Innstilling fra forsvarskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering
Dette dokument
- Innst. S. nr. 94 (2002-2003)
- Kildedok: St.prp. nr. 37 (2002-2003)
- Dato: 19.12.2002
- Utgiver: Forsvarskomiteen
- Sidetall: 3
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 gjeld innlemming i EØS-avtala av rådsvedtak av 23. oktober 2001 om skiping av ei fellesskapsordning for å styrkje samarbeidet om hjelpeaksjonar innan katastrofevernebuing (2001/792/EF, Euratom). Vedtaket endrar protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid på særlege område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidet vert utvida til å omfatte felles samordning av sivil krisehandtering.
Norsk deltaking i ordninga inneber plikt til å løyve midlar over fleire år. Då EØS-komiteen vedtok å ta avgjerda om ordninga inn i EØS-avtala, gav Noreg dei andre avtalepartane melding om at dei forfatningsrettslege krava måtte vere stetta i Noreg før avgjerda kunne verte bindande, jf. § 26 andre leddet i Grunnlova og artikkel 103 i EØS-avtala.
Fellesskapsordninga vil supplere fellesskapshandlingsprogrammet for sivil vernebuing, og fell inn under den same styringskomiteen under Europakommisjonen som handlingsprogrammet. På denne måten vil fellesskapsordninga og handlingsprogrammet kunne utfylle kvarandre og samordnast. Noreg har teke del i fellesskapshandlingsprogrammet for sivil vernebuing sidan 1998, og skal òg ta del i den neste programperioden 2000-2004 (jf. St.prp. nr. 45 (1999-2000)).
Norsk omsetjing av avgjerda i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 og rådsvedtak 2001/792/EF, Euratom av 23. oktober 2001 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Intensjonen bak Europakommisjonens initiativ til skiping av fellesskapsordninga er å medverke til å sikre betre vern av menneske, miljø, eigedom og kulturelle verdiar i tilfelle naturlege, teknologiske, radiologiske og miljømessige kriser, og i tilfelle ureiningsulykker til havs, både innanfor og utanfor Den europeiske unionen. I lys av terroraksjonane hausten 2001 er arbeidet med gjennomføringa av fellesskapsordninga endå meir intensivert. Ordninga rører ikkje ved plikter under eksisterande relevant lovgjeving i EU eller andre internasjonale avtaler. Søkjarstatane til EU vil òg få høve til å ta del i ordninga.
Det overordna føremålet med fellesskapsordninga er at EU på førespurnad kan gje støtte ved ulike typar kriser, og dessutan leggje til rette for ei betre samordning av støttande operasjonar gjennom medlemsstatane og Det europeiske fellesskapet. Ordninga vil leggje til rette for mobilisering av innsatsgrupper, ekspertar og andre ressursar gjennom ein styrkt struktur for sivil vernebuing, som m.a. er samansett av eit overvakings- og informasjonssenter og eit felles krisekommunikasjons- og informasjonssystem. I tillegg vil ordninga gje betre høve til å samle informasjon om kriser og distribuere informasjon til medlemsstatane, og til å utveksle røynsler frå hjelpeoperasjonar.
Gjennomføringa av ordninga skal evaluerast av Kommisjonen kvart tredje år frå ordninga tek til å gjelde, og konklusjonane skal, saman med eventuelle framlegg til endringar, leggjast fram for Europaparlamentet og Rådet.
Dei statane som knyter seg til ordninga, pliktar til å identifisere, formidle og ajourføre oversikter over operative innsatsgrupper som kan sendast til eit kriseområde. Det vert òg lagt opp til at EU skal sende ut ekspertar som kan evaluere krisa og samordne den internasjonale hjelpa. Desse ekspertane må òg peikast ut frå deltakarstatane på førehand, slik at dei kan følgje opplæringsprogrammet til Kommisjonen. I tillegg vert Noreg bede om å identifisere, formidle og ajourføre oversikter over medisinske ressursar, og om å peike ut og informere Kommisjonen om eit nasjonalt kontaktpunkt.
For å kunne gjennomføre fellesskapsordninga har òg Kommisjonen teke på seg ein del ansvar, ettersom han pliktar seg til å skipe eit overvakings- og informasjonssenter som er tilgjengeleg heile døgnet, og eit felles, sikkert kommunikasjons- og informasjonssystem. Dette vil gjere det mogleg snøgt å mobilisere og sende ut ekspertgrupper som kan vurdere kva hjelp som trengst, og samordne hjelpa. I tillegg vil Kommisjonen i samarbeid med nokre av medlemsstatane, setje i verk felles treningsprogram og øvingar. Kommisjonen vil òg ha ansvar for å samle og systematisere den naudsynte informasjonen om ressursane til medlemsstatane, og vil distribuere informasjon om kriser og om dei operasjonane som eventuelt vert sette i verk.
Varsling om alvorlege kriser eller eit trugsmål om ei krise, skal helst skje gjennom kommunikasjons- og informasjonssystemet. Det er opp til den staten som står overfor ei krise, å be om støtte frå andre statar og frå Kommisjonen gjennom fellesskapsordninga. Dersom det kjem ei oppmoding om hjelp, skal Kommisjonen sende denne vidare til kontaktpunkta i dei andre medlemsstatane, leggje til rette for mobilisering av grupper, ekspertar og anna støtte til den kriseramma staten og samle inn stadfesta informasjon om krisen og distribuere dette til medlemsstatane.
Med sikte på deltakinga for EFTA-EØS-statane i fellesskapsordninga for sivil krisehandtering vedtok EØS-komiteen 27. september 2002 eit tillegg til protokoll 31 i EØS-avtala om samarbeid utanfor dei fire fridommane. Avgjerda viser til artikkel 86 og 98 i EØS-avtala som grunnlag for dei endringane som vert gjorde.
Norsk deltaking i fellesskapsordninga for sivil krisehandtering vil gje gode høve til å ta del i og utforme internasjonal vernebuing i tilfelle kriser. T.d. vil Direktoratet for sivilt beredskap (DSB) ha både personell og ressursar som kan gjerast tilgjengelege i slike operasjonar, jf. støttegruppene for internasjonal innsats. Dei omfattande opplæringsplanane vil kunne medverke til kompetanseheving innan krisehandtering for norske nasjonale ekspertar på dette feltet. EUs vilje til å skipe ei operativ ordning for betre samordning signaliserer auka fokus på kor viktig det er med sivil vernebuing, og det vil vere til føremon for Noreg å medverke til å styrkje dette feltet også internasjonalt.
Deltaking i fellesskapsordninga vil vere i tråd med dei måla som ligg til grunn for samfunnstryggingsarbeidet, jf. Innst. S. nr. 9 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 17 (2001-2002) Samfunnssikkerhet.
Under visse føresetnader vil òg fellesskapsordninga kunne vere eit reiskap for å støtte krisehandtering som fell innanfor avdeling V i EU-konvensjonen om EUs felles tryggings- og utanrikspolitikk, jf. artikkel 12 i rådsvedtaket. Norsk deltaking i fellesskapsordninga kan òg gje høve til å kome nærmare arbeidet i ESDP (European Security and Defence Policy). Deltaking i fellesskapsordninga vil vere i samsvar med norske interesser og ha grunnlag i nasjonale prioriteringar.
Den totale budsjettramma for fellesskapsordninga er på 3 mill. euro. EFTA-EØS-statane sin del av dette vil vere på om lag 64 000 euro, og Noreg sin del av dette vil igjen utgjere om lag 94 pst. Dette utgjer for Noreg ei gjennomsnittleg årleg fordeling på om lag 500 000 kroner for deltaking i form av opplæringsprogram, øvingar, reiser og liknande i regi av Kommisjonen. Utgiftene vil bli dekte over budsjettet til Justisdepartementet, kap. 451 post 1.
Utgiftene ved ei mogleg utsending av norske ressursar/innsatsgrupper må òg dekkjast nasjonalt. Dekkinga av desse utgiftene vil kome an på kva type oppdrag det dreier seg om og kor utsendinga vil finne stad.
Deltakinga i fellesskapsordninga krev ikkje endringar i nasjonale lover eller forskrifter.
Justisdepartementet rår til at Noreg tek del i fellesskapsordninga fordi dette samarbeidet er i samsvar med norske interesser og prioriteringar på området sivil vernebuing. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.
Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunnar Halvorsen, Leif Lund og lederen Marit Nybakk, fra Høyre, Bjørn Hernæs og Åge Konradsen, fra Fremskrittspartiet, Per Roar Bredvold og Per Ove Width, fra Sosialistisk Venstreparti, Kjetil Bjørklund, fra Kristelig Folkeparti, Åse Wisløff Nilssen, og fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, har merket seg at den aktuelle avgjørelsen i EØS-komiteen nr. 135 av 27. september 2002 gjelder innlemming i EØS-avtalen av rådsvedtak av 23. oktober 2001 om opprettelsen av en fellesskapordning for å styrke samarbeidet om hjelpeaksjoner innen katastrofeberedskap (2001/792/EF, Euratom). Vedtaket endrer protokoll 31 til EØS-avtalen om samarbeid på særlige områder utenfor de foretakene, slik at samarbeidet har vært utvidet til å omfatte felles samordning av sivil krisehandtering.
Komiteen har videre merket seg at fellesskapsordningen vil supplere fellesskaphandlingsprogrammet for sivil beredskap og faller inn under samme styringskomité under Europakommisjonen som handlingsprogrammet.
Komiteen er enig i at på denne måten vil fellesskapsordningen og handlingsprogrammet kunne utfylle hverandre og samordnes.
Komiteen viser til at Norge har tatt del i fellesskapshandlingsprogrammet for sivil beredskap siden 1998, og skal ta del i den neste programperioden 2000-2004 (jf. St.prp. nr. 45 (1999-2000)).
Komiteen har merket seg at det overordnede formål med fellesskapsordnignen er at EU på forespørsel kan gi støtte ved ulike typer kriser, og dessuten legge til rette for en bedre samordning av støtte til organisasjoner gjennom medlemsstatene og Det europeiske fellesskap.
Komiteen har videre merket seg at gjennomføringen av ordningen skal evalueres av kommisjonen hvert tredje år fra ordningen tar til å gjelde.
Komiteen anser at deltakelse i fellesskapsordningen for sivil krisehåndtering vil gi godt høve til å ta del i og utforme internasjonal beredskap i tilfelle kriser. EUs vilje til å skape en operativ ordning for bedre samordning, signaliserer økt fokus på hvor viktig det er med sivilt beredskap.
Komiteen viser for øvrig til Innst. S. nr. 9 (2002-2003), jf. St.meld. nr. 17 (2001-2002) der justiskomiteen og forsvarskomiteen uttalte:
"Komiteene mener at de internasjonale aspekter ved samfunnssikkerhetsarbeidet vil få en fremtredende plass i årene framover. Norge ivaretar egen sikkerhet ved aktivt å bidra til fred og stabilitet i våre nærområder og andre konfliktområder."
samt
"Komiteene har merket seg at man vil vurdere å utvikle en nasjonal ressursbase for internasjonal krisehåndtering for personell innen andre deler av rettskjeden enn politiet. Det vil innebære en ytterligere vektlegging av de internasjonale aspektene ved sam-funnssikkerhetsarbeidet."
Komiteen har merket seg at norsk deltakelse i fellesskapsordningen medfører en plikt til å bevilge penger over flere år, men at det aktuelle beløp er beskjedent. Budsjettet for ordninga er på 3 mill. euro. Dette utgjør for Norge en gjennomsnittlig årlig fordeling på om lag 500 000 kroner for deltaking i form av opplæringsprogram.
Komiteen har videre merket seg at utgifter ved en mulig utsending av norske ressurs/innsatsgrupper må dekkes nasjonalt.
Komiteen har forelagt innstillingen for utenrikskomiteen som ikke har merknader til utkastet til innstilling.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
vedtak:
Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 135/2002 av 27. september 2002 om endring av protokoll 31 i EØS-avtala om deltaking for EFTA-EØS-statane i ei fellesskapsordning for sivil krisehandtering.
Oslo, i forsvarskomiteen, den 19. desember 2002
Marit Nybakk leder |
Leif Lund ordfører |
Bjørn Hernæs sekretær |