3.1 Sammendrag

Kap. 1313 Luftfartstilsynet

Post 1 Driftsutgifter

Aktiviteten i luftfartssektoren er i 2009 høgare enn venta. For Luftfartstilsynet har dette ført til at tilsynsverksemda har auka. Departementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1313, post 1 Driftsutgifter, med 9 mill. kroner. Inntektene blir auka tilsvarande, jf. kap 4313, post 1.

Kap. 1314 Statens havarikommisjon for transport

Post 1 Driftsutgifter

I Statens havarikommisjon for transport blir det oppretta eit fast sekretariat som kan tre i funksjon viss det blir aktuelt å oppnemna ein særskild granskingskommisjon i samband med ei ulykke i petroleumssektoren. Det er eingongskostnader ved starten. Desse er rekna til 220 000 kroner og er rammeoverført frå budsjettet til Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 1314, post 1 Driftsutgifter, med 220 000 kroner.

Kap. 4313 Luftfartstilsynet

Post 1 Gebyrinntekter

Samferdselsdepartementet foreslår å auka løyvinga på kap. 4313, post 1 Gebyrinntekter, med 9 mill. kroner, jf. omtalen under kap. 1313, post 1 Driftsutgifter.

Kap. 5619 Renter av lån til Oslo Lufthavn AS

Post 80 Renter

Staten har i 2009 gitt avdragsfridom på lånet. Dette aukar renteinntektene med om lag 4 mill. kroner, jf. budsjettert med om lag 24,2 mill. kroner.

Samferdselsdepartementet foreslår å redusera løyvinga på kap. 5619, post 80 Renter, med i alt 20,2 mill. kroner.

3.2 Komiteens merknader

Komiteen har ingen merknader og støtter Regjeringens forslag.