Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

Innstilling frå næringskomiteen om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1997 under Nærings- og handelsdepartementet.

Innhold

1.1 Kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

       Nærings- og handelsdepartementet foreslår at løyvinga under post 70 aukast med 70 mill. kroner frå 339 til 409 mill. kroner og at løyvinga under post 71 blir sett ned med 70 mill. kroner, frå 75 til 5 mill. kroner. Det synast også til brev frå departementet dagsett 5. desember 1997 (vedlegg 1) og 9. desember (vedlegg 3).

1.2 Kap. 950 Sydvaranger ASA og kap. 962 Omstillingstiltak

       Departementet gjer framlegg om å auke løyvinga under kap. 962 Omstillingstiltak post 71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger, kan overførast med 26 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 5,2 til 31,2 mill. kroner.

1.3 Kap. 955 (ny) Norsk Koksverk

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 25 mill. kroner under nytt kap. 955 Norsk Koksverk post 71 Refusjon for miljøtiltak, på statsbudsjettet for 1997.

1.4 Kap. 956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ei løyving på 2,5 mill. kroner under nytt kap. 956 Norsk Jern Eiendom A/S post 70 Refusjon for miljøtiltak, på statsbudsjettet for 1997.

1.5 Kap. 957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk

       Nærings- og handelsdepartementet går inn for at staten sin aksjepost i KV blir selt til Kongsberg Gruppen ASA for 2,3 mill. kroner. Salssummen vert foreslått løyvd som inntekt under kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 90 Sal av aksjar, jf. omtale under dette kapitlet.

       Departementet gjer framlegg om at den resterande bokførde aksjekapitalen vert avskriven ved at det blir løyvd 594,7 mill. kroner under nytt kap. 957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 70 Tilskot til avskriving av aksjekapital.

1.6 Kap. 3957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk

       Departementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1997 blir løyvd 2,3 mill. kroner under nytt kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 90 Sal av aksjar, jf. omtale under kap. 957.

       Departementet gjer framlegg om at det på statsbudsjettet for 1997 blir løyvd 594,7 mill. kroner under nytt kap. 3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk post 91 til avskriving av aksjekapitalen i A/S Kongsberg Våpenfabrikk.

1.7 Kap. 2420 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til innlån til SND si grunnfinansieringsordning med 9,85 mrd. kroner, frå 18,75 til 28,6 mrd. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til innlån til SND sine risikolåneordningar med 236,7 mill. kroner, frå 3.036,7 mill. kroner.

1.8 Kap. 3900 Nærings- og handelsdepartementet

       Departementet gjer framlegg om at det blir løyvd 2,4 mill. kroner som inntekt under kap. 3900 post 02 på statsbudsjettet for 1997.

1.9 Kap. 3958 (ny) Norsk Jernverk A/S

       Det vert gjort framlegg om ei inntektsløyving på 60 mill. kroner under nytt kap. 3958 Norsk Jernverk A/S post 70. Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering. I brev frå Nærings- og handelsdepartementet dagsett 5. desember 1997, (vedlegg 2) vert det synt til brev frå Storebrand Livsforsikringsselskap, som forvalta pensjonsfondet. På bakgrunn av innhaldet i dette brevet, foreslår departementet at løyvinga under kap. 3958, post 70 vert auka med kr  11.600.000 og at det vert løyvd kr  71.600.000.

1.10 Kap. 3959 (ny) Fosdalens Bergverks-Aktieselskap

       Det vert gjort framlegg om ei inntektsløyving på 5 mill. kroner under nytt kap. 3959 Fosdalens Bergverks-Aktieselskap post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering.

1.11 Kap. 3968 (ny) Raufoss ASA

       Departementet gjer framlegg om at det blir løyvd 26,5 mill. kroner under nytt kap. 3968 Raufoss ASA post 90 Sal av aksjar på statsbudsjettet for 1997.

1.12 Kap. 4635 Låne- og garantiprovisjonar

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til garantiprovisjon frå SND på statsbudsjettet for 1997 med kr  55.000, frå kr  700.000 til kr  755.000.

1.13 Kap. 5341 Avdrag på uteståande fordringar

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag på SND si grunnfinansieringsordning med 12,05 mrd. kroner, frå 15,75 til 27,8 mrd. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til avdrag på SND sine risikolåneordningar med 46,7 mill. kroner, frå 3.526,7 til 3.480 mill. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til avdrag på valutalån med 6,05 mill. kroner, frå 39,2 til 45,25 mill. kroner.

1.14 Kap. 5601 Renter frå statsbankane

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter frå SND for innlån knytt til grunnfinansieringsordninga med 80 mill. kroner, frå 480 til 400 mill. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å redusere løyvinga til renter frå SND for innlån knytt til risikolåneordningane med 4 mill. kroner, frå 195 til 191 mill. kroner.

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om å auke løyvinga til renter frå valutalånsordninga med kr  142.000, frå kr  300.000 til kr  442.000.

1.15 Kap 5656 Aksjar i selskap under Nærings- og handelsdepartementet si forvalting

       Nærings- og handelsdepartementet gjer framlegg om ein auke av løyvinga under kap. 5656 post 80 Utbytte med 36 mill. kroner på statsbudsjettet for 1997, frå 898 til 934 mill. kroner.

      Komiteen, medlemene frå Arbeidarpartiet, Bjarne Håkon Hanssen, Einar Johansen, Kjell Opseth, Torstein Rudihagen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt og Rita Tveiten, frå Framstegspartiet, Øystein Hedstrøm og Terje Søviknes, frå Kristeleg Folkeparti, Modulf Aukan og Anita Apelthun Sæle, frå Høgre, Ansgar Gabrielsen og Ivar Kristiansen, frå Senterpartiet, leiaren Odd Roger Enoksen og frå Venstre, Leif Helge Kongshaug, har merka seg at det er gjort framlegg om relativt store endringar i budsjettet for Nærings- og handelsdepartementet for 1997. Komiteen ser på dei fleste budsjettendringane som tekniske eller som resultat av tidlegare vedtak. Komiteen vil likevel peika på fylgjande:

2.1 Kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

       Komiteen viser til brev frå Nærings- og handelsdepartementet datert 5. desember og 9. desember 1997, og har ingen merknader utover dette.

2.2 Kap. 957/3957 A/S Kongsberg Våpenfabrikk

       Komiteen har merka seg framlegget om å løyva 597 mill. kroner til avskriving av aksjar i Kongsberg Våpenfabrikk A/S. Komiteen ser på dette som ei såpass stor sak at ho med føremon kunne vore handsama i den ordinære budsjettproposisjonen. Komiteen finn likevel å kunna godta avskrivinga som er i samsvar med Innst.S.nr.295 (1996-1997), jf. St.prp. nr. 63 (1996-1997).

2.3 Kap. 3598 Norsk Jernverk A/S

       Komiteen har merka seg at tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering er auka med 11,6 mill. kroner til 71,6 mill. kroner, jf. brev frå Nærings- og handelsdepartementet av 5. desember 1997.

2.4 Kap. 2420 og kap. 5343 SND

       Komiteen har merka seg at kap. 2420 post 70 og kap. 5341 post 93, som gjeld grunnfinansieringsordninga i SND, vert auka monaleg. Komiteen har merka seg at dette er grunngjere med at ein stor del av innlån til SND no vert tekne opp som kortsiktige 2-månaders lån og at tilsvarande gjeld for avdrag frå SND til statskassa. Komiteen føreset at det ikkje ligg andre endringar i dette.

2.5 Kap. 950 Sydvaranger ASA og kap. 962Omstillingstiltak

       Komiteens medlemmer fra Fremskrittspartiet viser til Innst.S.nr.289 (1995-1996) angående omstillingstiltak til Sør-Varanger. Disse medlemmene minner om at Fremskrittspartiet gikk imot forslagene til et omfattende omstillings- og utviklingsprogram.

       Disse medlemmene vil på denne bakgrunn gå imot at 26 mill. kroner av det statlige ekstraordinære aksjeutbytte på ca 36 mill. kroner benyttes til videreføring av omstillingsarbeidene i Sør-Varanger, jf. kap. 962 post 71.

       Komiteen har elles ingen merknader, syner til proposisjonen og rår Stortinget til å gjere slikt

vedtak:

       På statsbudsjettet for 1997 vert det gjort følgjande endringar under

I.

Utgifter:
Kap Post Føremål Kroner
947   Tilskot til sysselsetting av sjøfolk  
  70 Tilskot,
    overslagsløyving, kan overførast,
    blir auka med 70.000.000
    frå kr  339.000.000 til kr  409.000.000
  71 Tilskot til NIS,
    overslagsløyving, kan overførast,
    blir redusert med 70.000.000
    frå kr  75.000.000 til kr  5.000.000
955 (ny) Norsk Koksverk  
  71 Refusjon for miljøtiltak,
    blir løyvd med 25.000.000
956 (ny) Norsk Jern Eiendom A/S  
  70 Refusjon for miljøtiltak,
    blir løyvd med 2.500.000
957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk (jf. kap. 3957)  
  70 Tilskot til avskriving av aksjekapital,
    blir løyvd med 594.700.000
962   Omstillingstiltak  
  71 Omstillingstilskot til Sør-Varanger,
    kan overførast, blir auka med 26.000.000
    frå kr  5.200.000 til kr  31.200.000
2420   Statens nærings- og distriktsutviklingsfond  
  90 Lån til grunnfinansieringsordninga,
    overslagsløyving, blir auka med 9.850.000.000
    frå kr  18.750.000.000 til kr  28.600.000.000
  91 Lån til risikolåneordningane,
    overslagsløyving, blir redusert med 236.700.000
    frå kr  3.036  700.000 til kr  2.800.000.000


Inntekter:
Kap Post Føremål Kroner
3900   Nærings- og handelsdepartementet  
  02 (ny) Ymse inntekter,
    blir løyvd med 2.400.000
3957 (ny) A/S Kongsberg Våpenfabrikk
    (jf. kap. 957)  
  90 Sal av aksjar,
    blir løyvd med 2.300.000
  91 Avskriving av aksjekapital,
    blir løyvd med 594.700.000
3958 (ny) Norsk Jernverk AS  
  70 Tilbakeføring av tilskot til
    førtidspensjonsordning, blir løyvd med 71.600.000
3959 (ny) Fosdalens Bergverks-Aktieselskap  
  70 Tilbakeføring av tilskot til
    førtidspensjonsordning, blir løyvd med 5.000.000
3968 (ny) Raufoss ASA  
  90 Sal av aksjar,
    blir løyvd med 26.500.000
4635   Låne- og garantiprovisjonar  
  72 Garantiprovisjon - Statens nærings- og
    distriktsutviklingsfond,
    grunnfinansieringsordninga,
    blir auka med 55.000
    frå kr  700.000 til kr  755.000
5341   Avdrag på uteståande fordringar  
  93 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond,
    grunnfinansieringsordninga,
    blir auka med 12.050.000.000
    frå kr  15.750.000.000 til kr  27.800.000.000
  94 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond,
    risikolåneordningane,
    blir redusert med 46.700.000
    frå kr  3.526  700.000 til kr  3.480.000.000
  96 Industrifondet, avdrag på valutalån,
    blir auka med 6.050.000
    frå kr  39.200.000 til kr  45.250.000
5601   Renter frå statsbankane  
  75 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond,
    grunnfinansieringsordninga,
    blir redusert med 80.000.000
    frå kr  480.000.000 til kr  400.000.000
  76 Statens nærings- og distriktsutviklingsfond,
    risikolåneordningane,
    blir redusert med 4.000.000
    frå kr  195.000.000 til kr  191.000.000
  79 Industrifondet, valutalån,
    blir auka med 142.000
    frå kr  300.000 til kr  442.000
5656   Aksjar i selskap under nærings- og
    handelsdepartementet si forvalting  
  80 Utbytte, blir auka med 36.000.000
    frå kr  898.000.000 til kr  934.000.000


Oslo, i næringskomiteen, den 9. desember 1997.

Odd Roger Enoksen, Oddbjørg Ausdal Starrfelt, Kjell Opseth,
leder. ordfører. sekretær.

Brev fra Nærings- og handelsdepartementet til Stortinget, datert 5. desember 1997.

Statsbudsjettet 1997. Spørsmål i samband med St.prp. nr. 12 (1997-1998). kap. 947 post 70 og 71 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

       Eg viser til brev frå Næringskomiteen av 4. desember 1997 med spørsmål om tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk.

       Spørsmål: Når løyvinga under kap. 947 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk har vorte overførbar, vil løyvinga for 1997 dekkja utbetalingane for siste termin i 1997 som vert effektuert i 1998?

       Svar: Tilskotsordninga er regelstyrt med to parallelle regelverk. Frå 1997 er ordninga basert på overslagsløyving. Samanlikna med utbetaling av refusjonar for 1996 som vart lagt til grunn for budsjetteringa av 1997-løyvinga under kap. 947, har dei terminvise utbetalingane auka fordi det er fleire sjøfolk som har kome inn under ordninga i 1997. På grunn av overførde midlar frå 1996 vil disponibel løyving for 1997 på postane 70 og 71 likevel vere stor nok dersom det omdisponerast 70 mill. kroner mellom postane, slik som det er foreslått i St.prp. nr. 12 (1997-1998).

       Etter som refusjonane blir rekna ut etter bruttoløn på grunnlag av lønsoppgåver til Pensjonstrygda for sjøfolk, vil refusjonane for siste og 6. termin 1997 først kome til utbetaling i februar 1998. Sjølv om det er vanskeleg å budsjettere nøyaktig forbruket på grunn av tidsforskyving i utbetalingar av slike refusjonar og aukande antal sjøfolk under ordninga, forventar departementet at det vil bli eit mindre forbruk i 1997. Derfor har departementet i St.prp. nr. 12 (1997-1998) foreslått å gjere løyvinga for 1997 under kap. 947 overførbar for at mindreforbruket i 1997 som først kjem til utbetaling i 1998. I tillegg er det i St.prp. nr. 1 Tl.03 (1997-1998) foreslått ei løyving på 51 mill. kroner som skal dekkje det resterande behovet for midlar som er nødvendig for å innfri refusjonane for 6. termin 1997 som først kjem til utbetaling i 1998.

Brev frå Nærings- og handelsdepartementet til Stortinget, datert 5. desember 1997.

St.prp. nr. 12 om endringar av løyvingar på statsbudsjettet for 1997 under Nærings- og handelsdepartementet

       I proposisjonen foreslås en førtidspensjonsordning ved Norsk Jernverk A/S avviklet ettersom ingen personer lenger omfattes av ordningen. Nærings- og handelsdepartementet foreslo derfor at ubenyttede midler som var anslått til 60 mill. kroner, ble inntektsbevilget under nytt kap. 3958 Norsk Jernverk A/S, post 70 Tilbakeføring av tilskot til førtidspensjonering.

       I brev av 2. desember 1997 til Nærings- og handelsdepartementet har Storebrand Livsforsikring AS, som forvalter av pensjonsfondet, foretatt endelig oppgjør. Av brevet framgår det at staten medregnet renter får tilbakeført kr  71.604.679, dvs. om lag 11,6 mill. kroner mer enn det som er lagt til grunn i St.prp. nr. 12.

       Ettersom informasjonen om den faktiske størrelsen på det tilbakeførte beløpet ikke forelå på et så tidlig tidspunkt at det kunne innarbeides i proposisjonen, ber jeg Stortinget vurdere å endre bevilgningsforslaget under kap. 3958, post 70 til kr  71.600.000 i innstillingen til proposisjonen.

Brev fra Nærings- og handelsdepartementet til Stortinget, datert 9. desember 1997:

 

Statsbudsjettet 1997. Spørsmål i samband med St.prp. nr. 12 (1997-1998). Kap. 947 post 70 og 71 Tilskot til sysselsetting av sjøfolk

       Eg viser til mitt brev av 5. desember om tilskotsordninga for sysselsetting av sjøfolk og brev frå næringskomiteen av 8. desember om ytterlegare opplysingar.

       Spørsmål 1: Komiteen ber departementet gje ein oversikt over utbetalingar i dei terminane som er forfalne i 1997.

       Svar: Under har departementet sett opp ein oversikt over dei utbetalingane som er forfalne i 1997 og anslag på 5. termin som også skal utbetalast i 1997. Utbetalingane er basert på ein refusjonssats på 20 % av bruttoløn, og utbetalingane er aukande fordi det er blitt fleire sjøfolk som har kome inn under ordninga i 1997.

       Beløpa er i 1.000 kr. og er avrunda.

Termin Post 70 Post 71 Totalt
6. 1996 50.000 2.000 52.000
1. 1997 71.000 5.000 76.000
2. 1997 75.000 8.000 83.000
3. 1997 76.000 8.000 84.000
4. 1997 78.000 8.000 86.000
5. 19972 78.000 8.000 86.000
Sum 428.000 39.000 467.000
1 Anslag, ikkje ferdig handsama
2 Anslag, ikkje ferdig handsama

       Spørsmål 2: Komiteen ber om ei orientering om anslag for samla behov for løyvingar i 1997 og over kor mykje som kjem til utbetaling i 1998 som gjeld 1997.

       Svar: Under har departementet sett opp ein tabell som viser disponibel løyving for 1997, forventa forbruk i 1997 og forventa mindreforbruk i 1997 som kan overførast til 1998:

(i 1.000 kroner)

Kap/ post B.innst.S. nr.III 1997 Overført frå 1996 til 19971 Disponibel løyving i 1997 Forventa forbruk 1997 (avrundet) Forventa meir/ mindreforbruk i 1997 (avrundet) Forslag i St.prp. nr. 12 (1997-1998)
947             
70 339.000 48.066 387.066 428.000 -40.000 70.000
71 75.000 33.304 108.304 39.000 70.000 -70.000
Sum 414.000 81.370 495.370 467.000 30.000 0
1 Tilskotsordninga var overførbar i 1996.

       Departementet anslår det samla behovet for løyvingar i 1997 under kap. 947 til å vere om lag 467 mill. kroner. Når ein tar omsyn til at overførde midlar frå 1996 disponerast, vil mindreforbruket samanlikna med disponibel løyving vere om lag 30 mill. kroner.

       Derfor har departementet i St.prp. nr. 12 (1997-1998) foreslått å gjere løyvinga for 1997 under kap. 947 overførbar for at det forventa mindreforbruket i 1997 på 30 mill. kroner skal gå med til å dekkje deler av dei opparbeidde refusjonane for 6. termin 1997 som først kjem til utbetaling i 1998. For 1998 vart det i St.prp. nr. 1 Tl.03 (1997-1998) foreslått ei løyving på 51 mill. kroner på ein ny felles post 70 under kap. 947 som skal dekkje det resterande behovet for midlar som er nødvendig for å innfri refusjonane for 6. termin 1997 som først kjem til utbetaling i 1998.