Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling fra finanskomiteen om Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1999

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget

Meldinga omfattar statsrekneskapen medrekna folketrygda, rekneskapen for Svalbard, statsgarantiar, tilsegns- og tingingsfullmakter, oppgåve over aksjar og informasjon om rekneskapa for dei offentlege fonda.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1999 var 499,6 mrd. kroner medan utgiftene var på 467,0 mrd. kroner. Inntektene frå petroleumsverksemda var på 44,6 mrd. kroner. Statsrekneskapen viser dermed eit oljekorrigert underskot på 12,1 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av 1999 budsjettet vedteke at 18,5 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vart dermed gjort opp med eit overskot på 6,4 mrd. kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 26,1 mrd. kroner vert avsett i Statens petroleumsfond.

I meldinga vert det òg gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 7,3 mrd. kroner i renteinntekter og utbyte. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskot på 33,4 mrd. kroner for 1999. Ved utgangen av 1999 var kapitalen i fondet 220,9 mrd. kroner.

Samla sett vert statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 39,9 mrd. kroner.

Tabell 1.1 i meldinga gjev oversyn over inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet medrekna folketrygda for 1998 og 1999.

Samanlikna med 1998 har inntekter utanom lånetransaksjonar og inntekter frå petroleumsverksemda gått opp med 6,3 pst. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemda har auka med 4,8 pst. Det oljekorrigerte underskotet er redusert med 5,4 mrd. kroner frå 1998 til 1999. Samstundes har netto oljeinntekter gått ned med 0,4 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbyte auka med 1,1 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sitt overskot er dermed redusert med 0,7 mrd. kroner og samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond er auka med 6,1 mrd. kroner.

Ein viser elles til at budsjettutviklinga gjennom 1999 er omtalt i St.prp. nr. 67 (1998-1999) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999, Revidert nasjonalbudsjett 1999, Gul bok 2000, Nasjonalbudsjettet 2000 og St.prp. nr. 30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999.

Tabell 1.3 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene, overskotet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1999, medan tabell 1.4 i meldinga viser utviklinga i statskassa sitt finansieringsbehov.

I 1999 har inntektsløyvingane utanom lånetransak-sjonar vorte redusert med 14,8 mrd. kroner frå 506,2 mrd. kroner i saldert budsjett (Blå bok) til 491,4 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utan lånetransaksjonar vart auka med 8,5 mrd. kroner frå 455,5 mrd. i saldert budsjett til 464,0 mrd. kroner ved nysaldering av budsjettet. Utgifter til petroleumsverksemda auka med 4,6 mrd. kroner. Når ein held lånetransaksjonar og petroleumsverksemda utanom, auka utgiftene med 3,9 mrd. kroner.

Auken i løyvingane utanom inntektsoppgjera vart på 8,3 mrd. kroner når ein held anslag på renter og dagpengar utanom. Auken i løyvingane gjeld meirutgifter i samband med forsvaret sine internasjonale operasjonar på 1,7 mrd. kroner, medan løyvingane til busetting av flyktningar, drift av statlege mottak o.a. auka med 1,2 mrd. kroner. Under kap.195 Fred, forsoning og demokrati auka løyvingane med 0,8 mrd. kroner. Det at flyttinga til nytt Rikshospital vart utsatt, har medført auka løyvingar på om lag 1,0 mrd. kroner, medan auka aktivitet ved sjukehusa har medført auka løyvingar på 0,9 mrd. kroner. Ein del av auken i utgiftene må sjåast i samband med tilsvarande auka inntekter.

Det vart ved salderinga av budsjettet avsett 5,3 mrd. kroner under kap. 2309 Tilfeldige utgifter (Ymse posten). Av dette vart 3,3 mrd. kroner nytta til lønnsoppgjera. Dei resterande 2,0 mrd. kronene dekkjer bare delar av auken i løyvingane på 8,3 mrd. kroner.

Reduserte anslag på renteutgifter på om lag 2,5 mrd. kroner har isolert sett medført lågare løyvingar. Anslaget på utgiftene til dagpengar medførte auka løyvingar på 0,1 mrd. kroner.

Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot som er 11,7 mrd. kroner høgare enn i det opprinnelege salderte budsjettet. Oljeinntektene gjekk ned med 7,0 mrd. kroner og oljeutgiftene auka med 4,6 mrd. kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 11,6 mrd. kroner lågare enn i saldert budsjett. Anslaget for renteinntekter og utbyte i Statens petroleumsfond vart auka med 0,7 mrd. kroner. Samla sett innebar dette ei forverring i budsjettbalansen på 22,6 mrd. kroner.

I saldert budsjett for 1999 vart løyvingane til arbeidsmarknadstiltak og butiltak redusert grunna høge overførte løyvingar frå 1998 til 1999 under desse utgiftskapitla. Dei reduserte løyvingane gav ikkje lågare utgifter i statsrekneskapen for 1999, men reduserte overførte løyvingar frå 1999 til 2000. Dette vert det teke omsyn til i anslag på rekneskap ved framlegget av budsjettet. Både anslag på rekneskap ut frå saldert budsjett (Blå bok) og ut frå nysaldert budsjett viste difor 1,3 mrd. kroner høgare oljekorrigert underskot enn saldert og nysaldert budsjett. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved nysalderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 1,3 mrd. kroner utover det som var naudsynt for å dekkje det budsjetterte oljekorrigerte underskotet.

Ei samla oversikt over løyvingsendringane gjennom 1999 er gjeve i St.prp. nr. 30 (1999-2000) Ny saldering av statsbudsjettet medregnet folketrygden 1999.

I statsrekneskapen for 1999 er oljekorrigert underskot 6,4 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagt i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet som då vart forutsett. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 1999 gjort opp med eit overskot på 6,4 mrd. kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskotet mellom anslag på rekneskap i nysalderinga og rekneskapen.

På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene auka med 3,7 mrd. kroner. Netto renter og aksjeutbyte er auka med 0,7 mrd. kroner. I tillegg viser rekneskapen meirinntekter på 1,6 mrd. kroner utanom petroleumsinntekter, skattar, renter og aksjeutbyte. Ein har då tatt omsyn til at føringstekniske forhold i rekneskapen gjev meirinntekter på 1,3 mrd. kroner samanlikna med budsjettet. Desse meirinntektene tilsvarar auka utgifter.

Utgiftene utanom petroleumsutgifter og renteutgifter vert redusert med 0,4 mrd. kroner. Dei auka utgiftene må sjåast på bakgrunn av 1,0 mrd. kroner høgare overførte løyvingar til 2000 i høve til overførte løyvingar frå 1998.

Rekneskapen for 1999 viser eit lånebehov på 29,7 mrd. kroner som er 5,2 mrd. kroner lågare enn lagt til grunn ved nysaldering av 1999-budsjettet.

Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 7 248 mill. kroner i høve til nysaldert budsjett.

Tabell 1.5 Samla meirinntekter (Tal i mill. kroner)

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

3 695

Renter og aksjeutbyte

656

Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta

298

Departementa sine inntekter

2 600

Samla meirinntekt

7 248

Inntektene under departementa vart 2 600 mill. kroner høgare enn budsjettert i nysaldert budsjett. Rekneskapen vil normalt gje ei meirinntekt for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet. I tillegg vert det overført midlar frå dei enkelte fagdepartementa til fylkesmannsembeta. Nokre departement har også høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Slike meirinntekter utgjer samla om lag 1,3 mrd. kroner for 1999. Dei samla meirinntektene på 1,3 mrd. kroner svarar til tilsvarande meirutgifter og inneber dermed ikkje ei styrking av budsjettbalansen.

Den resterande auken i inntekter er på 6,0 mrd. kroner, inkl. 3,7 mrd. i auka skatte- og avgiftsinntekter. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket, SND og politi- og lennsmannsetaten høgare enn budsjettert. Elles omfattar meirinntektene under departementa ei rekkje gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m.m.

Meirutgiftene i rekneskapen i høve til nysaldert budsjett for 1999 er netto på 820 mill. kroner når ein held lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd utanom. Fleire omsyn bidreg imidlertid til høgare utgifter enn budsjettert. Departementa har ein auke i oppdragsinntekter som gjev tilsvarande meirforbruk under driftsutgiftene (jf. pkt. 1.4.1 ovanfor). Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak og fødselspengar i statleg verksemd gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapen enn i budsjettet. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta bidreg også til ein auke av både inntekter og utgifter i statsbudsjettet.

Når ein ser bort frå slike rekneskapstekniske forhold, viser rekneskapen 0,4 mrd. kroner lågare utgifter enn lagt til grunn ved nysaldert budsjett.

Dei lågare utgiftene kan tilskrivast høgare overførte løyvingar til 2000. På grunn av endra budsjettering av butiltak og arbeidsmarknadstiltak var det forventa at overførte løyvingar til 2000 skulle verte redusert med 1,3 mrd. kroner til 6,0 mrd. kroner. Rekneskapen viser imidlertid auka overførte løyvingar på andre område. Nedgangen i overført beløp når ein held lånetransak-sjonar og statleg petroleumsverksemd utanom, var samla sett på berre 282 mill. kroner.

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl. lånetransaksjonar) vore slik (mill. kroner):

Overført løyving

Auke/Nedgang

(-)

1995-1996

11 760

2 671

1996-1997

11 454

-306

1997-1998

9 810

- 1 643

1998-1999

7 334

-2 477

1999-2000

7 050

-284

Rekneskapen viser ei reell meirutgift på 0,6 mrd. kroner når ein tek omsyn til høgare overførte løyvingar frå 1999 til 2000. Driftsutgiftene under politi- og lennsmannsetaten, utgiftene til kontantstøtte og utgiftene til drift og vedlikehald under Jernbaneverket vart 173,8 mill. kroner, 169,5 mill. kroner og 404,0 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett.

Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapittel bidreg isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1999. Det gjeld mellom anna utgiftene til drifttilskot til barnehagar som vart 253,9 mill. kroner lågare enn budsjettert og lågare utgifter på 262,5 mill. kroner til tilskot til Statens Pensjonskasse.

Rekneskapen for 1999 viser at utgiftene til utlån vart 1 502 mill. kroner meir enn rekna med ved nysalderinga. Meirutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (mill. kroner):

Bustadlån til statstilsette

554,5

Statens lånekasse for utdanning

394,3

Den norske stats husbank

676,8

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND

-30,1

Statens miljøfond

-195,9

Garantiinstituttet for eksportkreditt

223,9

Andre utlån

-120,9

Samla auke i utlåna

1 502,5

I 1999 vart inntektene frå tilbakebetalingar 1 173 mill. kroner høgare enn budsjettert. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (mill. kroner):

Statens Landbruksbank

37,3

Den norske stats husbank

821,0

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond, SND

149,5

Andre låntakarar

165,2

Samla reduksjon i tilbakebetalingane

1 173,0

Ved at netto utlån vart 329 mill. kroner høgare enn budsjettert og at statsbudsjettet viste eit overskot på 6 428 mill. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 6 099 mill. kroner mindre enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.

Auka innbetaling av avdrag på statsgjeld med 883 mill. kroner gjorde at brutto finansieringsbehov vart redusert med til saman 5 216 mill. kroner i høve til anslag på rekneskapen i det nysalderte budsjettet.

Det går fram av tabell 2.1 i meldinga at oljeskattar og utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (mill. kroner):

Oljeskattar og CO2-avgift .

-374

+Inntekter frå statleg petroleumsverksemd

1 283

-Utgifter til statleg petroleumsverksemd

842

= Netto oljeinntekter i alt

67

Netto driftsinntekter frå statleg petroleumsverksemd vart 1,3 mrd. kroner høgare enn i nysaldert budsjett ved at driftsinntektene i statleg petroleumsverksemd vart 1,8 mrd. kroner høgare medan driftsutgiftene samt leite- og feltutviklingsutgifter vart 0,5 mrd. kroner høgare. Meirutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart høgare enn rekna med i budsjettet.

Netto oljeinntekter er rekneskapsført med 67 mill. kroner meir enn rekna med i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraum vart overført til Statens petroleumsfond er brutto overføring til fondet auka med same beløp, til 44 627 mill. kroner. Overføringa frå fondet til statskassa er slik det var budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 67 mill. kroner høgare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.

Det er i meldinga gjort nærare greie for eit utval av inntekter og utgifter, for resultata på særskilt område og for finanspostar og kapitalrekneskapen.

Statlege garantiar hadde ved utgangen av 1999 ei samla ramme på 75,8 mrd. kroner og eit samla ansvar på 59,1 mrd. kroner.

Samla utbetalingar var på 242,4 mill. kroner i 1999.

Statsrekneskapen for 1999 omfattar 78 fond med samla inntekt på 3 186,5 mill. kroner og ei samla utgift på 3 820,5 mill. kroner. Samla kapital i fonda pr. 31. desember 1999 er 4 679,5 mill. kroner.

I kapittel 6 i meldinga er det gitt ei orientering om resultatrekneskapen for Statens petroleumsfond for 1999.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, lederen Dag Terje Andersen, Erik Dalheim, Grethe G. Fossum, Britt Hildeng, Ottar Kaldhol, Torstein Rudihagen og Signe Øye, fra Fremskrittspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, fra Kristelig Folkeparti, Valgerd Svarstad Haugland, Gunn Steinhovden og Ingebrigt S. Sørfonn, fra Høyre, Børge Brende, Kjellaug Nakkim og Anders C. Sjaastad, fra Senterpartiet, Odd Roger Enoksen, fra Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, fra Venstre, Terje Johansen, og representanten Steinar Bastesen, viser til at meldingen gjelder statsregnskapet medregnet folketrygden for 1999 og til at det i meldingen dessuten er gitt en orientering av resultatregnskapet for petroleumsfondet for 1999. Komiteen tar meldingen til orientering. Komiteen viser til at Stortinget senere, på grunnlag av innstilling fra kontroll- og konstitusjonskomiteen til dokument fra Riksrevisjonen, vil behandle konstitusjonelle antegnelser fra Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsregnskapet for 1999.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til at det på en rekke områder, både på inntekts- og utgiftssiden, er til dels betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet for 1999. Dette viser etter disse medlemmers oppfatning at budsjettpolitikken ikke er godt egnet til å jevne ut svingningene i økonomien, eller detalj- eller finstyre den.

Komiteen viser til meldingen og til det som står foran og rår Stortinget til å gjøre slikt

vedtak:

St.meld. nr. 3 (1999-2000) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda 1999 - vedlegges protokollen.

Oslo, i finanskomiteen, den 30. mai 2000

Dag Terje Andersen

leder og ordfører

Siv Jensen

sekretær