Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå justiskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala

Innhold

Til Stortinget

Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 vart vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala endra. Endringa vart gjord for å innlemme rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) i EØS-avtala. Endringa vart gjord ved at det i vedlegg XXII etter nr. 10 vart lagt til eit nytt nr. 10a, som viser til rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE).

Føremålet med forordninga er å leggje til rette for og betre tilhøva for føretak som driv verksemd på tvers av landegrensene innanfor EØS-området.

Avgjerda i EØS-komiteen vart teken med atterhald for samtykke frå Stortinget, ettersom gjennomføringa i norsk rett gjer det naudsynt med lovvedtak.

Forordninga opnar for at det kan etablerast ei selskapsform på europeisk nivå som eit alternativ til selskapsformer i nasjonal lovgjeving. Det europeiske selskapet (som skal ha forkortinga SE) skal vere eit selskap med avgrensa ansvar, og eigardelane skal vere fordelte på aksjar. Sidan føremålet med forordninga er å leggje tilhøva til rette for verksemd over landegrensene, er det eit vilkår for å kunne etablere seg som eit SE-selskap at verksemda på nærmare definerte måtar er knytt til minst to EØS-statar.

Forordninga inneheld selskapsrettslege reglar, og vert supplert av eit direktiv om medråderett for arbeidstakarar. Det er ein føresetnad for å kunne etablere eit SE-selskap at direktivet er gjennomført i nasjonal lovgjeving.

Forordninga er ikkje uttømmande i den tydinga at ho på fleire punkt viser til dei reglane som gjeld for allmennaksjeselskap i staten der SE-selskapet er etablert. I tillegg opnar forordninga for at statane på visse punkt kan fastsetje særskilde reglar for SE-selskap som er etablerte hos dei. SE-selskapa har òg fridom til å regulere visse tilhøve i vedtektene sine.

Avdeling I i forordninga inneheld allmenne føresegner. Viktige føresegner er her at selskapet skal ha ein aksjekapital på minst 120 000 euro, at selskapet må ha den vedtektsmessige heimstaden sin og hovudkontoret sitt i éin og same EØS-stat, at heimstad og hovudkontor på visse vilkår kan flyttast til ein annan EØS-stat og at SE-selskapet ut over dei reglane som er fastsette i forordninga, skal handsamast som eit allmennaksjeselskap i den staten der det høyrer heime.

Avdeling II inneheld nærmare reglar om dei ulike måtane å stifte eit europeisk selskap på. Stiftinga kan skje på fire ulike måtar.

Avdeling III inneheld reglar om dei styrande organa.

Avdeling IV inneheld reglar om rekneskap og avdeling V reglar om konkurs mv. Her vert det stort sett vist til dei reglane som gjeld for allmennaksjeselskap i staten der SE-selskapet høyrer heime.

Avdeling VI inneheld tilleggs- og overgangsføresegner og avdeling VII sluttføresegner.

Forordninga med tilhøyrande direktiv må vere gjennomførd i nasjonal rett innan 8. oktober 2004.

EØS-komiteen vedtok 25. juni 2002 ved avgjerd nr. 93/2002 at vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala skal endrast ved at rådsforordning (EF) nr. 2157/2001 av 8. oktober 2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE) vert teken inn i EØS-avtala.

Etter artikkel 103 nr. 1 skal EFTA-statane innan seks månader frå tidspunktet då avgjerda vart vedteken (25. juni 2002), melde frå til dei andre EØS-statane at dei forfatningsrettslege krava er stetta, og for Noreg sin del vil det seie at det er innhenta samtykke frå Stortinget til godkjenning av avgjerda i EØS-komiteen.

Høvet til å etablere SE-selskap er ei nyskaping, og følgjeleg finst det ingen reglar om dette i norsk rett i dag.

Forordninga vert gjennomførd i norsk rett ved ei eiga lov. Det må takast stilling til om det skal gjevast sær­reglar for SE-selskap på dei punkta der forordninga opnar for dette. Direktivet om medråderett for arbeidstakarar må òg innpassast i lova.

Justisdepartementet vil, i samarbeid med Arbeids- og administrasjonsdepartementet, som har ansvaret for gjennomføringa av direktivet, fremje ein eigen odelstingsproposisjon med framlegg til ei ny lov om SE-selskapet.

Forordninga rettar seg i hovudsak mot private rettsubjekt, og gjev desse høve til å etablere SE-selskap på visse vilkår. Staten vert i liten grad påførd plikter etter forordninga. Staten er likevel pålagd å peike ut ei eller fleire rette styresmakter. Desse rette styresmaktene skal på ulike måtar ha visse attest- og kontrollfunksjonar, men det dreier seg ikkje om omfattande plikter. Totalt sett er det ikkje grunn til å tru at forordninga vil få nemnande økonomiske eller administrative konsekvensar for offentlege styresmakter.

Forordninga vil føre til at føretak som driv verksemd over landegrensene innanfor EØS-området, kan etablere seg som eit europeisk selskap dersom nærmare fastsette vilkår er stetta. I kor stor grad føretak vil nytte seg av høvet til å etablere SE-selskap, er vanskeleg å seie noko sikkert om. Den største nyskapinga som forordninga fører med seg, er truleg at ho opnar for fusjon av føretak over landegrenser, noko som ikkje er mogleg i dag. Etablering av eit SE-selskap vil truleg føre med seg at føretaket kan redusere dei administrative kostnadne sine, men slik situasjonen er i dag, vil det ikkje føre med seg t.d. skattemessige føremoner.

Justisdepartementet tilrår på denne bakgrunnen at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala ved å innlemme forordning (EF) nr. 2157/2001 om vedtektene for det europeiske selskap (SE). Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Gunn Karin Gjul, Anne Helen Rui og Knut Storberget, fra Høyre, Carsten Dybevig, lederen Trond Helleland og Linda Cathrine Hofstad, fra Fremskrittspartiet, Jan Arild Ellingsen og Harald Espelund, fra Kristelig Folkeparti, Einar Holstad og Finn Kristian Marthinsen, og fra Sosialistisk Venstreparti, Inga Marte Thorkildsen, viser til departementets redegjørelse i St.prp. nr. 35 (2002-2003). Komiteen har ingen merknader til spørsmålet om samtykke til godkjenning av avgjørelse i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtalen.

Komiteens utkast til innstilling ble 12. desember 2002 oversendt utenrikskomiteen til uttalelse. Utenrikskomiteen uttaler følgende i brev av 17. desember 2002:

"Det vises til justiskomiteens brev av 12. ds., hvor det bes om utenrikskomiteens uttalelse til ovennevnte utkast til innstilling.

Komiteens medlem fra Senterpartiet viser til at SE-selskap vil representere en nyskaping i norsk rett. Det er uavklart hvilke konsekvenser det vil få å åpne for å etablere SE-selskap i Norge. Dette medlem mener at konsekvensene av å godta etablering av SE-selskaper må utredes nærmere for å sikre utilsiktede konsekvenser av en slik endring av selskapsretten. Inntil en slik utredning foreligger vil dette medlem ikke godta endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtalen slik det er foreslått i St.prp. 35 (2002-2003). Dette medlem mener en utredning av konsekvensene av forslaget bør foreligge som del av forslaget om lovhjemmel, og vil på denne bakgrunn gå imot forslaget til vedtak.

Komiteens medlemmer for øvrig har ingen merknader til utkastet."

Komiteen viser til proposisjonen og til det som står foran, og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

Stortinget gjev samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 93/2002 av 25. juni 2002 om endring av vedlegg XXII (selskapsrett) til EØS-avtala.

Oslo, i justiskomiteen, den 17. desember 2002

Trond Helleland

leder

Harald Espelund

ordfører

Jan Arild Ellingsen

sekretær