Innstilling fra finanskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar
Dette dokument
- Innst. S. nr. 121 (2007-2008)
- Kildedok: St.prp. nr. 8 (2007-2008)
- Dato: 31.01.2008
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
EØS-komiteen vedtok 6. juli 2007 å endre vedlegg IX til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar.
Ettersom gjennomføringa av forordninga i norsk rett krev lovendring, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om etterfølgjande samtykke til godkjenning frå Stortinget i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.
Avgjerda i EØS-komiteen og forordning 1781/2006 i uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Forordninga krev at opplysningar om betalaren (avsendaren) skal følgje pengeoverføringar som vert formidla av betalingsformidlarar som er etablerte i EØS-området. Normalt finn betalingsformidling stad gjennom minst to åtskilde formidlarar - éin som representerer betalaren og éin som representerer mottakaren. Krava til innhaldet i opplysningane er avhengig av om éin av eller begge desse held til i EØS-området.
Forordninga gjev formidlaren til betalaren pålegg om opplysningsplikt. Dersom berre éin av betalingsformidlarane er etablert i EØS-området, skal pengeoverføringa vere vedlagd fullstendig informasjon om betalaren. Etter forordninga vil dette seie opplysningar om namnet, adressa og kontonummeret til betalaren. Adressa kan bytast ut anten med fødselsdag og -stad, personnummer eller kundeidentifikasjonsnummer. Før overføringa vert gjennomførd, skal formidlaren kontrollere at opplysningane stemmer på grunnlag av informasjon som er skaffa fram frå ei truverdig og uavhengig kjelde. Men når det gjeld overføringar til mottakarar utanfor EØS-området som ikkje er på meir enn 1 000 euro, kan formidlaren sjølv avgjere om og i kor stor grad ein slik kontroll skal gjennomførast, ut frå ei vurdering av om overføringa inneber nokon reell fare for kvitvasking eller terrorfinansiering.
Dersom begge betalingsformidlarane held til i EØS-området, er det tilstrekkeleg å leggje ved kontonummeret til betalaren eller annan unik identifikasjon som gjer det mogleg å spore transaksjonen tilbake til betalaren. Betalingsformidlaren til mottakaren kan likevel krevje at det vert gjeve fullstendig informasjon òg i desse tilfella. I så fall skal slike opplysningar gjevast innan tre arbeidsdagar etter at førespurnaden vart motteken.
Formidlaren til betalaren pliktar å ta vare på dei nemnde opplysningane i minst fem år etter at overføringa er gjennomførd.
Forordninga gjev formidlaren til mottakaren pålegg om kontrollplikter. Betalingsformidlaren til mottakaren er pålagd å ha effektive prosedyrar for å kunne kontrollere om det ligg føre tilstrekkelege opplysningar om betalaren. Dersom opplysningar manglar eller er ufullstendige, kan formidlaren anten avvise overføringa eller be om fullstendig informasjon. I dei sistnemnde tilfella kan han velje om pengane skal utbetalast straks, eller om dei skal haldast tilbake inntil informasjonen er motteken. Dersom det fleire gonger ikkje vert gjeve tilfredsstillande opplysningar, skal formidlaren anten avvise transaksjonen eller avbryte samarbeidstilhøvet med formidlingsmotparten, og dessutan melde frå om situasjonen til dei rette tilsynsstyresmaktene.
Formidlaren pliktar å ta vare på dei opplysningane som han har motteke om betalaren i minst fem år.
Andre formidlarar vert pålagde visse krav til å bringe opplysningar vidare. I visse tilfelle står det éin eller fleire betalingsformidlarar mellom formidlarane til betalaren og mottakaren. Desse pliktar å bringe dei opplysningane som dei får, vidare til den neste formidlaren i betalingskjeda.
Det vert lagt til grunn at gjennomføringa av forordninga vil føre til ein viss auke i kostnader for dei finansinstitusjonane som formidlar pengeoverføringar som er knytte til tilpassing av system og innhenting og registrering av opplysningar. Det er ikkje venta at gjennomføringa av forordninga skal føre til omfattande meirkostnader for det offentlege.
Føremålet med forordninga er å gjere det vanskelegare å kvitvaske pengar og finansiere terrorverksemd ved å gjere det lettare å spore betalingstransaksjonar gjennom dei krava som vert stilte til opplysningar om betalaren som skal følgje pengeoverføringar gjennom heile betalingskjeda. Krava etter forordninga oppfyller spesialtilråding VII om tiltak mot terrorfinansiering, som er gjeven av det internasjonale samarbeidsorganet mot kvitvasking og terrorfinansiering, Financial Action Task Force (FATF), der òg Noreg tek del.
Finansdepartementet rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring i vedlegg IX til EØS-avtala om innlemming av europaparlaments- og rådsforordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysningar om betalaren som skal følgje med pengeoverføringar.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Marianne Aasen Agdestein, Alf E. Jakobsen, Rolf Terje Klungland, Torgeir Micaelsen, lederen Reidar Sandal og Eirin Kristin Sund, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, Ulf Leirstein, Jørund Rytman og Christian Tybring-Gjedde, fra Høyre, Svein Flåtten, Linda C. Hofstad Helleland og Jan Tore Sanner, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og Heikki Holmås, fra Kristelig Folkeparti, Hans Olav Syversen, fra Senterpartiet, Per Olaf Lundteigen, og fra Venstre, Lars Sponheim, viser til at EØS-komiteens beslutning nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysninger om betaleren som skal følge med pengeoverføringer, krever samtykke fra Stortinget på grunnlag av Grunnloven § 26 annet ledd, jf. EØS-avtalen art. 103. Komiteen har forelagt innstillingsutkastet for utenrikskomiteen, som i brev av 30. januar 2008 opplyste at den ikke har merknader til utkast til innstilling.
Komiteen slutter seg til Regjeringens forslag.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gir samtykke til godkjenning av beslutning i EØS-komiteen nr. 87/2007 av 6. juli 2007 om innlemming i EØS-avtalen av forordning (EF) nr. 1781/2006 av 15. november 2006 om opplysninger om betaleren som skal følge med pengeoverføringer.
Oslo, i finanskomiteen, den 31. januar 2008
Reidar Sandal |
Alf E. Jakobsen |
leder |
ordfører |