Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå familie-, kultur- og administrasjonskomiteen om endringar på statsbudsjettet for 1999 under Barne- og familiedepartementet

Dette dokument

  • Innst. S. nr. 58 (1999-2000)
  • Kildedok: St.prp. nr. 15 (1999-2000)
  • Dato: 07.12.1999
  • Utgiver: Familie-, kultur- og administrasjonskomiteen
  • Sidetall: 3
  • PDF

Innhold

Til Stortinget

Departementet gjer framlegg om at kap. 800 Barne- og familiedepartementet post 21 Spesielle driftsutgifter aukast med 2,8 mill. kroner mot ei innsparing på kap. 800 post 01 Driftsutgifter med 0,406 mill. kroner, kap. 844 Kontantstøtte post 21 Evaluering, informasjon m.v. med 0,138 mill. kroner, kap. 854 Tiltak i barne- og ungdomsvernet post 71 Forsking, utvikling og opplysningsarbeid m.v. med 1,300 mill. kroner, kap. 856 Barnehagar post 64 Prøveprosjekt Oslo indre øst med 0,300 mill. kroner, kap. 857 Barne- og ungdomstiltak post 79 Tilskot til internasjonalt ungdomssamarbeid m.v. med 0,440 mill. kroner, kap. 865 Forbrukerpolitisk forsking, forbrukersikkerhet og internasjonalt samarbeid post 21 Spesielle driftsutgifter med 0,260 mill. kroner.

Utgiftene i år vil i fylgje anslag frå Rikstrygdeverket bli om lag 20 mill. kroner lågare enn vedtatt løyving.

På grunn av dette blir det gjort framlegg om å redusera løyvinga under kap. 845 Barnetrygd post 70 Tilskot med 20 mill. kroner.

Det er eit meirbehov på 2 mill. kroner for 1999. Meirbehovet skuldast mellom anna at saksvolumet i 1999 har blitt større enn ein tidlegare har rekna med. Loven set fristar for når sakene må handsamast som òg påverkar utgiftene. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 2 mill. kroner for 1999.

Post 64 dekkjer det særskilde tilskotet til kommunar som buset einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar, samt refusjon av fylkeskommunane sine barnevernutgifter. Meirbehovet skuldast at det for 1999 er eit avvik mellom føresetnadene i budsjettet og dei faktiske tilhøve. I løpet av året har det vore ei vesentleg auke i talet på einslege mindreårige flyktningar og asylsøkjarar som er komen til landet. Samstundes har utgiftene ved den fylkeskommunale refusjonsordninga auka frå 1998 til 1999. Departementet gjer difor framlegg om ei tilleggsløyving på 21,5 mill. kroner for 1999.

Det ser ut til at etableringa av nye barnehageplassar blir lågare enn det som vart lagt til grunn i RNB. Samstundes ser det ut til at omlegginga av driftstilskot til barnehagar (nye kategoriar for opphaldstid og auka satsar 1. august 1999) vil kosta mindre enn venta.

Løyvinga til barnehagar skal sjåast i samanheng med løyvinga til kontantstønad under kap. 844 post 70. Anslag frå Rikstrygdeverket viser at det vil vera eit meirbehov på om lag 212 mill. kroner på kap. 844 post 70. Dette kan såleis dekkjast over kap. 856 post 60. På bakgrunn av desse anslaga blir det gjort framlegg om å redusera løyvinga under kap. 856 Barnehagar post 60 Driftstilskot med 30 mill. kroer.

I statsbudsjettet for 1998 blei departementet tilført 8 mill. kroner av overskotet frå Flaxlotteriet. Av desse midlane vart 4 mill. kroner øyremerka til Utviklingsprogrammet for styrking av oppvekstmiljøet og 4 mill. kroner vart øyremerka barne- og ungdomsorganisasjonane.

I budsjettet for 1999 vart løyvinga til organisasjonane og utviklingsprogrammet redusert m.a. i påvente av handsaminga av "frivillighetsmeldinga". I den vart det lagt til grunn at 8 mill. kroner av samordningsgevinsten ved samanslåinga av statlege spel skulle gå til dei nemnde tiltak. I ettertid har det vorte kjend at det ikkje vil bli nokon samordningsgevinst til fordeling i 1999. På grunnlag av dette har departementet sjølv sikra finansieringa av tiltaka for 2000 jf. St.prp. nr. 1 (1999-2000). For 1999 har ikkje dette vore mogleg.

Departementet gjer framlegg om ei tilleggsløyving på 8 mill. kroner for 1999.

Forbrukarrapporten er ein integrert del av verksemda til Forbrukarrådet. På grunn av dei årlege prisomrekningane, har inntektskravet under kap. 3860 auka med 1,3 mill. kroner frå 1995 til 1999. Talet på abonnentar er i same tidsrom blitt redusert frå om lag 99 000 til 76 000. Økonomisk har Forbrukarrådet avgrensa evne til å investere i bladet. Nedgangen i talet på abonnentar fører til stadig større kostnader til vedlikehald og nyteikning for å oppfylle kravet til eigeninntening i statsbudsjettet.

I 1999 ser det ut til at mindreinntekta til Forbrukarrådet vil bli på om lag 2,2 mill. kroner. Tidlegare er mindreinntekter hos Forbrukarrådet blitt dekt opp av departementet gjennom interne omdisponeringar. Dette er det ikkje rom for i 1999. Departementet foreslår derfor at inntektskravet på kap. 3860 blir justert ned med 2,2 mill. kroner utan nokon tilsvarande utgiftsreduksjon.

I samband med rammefordelinga for 1999 blei det gjort ein feil i fordelinga av inntektskravet på post 01 Sal av Forbrukarrapporten og post 02 Sal av opplysningsmateriell. Denne er seinare ikkje blitt korrigert. For å rette opp feilen, foreslår departementet at tilleggsforslaget blir fordelt med 1,1 mill. kroner på kvar av dei to postane 01 og 02.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

På statsbudsjettet for 1999 vert det gjort følgjande endringar:

Kap.PostFormålKroner

Utgifter

800

Barne og familiedepartementet

01

Driftsutgifter, reduserast med

406 000

frå kr 70 456 000 til kr 70 050 000

21

Spesielle driftsutgifter, aukast med

2 844 000

frå kr 2 700 000 til kr 5 544 000

844

Kontantstøtte

21

Spesielle driftsutgifter, reduserast med

138 000

frå kr 6 800 000 til kr 6 662 000

845

Barnetrygd

70

Tilskot, reduserast med

20 000 000

frå kr 12 981 042 000 til kr 12 961 042 000

854

Tiltak i barne- og ungdomsvernet

01

Driftsutgifter, aukast med

2 000 000

frå kr 53 554 000 til kr 55 554 000

64

Tilskot til einslege mindreårige flyktningar og

asylsøkjarar, overslagsløyving, aukast med

21 500 000

frå kr 65 050 000 til kr 86 550 000

71

Forsking, utvikling og opplysningsarbeid

m.v., reduserast med

1 300 000

frå kr 21 660 000 til kr 20 360 000

856

Barnehagar

60

Driftstilskot til barnehagar, overslagsløyving,

kan nyttast under kap. 844 post 70,

reduserast med

30 000 000

frå kr 4 496 900 000 til kr 4 466 900 000

64

Prøveprosjekt Oslo indre øst,

reduserast med

300 000

frå kr 10 000 000 til kr 9 700 000

857

Barne- og ungdomstiltak

70

Barne- og ungdomsorganisasjonar,

aukast med

4 000 000

frå kr 53 500 000 til kr 57 500 000

72

Utviklingsprogrammet for styrking av

oppvekstmiljøet, aukast med

4 000 000

frå kr 100 000 til kr 4 100 000

79

Tilskot til internasjonalt ungdomsarbeid,

reduserast, med

440 000

frå kr 13 710 000 til kr 13 270 000

865

Forbrukerpolitisk forskning, forbrukersikkerhet

og internasjonalt samarbeid

21

Spesielle driftsutgifter, forsking, utviklings-

og opplysningsarbeid, reduserast med

260 000

frå kr 7 839 000 til kr 7 579 000

Inntekter

3860

Forbrukerrådet

01

Sal av forbrukerrapporten, reduserast med

1 100 000

frå kr 13 166 000 til kr 12 066 000

02

Sal av forbrukermateriell, reduserast med

1 100 000

frå kr 3 438 000 til kr 2 338 000

Oslo, i familie-, kultur- og administrasjonskomiteen, den 7. desember 1999

Ågot Valle

fung. leiar og ordførar

Grethe G. Fossum

sekretær