Innstilling frå samferdselskomiteen om endring av løyvingar mv. for 2001 på Samferdselsdepartementet sitt område
Dette dokument
- Innst. S. nr. 50 (2001-2002)
- Kildedok: St.prp. nr. 18 (2001-2002)
- Dato: 06.12.2001
- Utgiver: Samferdselskomiteen
- Sidetall: 4
Tilhører sak
Alt om
Innhold
- 1. Programkategori 21.20 Luftfartsformål
- 2. Programkategori 21.30 Vegformål
- 3. Programkategori 21.50 Jernbaneformål
- 4. Programkategori 21.60 Samferdselsberedskap
- 5. Programkategori 22.10 Post- og telekommunikasjonar
- 6. Komiteen si tilråding
Til Stortinget
Samferdselsdepartementet legg i proposisjonen fram ein del saker under programkategoriane 21.20 Luftfartsformål, 21.30 Vegformål, 21.50 Jernbaneformål, 21.60 Samferdselsberedskap og 22.10 Post- og telekommunikasjonar.
Departementet gjer i proposisjonen framlegg om å auke løyvinga på kap. 1310, post 70 Godtgjersle for innanlandske flyruter, med 10,4 mill. kroner som følgje av omlegging av fiskalavgifta og nullsats på moms.
Som følgje av terroraksjonane i USA 11. september 2001 har det blitt sett i verk ekstra tryggingstiltak ved alle norske lufthamner, og det blir derfor gjort framlegg om å redusere overskottskravet til Luftfartsverket for 2001 med 10 mill. kroner.
Departementet viser til at utviklinga innanfor luftfarten i haust gjer at Luftfartsverket sine driftsinntekter for 2001 er svært usikre.
Det blir i proposisjonen orientert om statleg forsikringsansvar for norske luftfartøy og lufthamner ved skader på tredjepart, som følgje av krigs- og terrorhandlingar, jf. St.prp. nr. 103 (2000-2001), jf. Innst. S. nr. 6 (2001-2002). Stortinget samtykte 26. oktober 2001 i at Samferdsledepartementet kunne gjere avtaler om statleg forsikringsansvar for luftfartøy operert av norsklisensierte fly- og helikopterselskap ved skade på tredjepart som følgje av krigs- og terrorhandlingar. Premieinntekta, med fråtrekk av administrasjonsvederlaget til Gjensidige NOR, vil inntektsførast i statsrekneskapen for 2001 under kap. 5309 Tilfeldige inntekter, post 29 Ymse. Eit grovanslag over premieinntekter for to månader utgjer om lag 8-9 mill. kroner. Av dette utgjer administrasjonsvederlaget 15 pst.
Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Sigrun Eng, Bjørgulv Froyn, Tomas Norvoll og Oddbjørg Ausdal Starrfelt, frå Høgre, Anne Berit Andersen, Sverre J. Hoddevik, Hans R. Kjæstad og leiaren Petter Løvik, frå Framstegspartiet, Thore A. Nistad og Kenneth Svendsen, frå Sosialistisk Venstreparti, Geir-Ketil Hansen og Heidi Sørensen, frå Kristeleg Folkeparti, Odd Holten og Jan Sahl og frå Senterpartiet, Jorunn Ringstad, har merka seg at det har vorte sett i verk ekstra tryggingstiltak ved alle norske lufthamner etter terroraksjonane mot USA 11. september 2001. Komiteen meiner det har vore nødvendig å setje inn til dels omfattande tiltak og innser at desse tiltak har ført til ekstra utgifter for Luftfartsverket. Når i tillegg utviklinga i luftfarten i haust gjer driftsinntektene for Luftfartsverket svært usikre, er komiteen samd i at overskotskravet til Luftfartsverket for 2001 vert redusert med 10 mill. kroner.
Det blir i proposisjonen gjort greie for auka låneramme for E18 Aust-Agderpakken.
I St.prp. nr. 1 (2001-2002) blir det lagt opp til å framskunde utbygginga av strekninga Øygardsdalen-Dyreparken i høve til det som ligg til grunn i St.meld. nr. 46 (1999-2000) Nasjonal transportplan 2002-2011, på grunn av at strekninga er eit prøveprosjekt for OPS-ordninga. Føresetnaden for å framskunde utbygginga er ein auke i låneramma for Aust-Agderpakken.
Aust-Agder fylkeskommune eig bompengeselskapet og Fylkestinget handsama saka i møte 16. oktober 2001.
I proposisjon blir det foreslått at bompengeselskapet får høve til å auke låneramma frå 60 til 230 mill kroner.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Framstegspartiet, har merka seg at i St.prp. nr. 1 (2001-2002) blir det lagt opp til å framskunde utbygginga av strekninga Øygardsdalen-Dyreparken i høve til det som ligg til grunn i Nasjonal transportplan 2002-2011. Føresetnaden for å framskunde utbygginga er ein auke i låneramma for Aust-Agderpakken.
Fleirtalet har vidare merka seg at Aust-Agder fylkeskommune har gjort dei nødvendige vedtak for at låneramma skal kunne utvidast.
Fleirtalet er difor samd i at bompengeselskapet Aust-Agder Vegfinans AS får høve til å auke låneramma frå 60 til 230 mill. kroner. Selskapet får høve til å ta opp lån for å framskunde arbeidet med utbygging av strekningen Brokelandsheia-Vinterkjær, samt planlegging, oreigning av grunn og leggje til rette for prøveprosjektet for OPS-ordninga på strekningen Øygardsdalen-Dyreparken.
Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til sine prinsipielle synspunkter om bruk av bompenger. Disse medlemmer viser til sine merknader i forbindelse med behandling av Nasjonal transportplan, Innst. S. nr. 119 (2000-2001), der en ønsker full utbygging av E18 Oslo-Kristiansand med statlige midler.
På denne bakgrunn vil disse medlemmer i de årlige budsjetter foreslå økte bevilgninger til prosjektet slik at det kan gjennomføres uten bruk av bompenger. Disse medlemmer går følgelig imot at lånerammen utvides, og vil stemme imot forslag til vedtak.
På bakgrunn av at det må gjerast korreksjonar i rekneskapen til Jernbaneverket, gjer departementet i proposisjonen framlegg om å auke løyvinga på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, med 52,9 mill. kroner.
Bakgrunnen for forslaget skuldast at det i samband med avslutninga av Jernbaneverkets rekneskap for 2000 blei det funne feil mellom utgåande balanse i Jernbaneverket og utgåande balanse i statens kapitalrekneskap.
For å rette opp feilen slik at statsrekneskapen blir korrekt, er det i 2001 naudsynt å bokføre ein korreksjon på 52,9 mill. kroner på kap. 1350, post 23 Drift og vedlikehald, og tilbakeføre inntekter frå kap. 5700, post 72 Arbeidsgivaravgift, med 23,7 mill. kroner. Korrigering av desse feila vil ikkje føre til auka aktivitet i Jernbaneverket i 2001.
Departementet tilrår at Stortinget gjer vedtak om at jernbanenettet mellom Leira og Dokka på Valdresbanen kan bli frigitt til andre føremål og at skjener og sviller på strekninga Bjørgo-Leira blir fjerna.
Fleirtalet i komiteen, alle unnateke medlemene frå Sosialistisk Venstreparti, har i tillegg til opplysningane som vart gitt om Valdresbanen i St.prp. nr. 76 (2000-2001), merka seg at departementet opplyser at Jernbaneverket meiner at strekninga Leira-Dokka ikkje kan køyrast med persontog, og at Jernbaneverket ikkje lenger har det økonomiske ansvaret for vedlikehaldet av den nedlagde jernbanestrekninga.
Fleirtalet er og kjend med at det framleis er eit engasjement for å oppretthalde jernbanesporet som del av nasjonal turistbane, men oppfattar at dette engasjementet ikkje har støtte i kommunane i området eller i Oppland fylkeskommune.
Fleirtalet vil ut frå ei samla vurdering og også i tråd med fleirtallsmerknaden i Innst. S. nr. 327 (2001-2002), støtte at jernbanenettet mellom Leira og Dokka blir frigitt til andre føremål slik det går fram av forslaget i II punkt 2.
Fleirtalet ber difor om at skjener og sviller på strekninga Bjørgo-Leira blir fjerna, slik at bygging av gang- og sykkelveg kan kome i gang.
Komiteens medlemmer fra Sosialistisk Venstreparti viser til at AS Valdresbanen fikk gjennomslag i Namsretten om at staten ved Samferdselsdepartementet ikke kunne fjerne linjenettet med bakgrunn i beredskapsmessige grunner. Etter disse medlemmers mening er dette viktig, men ikke tilstrekkelig som grunn for at linjenettet ikke kan fjernes. Faktum er, som departementet skriver i proposisjonen, at Stortinget kan gjøre vedtak om det motsatte, i hvilket tilfelle vedtaket i Namsretten mister grunnlag.
Det finnes konkrete forslag om virksomhet på banen. AS Valdresbanen vil etablere et turisttrafikktilbud basert på charterturer og annen virksomhet. Aksjeselskapet har 492 aksjonærer og interesseforeningen Nye Valdresbanen har 680 medlemmer, som vitner om stor lokal interesse.
Disse medlemmer vil vise til at AS Valdresbanen har investert penger i togsett og år med frivillig arbeid, og til at AS Valdresbanen sikter på å øke aksjekapitalen til 300 000 kroner gjennom en aksjeemisjon. Videre vises det til at det legges opp til en drift med 8 000 passasjerer første år og øking til 22 000 etter tre år. Selskapet ønsker å utvikle reisen til mer enn en transportetappe, noe som ikke er vanskelig å se verdien av: Valdres er et av de mest ettertraktede turistområder på Østlandet, og på samme måte som man har flere steder i for eksempel Sveits, vil banen kunne fungere som en turistattraksjon i seg selv. Det burde være unødvendig å si at dette i så fall ville kunne ha store ringvirkninger på næringslivet i distriktet.
Videre ser selskapet mulighet til å drive andre former for næringsdrift.
Disse medlemmer har merket seg at et sentralt argument bak ønsket om å rive opp skinnene er bygging av gang- og sykkelsti fra Bjørgo til Leira. Disse medlemmer forstår ønsket om gang- og sykkelstier, men ønsker å poengtere at det allerede er laget gang- og sykkelsti gjennom hele sentrum av Aurdal, og at en forlengelse av denne både er mulig og ønskelig uten at linjetraseen fjernes.
Disse medlemmer er opptatt av ny og alternativ virksomhet i distriktene. I Valdres finnes det en jernbanelinje som kan benyttes til turistvirksomhet, og det finnes et selskap som ønsker å benytte banen. Det er investert både tid og penger allerede. Det eneste det bes om er at det gjøres et politisk vedtak om at banen blir liggende en periode slik at konseptet kan prøves ut.
Disse medlemmer går inn for at banen ikke fjernes, og går derfor imot departementets tilråding om at banen mellom Leira og Bjørgo frigis til andre formål.
Samferdselsdepartementet gjer i proposisjon framlegg om å redusere kap. 1360 samferdselsberedskap, post 1 Driftsutgifter, med 2 mill. kroner mot tilsvarande auke av kap. 1380 Post- og teletilsynet, post 1 Driftsutgifter, på grunn av at Post- og teletilsynet skal ha eit særskild ansvar for teletryggleik og teleberedskap.
Med bakgrunn i St.meld. nr. 47 (2000-2001) Telesikkerhet og -beredskap i et telemarked med fri konkurranse, jf. Innst. S. nr. 329 (2000-2001), skal Post- og teletilsynet vere ansvarleg styresmakt for teletryggleik og -beredskap. Etableringa vil i alt koste om lag 3,2 mill. kroner, av dette 2 mill. kroner i 2001.
Komiteen har ingen merknader.
Det vert gjort framlegg om å auke løyvinga på kap. 1380, post 1 Driftsutgifter, med 2 mill. kroner frå 140,4 mill. kroner til 142,4 mill. kroner, sjå omtalen under kap. 1360 Samferdselsberedskap.
Det blir i proposisjon orientert om statleg garanti til konkursbuet for Enitel AS.
Verksemda Enitel AS blei teke under konkurshandsaming 17. september 2001. Ved konkursopninga blei Samferdsledepartementet gjort merksam på at buet var utan midlar til å kunne sikre vidare drift i Enitel AS. Buet oppmoda departementet til å garantere for driftskostnadene i ein periode på fem arbeidsdagar frå konkursopninga.
I brev av 17. september 2001 til konkursbuet ga staten ved Samferdselsdepartementet slik garanti, samla avgrensa til eit beløp på 7,3 mill. kroner.
I brev av 25. september 2001 frå konkursbuet heiter det at det ikkje har vore naudsynt for konkursbuet å trekkje på statsgarantien.
Komiteen har ingen merknader.
Komiteen har elles ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt
vedtak:
I
I statsbudsjettet for 2001 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. | Post | Formål: | Kroner | Kroner |
Utgifter | ||||
1310 | Flytransport | |||
70 | Godtgjersle for innanlandske flyruter, kan nyttast under kap. 1311 post 71, blir auka med | 10 428 000 | ||
frå kr 393 000 000 til kr 403 428 000 | ||||
1350 | Jernbaneverket (jf. kap. 4350) | |||
23 | Drift og vedlikehald, kan overførast, kan nyttast under post 30, blir auka med | 52 900 000 | ||
frå kr 2 739 812 000 til kr 2 792 712 000 | ||||
1360 | Samferdselsberedskap | |||
1 | Driftsutgifter, blir redusert med | 2 000 000 | ||
frå kr 5 491 000 til kr 3 491 000 | ||||
1380 | Post- og teletilsynet (jf. kap. 4380) | |||
1 | Driftsutgifter, blir auka med | 2 000 000 | ||
frå kr 140 488 000 til kr 142 488 000 | ||||
2450 | Luftfartsverket (jf. kap. 5450, 5491 og 5603) | |||
24.1 | Driftsinntekter | -2 405 600 000 | ||
24.2 | Inntekter regionale lufthamner | -212 300 000 | ||
24.3 | Frå reguleringsfondet | -81 200 000 | ||
24.4 | Driftsutgifter, overslagsløyving | 1 702 000 000 | ||
24.5 | Driftsutgifter regionale lufthamner, overslagsløyving | 209 000 000 | ||
24.6 | Avskrivingar | 335 900 000 | ||
24.7 | Renter av statens kapital | 35 100 000 | ||
24.8 | Til investeringsformål | 314 100 000 | ||
24 | Driftsresultat | -103 000 000 |
II
Stortinget samtykkjer i at:
1. Aust-Agder Vegfinans AS får høve til å auke låneramma frå 60 mill. kroner til 230 mill. kroner.
2. Jernbanenettet mellom Leira og Dokka på Valdresbanen kan bli frigitt til andre føremål og at skjener og sviller på strekninga Bjørgo-Leira blir fjerna.
Oslo, i samferdselskomiteen, den 6. desember 2001
Petter Løvik leiar |
Jorunn Ringstad ordførar |
Geir-Ketil Hansen sekretær |