Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå forsvarskomiteen om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing

Innhold

Til Stortinget

Avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 gjeld innlemming i EØS-avtala av rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing. Vedtaket endrar protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlige område utanfor dei fire fridommane, slik at samarbeidsområdet vert utvida til å omfatte det femårige handlingsprogrammet for katastrofevernebuing.

Norsk deltaking i handlingsprogrammet fører med seg ei plikt til å løyve midlar over fleire år. Då EØS-komiteen vedtok å ta programmet inn i EØS-avtala, gav Noreg difor dei andre avtalepartane melding om at dei forfatningsrettslege krava etter artikkel 103 i EØS-avtala må verte stetta i Noreg før avgjerda vil verte bindande.

Uoffisiell norsk omsetjing av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 og rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.

Sidan 1985 har samarbeidet i EU om katastrofevernebuing utvikla seg frå å vere eit tidvist tema på ministermøte, til at det er skipa eit handlingsprogram for katastrofevernebuing for tidsrommet 1998-1999. Medlemsstatane i EU har saman med EFTA/EØS-statane teke del i det toårige programmet. Prosjekt, øvingar, utveksling av sakkunnige og gjennomføring av konferansar er aktivitetar som er vortne sette i verk. Responsen på aktivitetane har vore positiv, både frå medlemsstatane og Europakommisjonen si side.

Det er vedteke eit nytt handlingsprogram for katastrofevernebuing i EU for tidsrommet 1. januar 2000-31. desember 2004. Det nye programmet er i hovedsak likt det førre. Føremålet er å styrke det europeiske samarbeidet innan katastrofevernebuing. Programmet har som mål å støtte opp om og utfylle verksemda til lokale, regionale og nasjonale styresmakter. Målgruppa som det vert satsa på, er institusjonar og personar med ansvar for katastrofevernebuing.

I samband med programmet vil det verte utarbeidd ein treårig rullerande plan for konkrete prosjekt. Ein styringskomité vil vedta planen og revidere han årleg på bakgrunn av framlegg frå dei einskilde deltakarstatane. Prosjekta i planen vert i stor grad samordna under hovudprosjekta: utveksling av sakkunnige, førebygging og handtering av kriser og informasjon til publikum. Kvart hovudprosjekt vert ledd av éin stat, med støtte frå to eller tre andre. I styringskomiteen vil det frå norsk side vere representantar frå Direktoratet for sivilt beredskap og Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern.

Prosjekta skal finansierast på grunnlag av kostnadsdeling mellom medlemsstatane, Europakommisjonen, og dei institusjonane/organisasjonane som søkjer om støtte. Når eit prosjekt har fått støtte frå styringskomiteen og Europakommisjonen, vil deltakinga frå medlemsstatane verte finansiert innen ramma av prosjektkostnadane.

Som eit ledd i det innbyrdes samarbeidet i EØS vedtok EØS-komiteen 11. april 2000 å endre protokoll 31 til EØS-avtala om samarbeid på særlige område utanfor dei fire fridommane.

Avgjerda inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleinga er det vist til EØS-avtala, og spesielt til artikkel 86 og 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala gjennom avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at rådsvedtak 1999/847/EF om skiping av eit fellesskapshandlingsprogram for katastrofevernebuing skal takast inn i protokoll 31 artikkel 10 nr. 8 som nytt strekpunkt.

Artikkel 2 seier at ordet "fellesskapshandlingsprogrammet" i nr. 5, 6 og 7 i artikkel 10 i protokoll 31 skal bytast ut med "fellesskapshandlingsprogrammene", at ordet "komiteen" i nr. 7 i artikkel 10 i protokoll 31 skal bytast ut med "komiteene" og at ordet "rettsakt" skal bytast ut med "rettsakter".

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 1. juli 2000, på det vilkåret at EØS-komiteen har fått melding om at alle forfatningsrettslege krav for godkjenning av vedtaka er stetta i samsvar med artikkel 103 nr. 1 i avtala. Avgjerda skal nyttast frå 1. januar 2000.

Artikkel 4 seier at avgjerda i EØS-komiteen skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Dei europeiske felleskapa.

Samarbeidet innanfor handlingsprogrammet skapar ein viktig arena blant deltakerstatane i programmet når det gjeld utveksling av sakkunnige, røynsler og informasjon om katastrofevernebuing på tvers av landegrensene. Ut frå varierende føresetnader vil ulike statar ha røynsler rundt særskilte krisescenario som er av interesse for andre statar. For Noreg er det t.d. av interesse at Storbritannia og Tyskland for kort tid sidan har hatt røynsler med større togulykker, Austerrike med snøskred, Nederland og Tyskland med flaum og Frankrike med omfattande skadar etter orkan. Gjennom prosjekt kan sakkunnige på alle nivå ta del i internasjonalt samarbeid innanfor fagfelta sine.

Støtte gjennom handlingsprogrammet inneber at organisatoren av eit prosjekt i hovudsak finansierer deltakinga til sakkunnige frå andre statar. Dette prinsippet vart innført ved handlingsprogrammet for 1998-1999 og videreført til det nye femårige programmet. Til no har dette prinsippet ført til at fleire norske styresmakter har teke del i aktivitetar som seminar og øvingar, i tillegg til å hjelpe andre EU/EØS-statar med å organisere prosjekt. Gjennom det nye programmet vil ein betre kunne halde ved lag dei samarbeidsmønstra som er skipa for informasjonsutveksling, og dessutan ha eit godt høve til å skape nye. Deltaking i programmet inneber videre at relevante fagmiljø i Noreg får høve til å utarbeide kompetansehevande aktivitetar i regi av programmet.

Det samla budsjettet for programmet for heile tidsrommet er 7,5 mill. euro, om lag 61 mill. kroner. Det samla tilskotet frå Noreg vil utgjere om lag 1,04 mill. kroner, med ei gjennomsnittleg årleg fordeling på om lag 206 000 kroner (i proposisjonen feilaktig oppgitt til 260 000 kroner). Etter nærmare avtale vil kostnadene i samband med deltakinga i programmet verte fordelte med over 60 pst. over budsjettet til Justisdepartementet via Direktoratet for sivilt beredskap, og med 40 pst. over budsjettet til Kommunal- og regionaldepartementet via Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern.

Deltakinga i programmet får ingen nemnande administrative konsekvensar. Det krevst heller ingen endringar i lover eller forskrifter.

Justisdepartementet meiner at Noreg bør ta del i handlingsprogrammet fordi det er formålstenlig med internasjonalt samarbeid på dette området, og fordi programmet er i tråd med norske interesser og prioriteringer. Justisdepartementet, med tilslutning frå Kommunal- og regionaldepartementet, rår til at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om deltaking i handlingsprogrammet for katastrofevernebuing. Utenriksdepartementet sluttar seg til dette.

Komiteen, medlemmene fra Arbeiderpartiet, Grethe Fossli, Gunnar Halvorsen, Tore Nordseth og Anne Helen Rui, fra Fremskrittspartiet, lederen Hans J. Røsjorde og Per Ove Width, fra Kristelig Folkeparti, Lars Rise og Anne Brit Stråtveit, fra Høyre, Gunn Marit Helgesen, og fra Senterpartiet, Gudmund Restad, har merket seg at den aktuelle avgjørelsen i EØS-komiteen, nr. 40/2000 av 11. april 2000, gjelder innlemmelse i EØS-avtalen av rådsvedtak 1999/847/EF av 9. desember 1999 om opprettelse av et felles handlingsprogram for katastrofeberedskap. Vedtaket endrer protokoll 31 til EØS-avtalen om samarbeid på særlige områder utenfor de fire frihetene, slik at samarbeidet blir utvidet til å omfatte det femårige handlingsprogrammet for katastrofeberedskap.

Komiteen har merket seg at det nye programmet skal gjelde for perioden 1. januar 2000 - 31. desember 2004, og at det i hovedsak er en videreføring av et toårig program for tidsrommet 1998-1999 som medlemsstatene i EU har deltatt i sammen med EFTA/EØS-statene. Av aktiviteter som er iverksatt nevnes prosjekt, øvelser, utveksling av sakkyndige og gjennomføring av konferanser. Komiteen legger vekt på at responsen på disse aktivitetene har vært positiv.

Komiteen har merket seg at målet for programmet er å medvirke til å redusere risiko og skade på mennesker, miljø og eiendom på lokalt, regionalt og sentralt nivå. Dette er i tråd med de satsingsområder for den norske katastrofeberedskapen som ble lagt fram i St.meld. nr. 25 (1997-1998) Hovedretningslinjer for det sivile beredskaps virksomhet og utvikling i tiden 1999-2002.

Komiteen anser deltakelse i det aktuelle programmet som nyttig for deltakerlandene – også for Norge. Utveksling av erfaringer og lærdom fra store ulykker innen bl.a. industri og jernbanedrift, samt naturkatastrofer som jordskjelv, flom, orkaner og snøskred m.v. er viktig for å forebygge nye - og minimere konsekvensene av framtidige ulykker og katastrofer. Komiteen mener derfor at Norge bør delta i det aktuelle handlingsprogrammet som er i tråd med norske interesser og prioriteringer.

Komiteen har merket seg at norsk deltakelse i handlingsprogrammet medfører en plikt til å bevilge penger over flere år, men at det aktuelle beløpet er beskjedent. Budsjettet for hele femårsperioden er oppgitt til 7,5 mill. euro, om lag 61 mill. kroner. Norges bidrag i perioden vil utgjøre om lag 1,04 mill. kroner, med et årlig gjennomsnitt på om lag 206 000 kroner (i proposisjonen feilaktig oppgitt til 260 000 kroner). Komiteen har merket seg at kostnadene vil bli fordelt mellom Justisdepartementet og Kommunal- og regionaldepartementet med 60 pst. på Direktoratet for sivilt beredskap og 40 pst. på Direktoratet for brann- og eksplosjonsvern.

Utkast til innstilling har vært forelagt Stortingets utenrikskomité til uttalelse. Utenrikskomiteen har ingen merknader.

Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å fatte slikt

vedtak:

Stortinget samtykker i godkjenning av avgjerd i EØS-komiteen nr. 40/2000 av 11. april 2000 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om deltaking for EFTA/EØS-statane i det femårige handlingsprogrammet til EU for katastrofevernebuing, i samsvar med eit framlagt forslag i St.prp. nr. 45 (1999-2000).

Oslo, i forsvarskomiteen, den 25. mai 2000

Hans J. Røsjorde

leder

Gudmund Restad

ordfører

Grethe Fossli

sekretær