Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Vedlegg: Brev frå Olje- og energidepartementet v/statsråden til energi- og miljøkomiteen, dagsett 30. mai 2000

Eg viser til brev av 10. mai 2000 frå energi- og miljøkomiteen der følgjande dokument vart oversendt Olje- og energidepartementet: "Dokument nr. 8:56 (1999-2000) Forslag fra stortingsrepresentantene Carl I. Hagen, Øyvind Vaksdal og Øyvind Korsberg om å be Regjeringen som generalforsamling i Statoil om å skifte det sittende styret til fordel for et nytt med nødvendig kompetanse, samt gi instrukser til styret vedrørende den lederlønnspolitikk og det ventelønnssystem (fallskjermsystem) selskapet skal følge".

Dei ordinære selskapsrettslege reglane i aksjelova gjeld også for Statoil, men aksjelova inneheld visse særreglar for statsaksjeselskap som styrkjer generalforsamlinga si stilling i selskap der staten eig alle aksjane (§§ 20-4 til 20-6). Generalforsamlinga har dessutan fastsett vedtekter for Statoil. Staten si styring er utforma slik at styret og den daglege leiinga får forretningsmessig handlerom innanfor gitte rammevilkår.

Ifølge aksjelova § 6-2 (2) skal dagleg leiar tilsetjas av styret, dersom ikkje anna er bestemt. I Statoil sine vedtekter § 6 står det at "Styret ansetter selskapets administrerende direktør og fastsetter dennes lønn." Forhandlinger om løn, pensjon og andre økonomiske vilkår vil vera forretningsmessige spørsmål, der selskapet må ta dei omsyn som arbeidsmarkaden og konkurransen frå andre verksemder i same bransje tilseier.

Avtale om løn, sluttvederlag osv. for tidlegare konsernsjef i Statoil Harald Norvik vart kjent for offentligheita og Olje- og energidepartementet i mars i år. Statsminister Jens Stoltenberg og eg svarte på spørsmål om denne saka i spontanspørjetimen 29. mars 2000. Eg gav då ei nærare utgreiing om dei faktiske forholda. Norvik har i etetertid sagt frå seg sin rett til utbetaling fram til fylte 60 år. Han får sluttvederlag tilsvarande to årsløner. Frå fylte 60 år vil han motta ein årleg pensjon som utgjer 66 % av pensjonsgrunnlaget. Avtalen som styret har inngått med konsernsjef Olav Fjell er sluttvederlag tilsvarande to årsløner dersom han sluttar etter oppmoding frå styret og ein årleg pensjon frå fylte 60 år som utgjer 66 % av pensjonsgrunnlaget.

Løns- og pensjonsvilkåra for tidlegare konsernsjef Harald Norvik og noverande konsernsjef Olav Fjell, og godtgjering til bedriftsforsamling, styre m.v., framgår av note 4 i Statoil si årsmelding og rekneskap for 1999 side 53. Dette er i samsvar med rekneskapslova kap. 7 Noteopplysningar. Etter § 7-11 skal lønskostnader spesifiserast på løn, folketrygdavgift, pensjonskostnader og andre ytingar. Det skal dessutan opplysast om utrekning av pensjonskostnader og pensjonsforpliktingar. Rekneskapslova § 7-31 gir reglar for informasjon om ytingar til leiande personar m.v.

Eg sluttar meg til dei vurderingar om saka som statsministeren gav uttrykk for i spontanspørjetimen 29. mars som svar på spørsmålet frå stortingsrepresentanten Halvorsen. Eg kan ikkje sjå at det er grunnlag for å skifte ut dei 7 av 10 styremedlemmane som er valgt av generalforsamlinga 27. april 1999. Dei 3 øvrige styremedlemmane vert valgt av dei tilsette, jf. Statoil sine vedtekter § 4. Styret har ansvar for tilsetjing og fastsetjing av dei vilkåra som skal gjelde for mellom anna daglig leiar i Statoil. Styret i Statoil har ei brei kompetanse- og erfaringsbase frå ulike stillingar og verv og har opparbeidd seg god kompetanse om Statoil og utfordringar for selskapet i framtida. Selskapet er dessutan inne i ein omstillingsprosess. Det vil vera uheldig å skifte ut 7 av 10 medlemmar på det noverande tidspunktet, også sett i forhold til prosessen med vidareutvikling av det statlege engasjementet.

Eg meiner det er viktig at opplysningane om leiarane si løn, pensjon og sluttvederlag er offentlege. Som Statsminister Jens Stoltenberg skreiv i sitt brev til Stortinget sin president 12. april 2000 som svar på skriftlig spørsmål nr. 274 frå stortingsrepresentant Odd Roger Enoksen, vil departementa som forvaltar av statlege eigarinteresser i si oppfølging og gjennomgang av selskapa sine årsoppgjer for 1999 leggja vekt på at nemnde reglar i rekneskapslova vert fulgt.

Regjeringa vil vurdere om det vil vera hensiktsmessig å innføre retningsliner for tilsetjingsvilkår for personar i leiinga i heileigde statsselskap. Ein er kjend med at det i Sverige vert praktisert ei slik ordning. Retningslinene endrar likevel ikkje styret sitt ansvar for slike vilkår.

Regjeringa vil vidare innføre som praksis eit vedlegg til fagdepartementa sine årlege budsjettproposisjonar, der det skal vera ei samla framstilling av leiarane sine tilsetjingsvilkår i kvart heileigde statleg selskap.

Etter mi vurdring er det ikkje grunnlag for å skifte ut dei styremedlemmane i Statoil sitt styre som er valgt av generalforsamlinga. Regjeringa vil gjennomføre ei nærare vurdering av om det vil vera hensiktsmessig å innføre retningsliner for tilsetjingsvilkår for personar i leiinga for heileigde statlege selskap.