2. Merknader frå komiteen

       Komiteen, medlemene frå Arbeiderpartiet, Mimmi Bæivi, Bjarne Håkon Hanssen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Knudsen, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har henta inn uttale frå Landbruksdepartementet i saka. Uttala, datert februar 1998, følgjer som vedlegg til innstillinga.

       Komiteen vil peike på målsettinga, slik den er trekt opp i St.prp. nr. 8 (1992-1993), om å halde oppe eit levande, robust, miljøvennleg og aktivt jordbruk i heile landet. Komiteen vil òg streka under den store verdien landbruksnæringa har for mange bygdesamfunn og for sysselsetting og busetnad i store delar av landet.

       Det er no gått fem år sidan St.prp. nr. 8 (1992-1993) vart handsama i Stortinget.

       På desse åra er det skjedd store endringar i næringa og landbruket står no framfor nye og til dels store utfordringar i høve til nasjonale og internasjonale rammevilkår.

       Komiteen vil difor peike på at det no er naudsynt med ei oppdatering av landbrukspolitikken og ei oppsummering av kva resultat politikken til no har gjeve.

       Komiteen er difor samd med Landbruksdepartementet i at det er naudsynt med ei ny stortingsmelding om landbrukspolitikken. Komiteen viser vidare til at Landbruksdepartementet i brev til komiteen har varsla at meldinga vil ta utgangspunkt i i St.prp. nr. 8 (1992-1993).

       Komiteen viser til brevet frå Landbruksdepartementet der det heiter at meldinga skal gje ei oppdatering på sentrale område som m.a. internasjonale utfordringar, innretninga på verkemiddelbruken, oppfølgjing av matpolitikken, marknadsordningar og marknadsregulering, miljøpolitikken, økologisk landbruk, landbruket sin økonomiske og sosiale situasjon og verkemiddelbruken i distriktspolitisk samanheng. Det vert òg vist til at det er aktuelt å vurdere skatte- og avgiftsmessige tilhøve av verdi for næringa.

       Komiteen føreset difor at dei områda som er nemnde i Dok.nr.8:37 (1997-1998) vil bli dekte opp i stortingsmeldinga.

       Komiteen viser òg til at ulike organisasjonar og institusjonar vil bli inviterte til å kome med synspunkt på dei tema som blir tekne opp i meldinga.

       Når det gjeld trongen for eit breitt samansett offentleg landbrukspolitisk utval for å utarbeide grunnlaget for ei ny politisk handsaming av landbrukspolitikken, vil komiteen òg vise til uttala frå Landbruksdepartementet der det heiter:

       « Et opplegg der en starter med en omfattende utredningsprosess i et bredt sammensatt utvalg, og deretter utarbeider en stortingsmelding, vil ta minimum 4-5 år. Det betyr at en mulig stortingsmelding med et slikt opplegg først kan legges fram på et tidspunkt der en er i sluttfasen av de kommende WTO-forhandlinger. Dette vil være uheldig da en av de viktigste sider ved en ny stortingsmelding etter min vurdering bør være å legge strategier for utformingen av landbrukspolitikken framover - strategier som vil være avgjørende for Norges prioriteringer i de kommende WTO-forhandlinger. »

       Komiteen er samd i dette, og vil difor på denne bakgrunnen gå imot forslaget.