Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå energi- og miljøkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2007 m.m. under Olje- og energidepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Olje- og energidepartementet (OED) legg i proposisjonen fram forslag til endringar i statsbudsjettet for 2007. Departementet ber om samtykkje til at OED kan godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar for å innlemme Tampen Link i Gassled, og gjer vidare greie for bruk av fullmakt under Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda (SDØE).

Samla blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 1800 post 21 Spesielle driftsutgifter, med 9,4 mill. kroner, frå 37,1 til 46,5 mill. kroner.

Løyvinga for 2007 blir foreslått kan overskridast mot tilsvarande meirinntekter under kap. 4800 post 3 Oppdrags- og samarbeidsverksemd, jf. Forslag til vedtak II.

OED sin del av utgiftene omfattar finansielle og juridiske tenester til økonomisk analyse og vurderingar i arbeidet med samanslåinga. Desse utgiftene vart på 8,9 mill. kroner. Det vart gitt samtykke til overskriding ved kgl. resolusjon av 14. februar 2007 til dekning av fagleg bistand.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner knytt til handsaminga og oppfølginga av søknader om utvinningsløyver. Utgiftsauken blir motsvara av ein tilsvarande inntektsauke under kap. 4810 post 1 Gebyrinntekter.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 174,65 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga knytt til Oljedirektoratet si oppdrags- og samarbeidsverksemd med 28,6 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 157,3 mill. kroner.

Løyvinga knytt til NVE si oppdrags- og samarbeidsverksemd blir foreslått redusert med 5 mill. kroner. Utgiftsreduksjonen blir motsvara av ein tilsvarande inntektsreduksjon under kap. 4820 post 2 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 50,6 mill. kroner.

Løyvinga knytt til sikringstiltak i vassdrag blir foreslått auka med 15 mill. kroner. Det er tatt omsyn til aukinga i budsjettforslaget for 2008.

Det blir foreslått ei løyving på 2,9 mill. kroner til tilbakebetaling av for mykje innbetalte konsesjonsavgifter knytt til reguleringa av Aursunden.

Overslaget for kap. 2490 post 24.1 Driftsinntekter blir auka med 1,5 mill. kroner, frå 54 til 55,5 mill. kroner. Vidare blir overslaget for kap. 2490 post 24.2 Driftsutgifter auka med 1,5 mill. kroner, frå 47,8 til 49,3 mill. kroner.

Ovannemnde endringar i underpostar inneber inga endring i det stipulerte driftsresultatet for NVE Anlegg under kap. 2490 post 24, i høve til gjeldande løyving for 2007.

Forslag til nye løyvingar er basert på ein oppdatert prognose for 2007 frå Petoro AS, basert på rekneskapsføring pr. 31. august 2007 og overslag for resten av året. Det er mellom anna stor uvisse knytt til utviklinga i oljeprisen.

Foreslåtte endringar fører til at kap. 5440 post 24 Driftsresultat aukar netto med 4 700 mill. kroner, frå 102 800 til 107 500 mill. kroner.

Kap. 5440 post 50 Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond er budsjettert til 1 700 mill. kroner.

Endringane medfører samla sett at netto kontantstraum frå SDØE blir auka med 6 900 mill. kroner i høve til revidert budsjett, frå 103 499 til 110 399 mill. kroner.

Det blir foreslått ei løyving på 4,6 mill. kroner for 2007.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 2 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007. Ny løyving blir etter dette på 1 052 mill. kroner.

Det budsjetterast med 0,5 mill. kroner i inntekter knytt til OED sin samarbeidsavtale med NORAD om rådgiving innan petroleumsrelatert utviklingssamarbeid, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1800 post 21.

Løyvinga blir foreslått redusert med 0,13 mill. kroner, frå 0,91 til 0,78 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,7 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810 post 1.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 14,7 mill. kroner.

Det blir foreslått å auke løyvinga med 28,6 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande auke under kap. 1810 post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 63,6 mill. kroner.

Dei totale inntektene frå tilbakekjøp i samband med aksjesalet vart på 2 441,9 mill. kroner. I St.prp. nr. 69 (2006-2007) er inntektene frå salet estimert til 2 434 mill. kroner. Differansen mellom dette overslaget og faktiske inntekter kjem av endring i renta. Det blir foreslått å auke løyvinga med 7,9 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007.

Det blir foreslått å redusere løyvinga med 5 mill. kroner i høve til gjeldande løyving for 2007, jf. omtale og tilsvarande reduksjon under kap. 1820 post 21.

Nytt forslag til løyving blir etter dette 38,6 mill. kroner.

Det blir foreslått eit uttak på 157,4 mill. kroner frå Konsesjonsavgiftsfondet i 2007, ei auke på 2,9 mill. kroner i høve til gjeldande løyving, jf. omtale og auke under kap. 1820 ny post 25.

Løyvinga blir foreslått auka med 0,5 mill kroner, frå 151,5 til 152 mill. kroner.

Innlemminga av Tampen Link i Gassled vil vere ei vidareutvikling av det heilskaplege eigarskapet i tråd med formålet bak etableringa av Gassled, jf. St.prp. nr. 21 og Innst. S. nr. 89 (2002-2003). Petoro AS ivaretar interessene til SDØE i forhandlingane og underteiknar aktuelle avtalar i eigenskap av rettshavar. Det bes om at OED får fullmakt til å godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar for å innlemme Tampen Link i Gassled, jf. Forslag til vedtak III.

I samband med den årlege handsaminga av statsbudsjettet gjev Stortinget fullmakter til Kongen i statsråd og Olje- og energidepartementet, jf. St.prp. nr. 1 og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2006-2007).

Olje- og energidepartementet gjer i proposisjonen greie for bruken av fullmaktene i 2007 for Fullmakt IX - Utbyggingsprosjekter på norsk kontinentalsokkel.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Svein Gjelseth, Marianne Marthinsen, Ann-Kristin Engstad, Tore Nordtun, Torny Pedersen og Terje Aasland, fra Fremskrittspartiet, Torbjørn Andersen, Tord Lien og Ketil Solvik-Olsen, fra Høyre, Børge Brende og Ivar Kristiansen, fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, fra Kristelig Folkeparti, Line Henriette Holten Hjemdal, fra Senterpartiet, Erling Sande og fra Venstre, lederen Gunnar Kvassheim, viser til de foreslåtte endringene på statsbudsjettet for 2007, som fremgår av proposisjonen.

Komiteen har merket seg omtalen av innlemming av Tampen Link i Gassled og av bruken av fullmaktene under petroleumsvirksomheten og SDØE.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I statsbudsjettet for 2007 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

1800

Olje- og energidepartementet

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir auka med

9 400 000

frå kr 37 100 000 til kr 46 500 000

1810

Oljedirektoratet

1

Driftsutgifter, blir auka med

5 700 000

frå kr 168 950 000 til kr 174 650 000

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir auka med

28 600 000

frå kr 128 700 000 til kr 157 300 000

1820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

21

Spesielle driftsutgifter, kan overførast,blir redusert med

5 000 000

frå kr 55 600 000 til kr 50 600 000

22

Sikrings- og miljøtiltak i vassdrag, kan overførast,blir auka med

15 000 000

frå kr 93 500 000 til kr 108 500 000

(ny) 25

Tilbakebetaling av konsesjonsavgifter, blir løyvd med

2 900 000

2442

Disponering av innretningar på kontinentalsokkelen

(ny) 70

Tilskot, overslagsløyving,blir løyvd med

4 600 000

2490

NVE Anlegg

24

Driftsresultat

0

Driftsinntekter

-55 500 000

Driftsutgifter

49 300 000

Avskrivingar

5 200 000

Renter av statens kapital

1 000 000

0

Inntekter

4800

Olje- og energidepartementet

2

Ymse inntekter, blir auka med

2 000 000

frå kr 1 050 000 000 til kr 1 052 000 000

(ny) 3

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir løyvd med

500 000

70

Garantiprovisjon, Gassco, blir redusert med

130 000

frå kr 910 000 til kr 780 000

4810

Oljedirektoratet

1

Gebyrinntekter, blir auka med

5 700 000

frå kr 9 000 000 til kr 14 700 000

2

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir auka med

28 600 000

frå kr 35 000 000 til kr 63 600 000

4811

Statoil ASA

96

Sal av aksjar, blir auka med

7 900 000

frå kr 2 434 000 000 til kr 2 441 900 000

4820

Noregs vassdrags- og energidirektorat

2

Oppdrags- og samarbeidsverksemd, blir redusert med

5 000 000

frå kr 43 600 000 til kr 38 600 000

4829

Konsesjonsavgiftsfondet

50

Overføring frå fondet, blir auka med

2 900 000

frå kr 154 500 000 til kr 157 400 000

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat, blir auka med

4 700 000 000

frå kr 102 800 000 000 til kr 107 500 000 000

Spesifikasjon:

Driftsinntekter

162 800 000 000

Driftsutgifter

-30 900 000 000

Leite- og feltutviklingsutgifter

-1 900 000 000

Avskrivingar

-15 600 000 000

Renter av statens kapital

-6 900 000 000

107 500 000 000

30

Avskrivingar, blir auka med

500 000 000

frå kr 15 100 000 000 til kr 15 600 000 000

(ny) 50

Overføring frå Statens petroleumsforsikringsfond, blir løyvd med

1 700 000 000

5680

Innskuddskapital i Statnett SF

85

Utbytte, blir auka med

500 000

frå kr 151 500 000 til kr 152 000 000

II

Meirinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at løyvinga under kap. 1800 Olje- og energidepartementet, post 21 Spesielle driftsutgifter, kan overskridast mot tilsvarande meirinntekt under kap. 4800 Olje- og energidepartementet, post 3 Oppdrags- og samarbeidsverksemd.

III

Fullmakt til innlemming av Tampen Link i Gassled

Stortinget samtykkjer i at Olje- og energidepartementet kan godkjenne og gjennomføre naudsynte transaksjonar ved overdraging av SDØE-delar for å innlemme røyrleidningar og transportrelaterte anlegg i Tampen Link i Gassled.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 11. desember 2007

Gunnar Kvassheim

leder og ordfører