Innstilling fra finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2002
Dette dokument
- Innst. S. nr. 238 (2002-2003)
- Kildedok: St.meld. nr. 3 (2002-2003)
- Dato: 03.06.2003
- Utgiver: Finanskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- Sammendrag
- Komiteens merknader
- Komiteens tilråding
- Vedlegg: Brev fra Finansdepartementet v/statsråden til Stortinget, datert 16. mai 2003
Til Stortinget
Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2002 med ein løyvingsrekneskap og ein kapitalrekneskap som syner staten sine eignelutar og gjeld, rekneskapen for Svalbard, staten sitt garantiansvar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapane for dei offentlege fonda.
Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 2002 er 691,1 mrd. kroner utan lånetransaksjonar, medan utgiftene er på 584,2 mrd. kroner. Statsbudsjettet sine netto inntekter frå petroleumsverksemda var på 169,2 mrd. kroner, som vart overført til Statens petroleumsfond. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 62,4 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av budsjettet for 2002 vedteke at 53,4 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 9,0 mrd. kroner.
I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen syner rekneskapen for fondet 22,6 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Det samla overskotet i Statens petroleumsfond vart dermed 138,4 mrd. kroner i 2002. Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 129,4 mrd. kroner i 2002. Ved utgangen av 2002 var kapitalen i Statens petroleumsfond 604,6 mrd. kroner.
I statsbudsjettet for 2002, som vart vedteke av Stortinget hausten 2001, utgjorde det strukturelle, oljekorrigerte underskotet 26,0 mrd. kroner. Det oljekorrigerte underskotet var rekna til 36,9 mrd. kroner. Ekstraordinær nedbetaling av gjeld mv. knytt til at staten overtok spesialisthelsetenesta frå fylkeskommunane, auka isolert sett overslaget for det oljekorrigerte underskotet med 18,7 mrd. kroner.
Endringane i statsbudsjettet, som vart vedtekne i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2002, innebar eit strukturelt, oljekorrigert underskot på 24,8 mrd. kroner. Reduksjonen i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet på 1,2 mrd. kroner kjem av lågare kapital på Petroleumsfondet ved inngangen til 2002 enn lagt til grunn då Stortinget vedtok budsjettet hausten 2001. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet vart auka til 38,6 mrd. kroner. I Revidert nasjonalbudsjett for 2002 vart skatte- og avgiftsinntektene mv. frå fastlands-Noreg auka med 6,9 mrd. kroner. Når ein trekkjer frå 1,2 mrd. kroner på grunn av lågare kapital i Petroleumsfondet, vart det rom for å auke utgiftene eller redusere inntektene med 5,7 mrd. kroner.
I nysaldert budsjett for 2002, som vart lagt fram 6. desember 2002, vart det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskotet rekna til 29,2 mrd. kroner, som var om lag 4,4 mrd. kroner meir enn lagt til grunn i Revidert nasjonalbudsjett for 2002. Overslaget for det oljekorrigerte underskotet i 2002 vart auka til 53,4 mrd. kroner. Auken i det strukturelle, oljekorrigerte underskotet sidan revidert nasjonalbudsjett kjem mellom anna av auka overslag for netto renteutgifter (1,3 mrd. kroner), auka overslag for utgifter til arbeidslause (0,9 mrd. kroner) og lågare skattar og avgifter (1,9 mrd. kroner).
Rekneskapstala for 2002 syner at det oljekorrigerte underskotet vart 62,4 mrd. kroner, dvs. om lag 9 mrd. kroner høgare enn overslaget i nysaldert budsjett. Ein stor del av denne auken i underskotet kjem av at skatte- og avgiftsinntektene frå fastlands-Noreg vart lågare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Noko av denne reduksjonen kan forklarast med konjunktursituasjonen, slik at det strukturelle nivået på skatte- og avgiftsinntektene ikkje vert justert ned like mykje. Nye utrekningar syner nå eit strukturelt underskot for 2002 på om lag 36,2 mrd. kroner.
Den underliggjande, reelle veksten i utgiftene på statsbudsjettet utgjer om lag 3 pst. i høve til 2001. Dette er ein auke på I prosentpoeng i høve til overslaget i revidert nasjonalbudsjett og nysaldert budsjett. Auken må sjåast i samanheng med lågare overførte løyvingar på 2,1 mrd. kroner frå 2002 til 2003 enn frå 2001 til 2002. I tillegg syner rekneskapen ei meirutgift under enkelte kapittel. Mellom anna har nokon statlege verksemder høve til å auke utgiftene mot meirinntekter, jf. pkt. 1.4. Den nominelle, underliggjande utgiftsveksten var 7,6 pst.
Tabell 1.2 og 1.3 i meldinga syner hovudtala i dei formelle rekneskapane for 2001 og 2002.
Tabell 1.4 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet, statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 2002, medan tabell 1.5 syner utviklinga i finansieringsbehovet til statskassa.
I 2002 er inntektsløyvingane utan lånetransaksjonar reduserte med 20,4 mrd. kroner, frå 717,6 mrd. kroner i saldert budsjett til 697,2 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar auka med 12,6 mrd. kroner, frå 567,7 mrd. kroner i saldert budsjett til 580,3 mrd. kroner ved nysalderinga av budsjettet.
Anslag på rekneskapen i nysaldert budsjett synte eit oljekorrigert underskot på 53,4 mrd. kroner som var 16,5 mrd. kroner høgare enn i saldert budsjett. Inntektene utan inntekter frå petroleumsverksemda og lån vart samla sett 509,9 mrd. kroner, som er 4,5 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Dette kan forklarast med at overføringa frå Noregs Bank vart redusert med 8,9 mrd. kroner, medan renteinntektene og utbytet etter saldert budsjett vart redusert med 1,5 mrd. kroner. Skatte- og avgiftsinntektene auka med 4,9 mrd. kroner. Andre inntekter vart auka med 0,9 mrd. kroner netto. Utgiftene, utan utgifter til petroleumsverksemda og lån, vart samla sett 563,3 mrd. kroner, som er ein auke på 12,0 mrd. kroner frå saldert budsjett. Av dei auka utgiftene kjem 9,5 mrd. kroner av dei løyvingane som vart endra i samband med revidert nasjonalbudsjett. Denne auken i utgiftene må sjåast i samanheng med auka overslag over skattar og avgifter frå fastlands-Noreg i samband med revidert nasjonalbudsjett. Frå revidert nasjonalbudsjett til nysaldert budsjett vart skatte- og avgiftsoverslaget redusert, medan utgiftene etter revidert nasjonalbudsjett auka med 2,5 mrd. kroner.
Frå saldert budsjett til nysaldert budsjett vart oljeinntektene reduserte med 15,9 mrd. kroner medan oljeutgiftene auka med 0,6 mrd. kroner. Netto inntekter frå oljeverksemda vart dermed redusert med 16,5 mrd. kroner, frå 186,8 mrd. kroner til 170,3 mrd. kroner. Overskotet i Statens petroleumsfond vart isolert sett redusert med 16,5 mrd. kroner sidan overføringa frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet auka med 16,5 mrd. kroner frå 36,9 mrd. kroner i saldert budsjett til 53,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Overslaget over renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart redusert med 1,3 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei svekking i overskotet til Petroleumsfondet med 34,3 mrd. kroner.
I 2000 vart det løyvd midlar til kjøp av pasientbehandling i utlandet. Deler av denne løyvinga vart òg overført til 2002. I nysaldert budsjett var rekneskapsoverslaget over utgiftene 475 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet, vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 475 mill. kroner. Nysaldert budsjett vart derfor gjort opp med eit overskot på 475 mill. kroner.
Eit samla oversyn over dei endra løyvingane gjennom 2002 er gjeve i St.prp. nr. 40 (2002-2003) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygda 2002.
Det er under punkt 1.4 i meldinga gitt oversyn over hovudtala i statsrekneskapen for 2002 samanlikna med anslag på rekneskap ved nysalderinga av budsjettet.
I kapittel 2 er det eit oversyn over inntektene og utgiftene. I kapittel 3 er det gjeve nærare omtale av områda til dei einskilde departementa. I kapittel 4 er det gjort greie for utgiftene under folketrygda. I kapittel 5 er finanspostar og kapitalrekneskapen omtala, medan det i kapittel 6 vert gjort greie for rekneskapen til Statens petroleumsfond.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Ranveig Frøiland, Svein Roald Hansen, Tore Nordtun, Torstein Rudihagen og Hill-Marta Solberg, fra Høyre, Svein Flåtten, Torbjørn Hansen, Heidi Larssen og Jan Tore Sanner, fra Fremskrittspartiet, Gjermund Hagesæter, lederen Siv Jensen og Per Erik Monsen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, Audun Bjørlo Lysbakken og Heidi Grande Røys, fra Kristelig Folkeparti, Ingebrigt S. Sørfonn og Bjørg Tørresdal, fra Senterpartiet, Arne Braut, fra Venstre, May Britt Vihovde, og fra Kystpartiet, Steinar Bastesen, viser til brev fra finansminister Per-Kristian Foss til Stortinget 16. mai 2003 om rettelser til meldingen. Brevet følger som vedlegg til denne innstillingen.
Komiteen viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden for 2002, og at det i meldingen dessuten er gitt en orientering av resultatregnskapet for Petroleumsfondet for 2002. Komiteen tar meldingen til orientering. Komiteen viser til at Stortinget senere, på grunnlag av innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen til dokument fra Riksrevisjonen, vil behandle konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsregnskapet for 2002.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet og Kystpartiet viser til at det på en rekke områder, både på inntekts- og utgiftssiden, er til dels betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet for 2002. Dette viser etter disse medlemmers oppfatning at budsjettpolitikken ikke er godt egnet til å jevne ut svingningene i økonomien, eller detalj- eller finstyre den. Disse medlemmer vil påpeke at dette viser at Regjeringens frykt for mindre justeringer i statsbudsjettets utgifts- og inntektsside er betydelig ovedrevet, og at den økonomiske handlefriheten er betydelig større enn det Regjeringen hevder.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti og Kystpartiet viser til at statsregnskapet viser et betydelig avvik fra det vedtatte statsbudsjettet, også i 2002. I Nasjonalbudsjettet for 2002 ble det sentrale målet for den økonomiske politikken - nivået på det strukturelle, oljekorrigerte budsjettunderskuddet - anslått til 26,0 mrd. kroner. I revidert budsjett ble dette nedjustert til 24,8 mrd. kroner. I Nasjonalbudsjettet for 2003 ble det oppjustert til 27,6 mrd. kroner, og i nysalderingen videre til 29,2 mrd. kroner. Endelig statsregnskap for 2002 viste et underskudd på 36,2 mrd. kroner. Disse medlemmer påpeker at dette betyr at det sterke fokuset fra Regjeringen på å holde et eksakt nivå på statsbudsjettets underskudd, i lys av dette synes underlig. Lærdommen av dette bør etter disse medlemmers oppfatning være at styring av finanspolitikken etter en bokstavtro tolkning av den såkalte handlingsregelen, er lite meningsfylt. I stedet bør fokus være på en aktivitetskorrigering i tråd med temperaturen i økonomien, med handlingsregelen som en veiledning i forhold til den langsiktige innfasingen av oljepenger i norsk økonomi.
Medlemen i komiteen frå Senterpartiet vil peike på at statsrekneskapen for 2002 på ny illustrerer at det offentlege sine utgifter og innkomer gjennom budsjettperioden er stokastiske. På norsk: Det einaste sikre er at likskapen mellom budsjett og rekneskap er usikker. Dette kjem spesielt til syne ved at skilnaden mellom budsjettert og faktisk strukturelt, oljekorrigerte underskot vart om lag 10 mrd. kroner. Målt i prosent av trend-BNP for fastlands-Noreg er derimot det omtalte avviket relativt avgrensa. Denne medlemen meiner at dette i seg sjølv ikkje tilseier at finanspolitikken ikkje er eigna til å korrigere aktiviteten i økonomien. Ein slik konklusjon må i så fall vere basert på ei komparativ vurdering der finanspolitiske vedtak vert jamførte med alternative politikkinstrument. Derimot tykkjer denne medlemen at det er stor grunn til å setje eit kritisk søkjeljos på den automatikken mellom såkalla stramt budsjett, rente og kronekurs som utsegnene til Regjeringa ofte er prega av. Trass i teoretisk og empirisk funderte kvalitative samband: I praksis heftar det til dels vesentleg uvisse knytt til dei presise, kvantitative samanhengane mellom både det (gjennom budsjettperioden skiftande) strukturelle, oljekorrigerte underskotet og renta, og sambandet mellom renta og kronekursen.
Komiteen viser til meldingen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
St.meld. nr. 3 (2002-2003) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2002 - vedlegges protokollen.
Det er enkelte trykkfeil i St.meld. nr. 3 (2002-2003) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 2002, jf. nærmere omtale nedenfor.
I tabell 1.1 på side 9 i meldingen er det en trykkfeil i første rad knyttet til oljekorrigert overskudd på statsbudsjettet og teksten i andre rad endres til "Overføringar frå Norges Bank ut over utrekna trendnivå", slik:
Tabell 1.1 Den strukturelle, oljekorrigerte budsjettbalansen (tal i mill. kroner)
2002 | |
Oljekorrigert overskot på statsbudsjettet | -62 392 |
- Overføringar frå Noregs Bank ut over utrekna trendnivå | -4 492 |
- Netto renteinntekter frå Noregs Bank og utlandet ut over utrekna trendnivå | -1 383 |
- Særskilte rekneskapsforhold 1) | -21 779 |
- Aktivitetskorrigeringar | 1 471 |
= Strukturelt budsjettoverskot | -36 209 |
1) Dette omfattar mellom anna ekstraordinært tilskot til nedbetaling av fylkeskommunal gjeld på grunn av overføringa av spesialisthelsetenesta til staten.
I tabell om økte utgifter på side 13 i meldingen er korrekt tekst i tredje rad "Redusert overføring", slik:
Renteutgifter | -41 |
+ Dagpengar | 368 |
+ Redusert overføring 1) | 2 093 |
+ Reelt meirforbruk | 781 |
= Utgiftsendringar utan utgifter som vert refunderte | 3 201 |
+ Refunderte utgifter | 1 670 |
= Samla utgiftsendringar | 4 871 |
1) Det er teke omsyn til 125 mill. kroner i redusert overført løyving til pasientbehandling i utlandet.
Oslo, i finanskomiteen, den 3. juni 2003
Siv Jensen leder og ordfører |