Innstilling frå forsvarskomiteen om samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing
Dette dokument
- Innst. S. nr. 179 (2004-2005)
- Kildedok: St.prp. nr. 51 (2004-2005)
- Dato: 12.05.2005
- Utgiver: Forsvarskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing vart etablert for å styrke det europeiske samarbeidet med omsyn til å redusere risiko og skade på menneske, miljø og eigedom ved naturkatastrofar og teknologiske katastrofar. Programmet vart vedteke for perioden 2000-2004, men vart lengt til og med 2006 ved rådsvedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004.
EU evaluerer for tida arbeidet innanfor sivil katastrofevernebuing. Dette kan kome til å resultere i at eit nytt handlingsprogram på feltet vert vedteke for perioden 2007-2013. På bakgrunn av dette, og ettersom det eksisterande handlingsprogrammet gjekk ut 31. desember 2004, har EU sett det naudsynt å lengje handlingsprogrammet med to år, utan at innhaldet og intensjonane i programmet vert endra.
Noreg har teke del i EU sitt handlingsprogram for katastrofevernebuing sidan programmet vart etablert i 1998. St.prp. nr. 45 (1999-2000) stadfesta Noreg si deltaking i programmet til og med 2004. Norsk deltaking i lenginga av handlingsprogrammet fører med seg ei plikt til løyving av midlar over to år (2005 og 2006) på om lag 680 000 NOK. Stortinget sitt samtykke er difor naudsynt etter Grunnlova § 26, andre leddet.
Ettersom lenginga gjeld allereie frå 2005, er det viktig med ein så rask avgjerdsprosedyre som mogleg. For å få dette til er det lagt opp til at stortingsproposisjonen vert fremja før avgjerda vert teken i EØS-komiteen.
Utkast til avgjerd i EØS-komiteen og uoffisiell norsk omsetjing av rådsavgjerd nr. 2005/12/EF følgjer som vedlegg til proposisjonen.
Katastrofevernebuing er eit eige handlingsprogram der også EØS-EFTA-statane tek del. Føremålet med handlingsprogrammet er å styrkje det europeiske samarbeidet innanfor katastrofevernebuing, og målgruppa er institusjonar med eit eige ansvar. Det vert lagt vekt på følgjande hovudområde:
– å støtte arbeidet til medlemsstatane for å redusere risiko og skade på menneske, miljø og eigedom i tilfelle av naturkatastrofar eller teknologiske katastrofar,
– å støtte tiltak som auker katastrofevernebuingsnivået blant medlemsstatane, slik at dei har betre evne og høve til å respondere i ein krisesituasjon,
– å betre metodane og teknikkane for handtering av kriser,
– å støtte opp om offentleg informasjon, utdanning og medvitsaukande tiltak, slik at innbyggjarane i EU-området meir effektivt kan verne seg sjølve.
I samband med programmet har det vorte utarbeidd ein treårig rullerande plan for konkrete prosjekt. Eit styringsutval vedtek planen og reviderer han årleg på bakgrunn av framlegg frå deltakarstatane. I styringsutvalet er det frå norsk side representasjon frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap. Noreg har ikkje stemmerett i utvalet. Dei same styringsprinsippa vil liggje til grunn for lenginga av programmet.
Kommisjonen finansierer store delar av prosjekta og i hovudsak deltakinga til sakkunnige frå andre statar. Dette prinsippet vart innført ved handlingsprogrammet for 1998-1999, vidareført til det femårige programmet og vil også gjelde for lenginga av programmet i 2005-2006. Til no har dette prinsippet ført til at fleire norske fagstyresmakter har teke del i aktivitetar som seminar og øvingar, i tillegg til å hjelpe andre EØS-EFTA-statar med å organisere prosjekt.
For å hindre at Noreg seinkar iverksetjinga av avgjerda, og for å gjere det mogleg for EØS-EFTA-statane å ta del i programmet så tidleg som råd i lengingsperioden, ber Regjeringa om Stortinget sitt samtykke før avgjerda vert teken i EØS-komiteen. Det vil då ikkje vere naudsynt for Noreg å ta atterhald om konstitusjonelle tilhøve i avgjerda i EØS-komiteen.
Det er ikkje venta at det vil kome endringar i utkastet til avgjerda i EØS-komiteen. Dersom den endelege avgjerda ikkje i det alt vesentlege er i samsvar med det utkastet som er lagt fram i denne proposisjonen, vil saka verte lagd fram for Stortinget på nytt. Ein tek sikte på avgjerd i EØS-komiteen i løpet av våren 2005.
Med sikte på deltakinga til EØS-EFTA-statane i lenginga av EU sitt program for katastrofevernebuing vil avgjerda i EØS-komiteen innehalde ei innleiing og tre artiklar. I innleiinga vert det vist til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala, som gjer det mogleg for EØS-komiteen å endre vedlegga til avtala gjennom vedtak i EØS-komiteen.
Artikkel 1 slår fast at protokoll 31 får ei tilføying om at samarbeidet vert utvida til òg å omfatte rådsvedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004.
Artikkel 2 føreset at avgjerda tek til å gjelde dagen etter at EØS-komiteen har motteke alle meldingar i medhald av artikkel 103 nr. 1 i EØS-avtala.
Artikkel 3 slår fast at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.
Den finansielle ramma for denne toårige lenginga av programmet er på 4 millionar euro, dvs. gjennomsnittleg 2 millionar euro per år. Det er lagt opp til at EØS-EFTA-statane sitt bidrag vil utgjere 2,11 pst. av det totale budsjettet. Dette vil seie at tilskotet frå EØS-EFTA-statane vil vere på om lag 84 400 euro over to år. Med ein eurokurs på 8,5 vil dette utgjere om lag 717 400 kroner over to år. Noreg sin del (95 pst. av tilskotet frå EØS-EFTA-statane) følgjer av den vanlege fordelingsnøkkelen i EØS-avtala og vil vere på om lag 681 530 kroner, dvs. om lag 340 765 kroner per år.
Tilskotet frå Noreg vil verte finansiert over budsjettet til Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap innanfor eksisterande budsjettrammer (budsjettpost 1, kapittel 451).
Deltakinga i programmet får ingen nemnande administrative konsekvensar, og krev heller ikkje endringar i lover eller forskrifter.
Samarbeidet innanfor handlingsprogrammet skapar ein viktig arena for utveksling av sakkunnige, røynsler og informasjon om katastrofevernebuing på tvers av landegrensene. Ut frå varierande føresetnader vil ulike statar ha røynsler rundt særskilte krisescenario som er av interesse for andre statar. For Noreg er det til dømes av interesse at fleire land i Europa har handtert flaum dei siste åra, og at Danmark og Nederland har hatt røynsler med større eksplosjonar og brannar i samband med oppbevaring av fyrverkeri. Gjennom prosjekt kan sakkunnige på alle nivå ta del i internasjonalt samarbeid innanfor fagfelta sine.
Gjennom å halde fram med norsk deltaking i programmet vil ein betre kunne halde ved lag dei samarbeidsmønstra som er skipa for informasjonsutveksling, og dessutan ha eit godt høve til å skape nye. Deltaking i programmet inneber vidare at relevante fagmiljø i Noreg får høve til å utarbeide kompetansehevande aktivitetar i regi av programmet.
Målet i programmet om å medverke til å redusere risiko og skade for menneske, miljø og eigedom både på lokalt, regionalt og sentralt plan, er i tråd med dei satsingsområda for den norske katastrofevernebuinga som vart lagde fram i St.meld. nr. 39 (2003-2004) og St.meld. nr. 17 (2001-2002). Her går det mellom anna fram at dei internasjonale sidene ved samfunnstryggleiken skal verte prioriterte i tida framover. Deltaking i fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing vil såleis vere i tråd med norske interesser og ha grunnlag i nasjonale prioriteringar. Justisdepartementet tilrår difor at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, lederen Marit Nybakk og Rita Tveiten, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Marit Arnstad, har merket seg Rådsvedtak av 20. desember 2004 om endring av vedtak 1999/847/EF for å forlenge handlingsprogrammet for katastrofeberedskap til og med 2006. Videre har komiteen merket seg at saken ikke har vært til behandling i EØS-komiteen ennå.
Norsk deltakelse videre i programmet medfører en plikt til bevilgninger over to år (2005 og 2006) på om lag 680 000 NOK. Det vil bli finansiert innenfor eksisterende budsjettrammer i Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB).
Komiteen viser til at Norge har deltatt i EUs handlingsprogram for katastrofeberedskap siden programmet ble etablert i 1998. Innst. S. nr. 191 (1999-2000), jf. St.prp. nr. 45 (1999-2000), stadfestet Norges deltakelse i programmet til og med 2004.
Komiteen har merket seg at målet for programmet er å medvirke til å redusere risiko og skade for mennesker, miljø og eiendom både lokalt, regionalt og sentralt. Det er i tråd med satsingsområdene for den norske katastrofeberedskapen. Komiteen viser til behandlingen av Innst. S. nr. 9 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet - veien til et mindre sårbart samfunn, og til Innst. S. nr. 49 (2004-2005), jf. St.meld. nr. 39 (2003-2004) Samfunnssikkerhet og sivilt-militært samarbeid.
Komiteen viser til visjonen om et trygt og robust samfunn som avverger trusler og overvinner kriser, samt følgende merknad i Innst. S. nr. 49 (2004-2005):
"Komiteen vil understreke at i dagens sikkerhetspolitiske situasjon er det avgjørende for samarbeid både nasjonalt og internasjonalt å møte de nye sikkerhetsutfordringene det sivile samfunn står overfor."
Komiteen har merket seg at Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) er representert i styringsutvalget. Videre viser komiteen til at flere norske fagetater har deltatt på seminar og øvelser og i tillegg hjulpet andre EØS-EFTA-land med å organisere prosjekt.
Utkast til innstilling har vært forelagt utenrikskomiteen som i brev av 12. mai 2005 opplyser følgende:
Utenrikskomiteen viser til forsvarskomiteens utkast til innstilling datert 10. mai 2005 vedrørende St.prp. nr. 51 (2004-2005). Utenrikskomiteens medlemmer slutter seg til forsvarskomiteens innstilling og merknader til St.prp. nr. 51 (2004-2005) og har ingen ytterligere merknader.
Komiteen har ingen andre merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget gjev sitt samtykke til deltaking i ei avgjerd i EØS-komiteen om innlemming i EØS-avtala av vedtak nr. 2005/12/EF av 20. desember 2004 om endring av vedtak nr. 1999/847/EF med omsyn til lenging av fellesskapshandlingsprogrammet for katastrofevernebuing.
Oslo, i forsvarskomiteen, den 12. mai 2005
Marit Nybakk leder |
Åse Wisløff Nilssen ordførar |