Innstilling frå utanrikskomiteen om samtykke til ratifikasjon av ein frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhøyrande vedlegg og protokollar mellom EFTA-statane og Marokko, og erklæring i samsvar med protokoll E.
Dette dokument
- Innst. S. nr. 95 (1997-1998)
- Kildedok: St.prp. nr. 30 (1997-98)
- Dato: 18.02.1998
- Utgiver: utanrikskomiteen
- Sidetall: 2
Tilhører sak
Alt om
Innhold
Det vert i proposisjonen synt til at hovudformålet med ein frihandelsavtale mellom EFTA-statane og Marokko er å sikre parallellitet med EU for å oppnå same handelsvilkår som i assosieringsavtalen mellom EU og Marokko. Dette inneber at frihandelsavtalen medverkar til å sikre EU og EFTA eit tilnærma likt handelsregime i høve til Marokko. Samstundes ønskjer EFTA-statane å støtte opp om det breiare samarbeidet mellom EU og middelhavslanda for å sikre politisk stabilitet og økonomisk utvikling i regionen, den såkalla Barcelona-prosessen. Ei hovudmålsetjing med det økonomiske samarbeidet er å skape eit frihandelsområde mellom EU og middelhavslanda innan år 2010. Frihandelsavtalen mellom EFTA-statane og Marokko og dei bilaterale landbruksprotokollane som er framforhandla parallelt med frihandelsavtalen må også sjåast i denne samanhengen.
Det vert opplyst at frihandelsavtalen mellom EFTA og Marokko er bygd over same leisten som EFTA sine frihandelsavtalar med dei baltiske statane. Avtalen inneheld såleis føresegner som byggjer på den seinaste utviklinga i det internasjonale handelsregimet.
Frihandelsavtalen omfatter med få unntak handel med industrivarer, foredla landbruksvarer, fisk og fiskeprodukt. Handelen med uforedla landbruksvarer er omfatta av ein bilateral landbruksprotokoll som Noreg og Marokko har inngått.
Frihandelsavtalen og den bilaterale landbruksprotokollen vil bli notifisert samtidig til WTO for å tilfredsstille kravet i GATT/WTO om at eit frihandelsområde skal omfatte hovuddelen av samhandelen.
Det vert oppretta ein komité som skal administrere og føre tilsyn med avtalen og jamleg vurdere behovet for vidareutvikling av avtalen.
Det vert vidare opplyst at ein eigen tilleggsprotokoll er avtala mellom partane. Tilleggsprotokollen inneheld presiseringar frå ein eller fleire avtalepartar si side når det gjeld gjennomføringa av avtalen, og uttrykkjer vilje til å utvide avtalen på visse område.
Frihandelsavtalen inneheld ein protokoll som gjev Noreg rett til ved ratifikasjon å halde Svalbard utanom det geografiske verkeområdet for avtalen, med unntak av dei føresegnene som gjeld handelen med varer. Noreg vil gjere bruk av denne retten.
Frihandelsavtalen er ein multilateral avtale mellom Marokko på den eine sida og EFTA-statane samla på den andre. Folkerettsleg er avtalen bindande mellom dei einskilde EFTA-statane og Marokko gjennom identiske tekstar.
Det vert opplyst i proposisjonen at frihandelsavtalen mellom EFTA og Marokko og den bilaterale landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko ikkje medfører særlege budsjettmessige eller administrative konsekvensar for Noreg.
Frihandelsavtalen vart frå norsk side underteikna av utanriksministeren under EFTA-ministermøtet i Genève 19. juni 1997. Landbruksprotokollen mellom Noreg og Marokko vart underteikna med brevveksling på embedsnivå i Genève same dagen.
Avtalen trer i kraft første dagen i den andre månaden etter at alle statane har deponert sine ratifikasjons- eller godkjenningsdokument hos depositaren.
Avtalen ligg føre i engelsk og fransk språkversjon, som begge er like gyldige. Avtrykk av avtalen i engelsk språkversjon og uoffisiell norsk omsetjing følgjer som trykte vedlegg til proposisjonen.
Komiteen vil understreke viktigheten av at EFTA-landene sikres handelsparallellitet med EU i forhold til Marokko. Komiteen vil videre vektlegge betydningen av at også EFTA-landene bidrar til å styrke den sørlige dimensjon i EU og et økonomisk og politisk samarbeid i Middelhavsregionen.
Komiteen har for øvrig ingen merknader, viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjøre slikt
Stortinget gir samtykke til ratifikasjon av en frihandelsavtale av 19. juni 1997 med tilhørende vedlegg og protokoller mellom EFTA-landene og Marokko, og erklæringen i samsvar med protokoll E, i samsvar med forslag framlagt i proposisjonen.
Oslo, i utenrikskomiteen, den 18. februar 1998. |
Haakon Blankenborg, | Marit Nybakk, | Einar Steensnæs, |
leder. | ordfører. | sekretær. |