Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden

Innstilling frå finanskomiteen om statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998.

Dette dokument

Innhold

Til Stortinget.

Meldinga gjeld statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998.

Dei samla inntektene i statsrekneskapen for 1998 var 471,3 mrd. kroner medan utgiftene var på 443,7 mrd. kroner. Nettoinntektene i statsbudsjettet frå petroleumsverksemda var på 45,0 mrd. kroner. Statsrekneskapen syner dermed eit oljekorrigert underskot på 17,5 mrd. kroner. Det vart i samband med nysalderinga av 1998-budsjettet vedteke at 17,1 mrd. kroner av petroleumsinntektene skulle inntektsførast på statsbudsjettet. Statsrekneskapen vert dermed gjort opp med eit underskot på 0,4 mrd. kroner. Den attverande delen av petroleumsinntektene på 28,0 mrd. kroner vart avsett i Statens petroleumsfond.

I meldinga vert det og gjort greie for inntektene og utgiftene til Statens petroleumsfond. Forutan overføringa frå statsrekneskapen viser rekneskapen for fondet 6,2 mrd. kroner i renteinntekter og utbytte. Statens petroleumsfond viser dermed eit samla overskot på 34,2 mrd. kroner for 1998. Ved utgangen av 1998 var kapitalen i fondet 164,6 mrd. kroner.

Samla sett blir statsrekneskapen og Statens petroleumsfond gjort opp med eit overskot på 33,8 mrd. kroner.

Tabell 1.1 i meldinga gjev oversyn over inntekter og utgifter utanom lånetransaksjonar på statsbudsjettet og Statens petroleumsfond i 1997 og 1998.

Samanlikna med 1997 har inntekter utanom lånetransaksjonar og inntekter frå petroleumsverksemd gått opp med 7,6 pst. Utgifter utanom lån og petroleumsverksemd har auka med 6,6 pst. Det oljekorrigerte underskotet er redusert med 2,6 mrd. kroner frå 1997 til 1998. Samstundes har netto oljeinntekter gått ned med 41,8 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sine renteinntekter og utbytte auka med 2,3 mrd. kroner. Statens petroleumsfond sitt overskot er dermed redusert med 33,2 mrd. kroner og samla overskot i statsbudsjettet og Statens petroleumsfond er redusert med 36,3 mrd. kroner.

Statsbudsjettets brutto finansieringsbehov auka vesentleg frå 1997 til 1998. Hovudårsaka er 19,5 mrd. kroner i auka avdrag på uteståande gjeld på grunn av førtidig tilbakekjøp av statsobligasjonar og førtidig innfriing i Folketrygdfondets langsiktige kontolån.

Tabell 1.3 i meldinga gjev eit samla oversyn over inntektene, utgiftene og overskotet på statsbudsjettet og statsrekneskapen og Statens petroleumsfond for 1998, medan tabell 1,4 i meldinga viser utviklinga i finansieringsbehovet til Statskassa.

I 1998 har inntektsløyvingane utanom lånetransaksjonar blitt redusert med 30,4 mrd. kroner frå 499,0 mrd. kroner i vedteke budsjett (Blå bok) til 468,6 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Utgiftsløyvingane utanom lånetransaksjonar vart auka med 8,7 mrd. kroner frå 430,1 mrd. i vedteke budsjett til 438,8 mrd. kroner i nysaldert budsjett. Denne endringa må m.a. sjåast i samanhang med at utgiftene til petroleumsverksemda auka med 2,2 mrd. kroner. Det blir også vist til St.prp. nr. 65 (1997-98) Omprioriteringer og tilleggsbevilgninger på statsbudsjettet 1998 kor det m.a. framgår at utgifter til kjøp av jernbanestrekninga Gardermoen-Eidsvold på 1,7 mrd. kroner ikkje vert foreslått dekka inn.

Nysaldert budsjett viste eit oljekorrigert underskot på 16,0 mrd. kroner, som er 2,3 mrd. kroner lågare enn i vedteke budsjett. Oljeinntektene gjekk ned med 39,2 mrd. kroner og oljeutgiftene auka med 2,2 mrd. kroner, slik at netto inntekter frå oljeverksemda vart 41,4 mrd. kroner lågare enn i vedteke budsjett. Samla sett innebar dette ei forverring i budsjettbalansen på 39,1 mrd. kroner. I tillegg vart anslaget for renteinntekter i Statens petroleumsfond auka med 0,6 mrd. kroner.

I vedteke budsjett for 1998 vart løyvingane til arbeidsmarknadstiltak redusert grunna høge overførte løyvingar frå 1997 til 1998 under desse utgiftskapitla. Den reduserte løyvinga skulle ikkje gitt lågare utgifter i statsrekneskapet for 1998, men reduserte overførte løyvingar frå 1998 til 1999. Både anslag på rekneskap ut frå vedteke budsjett (Blå bok) og ut frå nysaldert budsjett viste derfor 11 mrd. kroner høgare oljekorrigert underskot enn dei vedtekne budsjetta. I løyvinga for overføring frå Statens petroleumsfond til statsbudsjettet ved ny salderinga av statsbudsjettet vart det teke omsyn til denne meirutgifta ved at overføringa frå fondet til statsbudsjettet vart auka med 1,1 mrd. kroner utover det som var naudsynt for å dekke det budsjetterte oljekorrigerte underskotet.

Ei samla oversikt over løyvingsendringane gjennom 1998 er gjeve i St.prp. nr. 30 (1998-99) Ny saldering av statsbudsjettet medrekna folketrygda 1998.

I statsrekneskapen for 1998 er oljekorrigert underskot 0,4 mrd. kroner høgare en lagt til grunn ved nysalderinga. Tilbakeføringa frå Statens petroleumsfond til statskassa vart endeleg fastlagd i nysaldert budsjett for å dekkje det oljekorrigerte underskotet som då vart forutsatt. På denne bakgrunnen vert statsrekneskapen for 1998 gjort opp med eit underskot på 0,4 mrd. kroner som utgjer avviket i det oljekorrigerte underskotet mellom anslag på rekneskap i nysalderinga og rekneskapen.

På inntektssida er skatte- og avgiftsinntektene auka med 0,7 mrd. kroner. Netto renter og aksjeutbytte er redusert med 1,0 mrd. kroner. Utgiftene utanom petroleumsutgifter og renteutgifter er auka med 1,9 mrd. kroner. Ein har da tatt omsyn til at føringstekniske forhold i rekneskapen gjev meirutgifter samanlikna med budsjettet. Dei auka utgiftene må sjåast på bakgrunn av 1,3 mrd. kroner i lågare overførte løyvingar til 1999 i forhold til overførte løyvingar frå 1997 enn lagt til grunn ved nysalderinga av budsjettet. Dei øvrige meirutgiftene er i stor grad dekka av meirinntekter. Samla syner rekneskapen meirinntekter på 1,9 mrd. kroner utanom petroleumsinntekter, skattar, renter og aksjeutbytte. Utgiftene aukar med 395 mill. kroner meir enn inntektene, og budsjettbalansen er difor svekkja tilsvarande.

Rekneskapen for 1998 syner eit lånebehov på 55,3 mrd. kroner som er 7,1 mrd. kroner høgare enn lagt til grunn ved ny saldering av 1998-budsjettet. Dette skuldast større avdrag på innanlandsk statsgjeld enn forutsatt ved nysalderinga av budsjettet.

Inntektene utanom lånetransaksjonar og petroleumsinntekter viser samla meirinntekter på 3 144 mill. kroner i forhold til nysaldert budsjett. Hovudkomponentane er (mill. kroner):

Skattar og avgifter frå Fastlands-Noreg

664

Renter og aksjeutbytte

395

Avskrivingar og andre inntekter frå forretningsdrifta

-471

Departementa sine inntekter

2 556

Samla meirinntekt

3 144

Inntektene under departementa vart 2 556 mill. kroner høgare enn lagt til grunn i nysaldert budsjett. Mellom anna vart inntektene under Jernbaneverket, statssjukehusa, Statsbygg, SND og politi- og lens-mannsetaten høgare enn budsjettert. Elles omfattar meirinntektene under departementa ei rekke gebyr, refusjonar, sals- og leigeinntekter, oppdragsinntekter m.m.

Rekneskapen vil normalt gje ei del meirinntekt for departementa. Mellom anna gjeld dette refusjonar av utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspengar og lærlingar som ikkje er inkluderte i løyvingane i budsjettet. I tillegg vert det overført midlar frå dei enkelte fagdepartementa til fylkesmannsembeta. Nokre departement har også høve til å utføre oppdragsverksemd mot refusjon av utgiftene. Slike meirinntekter utgjer samla om lag 1,1 mrd. kroner for 1998. Dei samla meirinntektene på 1,1 mrd. kroner vert motsvara av tilsvarande meirutgifter og innebær dermed ikkje ein styrking av budsjettbalansen. Den resterande auken i inntekter er på 2,3 mrd. kroner, inkl. 0,7 mrd. kroner i auka skatte- og avgiftsinntekter.

Dei siste fem åra har overføring av unytta løyvingar (inkl. lånetransaksjonar) vore (mill. kroner):

Overført løyving

Auke/nedgang (-)

1992-93

10 522

2 351

1993-94

9 617

-905

1994-95

9 089

-528

1995-96

11 760

2 671

1996-97

11 454

-306

1997-98

9 810

-1 643

1998-99

7 334

-2 477

I nysaldert budsjett var det lagt til grunn at overførte løyvingar til neste budsjettår ville verte redusert frå 1997 til 1998. Hovudårsaka var ein forventa reduksjon på om lag 1,1 mrd. kroner i overførte beløp til arbeidsmarknadstiltak. Rekneskapen syner at reduksjonen i overført beløp under arbeidsmarknadstiltak vart 1 228 mill. kroner.

Nedgangen i overførte beløp når ein held lånetransaksjonar og statleg petroleumsverksemd utanom, var på 2 406 mill. kroner.

Meirutgiftene i rekneskapen i forhold til nysaldert budsjett for 1998 er netto på 2 267 mill. kroner når en held lånetransaksjoner og statleg petroleumsverksemd utanom. Fleire forhold har bidratt til det høgare utgiftsnivået.

Driftsutgiftene under politi- og lensmannsetaten vart 200,5 mill. kroner høgare enn budsjettert, driftsutgiftene under Rikshospitalet vart 248,4 mill. kroner høgare enn budsjettert og utgiftene til drift og vedlikehald under Jernbaneverket vart 436,5 mill. kroner høgare enn i nysaldert budsjett. Desse meirutgiftene er i stor grad fylgt av auka inntekter av om lag same storleik. Investeringane under Statsbygg var 184,0 mill. kroner.

Utgiftene til renter på innanlandsk statsgjeld er auka med 544,3 mill. kroner i forhold til løyvinga i det nysalderte budsjettet.

Redusert overførte løyvingar frå 1998 til 1999 i forhold til overførte løyvingar frå 1997 til 1998 gjev ei meirutgift i rekneskapen for 1998.

Departementa har og hatt stor auke i oppdragsinntekter som dei kan bruke og som derfor gjev meirforbruk under driftsutgiftene (jf. pkt. 1.3.1 ovanfor).

Føring av refusjonar for utgifter til arbeidsmarknadstiltak, fødselspenger og lærlingar gjev både høgare inntekter og utgifter i rekneskapa enn i budsjetta. Ikkje-budsjetterte overføringar frå departementa til fylkesmannsembeta bidrar også til å forklare auken.

Eit reelt mindreforbruk under enkelte kapittel bidreg isolert sett til lågare utgiftsnivå i 1998. Det gjeld mellom anna utgiftene til dagpengar som vart 137,4 mill. kroner lågare enn budsjettert, lågare rentestønad under Statens lånekasse for utdanning med 96,6 mill. kroner, lågare utgifter til driftstilskot til barnehagar med 93,1 mill. kroner. Lågare utgifter til tilskot til dekning av tap under frikommuneforsøk med 107,7 mill. kroner, samt 186,5 mill. kroner lågare utgifter til tilskot til Statens Pensjonskasse.

Rekneskapen for 1998 viser at utgiftene til utlån vart 2 753 mill. kroner mindre enn rekna med ved nysalderinga. Mindreutgiftene til lånetransaksjonar er samansett slik (mill. kroner):

Lån til Oslo Lufthavn AS

-305,0

Bustadlån til statstilsette

-127,0

Statens lånekasse for utdanning

101,4

Den norske stats husbank

832,5

Statens nærings- og distriktsutviklings-

fond, SND

-2 645,0

Statens miljøfond

-250,0

SIVA

-70,0

Garantiinstituttet for eksportkreditt

-339.9

Andre utlån

50,3

Samla reduksjon i utlåna

-2 752,8

I 1998 vart inntektene frå tilbakebetalingar 2 555 mill. kroner lågare enn budsjettert. Dette kjem av endra tilbakebetalingar frå (mill. kroner):

Norsk Jetmotor

-140,8

Statens lånekasse for utdanning

570,3

Den norske stats husbank

-62,2

Statens nærings- og utviklingsfond, SND

-2 879,4

SIVA

-60,0

Andre låntakarar

17,4

Samla reduksjon i tilbakebetalingane

-2 554,7

Ved at netto utlån vart 198 mill. kroner lågare enn budsjettert, og at statsbudsjettet synte eit underskot på 395 mill. kroner, vart statsbudsjettet sitt netto finansieringsbehov 196 mill. kroner høgare enn vurdert til ved nysalderinga av budsjettet.

Auka innbetaling av avdrag på innanlandsk statsgjeld med 7 259 mill. kroner gjorde at brutto finansieringsbehovet auka med til saman 7 455 mill. kroner i forhold til det nysalderte budsjettet.

Det går fram av tabell 1.3 i meldinga at oljeskattar og utgifter og inntekter av statleg petroleumsverksemd avvik slik frå nysaldert budsjett (mill. kroner):

Oljeskattar og Co2-avgift

-49,4

+ Inntekter frå statleg petroleumsverksemd

-321,3

– Utgifter til statleg petroleumsverksemd

319,4

= Netto oljeinntekter i alt

-690,2

Meirutgiftene under statleg petroleumsverksemd kjem i hovudsak av at investeringane vart høgare enn rekna med i budsjettet. Driftsresultatet i statleg petroleumsverksemd vart 1,1 mrd. kroner lågare i forhold til nysalderinga av budsjettet. Dette har særleg samanheng med at avskrivingane vart om lag 790,0 mill. kroner høgare enn budsjettert. Årsaka til dette er ekstraordinære nedskrivingar på einskilde felt som følgje lågare oljepris. Avskrivingane vert førte som inntekt på statsbudsjettet slik at netto nedgang i petroleumsinntektene frå nysaldert budsjett vart på 0,3 mrd. kroner.

Netto oljeinntekter er rekneskapsført med 690,2 mill. kroner mindre enn forutsatt i nysaldert budsjett. Ved at netto kontantstraumen vert overført til Statens petroleumsfond er brutto overføring til fondet redusert med same beløp, til 45 041 mill. kroner. Overføringa frå fondet til statskassen er slik det var budsjettert, noko som inneber at netto overføring til Statens petroleumsfond er 690,2 mill. kroner lågare i rekneskapen enn i det nysalderte budsjettet.

Det er i meldinga gjort nærmare greie for inntekter og utgifter i statsrekneskapen for 1998, for resultatet på særskilte område og for finansposta og kapitalrekneskapen.

Det er i avsnitt 6.3 i meldinga omtale av statlege garantiar og i avsnitt 6.4 er det omtale av offentlege fond under forvaltning av Finansdepartementet.

I kap. 7 i meldinga er det gitt ei orientering om resultatrekneskapen for Statens Petroleumsfond. Rekneskapen for fondet er ikkje ein del av statsrekneskapen.

Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Dag Terje Andersen, Berit Brørby, Erik Dalheim, Ranveig Frøiland, Trond Giske, Tore Nordtun og Hill-Marta Solberg, frå Framstegspartiet, Siv Jensen, Per Erik Monsen og Kenneth Svendsen, frå Kristeleg Folkeparti, Randi Karlstrøm, leiaren Lars Gunnar Lie og Ingebrigt S. Sørfonn, frå Høgre, Per-Kristian Foss, Michael Momyr og Kjellaug Nakkim, frå Senterpartiet, Jørgen Holte, frå Sosialistisk Venstreparti, Øystein Djupedal, frå Venstre, Terje Johansen, og frå Tverrpolitisk Folkevalgte, Arvid Falch, viser til brev frå finansminister Gudmund Restad 21. mai 1999 der det er gjort greie for to forhold som krev korreksjonar og merknader, som Finansdepartementet har blitt merksam på etter at meldinga vart lagd fram. Brevet følgjer som vedlegg til denne innstillinga.

Komiteen viser til at meldinga gjeld statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998 og til at det i meldinga dessutan er gitt ei orientering om resultatrekneskapen for petroleumsfondet for 1998. Komiteen tek meldinga til orientering. Komiteen viser til at Stortinget seinare på grunnlag av innstilling frå kontroll- og konstitusjonskomiteen til dokument frå Riksrevisjonen, vil handsame konstitusjonelle merknader frå Riksrevisjonen med svar og forslag til desisjon av statsrekneskapen for 1998.

Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet konstaterer at det på en rekke områder er betydelige avvik mellom statsbudsjettet og statsregnskapet for 1998. Dette viser etter disse medlemmers mening at budsjettpolitikken ikke er så godt egnet til å jevne ut svingningene i økonomien eller detalj- og finstyre økonomien. Disse medlemmer viser blant annet til at skatte- og avgiftsinntektene ble 11,3 mrd. kroner høyere enn forventet i vedtatt budsjett for 1998.

Komiteen viser til meldinga og til det som står framføre og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

St.meld. nr. 3 (1998-99) - Statsrekneskapen medrekna folketrygda 1998 - vert å leggje ved protokollen.

Det vises til St meld nr 3 (1998-99) Statsrekneskapen medrekna folketrygda for 1998.

Etter at meldingen ble lagt fram, har Finansdepartementet blitt oppmerksom på to forhold i regnskapet som krever korreksjoner og utfyllende merknader.

1. Konto 80.80.00 Kortsiktige lån til statskassen

Konto 80.80.00 Kortsiktige kontolån til statskassen, er i statsregnskapet ført opp med kr 44 458 085 094,40, jf meldingens side 202. I tillegg til dette beløpet skulle det imidlertid vært regnskapsført kr 127 713 094,62 som godskriving av renter på kontolånene. Med et slikt tillegg ville konto 80.80.00 vist kr 44 585 798 189,02 og Sum 80 Statsgjelden kr 253 722 072 076,69.

Det nevnte rentebeløpet vil bli regnskapsført i statsregnskapet for 1999.

2. Tabell 3.5 Note til konto 80 i kapitalrekneskapen

I tabellen er gruppe 80-8 Kontolån fra statsinstitusjoner og offentlige fond unntatt FIN, ført opp med en inngående balanse på 56 432 507. Dette beløpet er 10 mill kr for høyt. Det skyldes en skrivefeil. Riktig inngående balanse for gruppe 80-8 skal være 46 432 507 og Total inngående balanse 276 219 290.

Videre har utgående balanse for gruppe 80-8 falt ut. Med de korreksjoner som er gjort ovenfor, skal utgående balanse for gruppe 80-8 være 44 585 798 og Total utgående balanse 253 722 072.

De korreksjoner som her er tatt opp, har ført til at balansen i kapitalregnskapet for 1998 er kr 127 713 094,62 for lav. Som nevnt over vil dette rettes opp i statsregnskapet for 1999.

Riksrevisjonen er orientert ved kopi av dette brev.

Oslo, i finanskomiteen, den 26. mai 1999.

Lars Gunnar Lie,

leiar og ordførar.

Siv Jensen,

sekretær.