Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004
Dette dokument
- Innst. S. nr. 269 (2004-2005)
- Kildedok: St.meld. nr. 3 (2004-2005)
- Dato: 10.06.2005
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap, som syner staten sine eigedelar, gjeld og eigenkapital, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter og oppgåve over aksjar.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2004 er 746,4 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er 622,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var 203,4 mrd. kroner fordelt med 222,1 mrd. kroner i inntekter og 18,7 mrd. kroner i utgifter. Nettoinntektene vart overførte til Statens petroleumsfond. Dei samla inntektene utanom petroleumsverksemda og lånetransaksjonar var på 524,3 mrd. kroner, medan utgiftene var på 603,6 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 79,2 mrd. kroner.
Ved nysalderinga av statsbudsjettet for 2004 vart det lagt til grunn eit oljekorrigert underskot på 80,7 mrd. kroner. Dette vart overført frå Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen for 2004 vert dermed gjort opp med eit overskot på 1,5 mrd. kroner. Overskotet på 1,5 mrd. kroner kjem av reduserte utgifter på 0,5 mrd. kroner og auka inntekter på 0,9 mrd. kroner i samanlikna med nysaldert budsjett 2004.
I denne meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen, syner rekneskapen for Petroleumsfondet 33,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 155,9 mrd. kroner i 2004. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 157,4 mrd. kroner i 2004. Ved utgangen av 2004 var den bokførte verdien av Statens petroleumsfond 1 011,5 mrd. kroner.
I statsbudsjettet for 2004, som vart vedteke av Stortinget hausten 2003, var det strukturelle, oljekorrigerte underskotet rekna til 50,7 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var knapt 67,8 mrd. kroner.
Endringane i statsbudsjettet som det vart gjort framlegg om i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2004, innebar at overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka med 0,3 mrd. kroner, til 68 mrd. kroner. Samstundes vart tala for dei strukturelle nivåa på skattar, avgifter, dagpengar og renter samla sett justerte ned med om lag 4 mrd. kroner. Det strukturelle, oljekorrigerte underskotet vart etter dette rekna til 55,2 mrd. kroner.
I nysaldert budsjett for 2004, som vart lagt fram 26. november 2004, vart det oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 80,7 mrd. kroner. Samanlikna med revidert budsjett, vart utgiftene utanom oljeverksemda auka med 2,2 mrd. kroner, medan inntektene vart sette ned med 10,4 mrd. kroner. Tala for skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg vart reduserte med 9,5 mrd. kroner, mykje som følgje av uventa låge etterskotsskattar.
Rekneskapstala for 2004 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 79,2 mrd. kroner, dvs. om lag 1,5 mrd. kroner lågare enn overslaget i nysaldert budsjett. Nye utrekningar basert på rekneskapstala for 2004 syner nå eit strukturelt underskot i 2004 på om lag 58,8 mrd. kroner, jf. tabell 1.1 i meldinga. Forventa avkastning av Statens petroleumsfond for 2004 er rekna til 33,9 mrd. kroner.
Samanlikna med Revidert nasjonalbudsjett 2004 er det strukturelle underskotet auka med om lag 4 mrd. kroner, i stor grad som følgje av at inntektene frå skattar og avgifter vart lågare enn tidlegare lagt til grunn. I Gul bok 2004 var overslaget for den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet 2 pst., medan overslaget i Revidert nasjonalbudsjett 2004 var 2 1/4 pst. og 2 3/4 pst. i nysalderingsproposisjonen.
Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet frå 2003 til 2004 er i rekneskapen rekna til 2 pst. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 5,2 pst.
Tabell 1.2 og 1.3 i meldinga syner hovudtala i dei formelle rekneskapa for 2003 og 2004.
Samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond auka med 24,1 mrd. kroner frå 133,3 mrd. kroner i 2003 til 157,4 mrd. kroner i 2004.
Lånebehovet auka med 22,7 mrd. kroner, frå 16,3 mrd. kroner i 2003 til 39,1 mrd. kroner i 2004. Auka i lånebehovet har samanheng med at gjeldsavdraga frå 2003 til 2004 auka med 42,7 mrd. kroner. Endringa i gjeldsavdrag er knytt til forfallsstrukturen på innanlandske statslån.
Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjennom 2004, medan tabell 1.5 i meldinga syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.
I 2004 er inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 54,0 mrd. kroner, frå 698,1 mrd. kroner i saldert budsjett til 752,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar auka med 2,2 mrd. kroner, frå 622,4 mrd. kroner i saldert budsjett til 624,6 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.
Nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 80,7 mrd. kroner, som var 13,0 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene, utan inntekter frå petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 523,3 mrd. kroner, som er 10,2 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at skatte- og avgiftsinntektene vart redusert med 8,8 mrd. kroner, og renteinntektene vart redusert med 2,6 mrd. kroner. Andre inntekter auka med 1,1 mrd. kroner netto. Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lånetransaksjonar, vart samla sett 604,1 mrd. kroner i nysaldert budsjett, som er ein auke på 2,8 mrd. kroner frå saldert budsjett. Bak dette talet ligg mange auka utgiftsløyvingar og reduserte utgiftsløyvingar av ulik storleik. Mellom anna auka rammetilskotet til kommunane og fylkeskommunane med 2,2 mrd. kroner frå saldert til nysaldert budsjett.
Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett auka inntektene frå petroleumsverksemda med 64,2 mrd. kroner, medan utgiftene til petroleumsverksemda vart redusert med 0,6 mrd. kroner. Netto inntekter frå petroleumsverksemda auka dermed med 64,8 mrd. kroner, frå 143,5 mrd. kroner til 208,3 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 13,0 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 13,0 mrd. kroner, frå 67,8 mrd. kroner i saldert budsjett til 80,7 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond auka med 4,5 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei betring av balansen for Petroleumsfondet på 56,3 mrd. kroner.
Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2004 er gjeve i St.prp. nr. 31 (2004-2005) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004 og Innst. S. nr. 75 (2004-2005) fra finanskomiteen om ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 2004.
Det er under punkt 1.4 i meldinga gitt eit oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2004 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.
I kapittel 2 i meldinga er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare omtale av områda til dei einskilde departementa, samt utgiftene under folketrygda. I kapittel 4 er finanspostar og kapitalrekneskapen omtala, medan det i kapittel 5 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Morten Lund, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden for 2004, og at det i meldingen dessuten er gitt en orientering av resultatregnskapet for Petroleumsfondet for 2004. Komiteen tar meldingen til orientering. Komiteen viser til at dokument fra Riksrevisjonen vil behandle konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsregnskapet for 2004.
Komiteen viser til brev fra Stortingets presidentskap av 19. mai 2005 hvor komiteen ble anmodet om å avgi uttalelse til en utredning om endret behandlingsmåte for statsregnskapet. Utredningen er foretatt av en arbeidsgruppe oppnevnt av Stortingets presidentskap 13. april 2005. Arbeidsgruppen konkluderer med at gode grunner taler for å videreføre dagens ordning for Stortingets behandling av St.meld. nr. 3 (2004-2005). Komiteen er enig i dette.
Komiteen viser til at det på en rekke områder, både på inntekts- og utgiftssiden, normalt er til dels betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet, men registrerer at det samlede avviket for 2004 er svært lite.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti, Senterpartiet og Kystpartiet fastholder likevel at budsjettpolitikken ikke er godt egnet til å jevne ut svingninger i økonomien, eller detalj- eller finstyre den. Regjeringens frykt for mindre justeringer i statsbudsjettets utgifts- og inntektsside er betydelig overdrevet, den økonomiske handlefriheten er betydelig større enn det Regjeringen hevder under budsjettbehandlingen. Dette kommer særlig til syne ved Statens petroleumsfond, som fikk tilført betydelig større beløp enn forutsatt i statsbudsjettet.
Disse medlemmer konstaterer også at man siden handlingsregelen ble innført i 2001, har lagt seg til en ny tolkning av den, nemlig at riktig bruk av oljepenger i norsk økonomi, er den regjeringen til enhver tid finner forsvarlig. Siden 2001 har det vært brukt 65 mrd. kroner mer enn handlingsregelen skulle tilsi.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet er enig at det er mer enn forsvarlig å bruke mer penger enn handlingsregelen tilsier, men mener at man bør avvikle handlingsregelen, siden den likevel ikke blir fulgt.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at statsregnskapet viser rekordhøyt forbruk av oljepenger i 2004. Det oljekorrigerte underskuddet er på hele 79,2 mrd. kroner. Etter aktivitetskorrigeringer ble det strukturelle, oljekorrigerte underskuddet redusert til 58,8 mrd. kroner. Ifølge handlingsregelen skulle dette underskuddet tilsvare forventet realavkastning av oljefondet i 2004, 33,9 mrd. kroner. I stedet for å bruke 4 pst. av oljefondets kapital, har Norge i 2004 brukt 7 pst. av oljefondets kapital. Disse medlemmer synes det er fornuftig å tilpasse bruken av oljepenger til landets økonomiske situasjon, og støtter en fleksibel tolkning av handlingsregelen.
Disse medlemmer har merket seg at det sentrale målet for den økonomiske politikken - nivået på det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskuddet - i nasjonalbudsjettet for 2004 ble anslått til 50,7 mrd. kroner. I revidert budsjett ble dette oppjustert til 55,2 mrd. kroner. Endelig statsregnskap for 2004 viser et underskudd på 58,8 mrd. kroner - 8,1 mrd. kroner høyere enn opprinnelig vedtatt. Lærdommen av dette bør etter disse medlemmers oppfatning være at styring av finanspolitikken etter en bokstavtro tolkning av den såkalte handlingsregelen, er lite meningsfylt. I stedet bør fokus være på en aktivitetskorrigering i tråd med temperaturen i økonomien, med handlingsregelen som en veiledning i forhold til den langsiktige innfasingen av oljepenger i norsk økonomi.
Disse medlemmer har registrert at Regjeringen har lagt om sin tolkning av handlingsregelen i denne retning.
Komiteens medlem fra Senterpartiet vil videre vise til Senterpartiets merknad i Budsjett-innst. S. II (2004-2005) kapittel 5.2 om gjennomføring av budsjettpolitikken.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 3 (2004-2005) - om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2004 - legges ved protokollen.
Oslo, i finanskomiteen, den 10. juni 2005
Siv Jensen leder og ordfører |