Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

4. Programkategori 21.30 Vegformål

I midten av mai 2009 var det ei ulykke på E6 Follotunnelen i Vestby kommune. Utgiftene for staten for oppryddingsarbeidet blir om lag 10 mill. kroner.

I samband med raset på rv 70 Oppdølstranda i Møre og Romsdal, jf. post 31 Rassikring, er kostnadene knytt til drift og vedlikehald rekna ut til om lag 2 mill. kroner for umiddelbar opprydding og fjellrensk.

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m. og post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, foreslår departementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald, med 76,5 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1320, post 23 Drift og vedlikehald av riksvegar m.a., med i alt 88,5 mill. kroner.

I samband med sprengingsarbeid på prosjektet E6 Vist – Jevika – Selli gjekk det 30. juni 2008 eit ras i Løsberga sør for Steinkjer, jf. omtale i St.prp. nr. 72 (2008–2009). For å dekkja delar av dei utgiftene som må betalast i 2009, er det behov for 32 mill. kroner.

På grunn av dei endra inntektsoverslaga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., foreslår departementet å auka løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med 13 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1320, post 30 Riksveginvesteringar, med i alt 45 mill. kroner.

I juni 2009 gjekk det eit ras på rv 70 langs Oppdølstranda i Møre og Romsdal. Kostnadene knytt til oppryddingsarbeid, sikringsarbeid langs vegen, reparasjon av ferjekaiar og båttransport i 2009 er rekna ut til 43 mill. kroner. Av dette blir det foreslått å dekkja 41 mill. kroner over kap. 1320, post 31 Rassikring, medan 2 mill. kroner blir dekt over post 23, jf. kap. 1320 post 23.

Statens vegvesen har inntekter frå m.a. tilbakebetaling frå bompengeselskapa av utlegg som Statens vegvesen har hatt i samband med kjøp av bompengebrikker og sal av kjennemerke. Inntektene på post 1 er venta å utgjere om lag 190 mill. kroner i 2009. Dette er 43 mill. kroner meir enn det er budsjettert med. Det blir foreslått å auka løyvinga på kap. 4320, post 1 Salsinntekter m.m., med 43 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m., og post 30 Riksveginvesteringar.

Statens vegvesen mottek innbetalingar frå forsikringsselskap. Inntektene på post 3 er venta å utgjera om lag 90 mill. kroner i 2009. Dette er 46,5 mill. kroner meir enn det er budsjettert med. Det blir foreslått å auka løyvinga på kap. 4320, post 3 Refusjonar frå forsikringsselskap, med 46,5 mill. kroner, jf. kap. 1320, post 23 Trafikktilsyn, drift og vedlikehald av riksvegar m.m.

Komiteen viser til at det i samband med sprengningsarbeid på prosjektet E6 Vist–Jevika–Selli gikk to ras i Løsberga sør for Steinkjer, 30. juni 2008 og 3. november 2008. Dette førte til at E6 og jernbanen ble stengt over lengre tid.

Komiteen viser til konklusjoner og anbefalinger i rapport fra referansegruppe nedsatt av Statens vegvesen etter raset i Løsberga, datert 23. februar 2009. Rapporten viser at ikke alle retningslinjer er blitt fulgt og at bruk av ingeniørgeologisk kompetanse under planlegging og prosjektering har vært mangelfull. Komiteen forutsetter at konklusjonene og anbefalingene fra referansegruppen følges opp.

Komiteen slutter seg for øvrig til Regjeringens forslag.