Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet 1999 under Nærings- og handelsdepartementet

Innhold

Til Stortinget

I proposisjonen legg Nærings- og handelsdepartementet fram endringsforslag på statsbudsjettet for 1999.

Refusjonsordninga for sysselsetting av norske sjøfolk er ei regelstyrt ordning med stikkordet overslagsløyving.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 947 post 70 med 21 mill. kroner, frå 285 mill. kroner til 306 mill. kroner.

Merknader frå komiteen

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Kurt- Arne Langeland, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Morten Lund, og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merka seg at auken i talet på norske sjøfolk har vore større enn forventa, og at det er behov for auka løyvingar til refusjon trass i reduksjon av støttesats og innskrenking av kva båtar og personell som får slik refusjon. Komiteener positiv til auken i talet på norske sjøfolk, og støttar auken i overslagsløyvinga med 21 mill. kroner.

Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om at det vert løyvd 300 mill. kroner under kap. 957 post 90, jf. omtale under kap. 3957.

Merknader frå komiteen

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartietviser til Innst. S. nr. 233 (1991-1992) der partiet gikk imot å gi Næringsdepartementet fullmakt til å konvertere statlig aksjekapital i Norsk Forsvarsteknologi A/S (nå Kongsberg Gruppen ASA) til ansvarlig lån. Disse medlemmer vil videre minne om at Fremskrittspartiet stemte imot at Næringsdepartementet skulle gis fullmakt til ved fremtidige aksjemisjoner å benytte det ansvarlige lån helt eller delvis for å opprettholde statens eierandel på et høyt nivå.

Disse medlemmer viser for øvrig til egne merknader og forslag i Innst. S. nr. 233 (1991-1992).

Disse medlemmer vil på denne bakgrunn motsette seg den foreslåtte bevilgning på 300 mill. kroner til aksjekjøp.

Komiteens medlemmer fra Høyre viser til behandlingen av St.prp. nr. 108 (1991-1992) der Høyre stemte imot å gi Næringsdepartementet fullmakt til å benytte statens ansvarlige lån i Norsk Forsvarsteknologi A/S (nå Kongsberg Gruppen ASA) helt eller delvis til å tegne aksjekapital for å opprettholde statens eierandel på minst 51 pst. Disse medlemmer viser til Høyres forslag og merknader i Innst. S. nr. 233 (1991-1992) og vil på denne bakgrunn gå mot den foreslåtte bevilgningen på 300 mill. kroner til aksjekjøp.

Samanlikna med vedtatt budsjett for 1999 gjer Nærings- og handelsdepartementet framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning under kap. 2420 post 90 med 2,050 mrd. kroner, frå 26,050 mrd. kroner til 24,0 mrd. kroner.

Løyvingar til innlån til SND si risikolåneordning under kap. 2420 post 91 må aukast med 2,625 mrd. kroner, frå 5,5 mrd. kroner til 8,125 mrd. kroner.

Løyvinga til innlån til SND si lågrisikolåneordning under kap. 2420 post 94 må reduserast med 1,385 mrd. kroner, frå 2,750 mrd. kroner til 1,365 mrd. kroner.

Avdraga på innlåna under kap. 5320 postane 90, 91 og 92 er endra om lag tilsvarande.

Merknader frå komiteen

Komiteen har merka seg at det er naudsynt med relativt store budsjettendringar ved at post 90 Lån til grunnfinansieringsordning vert redusert med 2,050 mill. kroner, post 94 Lån til lågrisikoordninga vert redusert med 1,385 mill. kroner og post 91 Lån til risikolåneordninga vert auka med 2,625 mill. kroner. Komiteen har forståing for at SND treng fleksibilitet til å kunna vurdera kva ordning som høver best i den einskilde sak, og ber departementet koma tilbake til komiteen med ei vurdering av om dette kan leggjast til rette ved ei samanslåing av desse postane til ein post. Komiteen er kjent med at post 90 og 94 er samla i ein post 92 Lån til grunnfinansierings- og lågrisikolåneordninga i budsjettproposisjonen for år 2000.

Komiteen ser dei andre endringane som i hovudsak oppfylging av tidlegare føresetnader, og har ingen merknad til dette.

Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen, og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

I

På statsbudsjettet for 1999 vert gjort fylgjande endringar:

Kap.

Post

Formål

Kroner

Utgifter:

947

Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

70

Tilskot, overslagsløyving, vert auka med

21 000 000

frå kr 285 000 000 til kr 306 000 000

955 (nytt)

Norsk Koksverk

71

Refusjon for miljøtiltak, vert løyvd med

45 000 000

956 (nytt)

Norsk Jern Eiendom A/S

70

Refusjon for miljøtiltak, vert løyvd med

500 000

957 (nytt)

Kongsberg Gruppen ASA

90

Kjøp av aksjar, vert løyvd med

300 000 000

959 (nytt)

Rana Gruber AS

70

Tilskot til avskriving av ansvarleg lån, vert løyvd med

10 000 000

2420

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

90

Lån til grunnfinansieringsordninga, overslagsløyving, vert redusert med

2 050 000 000

frå kr 26 050 000 000 til kr 24 000 000 000

91

Lån til risikolåneordninga, overslagsløyving, vert auka med

2 625 000 000

frå kr 5 500 000 000 til kr 8 125 000 000

94

Lån til lågrisikolåneordninga, overslagsløyving, vert redusert med

1 385 000 000

Inntekter:

3950 (nytt)

Sydvaranger ASA

91

Tilbakebetaling av ansvarleg lån, vert løyvd med

42 000 000

3957 (nytt)

Kongsberg Gruppen ASA

92

Tilbakebetaling av ansvarleg lån, vert løyvd med

300 000 000

3959 (nytt)

Rana Gruber AS

91

Avskriving av ansvarleg lån, vert løyvd med

10 000 000

5320

Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

90

Avdrag på uteståande fordringar, grunnfinansieringsordninga, vert redusert med

2 300 000 000

frå kr 26 500 000 000 til kr 24 200 000 000

91

Avdrag på uteståande fordringar, risikolåneordninga, vert auka med ...

2 735 000 000

frå kr 5 355 000 000 til kr 8 090 000 000

92

Avdrag på uteståande fordringar, lågrisikolåneordninga, vert redusert med

1 185 000 000

frå kr 2 180 000 000 til kr 995 000 000

5620

Renter og utbytte fra Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

80

Renter, grunnfinansieringsordninga, vert auka med

127 000 000

frå kr 348 000 000 til kr 475 000 000

81

Renter, risikolåneordninga, vert auka med

17 500 000

frå kr 129 500 000 til kr 147 000 000

82

Renter, lågrisikolåneordninga, vert redusert med

10 000 000

frå kr 26 000 000 til kr 16 000 000

5656

Aksjar under Nærings- og handelsdepartementet si forvaltning

80

Utbytte, vert auka med

9 000 000

frå kr 1 257 000 000 til kr 1 266 000 000

II

Løyvinga under kap. 953 Kings Bay AS post 70 Tilskot, vert gjort overførbar ved tilføying av stikkordet "kan overførast".

Oslo, i næringskomiteen, den 1. desember 1999

Morten Lund

leiar

Oddbjørg Ausdal Starrfelt

ordførar

Kjell Opseth

sekretær