Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra forsvarskomiteen om investeringar i Forsvaret

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Føremålet med denne proposisjonen er å be om Stortinget si godkjenning av oppstart av seks nye investeringsprosjekt, og å orientere Stortinget om nokre andre planlagde prosjekt og saker.

Utgangspunktet for godkjenning av investeringsprosjekta i Forsvaret er budsjettproposisjonen. Denne proposisjonen er såleis eit tillegg til budsjettproposisjonen.

Proposisjonen har følgjande innhald:

  • Godkjenning av kostnadsramme for fire nye eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt (kap. 1710 post 47): Oppbygging av "High Readiness Force" (HRF) i Rena leir, Oppgradering av bygning 39 på Akershus festning, Kommandoplass for Forsvaret sitt operative hovudkvarter på Reitan og Fleirbrukshall Skjold fase 2.

  • Godkjenning av kostnadsramme for to nye materiellprosjekt (kapittel 1760, post 45 ): Nytt logistikk- og støttefarty og Landbasert, indirekte eldstøtte (artilleri).

  • Informasjonssaker: Modernisering av Hæren, LOS-programmet i Forsvaret og Kjøp av innleigde kystvaktfarty.

Hæren si lokalisering i framtida vil vere sentrert rundt Indre Troms og Østerdalen garnison, jf. Stortinget sitt vedtak og føringar i Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008). High Readiness Force (HRF)-avdelingane i Hæren er lokaliserte til Rena leir. Desse er Telemark bataljon og taktiske støtte- og logistikkavdelingar. Dei taktiske støtte- og logistikkavdelingane har til føremål, saman med Telemark bataljon, å gi Hæren evne til å møte både nasjonale krav og krav stilt av NATO til reaksjon og uthaldenheit. Avdelingane er under oppbygging og har behov for nye bygg- og anleggsfasilitetar for å sikre høveleg trening, drift, samvirke og beredskap.

HRF-avdelingane er oppsette med eit bredt spekter av køyrety, utstyr og konteinarar. Dette fører med seg behov for ulike typar garasjar og plass for lagring for å ta vare på materiellet og utdanninga på materiellsystema. Prosjektet omfattar bygging av eit isolert garasjebygg, ein varmgarasje og ein ny kennel. I tillegg er det ei mindre ombygging frå undervisingsrom til kontor i Rena tekniske verkstad.

Prosjekt for oppbygging av HRF er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 126 mill. kroner.

Bygning 39 på Akershus festning er eitt av bygga i Myntgata 1-kvartalet. Før flyttinga til det nye leiingsbygget i desember 2006, hadde Forsvarsdepartementet sine kontor mellom anna i bygning 39. I arbeidet med å avdekkje status i eksisterande konstruksjonar i bygget, er det funne omfattande sopp- og råteskadar. For å utbetre desse skadane, må det gjennomførast store bygningsarbeid. I tillegg må grunnmur, utvendige vegger, tak og vindauge utbetrast. Vidare må dei tekniske anlegga i bygget gjennomgå full oppgradering.

Prosjektet omfattar utvendig og innvendig rehabilitering av bygning 39 på Akershus festning. Forsvaret har eit stort behov for kontorareal, og areala er tilpassa Forsvaret sitt behov for eit generelt kontorbygg. Det vert lagt opp til ei delt løysing mellom kontorlandskap og kontor. Bygning 39 er eit verna bygg, og antikvariske interesser vil bli ivaretatt i gjennomføringa av prosjektet.

Prosjekt for oppgradering av bygning 39 på Akershus festning er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 121 mill. kroner.

Ved handsaminga av Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008), vart det vedteke å leggje ned det noverande hovudkvarteret på Jåtta og opprette eit nytt Forsvarets operative hovudkvarter (FOH) på Reitan. Hovudkvarteret skal vere i drift seinast 1. august 2009.

Det er behov for å gjere einskilde tiltak i det eksisterande fjellanlegget for å tilpasse anlegget til den nye verksemda. Dei viktigaste tiltaka som skal gjennomførast, i tillegg til ei generell modernisering, er ombygging av det eksisterande analyse-, leiings- og kontrollrommet, utvide kjøkkenet, matsalen og pauseareala og tilpassing til nye og fleksible kontorarbeidsplassar samt gruppe- og møterom. Tiltaka vil bli gjennomførde i dei eksisterande areala i fjellanlegget.

Prosjekt for kommandoplass på Reitan er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 209 mill. kroner.

Skjold leir i Indre Troms er ein av leirane som er sentrale for oppbygging og utvikling av Hæren, som skjer med tyngde i nord. I Skjold leir trengst det eigedom og bygg og anlegg for å styrkje Ingeniørbataljonen og 2. bataljon. For å dekkje meir av behova for kontor, lager, garasje og undervisningsrom, vert det føreslege å byggje ein ny fleirbrukshall av same type som tidlegare er bygd på Skjold. Fleirbrukshall fase 1 på Skjold vart behandla av Stortinget ved handsaminga av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 1 (2007–2008). Brukar er godt nøgd med denne hallen, men fleirbrukshall fase 1 dekte berre ein del av det som trengst.

Prosjektet for fleirbrukshall fase 2 er føreslege gjennomført innanfor ei kostnadsramme på 121 mill. kroner.

Gjennom St.prp. nr. 48 (2007–2008) vart Stortinget orientert om ei planlagt styrking av sjøbasert logistikkstøtte og evne til deployering av integrerte maritime styrkeforband både heime og ute gjennom innfasing av eit nytt logistikk- og støttefarty.

Eit logistikk- og støttefarty utgjer ein vesentleg kapasitet i langvarige maritime operasjonar, både nasjonalt og internasjonalt. Med Noreg si langstrekte kystline og omfattande ansvarsområde og interesser til havs, har Sjøforsvaret ei heilt sentral rolle i handtering av utfordringane i våre nærområde.

Forsvaret driv i dag døgnkontinuerlege operasjonar knytte til mellom anna overvaking og suverenitetshevding i norsk sjøterritorium og havområde under norsk jurisdiksjon. Sjøforsvaret sitt mest sentrale bidrag til løysing av oppgåvene nasjonalt ligg i evna til å vere tilstade med relevante maritime kapasitetar over tid, spesielt i nordområda. Dei maritime kapasitetane er i hovudsak nye fregattar, nye missiltorpedobåtar og ei modernisert kystvakt. Eit havgåande logistikk- og støttefarty vil styrkje den operative evna i langvarige operasjonar og evna til å vere tilstade i dei nordlege havområda.

For at maritime einingar skal kunne framstå som ein tilgjengelig, etterspurd og truverdig maritim kapasitet, må dei mellom anna kunne operere over tid på havet utan behov for ei landbase i direkte nærleik.

Eit nytt logistikk- og støttefarty vil i tillegg kunne utføre transport- og logistikkstøtte, som til dømes transport av personell, drivstoff, proviant og reservedelar til Hæren, Luftforsvaret, Heimevernet og til sivile styresmakter.

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomførd i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Forsvarsdepartementet vil i sitt gjennomføringsoppdrag til Forsvaret følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd. Forsvarsdepartementet vil mellom anna følgje opp moglegheitene for internasjonalt samarbeid.

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for prosjektet er 1 550 mill. kroner medrekna ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 1) for prosjektet er estimert til 80 mill. kroner.

Forsvarsdepartementet vil vurdere behova for ei eventuell utbetring av kaifasilitetane ved Haakonsvern orlogsstasjon.

Gjennom St.prp. nr. 1 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) vart Stortinget informert om fire prosjekt for modernisering av Hæren. Eitt av desse prosjekta er nyskaffing av artilleri.

Dei noverande artillerikanonane av typen M109 er frå slutten av 1960-talet. Kanonane vart moderniserte i 1989–1990 med nye tårn for å få lengre rekkjevidde, og nokre er seinare oppdaterte. Likevel krev desse artillerikanonane mykje vedlikehald og er lite fleksible for moderne bruk.

Føremålet med prosjektet er å tilpasse Hæren sitt artilleri til framtida. Artilleriet må moderniserast med ein fleksibel og effektiv type skyts som òg kan bruke nye ammunisjonstypar. Moderne ammunisjon har mellom anna lågare risiko for utilsikta skade som følgje av at dei er meir nøyaktige. Difor vil nytt skyts ha høgare presisjon i tillegg til lengre rekkjevidde enn det noverande artilleriet.

Noreg inngjekk våren 2007 ein samarbeidsavtale med Sverige for å effektivisere utviklinga og produksjonen av eit nytt artillerisystem til hærstyrkane både i Sverige og Noreg. Dette er venta å gje innsparingar, særleg i drift, i tillegg til større operativ effekt og uthaldenheit. Som eit ledd i samarbeidet er det forhandla fram ein felles avtale om dette med leverandøren (BAE Systems Bofors) om utvikling av, og opsjon for nyskaffing av, artilleri av typen Archer.

Regjeringa er oppteken av å sikre at eit utvida nordisk forsvarssamarbeid også skal kome norsk industri til gode. Ei balansert industrideltaking mellom landa er eit vesentleg element i samarbeidsavtalen mellom Sverige og Noreg. Det er ein føresetnad at ei norsk nyskaffing hjå svensk industri skal balanserast med ei svensk nyskaffing hjå norsk forsvarsindustri av tilsvarande verdi og kvalitet i same tidsrom. Departementet vil nøye følgje opp for å sikre at denne balansen vert etablert.

Archer er eit hjulgåande og sjølvdrive artilleriskyts. Det vert planlagt ei nyskaffing av inntil 24 skyts og system for handtering av ammunisjon, system for eldleiing, ein del logistikk og ei viss mengd moderne ammunisjon. Dei nye skytsa kan opererast innanfrå ein pansra kabin.

Regjeringa har lagt vekt på at samarbeidsavtalen med Sverige ikkje skal vere til hinder for at ein tilbakefallsposisjon som alternativ vert gjort gjeldande. Dersom samarbeidet med Sverige ikkje kan gjennomførast tilfredsstillande og kontrakten om nyskaffing av artilleri ikkje vert signert, vil Noreg starta ein eigen nyskaffingsprosess gjennom ein open anbodskonkurranse. Dette er gjort kjent for Sverige.

Ekstern kvalitetssikring av prosjektet er gjennomført i samsvar med retningslinene frå Finansdepartementet. Resultata frå kvalitetssikringa ligg til grunn for den tilrådde kostnadsramma.

Forsvarsdepartementet vil følgje opp dei usikkerheitsreduserande tiltaka som ekstern kvalitetssikrar har tilrådd.

Den tilrådde kostnadsramma (post 45) for prosjektet er 1 820 mill. kroner medrekna ei avsetting for usikkerheit. Gjennomføringskostnadene (post 1) for prosjektet er venta å bli 43 mill. kroner.

Regjeringa informerte Stortinget i St.prp. nr. 1 (2007–2008) og St.prp. nr. 1 (2008–2009) om fire prosjekt for moderniseringa av Hæren. Eitt av disse prosjekta, Landbasert, indirekte eldstøtte, er omtala mellom dei nye prosjekta som er til godkjenning.

Det neste prosjektet, Oppgradering av Leopard 2 stridsvogn, er redusert i omfang til ei forlenging av levetida, og vert ikkje omtala her.

I dei to siste prosjekta, Middelstungt einskapleg panserkøyrety, som omfattar ombygging av eksisterande CV-90 stormpanservogner og ei avgrensa nyskaffing av same type køyrety, og Pansra stridsoppklaringssystem, som omfattar nyskaffing av oppklaringskøyrety med ulike sensorar til manøverbataljonane i Hæren, står Forsvaret overfor ein tilnærma eineleverandørsituasjon. Ut frå omsynet til staten sine kommersielle interesser, vil regjeringa difor fyrst gjennomføre kontraktsforhandlingar, for deretter å leggje fram eit forslag til Stortinget om godkjenning av omfang og kostnadsramme etter at forhandlingane er avslutta.

LOS-programmet i Forsvaret (tidlegare kalla Program Golf) inneheld fleire prosjekt for å etablere eit felles integrert forvaltningssystem (FIF) i Forsvaret. Det første større leveranseprosjektet blei innført i 2003, og det gav Forsvaret eit nytt system for eksternrekneskap, også kalla FIF 1.0. Det andre større prosjektet er Økonomiprosjektet, som vart godkjent ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 87 (2006–2007), jf. St.prp. nr. 20 (2006–2007). Logistikkprosjektet, som er det tredje og siste store prosjektet i programmet, vart godkjent ved Stortingets handsaming av Innst. S. nr. 317 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 55 (2007–2008).

Økonomiprosjektet si løysing skal gi Forsvaret eit felles system for økonomisk internrekneskap, materiellrekneskap og styring og leiing. Slik det vart informert om i St.prp. nr. 1 (2008–2009), blei prosjektet si løysing (FIF 2.0) satt i drift i juni 2008. Løysinga mangla då enkelte komponentar, som var planlagd leverte hausten 2008. Grunna utfordringar i skifte frå gamalt til nytt system, har Forsvaret mellom anna av omsyn til avlegging av statsrekneskapen for 2008 prioritert stabilisering av systemet framfor å bruke personellressursane på dei manglande løysingskomponentane. Der det er naudsynt, blir det på desse områda nytta alternative løysingar fram til endeleg løysing er på plass, no planlagd til fyrste halvår 2009. Prosjektet vil bli avslutta i 2009.

Logistikkprosjektet skal gi Forsvaret ei fullstendig logistikkløysing for prosessar innanfor materiellinvestering, konfigurasjonsstyring, vedlikehald og avansert forsyning. I tillegg vil det, dersom desse nye områda gjer det naudsynt, bli gjort justeringar i tidlegare leveransar. Forvaltningssystemet vil, med denne logistikkløysinga, bli kalla FIF 3.0. Regjeringa informerte i St.prp. nr. 1 (2008–2009) om at kontrakt med leverandør var planlagt inngått våren 2009, og at prosjektet var forventa avslutta i 2011.

Ein av dei store utfordringane ved gjennomføring av desse prosjekta er å sikre at Forsvaret kan bidra med dei mange medarbeidarane som trengst både under sjølve prosjektgjennomføringa, samt i overgangen frå gamalt til nytt informasjonssystem og fram til ein ny normalsituasjon er etablert. Regjeringa har difor lagt til grunn at kontrakt om Logistikkprosjektet ikkje skal bli inngått før Forsvaret kan dokumentere at dei har tilgjengelege ressursar før å understøtte prosjektgjennomføringa. Regjeringa har òg lagt til grunn at erfaringar frå gjennomføring av Økonomiprosjektet skal vektleggast i samband med Logistikkprosjektet.

Grunna naudsynt prioritering av innføring av FIF 2.0, og dei erfaringane som er gjorde i samband med denne, er enno ikkje vilkåra som er stilte for å inngå kontrakt oppfylte. Det står att å gjennomføre analysar av dei erfaringane som er gjorde, samt å få levert alle delane av Økonomiprosjektet, før Forsvaret kan gå vidare med Logistikkprosjektet. Analysane skal etter planen vere ferdigstilte før hausten 2009. Før resultatet av analysane er klare, er det ikkje mogleg å seie noko sikkert om når kontrakt for Logistikkprosjektet kan bli inngått.

Regjeringa vil informere Stortinget om status og framdrift i prosjekta i budsjettproposisjonen for 2010.

Forsvarsdepartementet har vurdert å kjøpe fleire av dei kystvaktfartya som Forsvaret leiger i dag. Basert på dei tilboda som har kome frå reiaren, vart det bestemt å berre kjøpe KV Harstad. Kjøp av Nornen-klassen indre kystvaktfarty er førebels ikkje aktuelt.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bendiks H. Arnesen, Thorbjørn Jagland og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold, Henning Skumsvoll og Jan Fredrik Vogt, fra Høyre, lederen Jan Petersen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Bjørn Jacobsen, registrerer at formålet med denne proposisjonen er å be om Stortingets godkjenning for de i proposisjonen nevnte prosjekter.

Komiteen forutsetter at rammene for de ulike prosjekter holdes og at Stortinget holdes orientert om kostnadsbildet. Komiteen registrerer at ombyggingen av High Readiness Force i Rena leir omfatter garasjer, en kennel og ombygging av undervisningsrom til kontor. Komiteen merker seg at prosjektet har en kostnadsramme på 126 mill. kroner.

Komiteen tar til etterretning at oppgraderingen av bygning 39 på Akershus festning har en kostnadsramme på 121 mill. kroner.

Komiteen er enig i at et logistikk- og støttefartøy utgjør en vesentlig kapasitet i forbindelse med langvarige operasjoner. Komiteen understreker at et slikt fartøy ikke må komme som en erstatning for landbaserte logistikk- og vedlikeholdsbaser, men som et supplement. Komiteen merker seg at prosjektet har en kostnadsramme på 1 550 mill. kroner med en gjennomføringskostnad estimert til 80 mill. kroner. Komiteen vil understreke at investeringer i å gjøre Sjøforsvaret mobilt ikke må gå ut over de allerede etablerte basene i Nordområdet.

Komiteen oppfatter at formålet med landbasert, indirekte ildstøtte er å tilpasse Hærens artilleri til fremtidige behov. Komiteen merker seg Regjeringens nordiske forsvarssamarbeid i denne sammenheng. Komiteen er fornøyd med at Regjeringen går inn for en balansert industrideltakelse mellom norsk og svensk industri i dette prosjektet. Komiteen registrerer at dersom samarbeidet med Sverige i dette prosjektet ikke kan gjennomføres på en tilfredsstillende måte, vil Norge starte en egen nyanskaffelsesprosess gjennom en åpen anbudskonkurranse. Komiteen merker seg at prosjektet har en kostnadsramme på 1 820 mill. kroner med en gjennomføringskostnad på som er ventet å bli 43 mill. kroner.

Komiteen registrerer at erfaringene fra Økonomiprosjektet skal vektlegges i forbindelse med Logistikkprosjektet og at denne analysen ikke er foretatt. Komiteen oppfatter at dette skal gjennomføres før kontrakt om Logistikkprosjektet kan bli inngått.

Komiteen merker seg at Forsvarsdepartementet kun har kjøpt KV Harstad og at kjøp av Nornen-klassen indre kystvaktfartøy ikke er aktuelt foreløpig.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmet fra Høyre, registrerer at Regjeringen har kjøpt seks kystvaktskip, deriblant KV Harstad, men vil understreke betydningen av at større deler av kystvaktflåten overføres til Forsvarets eie. Flertallet merker seg at midler til å kjøpe tilbake båter som allerede er i drift og båter som ligger på beddingen ikke prioriteres i investeringsproposisjonen.

Et annet flertall, medlemmene fra Fremskrittspartiet og Høyre, viser til at det i proposisjonen legges opp til en investering på 209 mill. kroner over kap. 1710 til gjennomføringen av prosjekt for ny kommandoplass for Forsvarets operative hovedkvarter (FOH) på Reitan. Dette flertallet konstaterer at det i dagens situasjon er et flertall i Stortinget for en etablering av FOH på Reitan, og at denne investeringen er en nødvendig konsekvens av Stortingets tidligere flertallsvedtak. Dette flertallet vil vise til sine merknader i Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008), vedrørende nedleggelsen av FOHK og opprettelsen av FOH. Dette flertallet forutsetter at flere av de vedtak som ble gjort i forbindelse med langtidsplanen for Forsvaret gjøres gjenstand for en grundig kost-nyttevurdering og evaluering i forbindelse med statsbudsjettet for 2010.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti vil påpeke at Regjeringen bevilget over 33 mrd. kroner til Forsvaret i 2009. Dette var en reell økning på 620 mill. kroner sammenlignet med saldert budsjett 2008. Disse medlemmer vil videre understreke at dette utgjorde halvparten av den tillyste budsjettopptrappingen var på plass allerede i budsjettet for 200. Disse medlemmer har merket seg at denne store økningen kom på toppen av kompensasjon for lønns- og prisstigninger, og innebærer derfor en reell økning av forsvarsbudsjettet på 2 pst.

Disse medlemmer vil videre påpeke at regjeringen Bondevik II til sammenligning la fram forrige langtidsplan med en målsetting om at man skulle ha et årlig gjennomsnitt på forsvarsbudsjettet på 29,5 mrd. 2004-kroner, men allerede det første året av langtidsplanen, la regjeringen Bondevik II fram et budsjett som lå flere hundre mill. kroner under deres egne forutsetninger.

Disse medlemmer mener kjernen i Hærens kapasitet i dag ikke er å ha store stående avdelinger som skal være dimensjonert for en eventuell invasjon. Forsvaret har i de senere år endret seg fra å være et mobiliseringsforsvar, til et forsvar som brukes hver eneste dag både hjemme og internasjonalt.

Disse medlemmer mener Hæren på bakgrunn av dette i dag skal ha kapasitet til å kunne håndtere situasjoner som oppstår enten nasjonalt, eller som en del av en flernasjonal innsats.

Disse medlemmer er videre av den oppfatning at Hæren i dag har en slik kapasitet, men ser at det er behov for en ytterligere kapasitetsøking. Regjeringen har derfor i St.prp. nr. 48 (2007–2008) lagt opp til en styrking og forbedring av Hærens yteevne i forhold til både oppgaver hjemme og ute. Det betyr blant annet at en legger opp til en styrking av Brigadestrukturen i Nord-Norge.

Disse medlemmer viser til at MEP-prosjektet vil fornye Hærens to mekaniserte bataljoner ved å tilføre økte kapasiteter. Prosjektet vil gi moderniserte og fleksible mekaniserte bataljoner til Hæren med økt stridsevne og forbedret interoperabilitet.

Disse medlemmer viser også til at de stridsvognene som ble anskaffet brukt fra Nederland vil gi Hæren en bedre stridsvognskapasitet med høyere ytelse enn de aldrende vognene av type Leopard 1. Vognene, som er anskaffet brukte fra Nederland, er under innfasing og bygges om til norske forhold i den hensikt å opprettholde den kapasiteten som ligger som en forutsetning for Stortingets vedtak om Forsvarets struktur. Disse medlemmer legger videre til grunn at det gjennomføres en minimumslevetidsforlengelse for å holde kapasiteten operativ.

Disse medlemmer viser til at tiltakene som ligger i den vedtatte langtidsplanen finansieres fullt ut gjennom den opptrappingen av budsjettrammen som ligger i planen, kombinert med intern omdisponering av midler og effektivisering av virksomheten.

Disse medlemmer viser til vedlagte brev fra forsvarsministeren til komiteen, der det redegjøres for beregnede kostnader knyttet til etablering av FOH.

Videre viser disse medlemmer til at enkelttiltakene i langtidsplanen og langtidsplanen som helhet ble grundig vurdert som en del av Stortingets behandling av denne i vårsesjonen 2008. Enkelttiltakene og planen som helhet er nå under implementering. Implementeringsarbeidet vil pågå i flere år fremover og eventuelle vurderinger av kost/nytte må sees i en slik sammenheng. Disse medlemmer legger til grunn at Stortinget holdes orientert på normal måte om status i implementeringen av langtidsplanen, samt eventuelle avvik av vesentlig karakter knyttet til enkelttiltak og planen som helhet. Disse medlemmer legger til grunn at Regjeringen i denne sammenheng også vurderer behovet for å fremme nye tiltak for å sikre at hovedmålene i forsvarspolitikken innfris, herunder opprettholdelse av en langsiktig balanse mellom Forsvarets oppgaver, struktur og ressurstilgang.

Disse medlemmer viser til at de vesentlige tiltakene for å sikre bedre balanse mellom økonomiske forutsetninger og den strukturen som ble anbefalt i St.prp. nr. 48 (2007–2008), jf. Innst. S. nr. 318 (2007–2008), har medført en betydelig reduksjon i nivået for nyanskaffelse av materiell. Dette har bidratt til å redusere gjennomsnittlig årlig materiellinvesteringsnivå med om lag 1,6 mrd. kroner i forhold til videreføring av strukturen vedtatt for perioden 2005–2008 i perioden 2009–2012.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet er opptatt av at også kommandosentralen på Jåtta opprettholdes som en supplerende kommandoressurs.

Komiteens medlem fra Høyre viser til proposisjonens avsnitt 4.1 vedrørende modernisering av Hæren, samt svar på skriftlige spørsmål. Dette medlem viser til at modernisering og styrking av Hæren er et uttalt mål i Innst. S. nr. 318 (2007–2008), jf. St.prp. nr. 48 (2007–2008), og at en stridsvognskapasitet inngår i strukturforutsetningene i langtidsplanen for Forsvaret slik Stortinget har vedtatt den. Dette medlem er kjent med at Hærens operative stridsvognskapasitet pr. i dag er meget begrenset, og finner det uheldig at man nå velger en minimumslevetidsforlengelse av meget begrenset omfang. Dette medlem er bekymret for at dette vil medføre at Hærens stridsvognskapasitet fortsatt vil forbli redusert.

Dette medlem viser til beskrivelsen av MEP-prosjektet og vil understreke viktigheten av at Hæren får en enhetlig og formålstjenlig materiellpark. Dette medlem finner det uheldig om Hæren nå må videreføre en situasjon hvor ulike sett med materiell, med tilhørende krav til kompetanse og logistikkløsninger, medfører suboptimale løsninger og ytterligere økonomiske utfordringer knyttet til drift.

Dette medlem anser at begge disse forhold primært er et utslag av Forsvarets generelt pressede økonomiske situasjon, og vil understreke den fortsatte ubalansen mellom Forsvarets ressurser, oppgave og ambisjoner. Dette medlem vil i denne sammenheng igjen vise til flertallets merknader i Innst. S. nr. 318 (2007–2008) vedrørende de usikre økonomiske planforutsetningene i langtidsplanen for Forsvaret og de svært uheldige konsekvensene av dagens forsvarsøkonomi.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

Stortinget samtykker i at Forsvarsdepartementet i 2009 kan starte opp nye investeringsprosjekt, medrekna større eigedoms-, byggje- og anleggsprosjekt, omtala i kapittel 2 og 3 Nye prosjekt for godkjenning i St.prp. nr. 70 (2008–2009), innanfor dei oppgjevne kostnadsrammene.

Jeg viser til brev fra forsvarskomiteen av 2. juni 2009 med spørsmål i forbindelse med komiteens behandling av St.prp. nr. 70 (2008-2009) – Om investeringar i Forsvaret.

Svar på spørsmålene følger vedlagt.

Det vises til proposisjonens avsnitt 2.2, vedrørende oppgradering av bygning 39 på Akershus festning. Hvilken bruk er planlagt av bygningen etter oppgraderingen?

Det er på nåværende tidspunkt ikke endelig avklart hvilke institusjoner/avdelinger som skal disponere arealene i bygning 39 etter oppgraderingen. I det pågående arbeidet med å utvikle en helhetlig gjennomføringsplan for Akershus festning er det foreløpig lagt til grunn at Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO)/stab og Vernepliktsverkets rekrutterings- og seleksjonskontor i Oslo skal være brukere av bygningen. Oppgraderingen legger til rette for et fleksibelt kontorbygg som vil bidra til å redusere Forsvarets behov for å leie kontorarealer i Oslo.

Det vises til proposisjonens avsnitt 2.3, om kommandoplass for Forsvarets operative hovedkvarter på Reitan.

  • Hvilke "einskilde tiltak i det eksisterande fjellanlegget" er det snakk om?

Fjellanlegget på Reitan er delt i to hoveddeler – "ny" og "gammel" del. I den nye delen vil det bli gjennomført store ombygginger for å etablere ny operasjonssentral, kontorlandskap og møterom. Flere av disse vil være rom som er klarert for omtale av høyt gradert informasjon og bruk av videokonferanseutstyr på samme graderingsnivå. I denne delen av fjellanlegget vil det videre bli etablert nye fasiliteter for servere, trimrom og brannsentral med røykdykkere. I den gamle delen vil kjøkken, spisesal, oppvask- og kontorarealer bygges om, mens eksisterende auditorium og kjeller i hovedsak er planlagt benyttet slik anlegget er i dag. I tillegg vil arealer i fjellanlegget, som tidligere var tilrettelagt for fylkesmannen, bli bygget om til kontorer og møterom for FOH. Ved behov vil fylkesmannen få tilgang til egnede lokaliteter.

Videre legges det opp til at lokalene for indre vakt vil bli bygget om slik at de blir mer egnede arealer for vaktstyrken. Arealer for driftsteknisk utstyr vil bli bygget om i nødvendig grad. I tillegg vil det gjennomføres en oppgradering og utskifting av enkelte av de tekniske anleggene.

Vi ber om en oversikt over kostnadene brutt ned på de enkeltelementer som nevnes i proposisjonen, samt eventuelle andre konkrete kostnadselementer.

Kostnadene knyttet til et EBA-prosjekt spesifiseres vanligvis i forhold til ulike byggtekniske fag, som for eksempel bygningsmessige tiltak, el-kraftinstallasjoner, VVS-installasjoner osv. Før anbud er innhentet mv., er det ikke mulig å angi presise kostnader knyttet til enkeltelementene. Vi har imidlertid, basert på plangrunnlaget, foretatt en grovfordeling av angjeldende kostnader:

  • Generell modernisering, utvidelse av kjøkken mv., oppgradering av tekniske arealer og anlegg 50-60 mill. kr

  • Ombygging av eksisterende operasjonssenter, inkludert etablering av gruppe- og møterom 55-65 mill. kr

  • Tilpasning til nye og fleksible kontorarbeidsplasser 70-80 mill. kr

Det vises til at kostnadsrammen for etableringen av kommandoplassen innenfor kapittel 1710, i proposisjonen beregnes til 209 millioner kroner. Hva er den totale beregnede kostnaden ved etableringen av FOH, fordelt på alle poster og kapitler?

Den totale kostnaden for å etablere FOH på Reitan, inkludert forslaget i St.prp. nr. 70 (2008-2009), er anslått til ca. 485 mill. kroner. Kostnadene er fordelt med ca. 345 mill. kroner på investeringer i EBA (kapittel 1710 post 47) og med ca. 140 mill. kroner på investeringer i materiell (kapittel 1760 post 45). Både EBA- og materiellinvesteringene er delt opp i flere ulike investeringsprosjekter.

I St.prp. nr. 48 (2007-2008) er investeringene knyttet til endringene ved å etablere FOH på Reitan beregnet til ca. 452 mill. kroner. Årsakene til forskjellen mellom kostnaden oppgitt i St.prp. nr. 48 (2007-2008) og den beregnede kostnaden for etablering av FOH, er bl.a. økte kostnader knyttet til utbedring av HMS-forhold, og tilrettelegging for initielle sikkerhetstiltak som følge av en fornyet risikoanalyse for FOH gjennomført av Forsvarets sikkerhetsavdeling (nå Forsvarets sikkerhetstjeneste) høsten 2008. I tillegg er det i den løsningen for kommandoplass FOH som er foreslått i proposisjonen lagt ytterligere til rette for implementering av et nytt kommandokonsept med en integrert operasjonsromsløsning. Dette gir gode operative effekter knyttet til den daglige operative virksomheten, håndtering av hendelser, episoder og kriser, og vil være en fremtidsrettet og langsiktig løsning.

Kostnadene knyttet til HMS og sikkerhet skyldes ikke alene etableringen av FOH, men ville i stor grad vært nødvendige å gjennomføre selv om FOH ikke hadde blitt besluttet opprettet på Reitan. Videre er det lagt vekt på at utformingen av kommandoplassen skal gis en kvalitet som ivaretar de operative kravene på en best mulig måte.

Det vises til proposisjonens avsnitt 2.4 om flerbrukshall på Skjold, fase 2. Hva er erfaringen med flerbrukshall fase 1 på Skjold, hvilke brukere benytter denne hallen og hvilken aktivitet foregår der?

Flerbrukshall fase 1 på Skjold benyttes av mekanisert infanteribataljon (Bn 2) og ingeniørbataljonen (INGBN). I hallene foregår generell undervisning, vedlikehold, lagring av troppsutstyr og personlig bekledning. Troppsbefalets forberedelser til undervisning mv. av soldater gjennomføres i kontordelen av hallen. Kjøretøyene vedlikeholdes og parkeres i hallene etter bruk, slik at materiellet blir stående frostfritt. Flerbrukshall fase 1 på Skjold er ferdigstilt bygningsmessig, og ble åpnet 17. februar 2009. Det er følgelig ikke høstet omfattende erfaringer fra bruken så langt.

Når det gjelder bruk av flerbrukshaller er Setermoen det stedet i Indre Troms hvor Forsvaret har lengst erfaring med bruk av slike haller. Erfaringene fra Setermoen, hvor det har vært benyttet flerbrukshaller siden 2006, er at hallene fremstår som meget funksjonelle. Det fremheves bl.a. som en stor fordel at brukerne nå har kontorer, undervisning og lager på samme sted. Tidligere var dette fordelt på tre steder. Sambruk mellom garasjering og undervisning er også meget nyttig. Det har videre fremkommet at byggene er energieffektive og har lave driftskostnader ift. å ha virksomheten spredt på flere steder.

Det vises til proposisjonens avsnitt 3.1.4 om kostnadene ved anskaffelsen av et nytt logistikkfartøy, hvor departementet skriver at man "vil vurdere behova for ei eventuell utbetring av kaifasilitetane ved Haakonsvern orlogsstasjon". Vi ber om at dette momentet utdypes, og om departementets vurdering av hvor sannsynlig behovet for en slik utbedring er, samt eventuelt hvilket omfang?

Et nytt logistikk- og støttefartøy vil være betydelig større enn dagens logistikkfartøyer KNM Tyr og KNM Valkyrien. Dette kan medføre behov for tilpasninger ved eksisterende kaianlegg ved Haakonsvern. Siden fartøyet har en del kapasiteter som dagens logistikkfartøyer ikke har, kan det også være behov for andre kaifasiliteter ved hjemmebasen på Haakonsvern enn det som er tilgjengelig i dag, som for eksempel av- og påkjøringsrampe.

Det nye logistikkfartøyets behov for kaikapasitet vil bli vurdert i sammenheng med de totale behovene for kaifasiliteter ved Haakonsvern knyttet til Sjøforsvarets fremtidige fartøystruktur. Det er frem til 2015, utover allerede igangsatte prosjekter, planlagt satt av inntil 340 mill. kroner til utbygging og tilpasning av kaianleggene. Planlegging av enkeltprosjekter innenfor denne rammen vil bli ivaretatt gjennom departementets ordinære prosesser knyttet til investeringer innenfor eiendommer, bygg og anlegg (EBA).

Det vises til proposisjonens avsnitt 4.1 vedrørende modernisering av Hæren.

  • Vi ber om en vesentlig grundigere redegjørelse for bakgrunnen for, og eventuelle konsekvenser for Hærens struktur og operative evne, av de endringene i de prosjektene som omtales.

  • Innebærer endringene i prosjektet Oppgradering av Leopard 2 at det ikke skal gjennomføres noen oppgradering av disse stridsvognene?

Hærenes tre manøverbataljoner har i dag en meget begrenset kapasitet for å drive takstisk og teknisk stridsoppklaring for å høyne operasjonssikkerheten og gi et bedre beslutningsunderlag under operasjoner. Målsetning med prosjekt Pansret stridsoppklaringssystem er å tilføre Hærens tre manøverbataljoner (Telemark bataljon, Panserbataljon og 2. batajon) økt stridsoppklaringskapasitet i den hensikt å ha evnen til å understøtte bataljonsstridsgruppens etterretningsbehov. Behovet er i tråd med de løsninger som ligger til grunn for St.prp. nr. 48 (2007-2008).

Hærens eksisterende stormpanservogner av typen CV-90 er modne for oppgradering, herunder økt beskyttelse, digitalisering og nettverksintegrering. Samtidig er det, bl.a. av logistikkmessige hensyn, behov for å standardisere et enhetlig middelstungt panserkjøretøy som kan dekke flest mulig behov for denne typen panserkjøretøy i kamp- og støtterollen. Målsetting med prosjekt Middelstungt enhetlig panserkjøretøy er å fornye Hærens to mekaniserte bataljoner (Telemark bataljon, Panserbataljon) ved å tilføre økte kapasiteter gjennom en kombinasjon av oppgradering av eksisterende vogner samt anskaffelse av nye. Dette vil gi moderniserte og fleksibel mekaniserte bataljoner til Hæren med økt stridsevne og forbedret interoperabilitet.

Med bakgrunn i Stortingets behandling av Budsjett-innst. S. nr. 7 (2000-2001), jf. St.prp. nr. 1 (2000-2001), ble det besluttet å anskaffe brukte Leopard 2 stridsvogner fra Nederland. Prosjektet omfatter anskaffelse av 52 stridsvogner av typen Leopard 2 fra Nederland. Vognene har bedre ytelse med hensyn til beskyttelse og ildkraft enn Leopard 1-stridsvognene Hæren hittil har disponert, og skal erstatte et tilsvarende antall eldre vogner av denne typen. Vognene er levert, og har vært under innfasing fra 2003.

Stridsvognene skal benyttes av de mekaniserte manøverbataljonene (Panserbataljonen og Telemark bataljon), i tråd med strukturforutsetningene beskrevet i St.prp. nr. 48 (2007-2008). For å forlenge levetiden på stridsvognene planlegges en begrenset oppdatering for å holde kapasiteten Leopard 2 operativ. Dette innbefatter en minimumslevetidsforlengelse til en kostnad på inntil 150 mill. kroner, og omfatter en utskifting av enkelte kritiske komponenter og reservedeler.

  • Hva innebærer i praksis utsagnet "Ut frå omsynet til Staten sine kommersielle interesser, vil regjeringa difor fyrst gjennomføre kontraktsforhandlingar, for deretter å leggje fram eit forslag til Stortinget om godkjenning av omfang og kostnadsramme etter at forhandlingane er avslutta."? Hva er status for kontraktsforhandlingene for MEP-prosjektet?

Prosjektene "Middelstungt, enhetlig panserkjøretøy" og "Pansret stridsoppklarings-system" er omfattende og kompliserte prosjekter, der den anbefalte løsningen innebærer at hoveddelen av prosjektene omfatter en ombygging av våre eksisterende stormpanservogner av type CV-90, samt en begrenset nyanskaffelse av samme type vogn.

Forsvarsdepartementet har i arbeidet med prosjektet vurdert mulighetene for å gjennomføre en anbudskonkurranse for ombyggingen/leveransene. I lys av at CV-90-vognene er produsert av den svenske bedriften Hägglunds, som også har rettighetene til og ansvaret for bl.a. teknisk dokumentasjon og spesifikasjoner, står man i praksis i en eneleverandørsituasjon. På denne bakgrunn har departementet derfor vurdert det som hensiktsmessig å innlede kontraktsforhandlinger før Stortinget inviteres til å ta stilling til prosjektets omfang og økonomiske rammer.

Forsvarsdepartementet vil legge til at en lignende fremgangsmåte ble benyttet ifm. anskaffelsen av Skjold-klasse missiltorpedobåter i 2003, jf. St.prp. nr. 82 (2002-2003). Da stod Forsvaret også overfor en eneleverandørsituasjon, og anskaffelseskontrakten ble forhandlet ferdig før prosjektet ble fremlagt for Stortinget til godkjenning.

Forsvarsdepartementet ga ultimo mai d.å. Forsvarets logistikk-organisasjon i oppdrag å starte kontraktsforhandlinger snarest. Det er forventet at forhandlingene vil pågå et stykke ut i 2010.

  • Hvorfor legger Regjeringen først nå frem eneleverandørsituasjonen som et relevant poeng, denne situasjonen må jo ha vært kjent gjennom hele prosjektet?

Prosjektdokumentasjonen for prosjektene "Middelstungt, enhetlig panserkjøretøy" og "Pansret stridsoppklarings-system" har blitt utarbeidet over en periode på ca. 3 år. Forsvarsdepartementet har fra prosjektene ble startet holdt alle anskaffelsesstrategier åpne, inkludert en nyanskaffelse av vogner fra ev. andre produsenter. I løpet av andre halvår 2008/primo 2009 ble det gjennom de detaljerte kostnadsberegninger klarlagt at den mest hensiktmessige anskaffelsesstrategien ville være å bygge om de eksisterende vognene og nyanskaffe et mindre antall av samme type.

Oslo, i forsvarskomiteen, den 15. juni 2009

Jan Petersen

Per Roar Bredvold

leder

ordfører