Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra familie- og kulturkomiteen om endringer i statsbudsjettet for 2009 under Barne- og likestillingsdepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

I denne proposisjonen legg Barne- og likestillingsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2009 i samsvar med punkt 1.2 nedanfor.

Tilskotet til krisesentra i 2009 er rekna til å bli 11 mill. kroner høgare enn løyvinga i vedteke budsjett. Venta utbetalingar i 2009 tilsvarar ein nominell auke på om lag 11 pst. frå rekneskapen for 2008. Meirforbruket utover saldert budsjett 2009 kjem mellom anna av auka personalkostnader grunna lønnsvekst og fleire tilsetjingar av frivillige i faste stillingar. Fleire senter har òg utvida og rehabilitert lokala sine.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 840 post 60 med 11 mill. kroner.

Departementet føreslår å redusere løyvinga med 200 000 kroner som inndekning for lågare inntekter enn budsjettert under kap. 3842 post 1, jf. omtale under denne posten.

Utgiftene til kontantstøtte i 2009 er rekna til 1 515 mill. kroner, som er 23 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett. Meirbehovet kjem av at det er fleire barn i kontantstøttealder og færre barn i barnehage enn lagt til grunn for anslaget i vedteke budsjett. I tillegg til at det er fleire barn med kontantstøtte, er det høgare gjennomsnittleg utbetaling per barn.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 844 post 70 med 23 mill. kroner.

Utgiftene til barnetrygd i 2009 er rekna til 14 800 mill. kroner, 80 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett. Meirbehovet kjem i hovudsak av auka anslag på utbetalingar av ordinær barnetrygd, utvida stønad til einslege forsørgjarar og ein større vekst i etterbetalingane enn føresett i vedteke budsjett.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 845 post 70 med 80 mill. kroner.

Departementet føreslår å setje ned posten med 305 000 kroner som inndekning for meirforbruk på kap. 846 post 72.

Departementet føreslår å auke posten med 305 000 kroner mot tilsvarande nedjustering av post 50.

Gjeldande budsjett på posten er 10,4 mill. kroner. Barneombodet har fått 316 000 kroner til følgjande tre prosjekt:

  • Etablering av barneombodsliknande institusjonar i Kina.

  • Mekanismar for å tryggje ivaretaking av barns rettar i samfunnet.

  • Konfliktråd/meklingsprosjekt i Kina.

I 2009 har Barneombodet teke initiativ til prosjektet "Skjønner du hva jeg mener?", der ungdom gjennom kunstnariske uttrykk skal formidle sitt tilhøve til det norske språket. Midlane på til saman 145 000 kroner frå den nedlagte stiftinga Framtidsfondet, vil bli nytta i samband med prosjektet. Prosjektet skal gjennomførast i samarbeid med andre aktørar.

Departementet føreslår derfor å auke kap. 850 post 1 med 461 000 kroner, tilsvarande auken under kap. 3850 post 1.

Gjeldande budsjett for 2009 på posten er 20,0 mill. kroner. Talet på adopsjonar og utbetalingane til adopsjonsstønad er lågare enn tidlegare lagt til grunn. Hovudgrunnen til nedgangen er at samarbeidsland har frigitt færre barn for adopsjon til utlandet enn tidlegare, samtidig som talet på adopsjonssøkjarar internasjonalt aukar. Departementet ventar at det blir adoptert 325 barn totalt i 2009. Talet på adopsjonar i 2009 ligg dermed på om lag same nivå som i 2008.

Departementet føreslår å redusere kap. 852 post 70 med 7,0 mill. kroner.

Løyvinga på posten er på 54,4 mill. kroner i 2009. Av dette er det sett av 8,0 mill. kroner til tilrettelegging av butilbod for unge under 18 år som er offer for tvangsekteskap.

Prognosen for 2009 tilseier utgifter på 4,5 mill. kroner til tiltaket på posten. Bufetat har etablert butilbod for unge utsette for tvangsekteskap. Årsaka til mindreforbruket er at behovet for butilbodet har vore mindre enn forventa.

Departementet føreslår å redusere posten med 3,5 mill. kroner.

Gjeldande budsjett i 2009 er på 192,9 mill. kroner. Posten dekkjer det særskilte tilskotet som vert utbetalt til kommunane når einslege, mindreårige flyktningar og asylsøkjarar er busette. Utgiftsnivået i 2009 er rekna til om lag 148 mill. kroner, basert på ein prognose der 500 nye busette utløyser tilskot.

Departementet føreslår derfor å redusere løyvinga på posten med 44,9 mill. kroner.

Løyvinga skal dekkje refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak inkludert utgifter til bufellesskap og refusjon av utgifter for plassering i statlege tiltak eller ved kjøp av private plassar. Utgiftsnivået på posten avheng av kor mange barn som blir busette i kommunane og kor stor del av alle einslege, mindreårige asylsøkarar og flyktningar som har behov for barnevernteneste. Basert på prognosane frå Bufdir om venta utbetalingar i 2009, føreslår departementet å auke løyvinga på posten med 31,1 mill. kroner.

Etter forslag i St.prp. nr. 67 (2008–2009) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009, blei løyvinga til det statlege barnevernet auka som følgje av klientvekst og utgiftsnivået frå 2008. Siste halvår 2009 har utgiftene per opphaldsdag auka meir enn det som vart sett føre i St.prp. nr. 67 (2008–2009). Tildelinga på posten er på 2 985,3 mill. kroner. Prognosen tilseier ein totalutgift for 2009 på 3 128,3 mill. kroner og meirbehovet på posten utgjer dermed 143,0 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke kap. 855 post 1 med 143,0 mill. kroner.

Tildelinga på posten er på 63,3 mill. kroner. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har sett i verk investeringsstopp for å redusere meirutgiftene på kap. 855. Forbruk per andre tertial 2009 er på 22,4 mill. kroner og prognosen for totalforbruket ut året er på 32,0 mill. kroner.

Departementet føreslår å redusere kap. 855 post 45 med 31,3 mill. kroner.

Som følgje av auken i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar er det behov for fleire plassar i omsorgssenter for denne gruppa enn tidlegare føresett. Prognosen tilseier at det i 2009 vil vere eit gjennomsnittleg belegg på 220 einslege, mindreårige asylsøkjarar i omsorgssentra. Dette fører til auka driftsutgifter på 53 mill. kroner i 2009.

Departementet føreslår å auke kap. 856 post 1 med 53,0 mill. kroner.

På kap. 857 post 71 er det tildelt midlar til drift og utvikling av innhald og tenester på nettstaden ung.no. Ein del av utgiftene til drift og utvikling av nettstaden er lønnsutgifter. For å sikre rett postering føreslår departementet å omdisponere tildelinga frå kap. 857 post 71 til kap. 857 post 21.

Departementet føreslår derfor å auke løyvinga på kap. 857 post 21 med 0,4 mill. kroner og å redusere løyvinga på kap. 857 post 71 tilsvarande.

Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 857 post 71 med 0,4 mill. kroner og å auke løyvinga under kap. 857 post 21 tilsvarande, jf. omtale under kap. 857 post 21.

Utgiftene til foreldrepengar ved fødsel i 2009 er anslått til 12 940 mill. kroner, som er 714,5 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett. Venta meirutgifter kjem av eit høgare overslag på talet på fødsler og auka overslag på lønnsveksten frå 2008 til 2009. I tillegg til dette kjem utbetaling av restansar på 440 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 70 med 714,5 mill. kroner.

Utgiftene til eingongsstønad i 2009 er rekna til 435 mill. kroner, som er 35 mill. kroner meir enn løyvinga. Meirbehovet kjem av fleire utbetalingar av eingongsstønad enn føresett i vedteke budsjett, medrekna restansar.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 71 med 35 mill. kroner.

Dei samla utbetalingane av feriepengar i 2009 er på 360 mill. kroner, som er 15 mill. kroner meir enn løyvinga i vedteke budsjett.

Departementet føreslår å auke løyvinga under kap. 2530 post 72 med 15 mill. kroner.

Utgiftene til foreldrepengar ved adopsjon i 2009 er anslått til 70 mill. kroner, som er 30 mill. kroner mindre enn løyvinga i vedteke budsjett. Den årlege nedgangen i talet på adopsjonar held fram også for inneverande år, på grunn av at færre barn er tilgjengelege for adopsjon frå utlandet.

Departementet føreslår å redusere løyvinga under kap. 2530 post 73 med 30 mill. kroner.

Inntektene under posten er knytte til kurs, rettleiing mv. i familievernet. Tal for andre kvartal tyder på ei mindreinntekt på 200 000 kroner i høve til budsjettet. Departementet føreslår å setje ned inntektene på posten med 200 000 kroner, jf. inndekning under kap. 842 post 1.

I tråd med omtale under kap. 850 post 1 føreslår Barne- og likestillingsdepartementet å auke inntektene med 461 000 kroner.

Dei ODA-godkjende utgiftene er rekna til å utgjere om lag 44,9 mill. kroner i 2009, noko som er 21,5 mill. kroner mindre enn tidlegare lagt til grunn.

Departementet føreslår å redusere kap. 3854 post 4 med 21,5 mill. kroner.

Inntektene på kapittel 3855 post 1 gjeld ulike prosjekt og tiltak, mellom anna refusjonar for klientutlegg og utgiftsdeling med andre statlege verksemder. Sidan 2006 er talet på barn og unge plasserte i institusjon redusert med om lag 11 prosent, og dette vil redusere refusjonane for klientutlegga. Inntektskravet på kapittel 3855 post 1 er på 40,6 mill. kroner i 2009. Prognosen per andre tertial tilseier inntekter på 24,5 mill. kroner for 2009, noko som er 2,8 mill. kroner lågare enn inntektene i 2008.

Departementet føreslår å redusere inntektene på kap. 3855 post 1 med 16,1 mill. kroner.

Posten omfattar refusjonar utover den kommunale eigendelen for utgifter til einslege, mindreårige asylsøkjarar og flyktningar som er busette i kommunane og plasserte i statlege barnevernstiltak. Inntektene motsvarar refusjonane som blir utgiftsført på kap. 854 post 65.

Prognosen for 2009 tilseier inntekter på 108,7 mill. kroner, grunna ein auke i talet på einslege, mindreårige asylsøkjarar med tiltak i det statlege barnevernet.

Departementet føreslår å auke kap. 3855 post 3 med 37,9 mill kroner.

Nokre innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkjarar og flyktningar kan, i samsvar med OECD/DACs statistikkdirektiv, godkjennast som offisiell utviklingshjelp. I tråd med tidlegare utrekningar legg BLD til grunn at om lag 74 prosent av utgiftene per plass vil bli godkjend som ODA-midlar. Auken i ODA-godkjende utgifter utgjer dermed 39 mill. kroner.

Departementet føreslår å auke kap. 3856 post 4 med 39,0 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Gunn Karin Gjul, Gunn Olsen, Kåre Simensen og Arild Stokkan-Grande, fra Fremskrittspartiet, Solveig Horne, Øyvind Korsberg og Ib Thomsen, fra Høyre, Linda C. Hofstad Helleland og Olemic Thommessen, fra Sosialistisk Venstreparti, Gina Knutson Barstad, fra Senterpartiet, Christina Nilsson Ramsøy, og fra Kristelig Folkeparti, Øyvind Håbrekke, støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen har merket seg at kontantstøtten er stipulert 23 mill. kroner for lavt. Dette merbehov skyldes at flere barn enn beregnet mottar kontantstøtte og en høyere gjennomsnittlig utbetaling per barn. Komiteen støtter forslaget.

Komiteen viser til og støtter forslaget om å øke bevilgningene til barnetrygd med 80 mill. kroner. Komiteen har merket seg at økningen skyldes økt anslag i utbetaling av ordinær barnetrygd, flere mottakere av utvidet barnetrygd til enslige forsørgere og en større vekst i etterbetalingene.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen viser til at BUFDIRs prognoser viser at etaten venter et merforbruk i driftsutgiftene for 2009 på 143,0 mill. kroner.

Komiteen vil vise til St.prp. nr. 67 (2008–2009) tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2009 som ble behandlet i Stortinget i juni 2009 hvor bevilgningene til det statlige barnevernet ble økt med 110 mill. kroner.

Komiteen vil peke på at Stortinget i løpet av 2009 vil bevilge 253,0 mill. kroner mer til det statlige barnevernet enn det som ble vedtatt i Budsjett-innst. S. nr. 2 (2008–2009).

Komiteen vil vise til at også for budsjettåret 2008, Innst. S. nr. 99 (2008–2009), ble det etterbevilget penger på grunn av merforbruk i det statlige barnevernet.

Komiteen ber Regjeringen sette inn ytterligere tiltak for å få bedre kontroll på bruken av ressurser i det statlige barnevernet.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen har merket seg at de stipulerte utbetalingene av foreldrepenger økes med 714,5 mill. kroner som følge av økning i antall forventete fødsler og økt lønnsvekst fra 2008 til 2009. Samt utbetalinger av restanser på 440 mill. kroner.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen støtter Regjeringens forslag og har ingen ytterligere merknader.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende:

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2009 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

840

Krisetiltak

60

Tilskot til krisesenter, overslagsløyving,vert auka med

11 000 000

frå kr 165 000 000 til kr 176 000 000

842

Familievern

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 70,vert redusert med

200 000

frå kr 193 190 000 til kr 192 990 000

844

Kontantstøtte

70

Tilskot, overslagsløyving,vert auka med

23 000 000

frå kr 1 492 000 000 til kr 1 515 000 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, vert auka med

80 000 000

frå kr 14 720 000 000 til kr 14 800 000 000

846

Forskings- og utgreiingsverksemd, tilskot mv.

50

Forsking, kan nyttast under post 21,vert redusert med

305 000

frå kr 10 996 000 til kr 10 691 000

72

Tiltak for lesbiske og homofile, vert auka med

305 000

frå kr 7 593 000 til kr 7 898 000

850

Barneombodet

1

Driftsutgifter, vert auka med

461 000

frå kr 10 383 000 til kr 10 844 000

852

Adopsjonsstønad

70

Tilskot til foreldre som adopterer barn frå utlandet, overslagsløyving,vert redusert med

7 045 000

frå kr 20 045 000 til kr 13 000 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

21

Spesielle driftsutgifter, vert redusert med

3 500 000

frå kr 54 393 000 til kr 50 893 000

64

Særskilt tilskot ved busetting av einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving,vert redusert med

44 863 000

frå kr 192 863 000 til kr 148 000 000

65

Refusjon av kommunale utgifter til barneverntiltak knytte til einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, overslagsløyving,vert auka med

31 090 000

frå kr 268 910 000 til kr 300 000 000

855

Statleg forvalting av barnevernet

1

Driftsutgifter, kan nyttast under post 22 og post 60,vert auka med

143 000 000

frå kr 2 985 257 000 til kr 3 128 257 000

45

Større nyanskaffingar og vedlikehald, kan overførast,vert redusert med

31 288 000

frå kr 63 288 000 til kr 32 000 000

856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

1

Driftsutgifter, vert auka med

53 000 000

frå kr 383 911 000 til kr 436 911 000

857

Barne- og ungdomstiltak

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

400 000

frå kr 2 217 000 til kr 2 617 000

71

Utviklingsarbeid, kan nyttast under post 50,vert redusert med

400 000

frå kr 10 696 000 til kr 10 296 000

2530

Foreldrepengar

70

Foreldrepengar ved fødsel, overslagsløyving,vert auka med

714 500 000

frå kr 12 225 500 000 til kr 12 940 000 000

71

Eingongsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving,vert auka med ..

35 000 000

frå kr 400 000 000 til kr 435 000 000

72

Feriepengar av foreldrepengar, overslagsløyving,vert auka med

15 000 000

frå kr 345 000 000 til kr 360 000 000

73

Foreldrepengar ved adopsjon, overslagsløyving,vert redusert med

30 000 000

frå kr 100 000 000 til kr 70 000 000

Inntekter

3842

Familievern

1

Diverse inntekter, vert redusert med

200 000

frå kr 900 000 til kr 700 000

3850

Barneombodet

1

Diverse inntekter, vert løyvd med

461 000

3854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

4

Refusjon av ODA-godkjende utgifter, vert redusert med

21 523 000

frå kr 66 423 000 til kr 44 900 000

3855

Statleg forvalting av barnevernet

1

Diverse inntekter, vert redusert med

16 070 000

frå kr 40 570 000 til kr 24 500 000

3

Refusjon for einslege mindreårige asylsøkjarar og flyktningar, vert auka med

37 900 000

frå kr 70 795 000 til kr 108 695 000

3856

Barnevernets omsorgssenter for einslege mindreårige asylsøkjarar

4

Refusjon av ODA-godkjende utgifter, vert auka med

39 000 000

frå kr 254 000 000 til kr 293 000 000

II

Stortinget samtykkjer i at stikkordet kan overførast vert lagt til løyvinga under kap. 847 Tiltak for personar med nedsett funksjonsevne, post 71 Tiltak for auka tilgjenge og universell utforming, i statsbudsjettet for 2009.

Oslo, i familie- og kulturkomiteen, den 9. desember 2009

Gunn Karin Gjul

leder og ordfører