Innstilling fra familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 2003 under Barne- og familiedepartementet
Dette dokument
- Innst. S. nr. 76 (2003-2004)
- Kildedok: St.prp. nr. 17 (2003-2004)
- Dato: 04.12.2003
- Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Sammendrag
- 1.1 Endringsforslag
- Kap. 800 Barne- og familiedepartementet
- Kap. 840 Tilskot til krisetiltak
- Kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forskning, opplysningsarbeid o.a.
- Kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
- Kap. 856 Barnehagar
- Kap. 857 Barne- og ungdomstiltak
- Kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid
- Kap. 2530 Fødselspengar og adopsjonspengar
- Kap. 3854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet
- 1.1 Endringsforslag
- 2. Komiteens merknader
- 3. Komiteens tilråding
Til Stortinget
I denne proposisjonen legg Barne- og familiedepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 2003 for:
På kap. 800 Barne- og familiedepartementet, post 1 Driftsutgifter er det eit meirbehov på 1,8 mill. kroner som kjem av at tiltak av mellombels karakter i realiteten vert utført av departementet, men vert finansiert over ulike fagkapittel. Tiltaka vert såleis dekte innanfor den samla ramma til departementet. Dette gjeld mellom anna midlar til ekstraordinært arbeid, til dømes meirarbeid i samband med oppfølging av barnehageforliket.
Departementet gjer framlegg om å auke kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 1 med 1,8 mill. kroner mot ei innsparing på kroner 0,280 mill. kroner på kap. 846 Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningsarbeid o.a. post 22 Refusjon av utgifter til DNA-analysar, 0,600 mill. kroner frå kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Utvikling og opplysningsarbeid o.a., kan nyttast under post50, 0,220 mill. kroner frå kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 73 Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast og 0,700 mill. kroner frå kap. 865 Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid post 21 Særskilde driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid.
Statstilskotet er eit øyremerkt tilskot til kommunane til drift av krisetiltak som omfattar krisesenter, incestsenter o.a. På bakgrunn av innkomne søknader frå kommunane har det vist seg at løyvinga ikkje er tilstrekkeleg til å dekkje det faktiske behovet.
Departementet gjer framlegg om at kap. 840 post 60 vert auka med 6 mill. kroner for 2003.
Sjå omtale under kap. 800 post 1.
Staten oppretter frå 1. januar 2004 Statens barnevern og familievern (SBF). SBF overtek då ansvaret for dei fylkeskommunale familievernkontora og for all fylkeskommunal barnevernverksemd. Løyvinga på kap. 854 post 21 vart i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003 auka med 25 mill. kroner. Nye anslag syner at kostnadane ved gjennomføringa av reforma er høgare enn løyvinga gitt i Revidert nasjonalbudsjett 2003.
Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 21 vert auka med 5 mill. kroner for 2003.
I prognosar per 6. oktober 2003 har fylkesmennene meldt inn eit totalt behov på 116,6 mill. kroner, medan UDI har stipulert sine utbetalingar til å verte 151,8 mill. kroner i 2003. Dette inneber at det er behov for ei tilleggsløyving i 2003 på 57,4 mill. kroner.
Departementet gjer framlegg om at kap. 854 post 64 vert auka med 57,4 mill. kroner.
Sjå omtale under kap. 800 post 1.
Løyvinga under posten for 2003 er på 7 298 314 000 kroner. Rapportering frå fylkesmennene syner eit meirbehov på 130 mill. kroner. Rapportar frå fylkesmennene om etablering av nye barnehageplassar hittil i år og venta etablering resten av året tyder på at måltalet om nye plassar til 12 000 barn (8 000 barn under tre år og 4 000 barn over tre år) vil bli nådd innan utgangen av 2003.
Kostnadene ved dei nye plassane i 2003 er høgare enn lagt til grunn tidligare.
Departementet gjer framlegg om at kap. 856 post 60 vert auka med 130 mill. kroner.
Rapportar frå fylkesmennene tyder på eit mindrebehov på om lag 150 mill. kroner. I vedteke budsjett er det lagt til grunn at alle dei nye barnehageplassane (plassar til 12 000 barn) kjem i nybygde barnehagar som også utløyser investeringstilskot. Rapporteringa frå fylkesmennene syner at ein del av dei nye plassane har kome i barnehagar som allereie er etablerte, enten som meirinntak i barnehagar som er i drift eller ved at barnehagar som har vore stengde i ein periode igjen har opna. Dessutan er det truleg etablert mange nye plassar i familiebarnehagar. Dette inneber at ein større del av dei nye barnehageplassane ikkje har utløyst byggjekostnader og dermed heller ikkje har rett til investeringstilskot.
Departementet gjer framlegg om at kap. 856 post 61 vert redusert med 150 mill. kroner.
Sjå omtale under kap. 800 post 1.
Sjå omtale under kap. 800 post 1.
Løyvinga under posten er på 8 406 mill. kroner. Utgiftene til fødselspengar er rekna til 8 300 mill. kroner, eit mindrebehov på 106 mill. kroner.
Løyvinga byggjer på at 55 968 barn under eit år mottek gjennomsnittleg 150 190 kroner i fødselspengar i 2003. I det nye overslaget er det lagt til grunn eit noko høgare barnetal, 56 250, og noko lågare gjennomsnittleg utbetaling, 147 556 kroner.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 70 vert redusert med 106 mill. kroner.
Løyvinga under posten er på 399 mill. kroner. Utgiftene til eingongsstønad er rekna til 423 mill. kroner, eit meirbehov på 24 mill. kroner.
Tal ved utgangen av tredje kvartal tyder på at 2 196 fleire personar med eingongsstønad enn lagt til grunn for løyvinga har rett til eingangsstønad. Dette skuldast ein auke i fødselstalet frå 2002 til 2003, jf. post 70, og auka arbeidsløyse.
Gjennomsnittleg utbetaling synest derimot å bli noko lågare enn forutsett, som fylgje av redusert utbetaling av eingongsstønad i tilfelle der det og blir utbetalt fødselspengar, dvs. i tilfelle der fødselspengeutbetalinga er lågere enn beløpet for eingongsstønad.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 71 vert auka med 24 mill. kroner.
Løyvinga under posten er på 240 mill. kroner. Utgiftene til feriepengar er rekna til 233 mill. kroner, eit mindrebehov på 7 mill. kroner, som fylgje av reduserte utgifter under post 70.
Departementet gjer framlegg om at kap. 2530 post 72 vert redusert med 7 mill. kroner.
Visse innanlandske utgifter knytte til mottak av asylsøkarar og flyktningar kan i henhold til OECD/DACs (Development Assistance Committee) statistikkdirektiver godkjennast som offisiell utviklingshjelp. Departementet foreslår difor at 5 mill. kroner av dei auka utgiftene på kap. 854 post 64 Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkarar blir rapportert inn som utviklingshjelp. I den samband inntektsføres tilsvarande beløp på kap. 3854 post 04 Refusjon av ODA-godkjende midlar.
Departementet gjer framlegg om at kap. 3854 post 4 vert auka med 5 mill. kroner.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Eirin Faldet, Trond Giske og Torny Pedersen, fra Høyre, Afshan Rafiq, lederen Sonja Irene Sjøli og Olemic Thommessen, fra Fremskrittspartiet, Ulf Erik Knudsen og Karin S. Woldseth, fra Sosialistisk Venstreparti, Magnar Lund Bergo og May Hansen, fra Kristelig Folkeparti, Dagrun Eriksen og Ola T. Lånke, og fra Senterpartiet, Eli Sollied Øveraas, viser til at behovet for bevilgningsendringer skyldes påløpte merbehov og mindrebehov på de angitte kapitlene. Komiteen støtter forslagene i proposisjonen.
Komiteen har ellers ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål: | Kroner |
Utgifter: | |||
800 | Barne- og familiedepartementet (jf.kap. 3800) | ||
1 | Driftsutgifter, vert auka med | 1 800 000 | |
frå kr 80 737 000 til kr 82 537 000 | |||
840 | Tilskot til krisetiltak | ||
60 | Tilskot til kommunar til krisetiltak, overslagsløyving, vert auka med | 6 000 000 | |
frå kr 61 444 000 til kr 67 444 000 | |||
846 | Familie- og likestillingspolitisk forsking, opplysningsarbeid m.v. | ||
22 | Refusjon av utgifter til DNA-analyser, vert redusert med | 280 000 | |
frå kr 4 553 000 til kr 4 273 000 | |||
854 | Tiltak i barne - og ungdomsvernet (jf. kap. 3854) | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, vert auka med | 5 000 000 | |
frå 50 506 000 til kr 55 506 000 | |||
64 | Tilskot for einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, | ||
overslagsløyving, vert auka med | 57 400 000 | ||
frå kr 211 038 000 til kr 268 438 000 | |||
71 | Utvikling og opplysningsarbeid m.v., kan nyttast under post 50, | ||
vert redusert med | 600 000 | ||
frå kr 20 416 000 til kr 19 816 000 | |||
856 | Barnehagar | ||
60 | Driftstilskot til barnehagar, overslagsløyving, kan nyttast under kap. | ||
844 post 60,vert auka med | 130 000 000 | ||
frå kr 7 298 314 000 til kr 7 428 314 000 | |||
61 | Investeringstilskot, overslagsløyving,vert redusert med | 150 000 000 | |
frå kr 473 000 000 til kr 323 000 000 | |||
857 | Barne- og ungdomstiltak | ||
73 | Ungdomstiltak i større bysamfunn, kan overførast, vert redusert med | 220 000 | |
frå kr 19 734 000 til kr 19 514 000 | |||
865 | Forbrukarpolitiske tiltak og internasjonalt samarbeid | ||
21 | Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings- og opplysningsarbeid, | ||
vert redusert med | 700 000 | ||
frå kr 10 229 000 til kr 9 529 000 | |||
2530 | Fødselspengar og adopsjonspengar | ||
70 | Fødselspengar til yrkesaktive, overslagsløyving,vert redusert med | 106 000 000 | |
frå kr 8 406 005 000 til kr 8 300 005 000 | |||
71 | Eingangsstønad ved fødsel og adopsjon, overslagsløyving,vert auka med | 24 000 000 | |
frå kr 398 720 000 til kr 422 720 000 | |||
72 | Feriepengar av fødselspengar til arbeidstakarar, overslagsløyving, | ||
vert redusert med | 7 000 000 | ||
frå kr 239 955 000 til kr 232 955 000 | |||
Inntekter: | |||
3854 | Tiltak i barne- og ungdomsvernet (jf. kap. 854) | ||
4 | Refusjon av ODA-godkjende midlar, vert auka med | 5 000 000 | |
frå kr 20 000 000 til kr 25 000 000 |
Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 4. desember 2003
Sonja Irene Sjøli leder |
Afshan Rafiq ordfører |