Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling fra justiskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 2003 under diverse kapittel administrerte av Justis- og politidepartementet

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Justisdepartementet legg i proposisjonen fram forslag om endringar i løyvingane under diverse kapittel i statsbudsjettet for 2003. Forslaga om endringar i løyvinga på nokre av dei regelbundne postene er mellom anna baserte på rekneskapstal pr. 30. september 2003.

På grunn av den sterke kronekursen er det venta eit mindreforbruk på 0,25 mill. kroner under kap. 400 post 71 Tilskott til Internasjonale organisasjonar for 2003. På denne bakgrunn vert det foreslått å redusere løyvinga på kap. 400 post 71 med 0,25 mill. kroner og auke løyvinga tilsvarande under kap. 400 post 1. Forslaget til auking på kap. 400 post 1 vil mellom anna dekkje auka husleige i Justisdepartementet.

På bakgrunn av endringa med utbetaling av eigedel for uniformseffektar og rekneskapstal hittil i år, foreslår Justisdepartementet å setje ned løyvinga under kap. 430 post 1 med 1,4 mill. kroner, mot at løyvinga under kap. 3430 post 3 Andre inntekter vert sett ned tilsvarande.

Justisdepartementet foreslår å redusere løyvinga under kap. 432 post 1 med 1 mill. kroner, som delvis inndekking av meirutgiftene til Dei særskilde etterforskingsorgana, jf. omtale under kap. 460 Dei særskilde etterforskingsorgana.

Regjeringa legg no fram forslag om tilleggsløyving på asyl- og utlendingsområdet. Hovudårsakene til dette er samansette. Det har teke lengre tid enn føresett å få full effekt av dei effektiviseringstiltaka som skulle setjast i verk, og som låg til grunn for Regjeringa sitt forslag om tilleggsløyving i samband med Revidert nasjonalbudsjett 2003. Det har òg blitt meir krevjande uttransportar no enn tidlegare.

Justisdepartementet foreslår på denne bakgrunn å auke løyvinga under kap 440 post 1 med 25 mill. kroner, og løyvinga under kap 440 post 21 med 25 mill. kroner.

Som følgje av den samla budsjettsituasjonen på politibudsjettet, foreslår departementet å auke løyvinga på kap 440 post 1 med 0,75 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av kap 440 post 70.

Etter ei vurdering av rekneskapstala, og som delvis inndekking av meirbehovet til politiet, foreslår Justisdepartementet å redusere løyvinga på kap 440 post 22 med 1 mill. kroner.

Saldert budsjett 2003 er 0,207 mill. kroner. På bakgrunn av tal frå rekneskapen og venta utvikling foreslår departementet å auke løyvinga på kap. 3440 post 4 Gebyr - vaktselskap med 0,65 mill. kroner.

I budsjettforslaget for 2003 vart det foreslått ei løyving på 36,8 mill. kroner på ny inntektspost 5 Gebyr i utlendingssaker. Forslaget var basert på eit lovforslag frå Kommunal- og regionaldepartementet om å innføre nye gebyr på søknader om statsborgarskap, opphalds-, arbeids-, og busettingsløyve, med verknad frå 1. januar 2004. Dei nye gebyrordningane vart sette i verk først frå 1. oktober 2003. Som følgje av dette foreslår departementet å redusere løyvinga på kap. 3440 post 5 med 27,8 mill. kroner, til 9 mill. kroner, jf. også omtale under kap. 441 post 1.

I samband med innføring av gebyr i utlendingssaker, vart budsjettet på kap. 441 post 1 auka, for å dekkje meirarbeidet for Oslo politidistrikt. Som følgje av at lovendringa vart sett i verk forseinka, reknar Justisdepartementet med at det kan førast over 2 mill. kroner frå kap 441 post 1 til andre føremål i 2003. Justis- og politidepartementet foreslår difor å redusere løyvinga på kap. 441 post 1 med 2 mill. kroner, som delvis inndekking av meirutgiftene til Dei særskilde etterforskingsorgana, jf. omtale under kap. 460.

Det vert foreslått at Justisdepartementet får fullmakt til å overskride løyvinga under kap. 441 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3441 post 5, jf. forslag til vedtak.

På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 460 post 1 med 3 mill. kroner. For å dekkje opp det auka behovet blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 432 post 1 med 1 mill. kroner og på kap. 441 post 1 med 2 mill. kroner.

Løyvinga dekkjer utgifter til advokatar, sakkunnige og tolkar i straffesaker etter straffeprosesslova kapittel 9 og 9 a. Dei totale utgiftene på kapitlet avhengjer av talet på straffesaker, omfanget av sakene og storleiken på den offentlege salærsatsen. Utgiftene på posten er regelbundne. Ut frå rekneskapstall og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 466 post 1 med 25 mill. kroner.

Løyvinga på post 70 Fri saksførsel skal dekkje utgifter til advokatar i saker der det er gjeve fri sakførsel. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å redusere løyvinga på kap. 470 post 70 med 20 mill. kroner.

Løyvinga på post 71 Fritt rettsråd dekkjer utgifter til advokatar og rettshjelpere i saker der det er gjeve fritt rettsråd. Utgiftene er regelbundne. På bakgrunn av rekneskapstal og pårekna utvikling blir det foreslått å auke løyvinga under kap. 470 post 71 med 15 mill. kroner.

I juni vart det inngått forlik i saken mellom Amelia Riis og staten v/Justisdepartementet på i alt 55,1 mill. kroner. Det har ikkje vorte teke omsyn til ei slik utbetaling i budsjettet for 2003. Justisdepartementet foreslår derfor å auke løyvinga på kap. 471 post 71 med 53 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Anne Helen Rui, Ola Røtvei og Knut Storberget, fra Høyre, Carsten Dybe­vig, lederen Trond Helleland og Linda Cathrine Hofstad, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og André Kvakkestad, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til proposisjonen og har ingen merknader.

Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

I

I statsbudsjettet for 2003 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter

400

Justisdepartementet (jf. kap. 3400)

1

Driftsutgifter, vert auka med

250 000

frå kr 192 750 000 til kr 193 000 000

71

Tilskott til internasjonale organisasjonar, vert redusert med

250 000

frå kr 8 806 000 til kr 8 556 000

430

Kriminalomsorgen si sentrale forvaltning (jf. kap. 3430)

1

Driftsutgifter, vert redusert med

1 400 000

frå kr 1 585 654 000 til kr 1 584 254 000

432

Kriminalomsorgen sitt utdanningssenter (KRUS) (jf. kap. 3432)

1

Driftsutgifter, vert redusert med

1 000 000

frå kr 127 478 000 til kr 126 478 000

440

Politidirektoratet - politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 3440)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 441, post 01, vert auka med

25 750 000

frå kr 5 676 183 000 til kr 5 701 933 000

21

Spesielle driftsutgifter, vert auka med

25 000 000

frå kr 91 736 000 til kr 116 736 000

22

Søk etter omkomne på havet, i innsjøar og vassdrag, kan overførast,

vert redusert med

1 000 000

frå kr 8 163 000 til kr 7 163 000

70

Tilskott, vert redusert med

750 000

frå kr 6 246 000 til kr 5 496 000

441

Oslo politidistrikt (jf. kap. 3441)

1

Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 440, post 01, vert redusert med

2 000 000

frå kr 1 231 572 000 til kr 1 229 572 000

460

Dei særskilde etterforskningsorgana

1

Driftsutgifter, vert auka med

3 000 000

frå kr 6 739 000 til kr 9 739 000

466

Særskilde straffesaksutgifter m.m.

1

Driftsutgifter, vert auka med

25 000 000

frå kr 535 500 000 til kr 560 500 000

470

Fri rettshjelp (jf. kap. 3470)

70

Fri sakførsel, vert redusert med

20 000 000

frå kr 342 212 000 til kr 322 212 000

71

Fritt rettsråd, vert auka med

15 000 000

frå kr 226 834 000 til kr 241 834 000

471

Staten sitt erstatningsansvar

71

Erstatningsansvar m.m., overslagsløyving, vert auka med

53 000 000

frå kr 108 340 000 til kr 161 340 000

Inntekter

3430

Kriminalomsorgen si sentrale forvaltning (jf. kap. 430)

3

Andre inntekter, vert redusert med

1 400 000

frå kr 11 508 000 til kr 10 108 000

3440

Politidirektoratet - Politi- og lensmannsetaten (jf. kap. 440)

4

Gebyrer - vaktselskap, vert auka med

650 000

frå kr 207 000 til kr 857 000

5

Gebyrer - utlendingssaker, vert redusert med

27 800 000

frå kr 36 800 000 til kr 9 000 000

II

Merinntektsfullmakt

Stortinget samtykkjer i at Justis- og politidepartementet i 2003 kan overskride løyvinga under kap. 441 post 1 mot tilsvarande meirinntekter under kap. 3441 post 5.

Oslo, i justiskomiteen, den 27. november 2003

Trond Helleland

leder og ordfører