Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå sosialkomiteen om samtykke til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 73/97 av 4. oktober 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt handlingsprogram for førebygging av narkotikamisbruk.

Innhold

    EØS-komiteen sitt vedtak nr. 73 av 4. oktober 1997 gjeld innlemming i EØS-avtala av handlingsprogrammet for førebygging av narkotikamisbruk innan ramma av innsatsen for folkehelsa. Programmet blei skipa ved avgjerd i Europaparlamentet og Rådet 16. desember 1996, og gjeld for tidsrommet 1996 til 2000.

       Handlingsprogrammet oppmodar medlemslanda m.a. til å:

- styrkje kunnskapen om narkotikamisbruket og konsekvensane av det,
- medverke til betre informasjonsutveksling, utdanning og opplæring innanfor førebyggjande verksemd,
- utnytte føremonene ved auka samarbeid og erfaringsutveksling om førebyggjande tiltak.

       Som følgje av at Noregs deltaking i handlingsprogrammet vil gjere det naudsynt å gje løyvingar i framtidige år, må avgjerda leggjast fram for Stortinget. Då EØS-komiteen 4. oktober 1997 tok avgjerda om å innlemme programmet i EØS-avtala, informerte Noreg dei andre avtalepartane om at rettslege krav i høve til forfatninga må oppfyllast i Noreg før avgjerda kan bli bindande.

       Sosial- og helsedepartementet vil ha ansvaret for å samordne den norske deltakinga i programmet.

       Den norske delen av kostnadene for 1998 vil utgjere om lag kr 600.000. I tillegg kjem administrasjonskostnader som blir rekna saman med administrasjonskostnadene ved deltaking i dei andre helseprogramma. Tilskotet blir dekt under budsjettet til Sosial- og helsedepartementet, kapittel 614 Tiltak for rusmiddelmisbrukere, post 21.

       Deltakinga i programmet får ikkje nemnande administrative konsekvensar.

       Det vert understreka at det er viktig for Noreg å ta del i det europeiske samarbeidet for å førebyggje narkotikamisbruk fordi Noreg kan dra nytte av røynslene som er gjorde i andre statar og få nye impulsar som kan gagne det førebyggjande arbeidet vårt mot narkotikamisbruk. Det vert òg peika på at samanlikna med andre statar i Europa ligg Noreg langt framme på området, og dette kan kome andre statar til gode. Det seiest at norsk deltaking i programmet vil gje kunnskap om EU sitt arbeid på dette området, og vil kunne gjere det mogleg å påverke EU sine prioriteringar, retningslinjer og tiltak.

   Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Arnesen, Gravdahl, Hildeng, Kristoffersen, Skogholt og Øyangen, medlemene frå Framstegspartiet, leiaren og Nesvik, medlemene frå Kristeleg Folkeparti, Woie Duesund og Næss, medlemene frå Høgre, Høegh og Sjøli, medlemen frå Senterpartiet, Gløtvold, og medlemen frå Sosialistisk Venstreparti, Ballo, har merka seg at Europaparlamentet og Rådet i avgjerd av 16. desember 1996 har skipa eit handlingsprogram for førebygging av narkotikamisbruk innan ramma av innsatsen for folkehelsa. Programmet har som mål å kjempe mot narkotikamisbruk gjennom å stø opp under og motivere til betre samarbeid mellom deltakarlanda på dette området.

       Komiteen har òg merka seg at EØS-komiteen i sitt vedtak nr. 73 av 4. oktober 1997 har gått inn for innlemming i EØS-avtala når det gjeld nemnde handlingsprogram, og at dette i budsjettet for 1998 vil utgjere ein kostnad på om lag 600.000  kroner.

       Komiteen er samd i at eit sterkare internasjonalt samarbeid mot narkotikamisbruk er naudsynt, og stør derfor innleming i handlingsprogrammet. Eit slikt felles arbeid vil, etter komiteen si meining, fremje utveksling av røynsler og gje moglegheit til felles program og metodar for å førebyggje narkotikavanebruk og blandingsvanebruk.

       Komiteen vil òg peika på som positivt at handlingsprogrammet for helsefremjande tiltak omfattar særskilde tiltak for å førebyggje alkoholmisbruk og dei helsemessige og sosiale følgjene av slik misbruk; det same gjeld tiltak for å fremje ein fornuftig bruk av lækjemiddel.

       Komiteen ser det som særs viktig at ein i dette programmet har særskilde tiltak for å førebyggje bruk av alle typar narkotika og psykotrope stoff, medrekna dei nye syntetiske narkotiske stoffa, og tilhøyrande bruk av andre produkt for å oppnå rusverknad (blandingsvanebruk).

       Komiteen meiner at både kunnskapen om narkotika og narkotikavanebruk, og om anna rusvanebruk, og følgjene av slik bruk må betrast. Kunnskapen om kva middel og metodar som kan nyttast for å førebyggje slik vanebruk, må og betrast, og komiteen meiner at deltaking i eit felles handlingsprogram for førebygging av narkotikamisbruk kan styrkje eit slikt arbeid.

       Eit utkast til innstilling har vore lagt fram for utanrikskomiteen. I brev av 4. februar 1998 frå utanrikskomiteen seiest:

       « Utenrikskomiteen slutter seg til sosialkomiteens enstemmige innstilling. »

   Komiteen viser til proposisjonen og rår Stortinget til å gjera følgjande

vedtak:

       Stortinget samtykker til godkjenning av EØS-komiteen sitt vedtak nr. 73/97 av 4. oktober 1997 om endring av protokoll 31 til EØS-avtala om EFTA-statane si deltaking i Fellesskapet sitt handlingsprogram for førebygging av narkotikamisbruk.

Oslo, i sosialkomiteen, den 5. februar 1998.

John I Alvheim, Ola D Gløtvold, Are Næss,
leiar. ordførar. sekretær.