Innstilling frå samferdselskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2002 av 31. mai 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2001/96/EF om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip
Dette dokument
- Innst. S. nr. 37 (2002-2003)
- Kildedok: St.prp. nr. 9 (2002-2003)
- Dato: 21.11.2002
- Utgiver: Samferdselskomiteen
- Sidetall: 1
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Til Stortinget
Ved avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2002 av 31. mai 2002 vart EØS-avtala endra ved at det i vedlegg XIII punkt 56 k (Transport) vart teke inn ei tilvising til europaparlaments- og rådsdirektiv 2001/96/EF av 4. desember 2001 om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip.
Føremålet med direktivet er å styrkje tryggleiken for bulkskip som legg til ved terminalar for å laste eller losse faste bulklaster/tørrbulk, ved å redusere risikoen for store påkjenningar og fysisk skade på konstruksjonen til skipet under lasting eller lossing. Direktivet inneheld bindande rettsreglar om lasting og lossing av tørrbulkskip.
Gjennomføringa av direktivet i norsk rett krev ei endring av hamne- og farvasslova, og terminaloperatørane skal setje i verk kvalitetssikringssystem som sikrar at mellom anna leiing og drift av terminalane vert planlagt, utført og jamnleg evaluert i medhald av spesifikke kvalitetskrav.
Fiskeridepartementet vil fremje ein eigen odelstingsproposisjon for Stortinget med framlegg om naudsynte lovendringar.
Den nye tilsynsfunksjonen vil kunne føre med seg noko auka økonomiske ressursar, som ein tek sikte på å dekkje innan dei gjeldande rammene til Kystverket.
Utanrikskomiteen har i brev av 20. november 2002 meddelt at komiteen har ingen merknader.
Komiteen har ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
Stortinget samtykkjer i godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 56/2002 av 31. mai 2002 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2001/96/EF om fastsetjing av harmoniserte krav og framgangsmåtar for sikker lasting og lossing av bulkskip.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 21. november 2002
Petter Løvik leiar |
Heidi Sørensen ordførar |
Geir-Ketil Hansen sekretær |