Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra energi- og miljøkomiteen om tariffar for overføring av kraft og tovegskommunikasjon

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Det vert i denne meldinga lagt til grunn at hovudprinsippa for tariffering framleis står ved lag, jf. St.prp. nr.1 (2002-2003) og Budsjett-innst. S. nr. 9 (2002-2003). Hovudprinsippet er at tariffane skal utformast slik at dei i størst mogleg grad gir signal om effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet.

I meldinga er det fokus på fordelingsmessige omsyn gjennom utjamning av skilnadar i tariffen mellom ulike distribusjonsnettselskap, samt at tariffen vert vurdert ut frå krav om å vere enkel og robust mot forandringar.

Det er i meldinga gjort greie for tariffskilnadar og -ut­jamning. Etter departementet si vurdering er prinsippet om at tariffane skal utformast slik at dei motiverer til effektiv utnytting og utvikling av nettet viktig for ei effektiv kraftforsyning. Forskriftene legg difor opp til eit energiledd som reflekterar belastninga på nettet, dvs. verdien av marginale nettap som følgje av endra overført mengde energi. Formålet er mellom anna at dei ­lokale nettforholda skal gjenspeglast i tariffen.

For å nå effektivitetsmålsetjinga er det i dag krav om punktvise energiledd for både innmating og uttak i sentral- og regionalnettet, medan det i distribusjonsnettet berre er krav om punktvise energiledd for innmating. For uttak vert det i distribusjonsnettet nytta områdevise energiledd, dvs. at alle forbrukarar i eit nettområde betalar same energiledd sjølv om det marginale tapet kan vere forskjellige i dei ulike tilknytingspunkta.

I tillegg til energileddet består tariffen av eitt eller to andre ledd. Desse ledda skal i prinsippet dekkje netteigar sine nettkostnadar som ikkje skuldast marginale tap, og vert difor ofte kalla residuale ledd eller restledd. Dei residuale ledda bør fastsetjast mest mogleg nøytralt, dvs. på ein måte som ikkje påverkar produksjon eller forbruk av kraft. I prinsippet kan difor kostnadane dei residuale ledda skal dekkje finansierast gjennom offentlege budsjett.

I distribusjonsnettet vert desse prinsippa ikkje følgd fullt ut i praksis. Reguleringa opnar her for at nettselskapa kan setje energileddet for uttak, for forbrukarar utan effektmåling, høgare enn dei reelle tapskostnadane. Energileddet medverkar på denne måten til å dekkje deler av dei andre kostnadane i nettet, og dette fører igjen til at fastleddet vert lågare enn det prinsipielt sett burde vore.

Etter departementet si vurdering bør ei utjamningsordning først og fremst rettast inn mot å redusere skilnadar i dei residuale ledda. Tariffskilnadar som for eksempel skuldast skilnadar i marginale tap bør derimot ikkje utjamnast. Dette for å behalde dei signala som tariffen skal gi til brukarane av nettet.

Det vert i meldinga foreslått to ulike modellar for finansiering av tariffutjamning; finansiering over statsbudsjettet og innføring av ei sjølvfinansierande ordning. Når det gjeld nivået på ei utjamningsordning vert det vist til at ei ordning på over 20 til 30 mill. kroner årleg har ein svært avtakande verknad, og at tilskot utover 50 til 60 mill. kroner årleg først og fremst fører til at fleire kundar vert omfatta, men at verknaden for den enkelte kunde vert liten.

Uavhengig av finansieringsform eller nivå på tilskotsordninga vert det anbefalt at tilskot vert tildelt etter same kriterium som den utjamningsordninga ein har i dag, og som vert finansiert over statsbudsjettet. Dagens ordning sikrar både at dei grunnleggjande prinsippa for tariffering og incentiva til kostnadseffektivisering i stor grad vert ført vidare.

Departementet viser til at høyringsinstansane generelt er positive til den gjeldande utjamningsordninga. Etter departementet si vurdering fungerer ordninga bra og etter intensjonane. Vidare er ordninga treffsikker og enkel å administrere. Departementet meiner difor at ein bør vurdere å leggje hovudprinsippa i denne ordninga til grunn for tariffutjamning og i framtida.

Andre moglege utjamningsordningar som høyringsinstansane har omtalt, mellom anna lik tariff i heile landet og justering av sentralnettet si utstrekning, er omtala i meldinga.

Departementet viser til at lik tariff over heile landet vil føre til at dei signala ein ønskjer å gi gjennom tariffen vert eliminert. Dette er difor i strid med målsetjinga om at overføringstariffen skal leggje til rette for effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet.

Slik reguleringa er i dag, er det nettselskapa sjølv som fastset tariffen, avgrensa av at tariffinntektene ikkje kan overstige inntektsramma. Lik tariff inneber at nettselskapa vil miste all sin handlefridom når det gjelder tariffering, og at tariffen må fastsetjast sentralt, for eksempel av NVE. Tariffen kan då ikkje nyttast aktivt i forhold til kunden. I praksis vil då både tariffar og inntektsrammer verte sett eksternt.

Full utjamning inneber at alle kostnadar vert utjamna, samstundes som energiledda kan variere som i dag. Denne modellen fører til at både effektivitetsmålsetjinga ved tariffutforminga, og incentiva til kostnadseffektivisering i inntektsrammereguleringa vert ført vidare, men "gapestokkeffekten" vil forsvinne.

Gitt ein utjamningsmodell finansiert gjennom eit påslag i tariffen vil ein kunne oppnå full utjamning på eit nivå lik gjennomsnittleg nettkostnad for heile landet. Dette vil krevje ei vidareutvikling av modellen, slik at forbrukarar i distribusjonsnett med lågare enn gjennomsnittleg nettkostnad for landet, betalar eit påslag som avheng av gjennomsnittleg nettkostnad i det nettet dei er tilknytt. For å oppnå full utjamning gjennom modellen med finansiering over statsbudsjettet, dvs. ein modell som ikkje er basert på omfordeling av nettkostnader mellom forbrukarar, må ordninga gjerast svært omfattande. Med ein slik modell må ein utjamna heilt ned til eit nivå lik den lågaste gjennomsnittlege nettkostnaden i landet.

Departementet legg vekt på at tariffen skal utformast slik at den gir signal om effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet. Tariffutjamning gjennom ei ordning med lik tariff vil ikkje tilfredsstille dette kravet. Ei ordning med full utjamning ved bruk av dei residuale ledda vil i prinsippet ikkje påverke effektivitetseigenskapane til reguleringa mykje, og er difor først og fremst eit spørsmål om kor omfattande ein ønskjer å gjere utjamningsmodellen.

Departementet viser til at dagens tariffmodell er svært enkel. For hushaldskundar består den av berre to ledd; eit energiledd som tek hand om effektivitetsmålsetjinga, og eit fastledd som sikrar tilstrekkelege inntekter til nettselskapa og at kundane medverkar til å dekkje ein rimeleg del av kostnadane i nettet. Tariffmodellen kan gjerast meir robust mot forandringar ved at nettselskapet kan ta inn ein større del av inntektene gjennom fastleddet, og at energileddet i større grad enn i dag vert fastsett ut frå dei faktiske marginale tapskostnadane. Auka vektlegging av marginalkostnadsprinsippet vil betre effektivitetseigenskapane til modellen, men kan føre til at mellom anna dei fordelingsmessige konsekvensane av å auke fastleddet vert oppfatta som problematiske.

Departementet viser til at målet om enkle tariffar kan ein nå gjennom ein tarifferingsmodell som berre består av eitt tariffledd, for eksempel eit energiavhengig eller eit effektavhengig ledd. Ein tariff som berre består av eitt ledd vil både vere enkel og lettfatteleg for kundane og lite ressurskrevjande for nettselskapa å praktisere. Kundane sitt energi- eller effektuttak kan variere monaleg over tid, mellom anna som følgje av svingingar i temperatur og kraftpris. Ein slik modell vil difor vere følsam for endringar i ytre forhold, og er difor lite robust mot forandringar. Dette fordi nettselskapet si inntektsramme ligg fast over tid, og kostnadane i nettet i stor grad er faste.

Ein tariffmodell som óg skal oppfylle kravet om å vere robust mot forandringar, bør såleis vere mest mogleg uavhengig av variablar som svingar over tid, dvs. at tariffen bør gjerast uavhengig av kunden sitt energi- eller effektuttak.

Ein slik tariff, som er heilt uavhengig av energi eller effektforbruk, vil og føre til at alle, uavhengig av faktisk forbruk, betalar same tariff. Ein slik tariff vil såleis verken gi signal til sluttbrukar om effektiv bruk av nettet eller motivere til å redusere forbruket av kraft.

Store deler av kostnadane i nettet er faste kostnadar (drifts- og vedlikehaldskostnadar og kapitalavhengige kostnadar) som ikkje varierer med kunden sitt forbruk, og som difor bør dekkast gjennom eit fastledd uavhengig av den enkelte kunde sitt energiforbruk. Ved at fastleddet dekkjer ein forholdsvis stor del av kostnadane, og at eit fastledd gir stor grad av stabilitet, vil ein kunne oppfylle målsetnaden om at tariffane skal vere robuste mot endringar. Vidare medverkar fastleddet til å oppfylle målet om ikkje-diskriminering og til å dekkje inn inntektsramma.

Kravet som vart innført frå 2002 om at nettselskapa skal tilby kundar med forventa årleg forbruk over 8 000 kWh eit differensiert energiledd over året, kan oppfattast å medverke til å gjere tariffen meir komplisert for kundane. Bakgrunnen for at dette kravet vart innført, var at òg mindre kundar skulle få betre prissignal om korleis deira åtferd påverkar kostnadane i nettet, dvs. at skilnadar i marginale tap mellom ulike tidsperiodar skulle synleggjerast. Departementet har enno ikkje føreteke ei evaluering av kravet, men legg i utgangspunktet til grunn at den potensielle effektivitetsgevinsten ved dette er større enn ulempa ved at tariffen vert noko meir komplisert.

Ei vidareutvikling av tariffen, for eksempel for å utnytte dei moglegheiter innføring av tovegskommunikasjon kan gi til tidsdifferensiering, vil føre til at effektivitetseigenskapane til tariffen vert betra, men og at tariffen kan framstå som meir komplisert for sluttbrukarane.

Dersom ein ikkje skal forkaste det som til no har vore sentrale målsetjingar for tariffen, effektivitet og ikkje-diskriminering mv., er den eksisterande tariffmodellen etter departementet si vurdering godt eigna til å ivareta ønskje om tariffar som er enkle og robuste mot forandringar. Det vert i denne samanheng understreka at å gå vekk frå dei gjeldande målsetjingane for tariffen, vil vere i strid med EU-regelverket, som Noreg er forplikta å følgje.

Departementet viser til Dokument nr. 8:66 (2002-2003), hvor det foreslås å setje ei låg øvre grense for kva fastleddet i nettleiga kan setjast til for å stimulere til straumsparing og gi ei betre sosial fordeling. Forslaget inneber mellom anna at det må foretas ei avveging mellom målsetjinga om enkle og robuste tariffar og fordelingsmessige omsyn.

Departementet meiner konsekvensen av å setje ei øvre grense for fastleddet vil vere at energileddet må dekkje netteigar sine nettkostnadar som fastleddet ikkje dekkar. Tariffen vert dermed eit dårlegare verkemiddel for å nå hovudmålet om å motivere til effektiv utnytting og effektiv utvikling av nettet, og i tillegg vil ein få ein tariffmodell som er mindre robust mot forandringar.

Prosessen rundt harmonisering av tariffen på nordisk og europeisk nivå er det gjort nærare greie for i St.prp. nr. 1 (2002-2003). For norske nettkundar har den nordiske harmoniseringa av sentralnettstariffen ført til at forbruk no betalar ein større del av dei residuale kostnadane i sentralnettet enn produksjon.

Statnett har i mai 2003 vedteke å søkje konsesjon for ein kabel til Storbritannia, og som er planlagt finansiert mellom anna gjennom ein auke i sentralnettstariffen. Ifølgje Statnett vil sentralnettstariffen auke med mindre enn 0,2 øre/kWh. Saka er til handsaming i Olje- og energidepartementet.

Når det gjeld ønskje om nærare utredningar og analysar av ein overgang frå tre til to nettnivå, viser departementet til den strukturutviklinga ein har hatt dei seinare åra, der den selskapsmessige strukturen i større grad er basert på to nettnivå. Tariffane utanom sentralnettet vil framleis skilje mellom ulike spenningsnivå. Dette er ikkje til hinder for at utviklinga i retning to nettnivå i selskaps- og driftsmessig forstand kan halde fram. Departementet er positive til den prosessen som føregår, og har ved fleire høve understreka den utjamninga av tariffane og dei potensielle effektivitetsgevinstane ein får ved større nettområde. Etter departementet si vurdering er det ikkje nødvendig med nærare utredningar om dette no.

Meldinga omhandlar modellar for finansiering av tovegskommunikasjon, og det vert mellom anna gjort greie for omfanget av tovegskommunikasjon i Noreg i dag, og gjeldande regulering av tovegskommunikasjon.

I Innst. S. nr. 138 (2002-2003), jf. Dokument nr. 8:139 (2001-2002), ber Stortinget departementet utrede ulike modellar for kostnadsfordeling der ein tek omsyn til kven som har fordeler av ordninga ved en eventuell innføring av tovegskommunikasjon.

Ulike finansieringsmodellar skisseres i meldinga, det vert teke utgangspunkt i at den som har nytten av tovegskommunikasjon òg bør bere kostnadane. Nettselskap, sluttbrukar, kraftleverandør, systemansvarleg og staten sin nytte og tilhøyrande moglegheit for å medverke til finansieringa vert vurdert.

I departementet si vurdering av dei moglege finansieringsmodellane er det mellom anna lagt vekt på at finansieringsmodellen bør medverke til å få bygd ut tovegskommunikasjon til flest mogleg av dei målepunkta der dette er samfunnsøkonomisk lønnsamt. Ein finansieringsmodell der den som tek avgjerda om å innføre tovegskommunikasjon på frivillig basis, og er den som må ta ansvaret for kostnadane, vil i større grad sikre at samfunnsøkonomisk rette avgjerder vert tatt enn om avgjerda ikkje er frivillig. Utbygging av tovegskommunikasjon basert på frivillige avgjerder kan likevel i enkelte tilfeller føre til at samfunnsøkonomisk lønnsam utbygging ikkje vert gjennomført, sidan enkeltaktørar kan ha høgare kostnadar enn nytteverdiar sjølv om investeringa totalt sett er samfunnsøkonomisk lønnsam.

Departementet meiner det er naturleg at ein aktør har hovudansvaret for installasjon, drift og finansiering av tovegskommunikasjon, og at dette i praksis som regel vil vere nettselskapet. Nettselskapet kan inngå avtaler med andre aktørar om å medverke til finansieringa.

Departementet viser òg til at når kravet om timemåling av alle målepunkt med forventa årleg forbruk over 100 000 kWh trer i kraft frå 1. januar 2005, vil 60 pst. av det norske kraftforbruket vere timemålt. Kundane i desse målepunkta er truleg dei som kan medverke mest i ein pressa effektsituasjon. Etter departementet si vurdering bør ein utnytte det potensiale som ligg i dette betre, før ein stiller ytterlegare krav til utbygging av tovegskommunikasjon. Vidare er teknologien framleis under utvikling, og av den grunn vil det heller ikkje vere formålstenleg med krav som medfører full utbygging no.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Sylvia Brustad, Rolf Terje Klung­land og Synnøve Konglevoll, fra Høyre, Øyvind Halleraker, Siri A. Meling og Leif Frode Onarheim, fra Fremskrittspartiet, Øyvind Korsberg og Øyvind Vaksdal, fra Sosialistisk Venstreparti, Hallgeir H. Langeland og Jørund Leknes, fra Kristelig Folkeparti, Ingmar Ljones og lederen Bror Yngve Rahm, og fra Senterpartiet, Inger S. Enger, har registrert en betydelig variasjon i tariffen for nettleie fra år til år, og denne variasjonen fremkommer i særlig grad etter år med mindre strømforbruk enn normalt. Kundene opplever ofte denne variasjonen som en "straff" for spart energi. I år med høyt strømforbruk vil "effekten" være motsatt. Komiteen vil peke på at den negative signaleffekten dagens ordning innebærer bør minimaliseres.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, er inneforstått med at variasjonen blant annet fremkommer fordi tariffens energiledd representerer den største delen av nettselskapets inntekter og at et høyere fastledd ville redusert denne variasjonen. En slik endring vil få uønskede fordelingsvirkninger som det også er vist til i meldingen.

Komiteen viser til brev fra olje- og energiministeren til komiteen av 19. november 2003 vedrørende nettleie.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, mener at tariffene for distribusjon av elektrisk strøm bør utformes slik at de i størst mulig grad gir signal om effektiv utnyttelse og effektiv utvikling av nettet. I tillegg bør det legges vekt på at systemet skal være enkelt, forståelig og gjennomsiktig.

Flertallet mener at vi generelt ikke bør søke å oppnå mer enn ett mål med ett virkemiddel. Desto flere målsettinger vi ønsker å oppnå gjennom tariffsystemet, desto mer uoversiktlig blir tariffene for både kundene og nettselskapene. Tariffene bør derfor fortsatt bestå av to element, energiledd som varierer med forbruket og fastledd, slik det er i dag. Fordelingen av disse bør avspeile den samfunnsøkonomiske riktige fordelingen mellom faste og variable kostnader i nettet.

Flertallet viser til at store deler av kostnadene i nettet er faste kostnader som ikke varierer med kundens forbruk, og som derfor bør dekkes av et fastledd uavhengig av den enkelte kundes energiforbruk. Energileddet bør avspeile det marginale tapet ved å transportere kraft i nettet slik at målsettingen om en effektiv utvikling av nettet nås.

Flertallet viser til at slik tariffene for forbruk i distribusjonsnettet, i dag er utformet, er energileddet generelt høyere enn verdien av det marginale tapet ved å transportere strøm. Det vil si at en større del av kostnadene enn det som er samfunnsøkonomisk riktig blir krevd inn gjennom energileddet, og tilsvarende at fastleddet er for lavt.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti mener også at dagens inntektsrammeregulering i for liten grad tar høyde for å sikre nyinvesteringer i nettet, nødvendig vedlikehold og beredskap, jf. rapport fra Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap, publisert 1. oktober 2003.

Disse medlemmer vil peke på at forslaget til subsidiering over statsbudsjettet så langt ikke har medført at nettariffene har blitt tilnærmet like, slik det også framgår av meldinga. En slik ordning er dessuten ikke robust, og vil til en hver tid være avhengig av at stortingsflertallet ønsker å bruke tilstrekkelig med midler til dette formålet. På denne bakgrunn mener disse medlemmer at det er nødvendig med en grundig utredning og debatt når det gjelder disse spørsmålene i forbindelse med forberedelsene til nytt reguleringsregime i 2007.

Disse medlemmer viser til brev til energi- og miljøkomiteen av 17. november 2003 fra A/L Norske Boligbyggelags Landsforbund hvor det påpekes at:

"Vi har registrert at nettselskapene i større grad legger betalingen for nettleie på et fastledd. Konsekvensen for dette er at det faktisk etableres et system der den samlede prisen for nettleie og strøm reduseres med økt forbruk.

Et eksempel kan illustrere hvordan høye fastledd slår ut. Et standard forbruk i en villa på 25 000 kWh og vårt gjennomsnitt på 12 500 kWh. Dersom man bruker fastledd på henholdsvis 400 og 3200 kroner som eksempel vil dette gi følgende utslag på pris pr. kWh; med fastledd på 400 kroner vil borettslagkunden betale en merpris på 1,5 øre/kWh. Med et fastledd på 3 200 kroner vil den tilsvarende merprisen være 12,8 øre/kWh.

Det er en klar sammenheng mellom husholdningenes økonomi og forbruk av strøm. Nettariffer med høye fastledd vil derfor også gi sosialt urimelige utslag og faktisk undergrave incitamenter til ENØK - tiltak i den enkelte husholdning.

Vi ber derfor om at man i den videre behandlingen av denne saken legger vekt på å begrense nettselskapenes mulighet for å etablere nettariffer med høye fastledd."

Disse medlemmer mener at NBBL illustrerer behovet for at det settes en lav øvre grense for fastleddet i nettleien.

På denne bakgrunn vil disse medlemmer fremme følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen sette en lav øvre grense for fastleddet i nettleien for elektrisitet for å stimulere til strømsparing og gi en bedre sosial fordeling."

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet mener det er riktig å ha en toledda nettariff hvor fastleddet i stor grad reflekterer faste kostnader og energileddet i stor grad reflekterer variable kostnader. Disse medlemmer legger vekt på at forbrukere som legger om deler av energibruken til andre energibærere enn strøm, skal oppnå en merkbar besparelse på strømregninga. Det er viktig å finne ordninger som ikke fører til at de som bor i små leiligheter får svært høy strømregning på grunn av høy fastavgift. Det bør derfor legges opp til en mest mulig kostnadsriktig fordeling av fastleddet i nettleia. Forbrukere som unngår høyt effektforbruk i perioder med svært høye belastninger av nettet, bør kunne ha et lavere fastledd.

Disse medlemmer fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen om å vurdere å innføre en modell for fastsettelse av fastleddet i nettleia som er knyttet til det faktiske effektbehovet hos den enkelte abonnent."

Komiteen er kjent med at nettselskapene får tildelt faste årlige inntektsrammer fra NVE (Norges vassdrags- og energidirektorat) og at det derfor vil fremkomme både merinntekter og mindreinntekter for selskapene ved årets slutt.

Komiteen mener det er viktig at disse mer- og mindreinntektene blir justert over flere år slik at de årlige tariffutslagene for kundene blir redusert.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, ber på denne bakgrunn departementet bidra til at forskriftene for nettselskapenes inntekter blir endret på dette punkt, slik at utjevningen skjer over flere år.

Komiteen er kjent med at regelverket legger til rette for dette i dag og viser til at NVEs forskrifter sier at nettselskap skal håndtere merinntekt og mindreinntekt slik at saldo over tid går mot null. Videre vises det til at inntektsrammene til nettselskapene definerer selskapenes maksimumsinntekter per år over en femårsperiode. Dette bidrar også til at nettselskapene innenfor dagens system har mulighet for å foreta eventuelle utjevninger over flere år. Komiteen mener at det må være en prioritert oppgave for nettselskapene å søke en mest mulig stabil prisutvikling over tid, og komiteen ønsker å sette fokus på praktiske løsninger for å oppnå dette.

Komiteen viser videre til at tariffen for uttak av kraft varierer mellom de ulike nettselskapene. Årsaker til dette er blant annet naturgitte forhold som klima, topografi og bosettingsmønster, samt nettselskapenes kostnader til overliggende nett. Tariffen varierer som følge av dette over hele landet, men det er ikke noe klart mønster i variasjonene.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet mener i tillegg det må stilles strengere krav til effektivitet og kostnadskontroll ved godkjenning av nettselskapenes årlige inntektsrammer.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av NVEs regelverk med hensyn til godkjenning av nettselskapenes årlige inntektsrammer, for å gjøre dette mer treffsikkert og utjevne kostnadene på en bedre måte. Gjennomgangen foretas i forbindelse med Revidert budsjett 2004."

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet fremmer følgende forslag:

"Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av NVEs regelverk med hensyn til godkjenning av nettselskapenes årlige inntektsrammer, for å gjøre dette mer treffsikkert, utjevne kostnadene på en bedre måte, samt stille strengere krav til kostnadskontroll og effektivitet. Gjennomgangen foretas innen 1. april 2004."

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet viser til at den enkelte strømabonnent ikke har noen mulighet til å skifte nettselskap, og er prisgitt vilkårene til det aktuelle nettselskapet i området. Flertallet vektlegger derfor at det i NVEs inntektsreguleringsregime må ligge insentiver til å utjevne og redusere nettariffen.

Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Sosialistisk Venstreparti, støtter Regjeringens forslag om at en statlig ordning for utjevning av overføringstariffer må være basert på hovedprinsippene i dagens ordning "Tilskudd til utjevning av overføringstariffer". Dette tilskuddet gis for å redusere forskjeller i overføringstariffene som følge av naturgitte forhold og høye overføringskostnader.

Flertallet viser til beregninger som viser at en bevilgning på om lag 40 mill. kroner i året, vil gi en god samfunnsøkonomisk virkning og vil medføre en betydelig utjevning av overføringskostnadene i de delene av landet som har den absolutt høyeste nettleia.

Et annet flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, mener at en utjevningsordning for forskjellene må baseres på de økonomiske prinsippene som er lagt til grunn ved utforming av reguleringen av nettvirksomheten. Utjevningsordningen bør ta sikte på å jevne ut de forskjeller i faste kostnader som er nevnt ovenfor og ikke redusere nettselskapenes incentiv til å drive kostnadseffektivt, slik at tariffene skal motivere til effektiv utnyttelse og utvikling i nettet. Dette flertallet mener derfor at dagens ordning med et direkte tilskudd over statsbudsjettet som skal dekke 2/3 av differansen mellom en gitt terskelverdi og nettkostnadene for uttak, bør opprettholdes. Når det gjelder størrelsen på tilskuddet henviser dette flertallet til sine merknader til St.prp. nr. 1 (2003-2004) for Olje- og energidepartementets budsjett.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet vil understreke viktigheten av prisutjevning mellom de til dels store geografiske variasjonene i nettleie. Dagens reguleringsregime har store svakheter, hvor befolkningstetthet, topografi og klima, samt nettselskapenes policy ovenfor ulike kundegrupper er avgjørende for hvilken pris kundene betaler i nettleie.

Komiteen ser positivt på tilveksten av små kraftverk. For å stimulere til ytterligere tilvekst er det viktig at forholdene legges til rette for denne type etablering, og at nettselskapene aktivt bidrar til gode løsninger for tilkopling til nettet.

Komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, understreker behovet for et mest mulig likt regelverk med lavest mulig kostnad.

Flertallet har gjennom høringer til budsjettet for 2004 fått signaler om at kostnadsfordelingen for å koble seg på nettet kan virke urettferdig og urimelig for mange utbyggere av små og mellomstore kraftverk. Flertallet vil peke på behovet for et mest mulig likt regelverk, slik at ikke tilkobling til nettet blir en hemsko for utbygging for små og mellomstore energiverk.

Komiteens medlemmer fra Høyre og Kristelig Folkeparti viser til at regelverket for anleggsbidrag er likt for alle, og at kostnadene for den som skal knytte seg til nettet vil være basert på faktiske kostnader. For de aller minste produsentene er fastleddet i innmatingstariffen lavere enn for de største. Energileddet skal for alle basere seg på det marginale tapet i tilknytningspunktet.

Komiteen har merket seg at Regjeringen på dette tidspunkt ikke ønsker å stille ytterligere krav til utbygging av toveiskommunikasjon utover de krav som er stilt for å installere timemålinger til forbrukere med forventet forbruk over 100 000 kWh. Komiteen mener det er behov for satsing på utbygging av toveiskommunikasjon og fjernavlesing i strømnettet. Dette vil ha mange fordeler. I tillegg til å være arbeidssparende for strømkundene, vil også utstyret som gjør det mulig å fjernavlese forbruket gjøre det enklere å innføre ulike modeller for differensiert prising av strøm.

Toveiskommunikasjon gir også muligheter for å redusere effekttoppene. Eksempelvis kan nettselskapene koble ut varmtvannsberedere som alternativ til mørklegging ved unormalt høye effekttopper. I tillegg kan en slik styring av maksimallastene spare nettselskapene for kostnader til investeringer i forsterkning av nettet.

Komiteen er kjent med at Regjeringen avventer EBL og NVEs samarbeidsprosjekt om toveiskommunikasjon, som avsluttes sommeren 2004.

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet og Sosialistisk Venstreparti mener primært at toveiskommunikasjon kunne og burde vært innført nå. Men når det dessverre ikke ser ut til å være flertall for dette, mener disse medlemmer at det må igangsettes umiddelbart etter at forsøksprosjektet avsluttes.

Komiteens flertall, medlemmene fra Høyre, Fremskrittspartiet og Kristelig Folkeparti, ser klare fordeler med å ta i bruk toveiskommunikasjon og fjernavlesning. Dette kan gi kundene muligheter til å kjøpe strøm i markedet på den tiden prisen er gunstigst, og det kan også gi selskapene fordeler med hensyn til utjevning av effekt i nettet. Ved "fjernstyring" av elektriske apparater må det imidlertid stilles strenge krav til brannsikkerhet.

Komiteens medlemmer fraFremskrittspartiet mener toveiskommunikasjon og fjernavlesning må være et frivillig tilbud fra de nettselskaper som ønsker å tilby slike tjenester til sine kunder, og selvfølgelig også være frivillig for de kunder som ønsker å ta imot tilbudet. Kostnadene ved installasjon og drift må deles mellom de som har fordelene ved et slikt system; nettselskapet og kunden.

Komiteen er kjent med de storskalaforsøksprosjektene som er satt i gang og som vil være ferdige i løpet av 2004. Resultatene av disse prosjektene vil være viktig for den videre satsingen på toveiskommunikasjon og fjernavlesing.

Komiteen viser til statsrådens brev, datert 25. november 2003.

Komiteen viser videre til at dersom forsøksprosjektene har gode resultater, bør i utgangspunktet alle landets forbrukere få tilbud om dette slik at de selv i større grad kan påvirke sin egen strømregning. På denne måten får alle anledning til å ha et smartere og mer effektivt strømforbruk. Dette vil redusere presset på utbygging av ny effektkapasitet, og Stortinget vil gi sin prinsipielle tilslutning til videre utbygging av toveiskommunikasjon og fjernavlesing.

Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til brev til komiteen fra olje- og energiministeren, datert 3. februar 2003, der det ble bekreftet av departementet at dette storskalaforsøket ikke innebærer en uttesting av progressiv prising, og dermed heller ingen vurdering av den potensielle samfunnsøkonomiske nytten slik prising vil kunne ha. En slik vurdering er heller ikke foretatt i St.meld. nr. 41 (2002-2003).

Videre vil komiteens flertall, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Fremskrittspartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet, vise til Stortingets behandling av Revidert nasjonalbudsjett før sommeren 2003, hvor det i innstillinga fra finanskomiteen, jf. Budsjett-innst. S. II (2002-2003), heter at:

"Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Høyre, Kristelig Folkeparti og Venstre, registrerer at Regjeringen ikke har fulgt opp Stortingets vedtak om å foreslå modeller for differensiert el-avgift. Flertallet foreslår at det opprettes et nytt og bredt sammensatt utvalg bestående av representanter for strømleverandører, distributører, nettselskaper, samt representanter for forbruker- og miljøorganisasjoner. Flertallet viser for øvrig til Arbeiderpartiets forslag Dokument nr. 8:139 (2001-2002) om toveiskommunikasjon som vil gi forbrukerne anledning til å påvirke sin egen strømregning."

Komiteens medlemmer fra Arbeiderpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet er også kjent med at man i andre land i større grad har tatt i bruk toveiskommunikasjon. Disse medlemmer mener at alle landets forbrukere bør få tilbud om dette.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet:

Forslag 1

Stortinget ber Regjeringen om å vurdere å innføre en modell for fastsettelse av fastleddet i nettleia som er knyttet til det faktiske effektbehovet hos den enkelte abonnent.

Forslag fra Fremskrittspartiet:

Forslag 2

Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av NVEs regelverk med hensyn til godkenning av nettselskapenes årlige inntektsrammer, for å gjøre dette mer treffsikkert, utjevne kostnadene på en bedre måte, samt stille strengere krav til kostnadskontroll og effektivitet. Gjennomgangen foretas innen 1. april 2004.

Forslag fra Sosialistisk Venstreparti:

Forslag 3

Stortinget ber Regjeringen sette en lav øvre grense for fastleddet i nettleien for elektrisitet for å stimulere til strømsparing og gi en bedre sosial fordeling.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til meldingen og rår Stortinget til å gjøre følgende

vedtak:

I

Stortinget ber Regjeringen foreta en gjennomgang av NVEs regelverk med hensyn til godkjenning av nettselskapenes årlige inntektsrammer, for å gjøre dette mer treffsikkert, og utjevne kostnadene på en bedre måte. Gjennomgangen foretas i forbindelse med Revidert budsjett 2004.

II

St.meld. nr. 41 (2002-2003) - om tariffar for over­føring av kraft og tovegskommunikasjon - vedlegges protokollen.

Oslo, i energi- og miljøkomiteen, den 2. desember 2003

Bror Yngve Rahm

leder

Rolf Terje Klungland

ordfører