteføljen er den mest likvide delen av valutareservane. Porteføljen var i 2009 i hovudsak plassert som sikra innskot i utanlandske bankar. Pengemarknadsporteføljen utgjorde 52,2 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Petrobufferporteføljen samlar opp dei jamlege kjøpa til Statens pensjonsfond utland. Plasseringane av petrobufferporteføljen var avgrensa til renteinvesteringar i 2009.
Investeringsporteføljen skal i høve til retningslinene som hovudstyret til Noregs Bank har vedteke, ha ein aksjedel på 40 prosent og ein rentedel på 60 prosent. Retningslinene for investeringsporteføljen samsvarar elles i stor grad med retningslinene Finansdepartementet har fastsett for Statens pensjonsfond utland.
Marknadsverdien av investeringsporteføljen var 185 mrd. kroner ved utgangen av 2009. I 2009 var avkastninga på investeringsporteføljen 21,1 prosent målt i den valutakorga som svarar til samansetninga av referanseporteføljen. Målt i norske kroner var avkastninga 3,7 prosent. Forskjellen kjem av at den norske krona styrkte seg i forhold til valutakorga for referanseporteføljen. Forvaltninga gav ei meiravkastning på 5,6 prosenteiningar målt i forhold til kva ein ville fått ved å investere i referanseporteføljen.
Marknadsverdien av Statens petroleumsforsikringsfond var 19 mrd. kroner ved utgangen av 2009. Fondet skal i høve til retningslinene investerast i renteberande verdipapir. Fondet hadde i 2009 ei avkastning på 1,1 prosent målt i utanlandsk valuta, og ‑13,9 prosent når ein måler i norske kroner. Dette var 0,7 prosenteiningar høgare enn avkastninga på den referanseporteføljen som Olje- og energidepartementet har definert.
Det er bygd opp kontrollapparat for investeringsverksemda både innanfor områda for kapitalforvaltning og pengepolitikk, og i andre delar av sentralbanken. Valutareservane til Noregs Bank og plasseringane for Statens pensjonsfond utland inngår i årsrekneskapen til Noregs Bank og vert reviderte av Noregs Banks revisjon, jamfør avsnitt 5.5 nedanfor.
Sjå meldinga om Statens pensjonsfond (Meld. St. 10 (2009–2010)) for meir utfyllande omtale av forvaltningsverksemda til Noregs Bank i 2009.
Det er òg gjort nærare greie for kapitalforvaltninga i banken si årsmelding og i ei eiga årsmelding for kapitalforvaltninga. Forvaltninga av Statens pensjonsfond er òg omtala i statsrekneskapen.
Representantskapet seier at det som del av tilsynet med Noregs Banks kapitalforvaltning har følgt opp dei tiltaka banken har gjennomført når det gjelder risikostyring, mellom anna fastsetjing av prinsipp og mandat for leiar av kapitalforvaltninga, og dessutan organisering og etablering av rammeverk for risikostyring. Det vert òg peika på at representantskapet, i dialog med Finansdepartementet, har utarbeidd ein plan for uavhengig gjennomgang og attestasjon av ulike område innafor den operative risikostyringa i Noregs Bank Investment Management (NBIM).
Når det gjeld prioriteringar framover, uttalar representantskapet at tilsynet med kapitalforvaltninga framleis kjem til å ha høg prioritet. Representantskapet uttalar vidare at det som ledd i fastsetjing av tilsynsplanen for 2010 og 2011 vil vurdere vidareføring av den planen som vart lagd i 2009 for aktuelle attestasjonsoppdrag for ekstern revisor.
Komiteen viser for øvrig til de respektive partiers merknader i innstillingen fra finanskomiteen til Meld. St. 10 (2009–2010) om forvaltningen av Statens Pensjonsfond i 2009.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.
Sentralbankrevisjonen er den lovbestemte revisjonen for Noregs Bank etter sentralbanklova, organisert under representantskapet i Noregs Bank. Riksrevisjonen har ansvaret for den overordna revisjonen av Statens pensjonsfond utland og byggjer arbeidet sitt på mellom anna materialet frå Noregs Banks revisjon. Noregs Banks revisjon uttalar seg om retningslinene for porteføljane er følgde, og gjev si revisjonsmelding til representantskapet. I tillegg gjev revisjonen, i samsvar med forvaltningsavtalen, stadfestingar til Finansdepartementet om kvartals- og årsrapportane frå Noregs Bank om forvaltninga av fondet.
Finansdepartementet la 3. april 2009 fram Ot.prp. nr. 58 (2008–2009) med framlegg til endringar i sentralbanklova om ny rekneskaps- og revisjonsordning. Etter framlegget vert Noregs Bank mellom anna rekneskapspliktig etter rekneskapslova, og representantskapet skal velje ein eller fleire eksterne statsautoriserte eller registrerte revisorar til å revidere rekneskapane til banken. Dette inneber at ordninga som gjeld i dag med sentralbankrevisjon, vert avvikla.
Tabell 5.2 og 5.3 i meldinga viser Noregs Bank sitt balanserekneskap ved utgangen av 2009, samanlikna med tilsvarande tal for 2008.
Komiteen tar redegjørelsen til orientering.