Du bruker en gammel nettleser. For å kunne bruke all funksjonalitet i nettsidene må du bytte til en nyere og oppdatert nettleser. Se oversikt over støttede nettlesere.

Stortinget.no

logo
Hopp til innholdet
Til forsiden
Til forsiden

2. Komiteen sine merknader

       Komiteen viser til at forskinga sin fridom og uavhengnad har lange tradisjonar, og at forskingsfridom er ei av berebjelkene i eit demokrati. Når alt meir penger kjem til forskningsinstitusjonane gjennom oppdrag, reiser dette viktige prinsipielle etiske spørsmål om forskinga sin fridom og institusjonane si uavhengigheit.

       Komiteen er samd med forslagsstillarane i at det bør vera stor grad av openheit om forskinga i vårt samfunn, m.a. om kven som utfører oppdraga, kva prosessar som fører fram til avgjerd, og kva sambandsliner det er mellom oppdragsgjevar og utøvar av forskinga. Komiteen deler forslagsstillarane sin otte for overtramp, men meiner at denne otten bør omfatta meir enn tilhøvet mellom offentleg oppdragsgjevar og forskingsinstitusjon. Det kan, etter komiteen si vurdering, dreie seg om fylgjande problemområde:

1. Tilfelle der oppdragsgjevar, medvite eller ikkje medvite, pressar forskingsinstitusjonen til å leggja fram bestemte resultat gjennom eigarskap, oppgåveformulering eller på annan måte, eller held tilbake forskingsresultat som oppdragsgjevar ikkje liker.
2. Tilfelle der forskararane av økonomiske og/eller personlege omsyn let seg påvirka til å presentera forskingsresultata på ein tendensiøs måte.
3. Tilfelle der forskarane på eige initiativ tolkar data feil for å få fram resultat som er tilpassa eigne og/eller oppdragsgjevar sine haldningar.

       Komiteen ser det som svært viktig at etiske spørsmål som dette vert vurderte løpande i forskingsinstitusjonane, i forskingspolitiske miljø, hjå brukarar og i institusjonane som utdannar forskarar. Komiteen syner til Innst.S.nr.228 (1988-1989), jf. St.meld. nr. 28 (1988-1989), der det vart oppretta 3 forskingsetiske komitear. Komiteen syner til at ein av desse, Den nasjonale forskingsetiske komité for samfunnsvitskap og humaniora (NESH), i sine forskingsetiske retningsliner for samfunnsvitskap, jus og humaniora tek opp desse spørsmåla eksplisitt.

       Komiteen ser på forslaget i Dok.nr.8:58 (1996-1997) som interessant, men vil foreslå at dei etiske problemstillingane vert utvida til å gjelda problemområde som nemde i pkt. 1 - 3 over.

       Komiteen ser det som naturleg å sjå denne saka i samanheng med forskingsmeldinga som Regjeringa har planlagt å leggja fram i 1998. Komiteen vil difor gjere framlegg om å be Regjeringa ta opp problemstillingar knytta til tilhøvet mellom oppdragsgjevar og forskingsinstitusjon/forskar i denne forskingsmeldinga. Komiteen meiner vidare at det i den samanheng må verte lagt fram forslag om korleis ein har tenkt å handsama desse problemstillingane vidare.

       Komiteen vil gjere framlegg til vedtak i samsvar med dette.