Vedlegg 7: Brev fra Kommunal- og regionaldepartementet v/statsråden til kommunalkomiteen, datert 26. mars 2001

Spørsmål til St.meld. nr 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg

Eg viser til brev av 8. mars 2001 frå Senterpartiets stortingsgruppe med spørsmål til St. meld. nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg.

1. Meiner statsråden at ein mindreårig einsleg asylsøkjar har same behov for oppfylgjing, omsorg og forutsigbarhet som eit einsleg mindreårig norsk barn?

Eg meiner at alle barn har behov for oppfølging, omsorg og forutsigbarhet, og desse prinsippa skal sjølvsagt ligge til grunn for behandling av alle barn i Noreg. Når det gjeld i kva for grad dei har behov for det, meiner eg ein må sjå på det enkelte barn, framfor grupper av barn.

Dette gjeld ikkje minst for einslege mindreårige asylsøkjarar, som i likskap med norske barn, ikkje er noka einsarta gruppe barn og ungdom. Dei har ulik sosial, religiøs og kulturell bakgrunn. Dei har ulike opplevingar i samband med væpna konflikt og flukt og dei har ulike personlege ressursar og ulike strategiar for å meistre situasjonen. Fordi dei har så ulik bakgrunn og fordi alderen varierer, vil dei ha forskjellige behov for støtte og oppfølging.

2. Vurderer statsråden det som aktuelt å gjera ordninga med direkte busetjing for denne gruppa permanent?

Ordninga med direktebusetjing gjeld ikkje berre einslege mindreårige, men blir brukt når asylsøkjarar av sosiale eller medisinske omsyn ikkje bør bu i statleg mottak. tal frå 2000 syner at ordninga oftast blir brukt i høve til einslege mindreårige, og meir enn kvar tredje person i denne gruppa blei busett på denne måten i fjor. ordninga ser ut til å fungere bra slik ho blir praktisert i dag, og eg ser difor ingen grunn til å endre på dette nå. eg vil understreke at det skal liggje ei individuell vurdering til grunn i kvar einskild sak, slik at den løysinga som blir vald skal være til beste for den det gjeld.

3. Kva innsparingar og auka kostnadar vil det eventuelt innebera?

Ei eventuell endring med direktebusetjing av alle einslige mindreårige ville ført til innsparingar når det gjeld drift av statlege mottak, og til auka utgifter til kommunane. Skilnaden mellom innsparingar og auka utgifter vil truleg ikkje være stor. Ved direktebusetjing får kommunane eit tilskot på kr. 30 000 per person, og dersom vedtak ikkje er fatta etter tre månader etter busetjing, får dei kr 7500 per månad fram til personen får vedtak. Dersom dei direktebusette får vedtak om opphald, så får kommunen integreringstilskot og eventuelle ekstra tilskot etter gjeldande retningslinjer, akkurat som ved busetjing av andre flyktningar.

4. Har statsråden planar for rettleiing, oppfylgjing og økonomisk kompensasjon overfor slektningar som tek imot einslege mindreårige ?

Eg vil understreke at det er kommunane sitt ansvar å finne gode bu- og omsorgsløysingar til einslege mindreårige. Dette inneber og eit ansvar for å gi rettleiing og oppfølging i samband med privatplasseringar og å vurdere å yte økonomisk kompensasjon. Eg har tillit til at kommunane sørgjer for det som er nødvendig for at omsorgssituasjonen til det enkelte barn skal bli så god som mogleg, uavhengig av i kva for omsorgssituasjon det blir plassert.

Som komitéen er kjend med, får kommunar som busett einslege mindreårige både eit integreringstilskot på kr 365 000 fordelt over fem år, pluss eit særskilt tilskot på kr 93 000 per år fram til den einslege mindreårige blir 20 år. I tillegg kan dei få refusjon frå fylkeskommunen for utgifter til ulike typar av busetjingstiltak med støtte og oppfølging som blir etablert for einslege mindreårige flyktningar etter barnevernlova §4-4, i den grad utgiftene overstig den kommunale eigendelen som i dag er på kr 11 000 for einslege mindreårige.

Elles vil eg vise til at Barne- og familiedepartementet har utarbeida ei handbok for kommunane sitt arbeid med einslege mindreårige som vil bli send til alle kommunane i landet om kort tid. Barne- og familiedepartementet vil òg vurdere om det er behov for å tilby eigne kurs/etterutdanning vedrørande oppfølging av etniske fosterheimar/plassering hos slektningar.

5. Har statsråden planar om ei styrking av verjeordninga utover det som er sagt i stortingsmeldinga ? Er det t.d. aktuelt å utvida ansvaret og å syta for opplæring ?

Justisdepartementet er i ferd med å oppnemne eit lovutval som skal revidere verjemålslova. Dette lovutvalet skal etter planen mellom anna sjå på om det bør opprettast særlege reglar for einslege mindreårige asylsøkjarar. I samband med dette skal utvalet vurdere om verjer/hjelpeverjer skal ha ein nærmare definert omsorgsfunksjon. I tilleggskal utvalet også vurdere ein lovfesta rett til godtgjersle for oppnemnde verjer. På sikt vil verja /hjelpeverja si rolle og ansvar såleis kunne bli annleis enn i dag.

Når det gjeld opplæring, er det overformynderia i kommunane som er ansvarlege for det. Dei skal og føre tilsyn med verjene. Justisdepartementet har utarbeida flere informasjonsbrosjyrar til verjer og overformynderi, mellom anna ei brosjyre på 34 sider: "Veiledende retningslinjer til verger for enslige mindreårige asylsøkere". Desse retningslinjene er no under revisjon. Justisdepartementet har òg gitt ut ei omfattande handbok for overformynderia, som stadig blir vidareutvikla. I tillegg blir det halde samlingar og kurs for overformynderia med jamne mellomrom.

6. Korleis vurderer statsråden forholdet til barnevernet, t.d. at mottak som tek mot einslege mindreårige, får status som barnevernsinstitusjonar ?

Som nemnt tidlegare, er einslege mindreårige inga einsarta gruppe barn og ungdom. Fordi dei har ulik bakgrunn og fordi alderen varierer vil dei ha forskjellige behov for hjelp og støtte. Det må vere situasjonen og behova til den enkelte som avgjer kor vidt den einslege mindreårige kan bu i mottak eller om ein institusjonsplass vil vere ei betre løysing. Eg meiner det ikkje er behov for å gi avdelingane for einslege mindreårige i mottak status som barneverninstitusjonar. Dersom einslege mindreårige har behov for ein plass på ein barneverninstitusjon bør dei få plass på ein av dei institusjonane som allereie eksisterar. Eg kan ikkje sjå at det er ønskjeleg å etablere eigne institusjonar berre for einslege mindreårige.

Eg vil elles informere om at asylmottaket rutinemessig skal melde frå til barneverntenesta i mottakskommunen om at ein einsleg mindreårig er komen til mottaket. Den kommunale barneverntenesta i mottaks­-kommunen har same ansvar for barn som oppheld seg i mottak som for andre barn i kommunen. Dersom mottaket er uroa for ein einsleg mindreårig og mottaket vurderer at det kan vere grunnlag for å sette inn tiltak utover det mottaket sjølv kan gi skal mottaket kontakte barneverntenesta. Barneverntenesta skal då følgje vanlege kriterium og prosedyrar som gjeld for andre barnevernsaker.

Når det gjeld tilbodet i mottak til einslege mindreårige generelt vil eg vise til at Regjeringa i St.meld. nr. 17 (2000-2001) Asyl- og flyktningpolitikken i Noreg har gjort framlegg om ei styrking av bemanninga og fagkompetansen til dei tilsette ved avdelingane for einslege mindreårige og innføring av ei ordning med tilsyn med kvar enkelt einsleg mindreårig. Eg vil og vise til at Regjeringa nyleg har oppretta ei eiga avdeling med styrkt bemanning for einslege mindreårige barn under 15 år ved Solbakken mottak i Florø.

7. Statsråden har varsla ein gjennomgang av utlendingslova. Korleis er framdrifta på denne gjennomgangen, vil Stortinget få seg førelagt ei sak no i vår ?

Regjeringa meiner det er behov for ein brei gjennomgang av utlendingslova. Siktemålet er ei forenkling og oppmyking av regelverket, slik at det kan bli mykje enklare og mindre tidkrevjande å få løyve til å kome til Noreg. Dette er også viktig som ledd i fornyinga av offentleg sektor.

Kommunal- og regionaldepartementet har starta arbeidet med å utforme mandat og oppnemne eit lovutval for denne gjennomgangen av utlendingslova. Etter planen vil lovutvalet tre saman ved årsskiftet 2001/2002. Det er forventa at utvalet vil vere i verksemd i to år. Arbeidet til utvalet vil munne ut i ei offentleg utgreiing (NOU) som vil danne grunnlaget for ny lovgjeving.

I mellomtida vil departementet arbeide med endringar i det gjeldande regelverket. Departementet tek mellom anna sikte på å leggje fram for Stortinget, i inneverande sesjon, forslag om endringar i utlendingslova § 6 som gjeld arbeidsløyve. Føremålet med forslaga vil vere å gjere regelverket meir fleksibelt, både med sikte på å lette rekrutteringa av arbeidstakarar og å effektivisere saksbehandlinga.

8. Kva tilbakevendingsprogram er etablert for tilbakevending til Kosovo ?

Fyrst vil eg understreke at det heilt sida Noreg evakuerte flyktningar frå Kosovo våren 1999, har vore ein føresetnad at dei skulle dra tilbake når forholda var trygge. Mange vende tilbake same haust, med hjelp frå norske myndigheiter. Andre søkte om asyl i Noreg. Dei som får avslag på denne søknaden, må forlate landet. 25. oktober i fjor bestemte eg at alle barnefamiliar kunne bli i landet fram til 1. mars i år, sjølv om dei skulle få endeleg avslag på søknaden om asyl. Einslege par og par utan barn, kunne returnere òg gjennom vinteren.

Status viser at :

  • – om lag 8 000 Kosovo-flyktningar fekk våren 1999 kollektivt vern i Noreg

  • – i underkant av 4 000 har vendt tilbake med statleg stønad (15 000 kr pr. person)

  • – ca. 4 500 har søkt om asyl

  • – om lag 3 500 har fått søknaden behandla i første instans

  • – 68 har fått asyl på grunn av fare for forfølging (pr. 15. mars)

  • – 285 har fått opphald på humanitært grunnlag (pr. 15. mars)

Tilbakevendingsprogrammet

UDI har ansvaret for eit tilbakevendingsprogram for Kosovo-flyktningar som ønskjer å reise tilbake til Kosovo. Ordninga er i utgangspunktet for personar som vart omfatta av det kollektive vernet. Tilbakevendingsprogrammet inkluderer økonomisk stønad, reise, tilbakevendingsattaché og stønad til diverse prosjekt som inkluderer informasjon og rådgjeving for dei som ønskjer å vende tilbake.

  • – Tilbakevendingsstønad

Ordninga inneber økonomisk stønad på kr. 15.000 pr. person. Normalt er det berre personar med asyl eller opphald på humanitært grunnlag som får tilbakevendingsstønad. Asylsøkjarar med avslag får ingen stønad. Eit unntak er gjort for dei frå Kosovo som tidlegare har hatt kollektivt vern i Noreg. Dei blir dermed positivt forskjellsbehandla i forhold til andre asylsøkjarar. Tilbodet gjeld berre i ein månad etter eventuelt avslag i UDI.

  • – Reise

Ordninga inneber vidare tilbod om reise til heimlandet. UDI har gjennom IOM chartra fly frå Oslo til Pri­stina, i perioden mars til juli 2001. Det første flyet gjekk 9. mars, deretter går to fly i uka utover våren. Tilbodet gjeld også transport frå Pristina til endeleg adresse.

  • – Tilbakevendingsattaché

Tilbakevendingsordninga inkluderer òg ein tilbakevendingsattaché. Attachéen følgjer nøye med på forhold som har betydning for tilbakevending. Attachéen er til stades på flyplassen når folk vend tilbake, og besøker òg tilbakevendte familiar.

  • – Anna stønad

Økonomisk stønad blir også gjeve til prosjekt som støttar opp om friviljug tilbakevending, til dømes informasjon og rådgjeving om situasjonen i Kosovo (INCOR-prosjektet).

  • – Tvungen retur

Det er ønskjeleg at så mange som mogleg av dei som får avslag vend tilbake frivillig. Personar som ikkje nyttar seg av tilbakevendingsprogrammet og heller ikkje retter seg etter endelege avslag på søknad om asyl, blir uttransporterte. Her gjeld det same som for andre asylsøkjarar. Til no er rundt 150 personar tvangsreturnerte til Kosovo.

Elles viser eg til mitt svar på representanten Magnhild Meltveit Kleppa sitt brev av 23. februar 2001, jf. kopi som er lagt ved.

9. Kva reaksjonar har departementet fått så langt på forslaget om å påleggja kommunane å busetja flyktningar?

Regjeringa har ikkje lagt fram forslag om å pålegge kommunane å busette flyktningar. Ei arbeidsgruppe har nylig lagt fram eit detaljert forslag til ny ordning for fordeling av flyktningar til kommunane, basert på St.meld. nr. 17 (2000-2001) I forslaget er det lagt til grunn at kommunane frivillig, gjennom større grad av interkommunalt samarbeid, skal busette alle flyktningar som får opphaldsløyve i Noreg, og på ein måte som reduserer ventetida i mottak og medverkar til meir stabil busetjing. Kommunanes Sentralforbund støtter forslaget frå arbeidsgruppa. Stortinget er orientert om dette forslaget i brev av 19.03.2001.

10. Korleis samsvarar eit slikt forslag med statsråden si understreking av at ho vil styrka det kommunale sjølvstyret?

Forslaget til ny ordning for busetting har, som nemnt i svaret på spørsmål 9, lite innverknad på det kommunale sjølvstyret, men kommunane må ta eit større kollektivt ansvar for å få busett fleire flyktningar raskare.