Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

1. Samandrag

     Stortingsrepresentantane Oddvard Nilsen, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen sette den 4. desember 1997 fram følgjande forslag:

       « Stortinget ber Regjeringen nedsette et bredt sammensatt offentlig landbrukspolitisk utvalg som utarbeider et grunnlag for en ny politisk behandling av landbrukspolitikken i Stortinget. »

       Forslagsstillarane viser til at landbruksnæringa er av stor verdi for mange bygdesamfunn, og for sysselsetjing og busetjing i store delar av landet, og at 10 år er gått sidan ein sist sette i gang ein samla analyse av og eit utgreiingsarbeid om norsk landbrukspolitikk.

       Forslagsstillarane viser vidare til at problemstillingane knytta til matvareproduksjon i internasjonal sammanheng har endra seg sidan 1987, jf. òg St.meld. nr. 40 (1996-1997) Matvarekvalitet og forbrukertrygghet. Også utviklinga innan landbruksnæringa går raskt på alle område. Det er difor naudsynt med ei ny samla politisk vurdering, heilskapstenkinga druknar i støyen om dei årlege jordbruksoppgjera, etter forslagsstillarane si mening. Det er òg særleg viktig å få utgreidd eigedomsrettslege spørsmål, samt omsetnadsledda si rolle og utvikling. Forslagsstillarane fremjer forslag om at det vert nedsett eit breitt samansett offentleg landbrukspolitisk utval som skal utarbeide eit grunnlag for ei ny politisk handsaming av landbrukspolitikken i Stortinget.