Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Innhold

Til Stortinget

Skipinga av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået) - European Center for Disease Prevention and Control (ECDC) - vart formelt vedteken i EU 21. april 2004 ved europaparlaments- og rådsforordning nr. 851/2004/EF. Føremålet med det nye senteret er å auke EUs vernebuing i samband med epidemiar og smitt­same sjukdommar, anten desse er resultat av smitte som skjer naturleg, eller som følgje av tilsikta smittespreiing.

Ved avgjerd i EØS-komiteen av 8. februar 2005 vart det vedteke at smittevernbyrået under europaparlaments- og rådsvedtak nr. 851/2004/EF skal innlemmast i protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane. Ettersom norsk deltaking i verksemda til smittevernbyrået krev budsjettvedtak over fleire år, vart avgjerda i EØS-komiteen teken med atterhald om samtykke frå Stortinget, i samsvar med § 26 andre leddet i Grunnlova.

ECDC skal stå sentralt i overvakinga av smittsame sjukdommar i Europa, og skal samarbeide nært med Den europeiske styresmakten for næringsmiddeltryggleik (EFSA), Det europeiske kontoret for lækjemiddelvurdering (EMEA), Verdshelseorganisasjonen (WHO) og relevante frivillige organisasjonar. Hovudoppgåvene til byrået vil vere å identifisere, vurdere og varsle om smittsame sjukdommar og andre helsetrugsmål, både i samband med epidemiar og faresituasjonar som følgje av tilsikta smittespreiing. Målet er å gjere det enklare for dei nasjonale helsestyresmaktene å vurdere, handsame og varsle om aktuelle helsefarar ved slike høve. Det vil òg verte utarbeidd framlegg og tilrådingar for handtering av krisesituasjonar.

Budsjettet til senteret for skipingsåret 2005 er rekna ut til å vere på om lag 39,5 mill. kroner aukande til om lag 239 mill. kroner i 2007. Noregs yting vil vere om lag 790 000 kroner i 2005 og auke til om lag 2,4 mill. kroner i 2006 og om lag 4,8 mill. kroner i 2007. Senteret er omtala i St.prp. nr. 1 (2004-2005), og kostnadene som er knytte til deltaking i senteret, vert dekte over budsjettet til Helse- og omsorgsdepartementet kap. 703 Internasjonalt samarbeid, post 21. Helse- og omsorgsdepartementet vil dekkje meirutgiftene innanfor ei eiga ramme også for seinare år.

Gjennomføringa i norsk rett gjer det ikkje naudsynt med lov- eller forskriftsendringar.

Det blir understreka at utbrota av sars og fugleinfluensa har vist kor viktig det er å ha tilstrekkeleg vernebuing mot epidemiar med nye smittestoff, og at ei rekkje hendingar dei siste åra har aktualisert kravet til høg grad av vernebuing med omsyn til situasjonar med tilsikta spreiing av smittestoff. Departementet meiner det trengst ei formalisering av samarbeidet for å kunne reagere raskt, føremålstenleg og samordna ved framtidige utbrot, og at norske helsestyresmakter bør ta del i verksemda til det nye senteret.

Helse- og omsorgsdepartementet tilrår at Noreg tek del i ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hild­eng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Per Steinar Osmundnes, og fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, viser til at St.prp. nr. 45 (2004-2005) gjeld etterfølgjande godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået)

Komiteen har merka seg at føremålet med det nye senteret er å auke Europas vernebuing i samband med epidemiar og smittsame sjukdomar, og at senteret vert eit byrå av rådgjevande karakter, utan lovgjevings- eller regelverkkompetanse.

Komiteen viser til at ei rekke hendingar dei siste åra viser at samarbeidet i Europa ved utbrot av nye epidemiar treng å verte formalisert for å at ein skal kunne reagere raskt og føremålstenleg ved framtidige utbrot.

Komiteen sluttar seg til proposisjonen.

Utkast til innstilling er sendt utanrikskomiteen til uttale. I brev dagsett 13. april 2005 uttalar utanrikskomiteen at han ikkje har merknader til innstillingsutkastet.

Komiteen viser til proposisjonen og merknadene og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

Stortinget gjev sitt samtykke til godkjenning av ei avgjerd i EØS-komiteen nr. 23/2005 av 8. februar 2005 om innlemming i EØS-avtala av forordning (EF) nr. 851/2004/EF om skiping av eit europeisk senter for førebygging av og kontroll med sjukdommar (smittevernbyrået).

Oslo, i sosialkomiteen, den 19. april 2005

John I. Alvheim

leiar

Per Steinar Osmundnes

ordførar