Innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2008 m.m. under Fiskeri- og kystdepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 90 (2008–2009)
- Kildedok: St.prp. nr. 17 (2008–2009), kap. 1070, kap. 4062 og sak 2
- Dato: 04.12.2008
- Utgiver: transport- og kommunikasjonskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Som følgje av auka kostnader knytt til flytransport, auka oljeprisar til drift av straumaggregat og nødvendige oppgraderingar av Loran-C, vert samla kostnader til drift av samfunnet Jan Mayen og Loran-C rekna til å verta omlag 2 mill. kroner høgare enn løyvinga. Det vert det fremma forslag om at kap. 1070 post 1 Driftsutgifter skal aukast med 2 mill. kroner i 2008.
Som følgje av lønskompensasjonen for 2008 vert det fremma forslag om at løyvinga på kap. 4062 post 1 skal aukast med 17,8 mill. kroner i 2008.
Det vert orientert om at Kystverkets ekstraordinære kostnader til vurdering av korleis vraket etter "Murmansk" skal handterast, er rekna til 2,5 mill. kroner.
I samband med Revidert budsjett 2008 vart det løyvd til saman 49 mill. kroner på kap. 1062 post 21 for å dekkje resterande kostnader på 24 mill. kroner knytt til tømminga av "Nordvard" og for å dekkje venta kostnader til tømminga av olje frå vraket "Welheim" på 25 mill. kroner. Etter ein tilbodsrunde har det vore nødvendig å auke overslaget over kostnader til tømminga av "Welheim" med 7,5 mill. kroner, til 32,5 mill. kroner. For å dekkje dei venta meirkostnadene på 7,5 mill. kroner er det gjort følgjande omdisponeringar innanfor løyvinga på kap. 1062 post 21:
3,5 mill. kroner i unytta midlar frå Server-aksjonen som er omdisponert til tømminga av "Welheim".
Kostnadene knytt til tømminga av "Nordvard" vart 2 mill. kroner lågare enn rekna, og desse unytta midlane er omdisponerte til tømminga av "Welheim".
Resterande meirkostnader på 2 mill. kroner er dekte inn ved at Finansdepartementet innanfor sine fullmakter har gitt samtykke til å overskride kap. 1062 post 21 med inntil 2 mill. kroner i 2008.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Karita Bekkemellem, Eirin Faldet, Irene Johansen, Torstein Rudihagen, Tor-Arne Strøm og Truls Wickholm, frå Framstegspartiet, Bård Hoksrud, leiaren Per Sandberg og Arne Sortevik, frå Høgre, Øyvind Halleraker og Trond Helleland, frå Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland, frå Kristeleg Folkeparti, Jan Sahl, frå Senterpartiet, Jenny Klinge, og frå Venstre, Borghild Tenden, viser til dei sakene som er tekne opp i proposisjonen.
Komiteen har elles ingen merknader og støttar Regjeringa sine forslag.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2008 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål | Kroner |
Utgifter | |||
1070 | Loran-C | ||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 2 000 000 | |
frå kr 29 450 000 til kr 31 450 000 |
Inntekter | |||
4062 | Kystverket | ||
1 | Gebyrinntekter, blir auka med | 17 800 000 | |
frå kr 629 763 000 til kr 647 563 000 |
Oslo, i transport- og kommunikasjonskomiteen, den 4. desember 2008
Per Sandberg |
Jan Sahl |
leiar |
ordførar |