Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om endringar i statsbudsjettet for 2002 som følgje av takstoppgjera for legar, psykologar og fysioterapeutar

Innhold

Til Stortinget

Helsedepartementet gjer i proposisjonen framlegg om auke av løyvingane for 2002 under kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og post 71 Refusjon psykologhjelp og under kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, post 70 Refusjon allmennlegehjelp og post 71 Refusjon fysioterapi. Auken på i alt 250,0 mill. kroner har samanheng med reviderte avtalar med Den norske lægeforening, Norsk Fysioterapeutforbund og Norsk Psykologforening om takstar, basistilskot og driftstilskot. Det er sett av reservar til dekking av meirutgiftene ved oppgjeret under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymseposten). Denne løyvinga vil det seinare bli gjort framlegg om å setje ned.

I forhandlingsmøte 31. mai 2002 blei Den norske lægeforening, staten, Kommunenes Sentralforbund og NAVO/helseforetaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om basistilskot for fastlegar, driftstilskot for legespesialistar og takstar for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003. Det tilrådde framlegget inneber at gjeldande basistilskot, driftstilskot, takstar og fondsavsetningar blir auka med 6,4 prosent frå 1. juli 2002. I tillegg blir det gjeve ei ekstra avsetning til fonda med 25 mill. kroner som kompensasjon for meirutgiftene for legane i 2001 som følgje av momsreformen same året. Meirutgiftene for folketrygda til refusjonar og fondsavsetningar i 2002 er rekna til 190 mill. kroner, delt med 45 mill. kroner på kap. 2711 post 70 Refusjon spesialisthjelp og 145 mill. kroner på kap. 2755 post 70 Refusjon allmennlegehjelp.

I forhandlingsmøte 3. juni 2002 blei Norsk Fysioterapeutforbund, Kommunenes Sentralforbund og staten samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for fysioterapeutar. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003. Avtalen føreset ei regulering av takstar og driftstilskot med 6,2 prosent per 1. juli 2002. Takstar og driftstilskot aukar med same prosentsats. Folketrygda skal som tidlegare setje av 1,5 prosent av utbetalte refusjonar til fond for etter- og vidareutdanning. I tillegg blir det gjeve ei ekstra avsetning til fondet med 3 mill. kroner som kompensasjon for meirutgiftene i 2001 som følgje av momsreformen same året. Departementet tilrår at løyvinga for 2002 under kap. 2755 post 71 Refusjon fysioterapi blir auka med 45,0 mill. kroner.

Fastlønstilskotet til kommunar med fysioterapeutstillingar var 123 500 kroner i 2001. Departementet tilrår at fastlønstilskotet blir regulert til 131 000 kroner for 2002, og at kap. 2755 post 62 Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar blir auka med 7,0 mill. kroner.

I forhandlingsmøte 3. juni 2002 blei Norsk Psykologforening, staten og NAVO/helseforetaka samde om eit tilrådd framlegg til revidert avtale om driftstilskot og takstar for spesialistar i klinisk psykologi. Avtalen skal gjelde for tidsrommet 1. juli 2002 - 30. juni 2003. Avtalen føreset ei regulering av takstar, driftstilskot og avsetning til fondet for vidare- og etterutdanning med 5,5 prosent per 1. juli 2002. I tillegg blir det gjeve ei ekstra avsetning til fondet med 1 mill. kroner som kompensasjon for meirutgiftene i 2001 som følgje av momsreformen same året. Departementet tilrår at kap. 2711 post 71 Refusjon psykologhjelp blir auka med 8,0 mill. kroner.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Britt Hildeng, Asmund Kristoffersen og Gunn Olsen, fra Høyre, Beate Heieren Hundhammer, Bent Høie og Elisabeth Røbekk Nørve, fra Fremskrittspartiet, lederen John I. Alvheim og Harald T. Nesvik, fra Sosialistisk Venstreparti, Olav Gunnar Ballo og Sigbjørn Molvik, fra Kristelig Folkeparti, Åse Gunhild Woie Duesund og Magne Aarøen, og fra Senterpartiet, Ola D. Gløtvold, har merket seg at det er inngått avtale for tidsrommet 1. juli 2002-30. juni 2003 for Den norske lægeforening på den ene siden og Kommunenes Sentralforbund, staten og NAVO/helseforetaka på den andre siden innenfor ei ramme på 6,4 prosent gjeldende for basistilskott, driftstilskott, takster og fondsavsetninger. I tillegg kommer 25 mill. kroner til fondene som kompensasjon for merutgifter for legene i 2001 som følge av momsreformen.

Komiteen har på samme måte merket seg at det inngått avtale for tidsrommet 1. juli 2002-30. juni 2003 for Norsk Fysioterapeutforbund på den ene siden og Kommunenes Sentralforbund og staten på den andre siden innenfor ei ramme på 6,2 prosent for takster og driftstilskott og ekstra avsetning til fond for etter- og videreutdanning med 3 mill. kroner som kompensasjon for merutgifter i 2001 som følge av momsreformen. Komiteen har videre merket seg at fastlønnstilskottet blir øket fra 123 500 kroner i 2001 til 131 000 kroner i 2002.

Komiteen har også merket seg at det er inngått avtale for tidsrommet 1. juli 2002-30. juni 2003 for Norsk Psykologforening på den ene siden og staten og NAVO/helseforetakene på den andre siden innenfor ei ramme på 5,5 prosent med regulering av takster, driftstilskott og fondsavsetning til etter- og videreutdanning med nevnte prosentsats og 1 mill. kroner til fondet som kompensasjon for merutgifter i 2001 som følge av momsreformen.

Komiteen støtter de framlagte bevilgningsforslagene i proposisjonen.

Komiteen viser til merknadene og proposisjonen og rår Stortinget til å gjere følgjande

vedtak:

I statsbudsjettet for 2002 blir det gjort følgjande endringar:

Kap.

Post

Formål:

Kroner

2711

Diverse tiltak i spesialisthelsetenesta

70

Refusjon spesialisthelsetenesta, blir auka med

45 000 000

frå kr 970 000 000 til kr 1 015 000 000

71

Refusjon psykologhjelp, blir auka med

8 000 000

frå kr 170 000 000 til kr 178 000 000

2755

Helseteneste i kommunane

62

Tilskot til fastlønsordning fysioterapeutar, kan nyttast under post 71, blir auka med

7 000 000

frå kr 195 000 000 til kr 202 000 000

70

Refusjon allmennlegehjelp, blir auka med

145 000 000

frå kr 2 360 000 000 til kr 2 505 000 000

71

Refusjon fysioterapi, kan nyttast under post 62, blir auka med

45 000 000

frå kr 970 000 000 til kr 1 015 000 000

Oslo, i sosialkomiteen, den 13. juni 2002

John I. Alvheim

leiar

Asmund Kristoffersen

ordførar

Åse Gunhild Woie Duesund

sekretær